Til hovedinnhold

Volleyball Damer, haust 2026

  • Kurslengde: Halvår — høst
  • Oppstartsdato: 23.08.2025
  • Pris: fra 65 700,-
  • Verdigrunnlag:
    Kristen
    Dei kristne folkehøgskulane har eit kristent verdigrunnlag. Dei er eigde av, eller knytt til, kristne organisasjonar eller trussamfunn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
  • Tilbyr: Vegetar
    Dei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
  • Miljøsertifisering:
    Fairtrade
    Sertifisering for skoler som tilbyr Fairtrade-merkede produkter og bevisstgjør om rettferdig handel.
  • Sted: Førde
  • Studietur: Polen
Vil du spele volleyball? Gjennom trening, kampar og turneringar ønskar vi at du skal få kjenne på idrettsglede, samhold og meistring.

Kven er vi?

Volleyballinja er størst og eldst i sitt slag i Norge. Mange av dagens elitespelarar har vore elevar hos oss. Vi skal spele i 2.divisjon og delta på ulike turneringar. Sunnfjord Folkehøgskule er kjent for å ha eit av dei mest høglytte og entusiastiske volleyballmiljøa i Norge. 

Kva forventar vi av deg?
På Volleyball-linja forventar vi at du ønskjer å utvikle dine ferdigheiter og kunnskap om volleyball. Det vert høg treningsbelastning og ein hektisk kvardag. Vi er ikkje opptatt av kva nivå du har i dag. Hos oss er alle velkomne uansett erfaring! Volleyballinja har profesjonelle trenarar som har lang erfaring med å tilpasse trening til ulike nivå. Idrettsglede,  og meistring  er sentralt i alt vi gjer. Vår visjon er ikkje kun å undervise i volleyball, men å inspirere, motivere, å utvikle menneske både på og utanfor bana. Med andre ord: Menneske først, så volleyball.
 
Damelag og herrelag
I seriespel og på turneringar spelar gutar og jenter kvar for seg, men i treningskvardagen trenar vi ofte saman eller ved sidan av kvarandre. Vår erfaring er at dette skapar godt samhold og eit rikare miljø.
 
"The Sunnfjord Spirit"
«The Sunnfjord Spirit» er ei kraft som vert skapt ved at vi står saman og dreg i same retning. På Sunnfjord er vi kvarandre sine tilhengarar. Vi heiar på kvarandre både på bana og i livet. «The Sunnfjordspirit» har avgjort mange jamne volleyballkampar!
 

Fotograf Nigel Boyce:

Volleyball-linja passar for deg som vil utvikle dine volleyball-ferdigheiter, deg som ynskjer ein kvardag med høgt tempo og mykje trening, og som vil vere ein del av eit inkluderande fellesskap.

Dette vil du lære

  • "The Sunnfjord Spirit"
  • Mykje balltrening
  • Erfarne trenarar
  • Kampar i 2.divisjon og 3.divisjon
  • Mini-trenarkurs
  • Utvikling av fysiske, tekniske og taktiske ferdigheiter
  • Meistring

Dersom du har erfaring på høgt nivå:
Har du erfaring fra eliteserien eller juniorlandslag? Sunnfjord IL kan tilby overbyggingsavtale med Førde VBK, som er ein av dei sterkaste eliteserieklubbane i Norge.

Våre forventninger til deg

Typisk erfaring for elevar på denne linja: 

  • Har spelt volleyball i skulesamanheng
  • Har spelt junior-volleyball 
  • Har spelt i lavare divisjonar 
  • Har spelt i høgare divisjonar 

Det viktigaste er ikkje kva nivå du er på, men at du vil vere med å bygge fellesskapet. 

Alle dagane startar med ei morgonsamling der alle er samla. Deretter er det linjetimar for alle linjene, fram til lunsj. Etter lunsj er det valfag to dagar i veka, medan det er nokre fellestimar andre dagar.  På laurdag har vi i likheit med alle andre folkehøgskular, laurdagsseminar.  Seminara har forskjellige tema kvar veke.

Last ned timeplan som pdf ↓
  • Vi startar 23.8.2025
  • September: Felles overnattingstur.
  • Oktober: Haustferie i veke 41
  • November: Julemesse
  • Desember: Fotballcup, førjulsaktivitetar, juleferie
  • Januar: Nyttårsball. 
  • Februar: Vinterferie
  • Reiseperiode i mars for heile skulen. 
  • Påskeferie i april
  • Mai: Avslutning 

Linjer som har fleire turar har fleire reiseperiodar.

Du skal velje eit valfag á tre timar pr veke. Du skal velje nye fag tre gongar i løpet av året. Dei faga vi har på denne lista er eksempel på fag som kan bli, basert på erfaringar dei siste åra. Det kan bli annleis neste skuleår. I tillegg har vi heile valfagsdagar gjennom skuleåret.

Ballspel

Ulike ballspel på mosjonsniva, passar for alle. Det skal vere gøy å halde seg i form.

