
Goal & Globe, haust 2026
- Sunnfjord Folkehøgskule – Førde
- Telefon: 57 82 99 60
- E-post: kontor@sunnfjord.fhs.no
- Kurslengde: Halvår — høst
- Oppstartsdato: 22.08.2026
- Linjefag: 14 timer/uke
- Pris: fra 86 200,-
- Sted: Førde
- Studietur: Fotballtur i Europa

Fotball – hjarta i reisa
Fotball er ein raud tråd gjennom året – både som aktivitet i kvardagen og som ein sentral del av reisene. Enten du elskar å spele sjølv, heiar på favorittlaget frå tribunen, eller berre vil kjenne på magien rundt sporten, er Goal & Globe ei linje for deg. Vi spelar fotball kvar veke, deltek på turneringar og besøkjer nokre av dei mest ikoniske arenaene i verda.
Fotball, kultur og storbyliv – Europatur om hausten
På hausten reiser vi på ein 10-14 dagar lang Europatur som du og klassen planlegg saman. Vi legg opp til å besøkje legendariske fotballbyar – for eksempel Barcelona, Madrid, Paris, München eller Dortmund, avhengig av klubbane sine terminlister. Her får vi oppleve storkampar på stadion, besøkje klubbane sine museum og ta eit djupdykk i ekte supporterkultur. Kampane, tribunelivet og storbykjensla gjer dette til ein tur du aldri gløymer – særleg for deg som har eit hjarte som bankar for fotball.
Du treng ingen forkunnskapar eller spesielle fysiske fortrinn. Du er lysten på å dyrke fellesskap og vennskap med andre gjennom variert idrett, fotball og reiseopplevingar.
Du er open for ulike typar menneske, interesser i fotball og aktivitetar. Du likar å trene og vere aktiv. Du tek deg sjølv ikkje alt for høgtideleg, men er nysgjerrig på det meste. Du er eventyrlysten og positiv, og ser verdien av fellesskap. Likar å reise
Obligatorisk: Ja
Pris: Inkludert i linjepris
Måltider pr dag inkludert: 3
Fotball, kultur og storbyliv – Europatur om hausten På hausten reiser vi på ein 10-14 dagar lang Europatur som du og klassen planlegg saman.
Vi legg opp til å besøkje legendariske fotballbyar – for eksempel Barcelona, Madrid, Paris, München eller Dortmund, avhengig av klubbane sine terminlister. Her får vi oppleve storkampar på stadion, besøkje klubbane sine museum og ta eit djupdykk i ekte supporterkultur.
Kampane, tribunelivet og storbykjensla gjer dette til ein tur du aldri gløymer – særleg for deg som har eit hjarte som bankar for fotball.
Turen er inkludert i linjeprisen
Oddmund kjem frå Rognan i Nordland og har jobba på Sunnfjord dei siste 4 åra. Han er lidenskapeleg interessert i fotball, og har besøkt fleire titalls fotballstadionar rundt i heile verda. Han gler seg til å oppleve stemninga på kampar i Premier League, Bundesliga og i Brasil saman med elevane på Goal & Globe!
Alle dagane startar med ei morgonsamling der alle er samla. Deretter er det linjetimar for alle linjene, fram til lunsj. Etter lunsj er det valfag to dagar i veka, medan det er nokre fellestimar andre dagar. På laurdag har vi i likheit med alle andre folkehøgskular, laurdagsseminar. Seminara har forskjellige tema kvar veke.
Last ned timeplan som pdf ↓Linjer som har fleire turar har fleire reiseperiodar.
Du skal velje eit valfag á tre timar pr veke. Du skal velje nye fag tre gongar i løpet av året. Dei faga vi har på denne lista er eksempel på fag som kan bli, basert på erfaringar dei siste åra. Det kan bli annleis neste skuleår. I tillegg har vi heile valfagsdagar gjennom skuleåret.
Ulike ballspel på mosjonsniva, passar for alle. Det skal vere gøy å halde seg i form.
Bandet har ein viktig funksjon i skulen si årlege musikaloppsetting. Dkulen har tilgang til dei vanlegaste bandinstrumenta, i tillegg kan du sjølvsagt ha med eige instrument.
Enkelt nivå, passar for alle.
Haustaktivitet på skulen sin nye sandvolleyballbaner.
Vi har høgt utdanna danselærar og to gode dansesalar med spesialparkett. Du lærer fleire typer dans, og gruppa har ein viktig funksjon i skulen si musikaloppsetting.
Vi ser aktuelle dokumentarfilmar og diskuterer innhaldet. Faget tek opp aktuelle saker som dukkar opp i nyheter og offentlege diskusjonar.
Korte dagsturar i naturen som ligg nær oss.
Fotball på mosjonistniva på kunstgrasbane. Lærar som har vore aktiv fotballspelar.
Nybegynnaropplæring.
Lær å meistre kajakk på fjorden.
Motivasjon og prestasjon.
Innandørs klatring i nytt klatresenter. Prisen er ikkje fastsett.
Matlaging på bål når du er på tur.
Vi haustar av det naturen gir og lagar mat av det. Bær og sopp, frukt og grønt. Fisking i sjø og vatn.
Du lærar å lage god og næringsrik hybelmat.
Å synge fleirstemt i ensemble. Også solistoppgåver dor den som vil det.
Ulike idrettar og aktivitetar som passar for dei fleste.
Begynnaropplæring i små grupper.
Kunnskap og debatt rundt aktuelle skaer i samfunnet som vedgår oss alle.
Skulen har eit moderne treningsstudio. Du får lære korleis du skal trene fornuftig for å oppnå betre fysisk form.
Elevane er med og lagar årets musikalforestilling.
Lage det som trengs for å sette opp vårt felles musikalprosjekt.
Skulen har volleyball på høgt nivå, men valfaget er for alle som vil spele på mosjonsnivå.
På Sunnfjord Folkehøgskule møter du idrettsutøvarar, dansarar, gamers, naturelskarar, dei som likar å stå på ei scene og mange fleire. Vi trur på ulikskap!
Du kan bidra til at folkehøgskuleåret blir ditt år. Vi vil vi at du tek ansvar for både deg sjølv, folka rundt deg og for globale spørsmål.
Vi legg til rette for deg så godt vi kan og gjer justeringar i samråd med deg. Ta kontakt med oss i god tid om du har behov for tilpassingar eller lurer på om vi kan legge til rette for deg.