Til hovedinnhold

Functional Fitness & Vektløfting

  • Kurslengde: Helårskurs
  • Oppstartsdato: 23.08.2025
  • Pris: fra 155 511,-
  • Verdigrunnlag:
    Kristen
    Dei kristne folkehøgskulane har eit kristent verdigrunnlag. Dei er eigde av, eller knytt til, kristne organisasjonar eller trussamfunn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
  • Tilbyr: Vegetar
    Dei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
  • Miljøsertifisering:
    Fairtrade
    Sertifisering for skoler som tilbyr Fairtrade-merkede produkter og bevisstgjør om rettferdig handel.
  • Sted: Førde
Har du lyst til å bli topptrent? Her får du mogelegheit til det, når vi kombinere CrossFit & Vektløfting. Det blir tilrettelagt for satsing på vektløfting om du ynskjer

Linja er to-delt, der ein får undervisning i både CrossFit og vektløfting. Vektinga mellom dei blir tilpassa kvar enkelt utøvar, ut frå mål, ynskje og behov. 

Her på Sunnfjord er alle like mykje velkommen uansett nivå. Vi har profesjoenlle lærar, trenarar og tilsette som tar vare på deg heile døgnet. I CrossFit følgjer eit opplegg som planlegg for både nivå, ferdigheiter, utvikling og restitusjon. I vektløfting blir treningsopplegget skreddarsydd saman med vår dyktige trenar/lærar. 

Fasilitetar

Skulen nyttar Spenst Førde sitt CrossFit-senter til undervising og linjertimar i CrossFit. Vektløftings-delen blir gjennomført både i Spenst Førde sitt vektløftingsrom og i Tambarskjelvar IL sin treningshall. I tillegg har vi eige treningsstudio og gymsal ved skulen. 

Kva forventar vi av deg?

På Volleyball-linja forventar vi at du ønskjer å utvikle deg innan CrossFit og/ eller vektløfting. Det vert høg treningsbelastning og ein hektisk kvardag. Vi er ikkje opptatt av kva nivå du har i dag. Hos oss er alle velkomne uansett erfaring! Vi har profesjonelle trenarar som har lang erfaring med å tilpasse trening til ulike nivå. Iidrettsglede  og meistring  er sentralt i alt vi gjer.

"The Sunnfjord Spirit"
«The Sunnfjord Spirit» er ei kraft som vert skapt ved at vi står saman og dreg i same retning. På Sunnfjord er vi kvarandre sine tilhengarar. Vi heiar på kvarandre både på bana og i livet. «The Sunnfjordspirit» har avgjort mange jamne volleyballkampar!

Functional Fitness & Vektløfting passar for deg som ynskjer ein kvardag med høgt tempo og mykje trening, og som vil vere ein del av eit inkluderande fellesskap

Dette vil du lære

  • "The Sunnfjord Spirit"
  • Lære teknikkar i vektløfting
  • Utvikle dine ferdigheiter i vektløfting
  • Lære og utvikle deg innan CrossFit
  • Erfarne trenarar
  • Mogeleg for å delta på konkurransar gjennom vårt eige idrettslag, Sunnfjord IL, Tambarskjelvar eller din moderklubb.
  • Utvikling av fysiske, tekniske og taktiske og mentale ferdigheiter
  • Meistring

Våre forventninger til deg

Sunnfjord Folkehøgskule er ikkje opptatt av kva nivå du er på, men at du vil vere med å bygge fellesskapet og at du er motivert til å bidra til å vere ein del av klassen din og miljøet på skulen. 

Alle dagane startar med ei morgonsamling der alle er samla. Det er flest linjetimar på vår timeplan. Linjene ofte på tur eler har treningsøkter eller anna undervisning. Fleire av dagane har vi også fellestimar eller valfagstimar. På laurdag har vi eit seminar med forskjellige tema kvar veke. Alle folkehøgskular har undervisning på laurdagar.

Last ned timeplan som pdf ↓
  • Vi startar 23.8.2025
  • September: Felles overnattingstur.
  • Oktober: Haustferie i veke 41
  • November: Julemesse
  • Desember: Fotballcup, førjulsaktivitetar, juleferie
  • Januar: Nyttårsball. 
  • Februar: Vinterferie
  • Reiseperiode i mars for heile skulen. 
  • Påskeferie i april
  • Mai: Avslutning 

Linjer som har fleire turar har fleire reiseperiodar.

Du skal velje eit valfag á tre timar pr veke. Du skal velje nye fag tre gongar i løpet av året. Dei faga vi har på denne lista er eksempel på fag som kan bli, basert på erfaringar dei siste åra. Det kan bli annleis neste skuleår. I tillegg har vi heile valfagsdagar gjennom skuleåret.