Band

Bandet har ein viktig funksjon i skulen si årlege musikaloppsetting. Dkulen har tilgang til dei vanlegaste bandinstrumenta, i tillegg kan du sjølvsagt ha med eige instrument.

Basketball

Enkelt nivå, passar for alle.

Beachvolleyball

Haustaktivitet på skulen sin nye sandvolleyballbaner.

Dans

Vi har høgt utdanna danselærar og to gode dansesalar med spesialparkett. Du lærer fleire typer dans, og gruppa har ein viktig funksjon i skulen si musikaloppsetting.

Dokumentar og diskusjon

Vi ser aktuelle dokumentarfilmar og diskuterer innhaldet. Faget tek opp aktuelle saker som dukkar opp i nyheter og offentlege diskusjonar.

Fjelltur

Korte dagsturar i naturen som ligg nær oss.

Fotball

Fotball på mosjonistniva på kunstgrasbane. Lærar som har vore aktiv fotballspelar.

Gitar

Nybegynnaropplæring.

Havkajakk

Lær å meistre kajakk på fjorden.

Idrettspsykologi

Motivasjon og prestasjon.

Klatring

Innandørs klatring i nytt klatresenter. Prisen er ikkje fastsett.

Mat på bål

Matlaging på bål når du er på tur.

Mat-auk

Vi haustar av det naturen gir og lagar mat av det. Bær og sopp, frukt og grønt. Fisking i sjø og vatn.

Matlaging

Du lærar å lage god og næringsrik hybelmat.

Minikor

Å synge fleirstemt i ensemble. Også solistoppgåver dor den som vil det.

Multisport

Ulike idrettar og aktivitetar som passar for dei fleste.

Piano

Begynnaropplæring i små grupper.

Politikk og samfunn

Kunnskap og debatt rundt aktuelle skaer i samfunnet som vedgår oss alle.

Styrketrening

Skulen har eit moderne treningsstudio. Du får lære korleis du skal trene fornuftig for å oppnå betre fysisk form.

Teater musikal

Elevane er med og lagar årets musikalforestilling.

Teaterproduksjon og design

Lage det som trengs for å sette opp vårt felles musikalprosjekt.

Volleyball for alle

Skulen har volleyball på høgt nivå, men valfaget er for alle som vil spele på mosjonsnivå.

Fra kr 65 700,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på gangen
  • Påmeldingsavgift
  • Treningsstudio
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 65 700,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Studiestøtten for neste år vedtas av Stortinget i desember, ny beløp for studiestøtte legges inn etter det.
Summen du må dekke selv 65 700,-
(13 140,- per måned)
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Vi legg til rette for deg så godt vi kan og gjer justeringar i samråd med deg. Ta kontakt med oss i god tid om du har behov for tilpassingar eller lurer på om vi kan legge til rette for deg. 

Tar legg til rett for alle og tek omsyn skadar og andre utfordringar.

Søk på linjaMer om skolenSkolens nettside

Nyheter

- Anbefaler virkelig et halvt år på folkehøgskole om du ikke vet hva du skal etter jul

Da andre planer gikk i vasken søkte Theodor halvtårskurs på folkehøgskole. – En gull mulighet om du har valgt feil eller ikke helt vet hva du skal gjøre, sier han.

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som ligner

Alarm.Beredskap - haust

Sunnmøre Folkehøgskule
Halvår — høst
30 t/uke
Kristen

Jentejakt

Malangen folkehøgskole
Halvår — høst
Kristen

Forskning og felt Svalbard - høst 2026

Svalbard folkehøgskole
Halvår — høst
15 t/uke
Kristen

Sang (Halvårskurs)

Toneheim Folkehøgskole
Halvår — høst
Frilynt

Musikal Teater, haust 2026

Sunnfjord Folkehøgskule
Halvår — høst
14 t/uke
Kristen

Multisport Høst 2026

Sogndal folkehøgskule
Halvår — høst
18 t/uke
Frilynt

Innovasjon og teknologi Svalbard - høst 2026

Svalbard folkehøgskole
Halvår — høst
15 t/uke
Kristen

Rytmisk linje - Musikkproduksjon Haust 26

Manger folkehøgskule
Halvår — høst
Frilynt

Idrett.Ball - haust

Sunnmøre Folkehøgskule
Halvår — høst
30 t/uke
Kristen

Klatring Høst 2026

Sogndal folkehøgskule
Halvår — høst
20 t/uke
Frilynt

HØST Andreårselev

Harstad Folkehøgskole
Halvår — høst
15 t/uke
Frilynt

Kreativ halvår høst

Nordvestlandet folkehøgskole
Halvår — høst
15 t/uke
Kristen

Ekstremsport på Reisefot - Høst 2026

Seljord Folkehøgskule
Halvår — høst
15 t/uke
Frilynt

Hest og natur - høst

Namdals folkehøgskole
Halvår — høst
17 t/uke
Frilynt