
Vektløfting
- Sunnfjord Folkehøgskule – Førde
- Telefon: 57 82 99 60
- E-post: kontor@sunnfjord.fhs.no
- Kurslengde: Helårskurs
- Oppstartsdato: 22.08.2026
- Pris: fra 164 400,-
- Sted: Førde
- Studietur: Utanlandstur/treningsleir

Her på Sunnfjord er alle like mykje velkommen uansett nivå. Vi har profesjoenlle lærar, trenarar og tilsette som tar vare på deg heile døgnet. Treningsopplegget skreddarsydd saman med vår dyktige trenar/lærar som har høg kompetanse innan trening.
Fasilitetar
Skulen nyttar Spenst Førde sitt senter til undervising og linjertimar. Treninga blir gjennomført både i Spenst Førde sitt vektløftingsrom og i tillegg Tambarskjelvar sin vektløftarhall etter behov. Vi har også eige treningsstudio og gymsal ved skulen.
VM i vektløfting
Vektløftarmiljøet i Sunnfjord har lang tradisjon. Her har det blitt forstra opp fleire store utøvarar, med Stian Grimseth og Ragnar Holme som dei største. Sunnfjord har arrangert både EM og ikkje minst VM i vektløfting. VM i Førde var omtalt som ein av dei beste nokon gong, med slagordet "i den minste byen, med det største hjartet". Sjå heimesida til VM for bileter og resultat.
Forventningar
På linja forventar vi at du ønskjer å utvikle deg innan vektløfting. Vi er ikkje opptatt av kva nivå du har i dag. Hos oss er alle velkomne uansett erfaring! Vi har profesjonelle trenarar som har lang erfaring med å tilpasse trening til ulike nivå. Idrettsglede og meistring er sentralt i alt vi gjer.
Linja er eit samarbeidsprosjekt med Norges Vektløftarforbund.
Functional Fitness & Vektløfting passar for deg som ynskjer ein kvardag med høgt tempo og mykje trening, og som vil vere ein del av eit inkluderande fellesskap
Sunnfjord Folkehøgskule er ikkje opptatt av kva nivå du er på, men at du vil vere med å bygge fellesskapet og at du er motivert til å bidra til å vere ein del av klassen din og miljøet på skulen.
Obligatorisk: Ja
Pris: Inkludert i linjepris
Varighet: 10-14 dagar
Utanlandsturen er ikkje bestemt, men den går til eit "varmt" land. Det blir fokus på trening med gode treningsfasilitetar. Turen blir planlagt i samarbeid med Norges Vektløftarforbund.
Alle dagane startar med ei morgonsamling der alle er samla. Deretter er det linjetimar for alle linjene, fram til lunsj. Etter lunsj er det valfag to dagar i veka, medan det er nokre fellestimar andre dagar. På laurdag har vi i likheit med alle andre folkehøgskular, laurdagsseminar. Seminara har forskjellige tema kvar veke.
Last ned timeplan som pdf ↓Linjer som har fleire turar har fleire reiseperiodar.
Du skal velje eit valfag á tre timar pr veke. Du skal velje nye fag tre gongar i løpet av året. Dei faga vi har på denne lista er eksempel på fag som kan bli, basert på erfaringar dei siste åra. Det kan bli annleis neste skuleår. I tillegg har vi heile valfagsdagar gjennom skuleåret.
Ulike ballspel på mosjonsniva, passar for alle. Det skal vere gøy å halde seg i form.
Bandet har ein viktig funksjon i skulen si årlege musikaloppsetting. Dkulen har tilgang til dei vanlegaste bandinstrumenta, i tillegg kan du sjølvsagt ha med eige instrument.
Enkelt nivå, passar for alle.
Haustaktivitet på skulen sin nye sandvolleyballbaner.
Vi har høgt utdanna danselærar og to gode dansesalar med spesialparkett. Du lærer fleire typer dans, og gruppa har ein viktig funksjon i skulen si musikaloppsetting.
Vi ser aktuelle dokumentarfilmar og diskuterer innhaldet. Faget tek opp aktuelle saker som dukkar opp i nyheter og offentlege diskusjonar.
Korte dagsturar i naturen som ligg nær oss.
Fotball på mosjonistniva på kunstgrasbane. Lærar som har vore aktiv fotballspelar.
Nybegynnaropplæring.
Lær å meistre kajakk på fjorden.
Motivasjon og prestasjon.
Innandørs klatring i nytt klatresenter. Prisen er ikkje fastsett.
Matlaging på bål når du er på tur.
Vi haustar av det naturen gir og lagar mat av det. Bær og sopp, frukt og grønt. Fisking i sjø og vatn.
Du lærar å lage god og næringsrik hybelmat.
Å synge fleirstemt i ensemble. Også solistoppgåver dor den som vil det.
Ulike idrettar og aktivitetar som passar for dei fleste.
Begynnaropplæring i små grupper.
Kunnskap og debatt rundt aktuelle skaer i samfunnet som vedgår oss alle.
Skulen har eit moderne treningsstudio. Du får lære korleis du skal trene fornuftig for å oppnå betre fysisk form.
Elevane er med og lagar årets musikalforestilling.
Lage det som trengs for å sette opp vårt felles musikalprosjekt.
Skulen har volleyball på høgt nivå, men valfaget er for alle som vil spele på mosjonsnivå.
På Sunnfjord Folkehøgskule møter du idrettsutøvarar, dansarar, gamers, naturelskarar, dei som likar å stå på ei scene og mange fleire. Vi trur på ulikskap!
Du kan bidra til at folkehøgskuleåret blir ditt år. Vi vil vi at du tek ansvar for både deg sjølv, folka rundt deg og for globale spørsmål.
Treningsklede
Treningssko
Vi legg til rette for deg så godt vi kan og gjer justeringar i samråd med deg. Ta kontakt med oss i god tid om du har behov for tilpassingar eller lurer på om vi kan legge til rette for deg.
Tar legg til rett for alle og tek omsyn skadar og andre utfordringar.