Ballspel

Ulike ballspel på mosjonsniva, passar for alle. Det skal vere gøy å halde seg i form.

Band

Bandet har ein viktig funksjon i skulen si årlege musikaloppsetting. Dkulen har tilgang til dei vanlegaste bandinstrumenta, i tillegg kan du sjølvsagt ha med eige instrument.

Basketball

Enkelt nivå, passar for alle.

Beachvolleyball

Haustaktivitet på skulen sin nye sandvolleyballbaner.

Dans

Vi har høgt utdanna danselærar og to gode dansesalar med spesialparkett. Du lærer fleire typer dans, og gruppa har ein viktig funksjon i skulen si musikaloppsetting.

Dokumentar og diskusjon

Vi ser aktuelle dokumentarfilmar og diskuterer innhaldet. Faget tek opp aktuelle saker som dukkar opp i nyheter og offentlege diskusjonar.

Fjelltur

Korte dagsturar i naturen som ligg nær oss.

Fotball

Fotball på mosjonistniva på kunstgrasbane. Lærar som har vore aktiv fotballspelar.

Gitar

Nybegynnaropplæring.

Havkajakk

Lær å meistre kajakk på fjorden.

Idrettspsykologi

Motivasjon og prestasjon.

Klatring

Innandørs klatring i nytt klatresenter. Prisen er ikkje fastsett.

Mat på bål

Matlaging på bål når du er på tur.

Mat-auk

Vi haustar av det naturen gir og lagar mat av det. Bær og sopp, frukt og grønt. Fisking i sjø og vatn.

Matlaging

Du lærar å lage god og næringsrik hybelmat.

Minikor

Å synge fleirstemt i ensemble. Også solistoppgåver dor den som vil det.

Multisport

Ulike idrettar og aktivitetar som passar for dei fleste.

Piano

Begynnaropplæring i små grupper.

Politikk og samfunn

Kunnskap og debatt rundt aktuelle skaer i samfunnet som vedgår oss alle.

Styrketrening

Skulen har eit moderne treningsstudio. Du får lære korleis du skal trene fornuftig for å oppnå betre fysisk form.

Teater musikal

Elevane er med og lagar årets musikalforestilling.

Teaterproduksjon og design

Lage det som trengs for å sette opp vårt felles musikalprosjekt.

Volleyball for alle

Skulen har volleyball på høgt nivå, men valfaget er for alle som vil spele på mosjonsnivå.

Fra kr 155 511,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på gangen
  • Treningsstudio
  • Påmeldingsavgift kr 2 500,-
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 155 511,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 155 511,-
(15 551,- per måned)
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Husk at du også trenger penger til dette

Dette utstyret må du stille med selv

Treningsklede

Treningssko

 

Vi legg til rette for deg så godt vi kan og gjer justeringar i samråd med deg. Ta kontakt med oss i god tid om du har behov for tilpassingar eller lurer på om vi kan legge til rette for deg. 

Tar legg til rett for alle og tek omsyn skadar og andre utfordringar.

Søk på linjaMer om skolenSkolens nettside

Nyheter

- Anbefaler virkelig et halvt år på folkehøgskole om du ikke vet hva du skal etter jul

Da andre planer gikk i vasken søkte Theodor halvtårskurs på folkehøgskole. – En gull mulighet om du har valgt feil eller ikke helt vet hva ...

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som ligner

Multiplayer - gaming og idrett, Singapore/Spania

Jæren Folkehøgskule
Helårskurs
Frilynt

Trening, friluftsliv og reise

Risøy Folkehøyskole: Lærerik frihet.
Helårskurs
Kristen

Sjakk

Grenland Folkehøgskole
Helårskurs
12 t/uke
Kristen

Golf, Padel og Ski

Sogndal folkehøgskule
Helårskurs
Frilynt

TURN / akrobatikk og trampoliner

Stavern folkehøyskole
Helårskurs
Kristen

Toppidrett OSLO

Rønningen folkehøgskole
Helårskurs
Kristen

Idrett og Friluftsliv

Vefsn Folkehøgskole - Toppen
Helårskurs
15 t/uke
Frilynt

Explore Asia

Molde Folkehøgskole
Helårskurs
Kristen

X-Sport Costa Rica

Molde Folkehøgskole
Helårskurs
16 t/uke
Kristen

Sport Adventure

Sunnfjord Folkehøgskule
Helårskurs
14 t/uke
Kristen

Golf.Idrett

Sunnmøre Folkehøgskule
Helårskurs
30 t/uke
Kristen

Trening og sjølforsvar

Torshus folkehøgskule
Helårskurs
15 t/uke
Frilynt

Sport & Friluft

Lundheim folkehøgskole
Helårskurs A
9 t/uke
Kristen

Idrett.Ball

Sunnmøre Folkehøgskule
Helårskurs
30 t/uke
Kristen