Til hovedinnhold
Ledig plass

Dette er linja for deg som ønsker å bli politi, og førebu deg på opptak til politihøgskulen. Samtidig som du tar Nasjonal Vekterutdanning, lærer om samfunnsberedskap og får nye vener for livet!

Er du klar for eit lærerikt, spennande og kanskje livs-endrande Folkehøgskule-år? 

Blålys-etatane er avgjerande for å sikre at samfunnsmaskineriet fungerar og for å vere ein tryggheit i krevande tider. Det er vanskeleg å kome inn på politihøgskulen, derfor vil denne linja førebu deg på kva politi-yrket er, kva som krevst av deg og den førebuinga du treng for å klare opptakskrava. Du vil få nasjonal vekterutdanning i samarbeid med Securitas, lære om førstehjelp og brannsikring.

I eit sosialt miljø, med vener for livet.

Er du klar for å vokse som person og utfordre deg sjølv? Då er du hjarteleg velkommen til Stord Folkehøgskule.

Du vil òg læra om korleis samfunnet heng saman, og korleis me sikrar tryggleiken vår. Du skal sita igjen med ei kjensle av å meistra krevjande situasjonar når desse oppstår, og kjensla av å vera eit trygg person i samfunnet. Her vil det bli undervist i polititeoretiske fag og elevane vil læra om etikk, haldningar og det å forstå andre menneske og sitt eige menneskesyn vil stå sentralt.

Deg som ønsker å komme inn på politihøgskulen, fengelsvesenet el.l. Og som kunne tenkt deg å tatt nasjonal vekterutdanning samtidig som du har eit kjekt år med nye vener.

Dette vil du lære

Samfunnet treng trygge rammer rundt seg for å blomstra. Du skal læra meir om førebygging og trygging av samfunnet gjennom til dømes

  • Polititeoretiske fag og opptaktsprøven til Politihøgskulen
  • Nasjonal Vekterutdanning i samarbeid med Securitas
  • Fysisk fostring
  • Brannvern og førstehjelp
  • Etikk og holdninger
  • Paintball og lagarbeid
  • Menneskesyn og stressande situasjoner
  • Konfliktløysing
  • Samarbeid med Blålys-etatane

Våre forventninger til deg

  • Viktig at du er motivert for kjekt men hardt arbeid.
    Dine medelever er topp-motiverte til å kome inn på politihøgskulen, og håper det samme av deg.
  • Den du er, kan bli den du vil bli!
    Kom med eit ope sinn og litt pågangsmot, så får me dette til saman. Du vil få oppfølging kvar steg på vegen og vil storkose deg mens du lærer viktige fag for livet!

Elevane vil ha høve til å delta på ulike turar nært og fjernt. Nokre turar er knytt opp til dei enkelte linjene, mens andre er felles for skulen.

På starten av året er det ein bli-kjent tur til Smedholmen, og leikar oss mellom dei historiske viking-øyane i hjarta av Sunnhordland.

Når våren nærmar seg, rettar me snuten inn i fjorden, og forsøker oss på bre-vandring, Dronningstien og vårt historiske landskap i full blomst.

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 4 dagar

Det er umogeleg å bu ved munnen av Hardangerfjorden, uten å oppleve det nydelege fjordlandskapet. Mot slutten av skuleåret reiser me på opplevelsestur i Hardangerfjorden. Du kan ikkje vere i regionen så lenge uten å oppleve dette. 

Det blir rafting, nydelege friluftsaktiviteter over Dronningstien, ein fjord i full blomstring og mykje meir spennande du kan bli med på. 

På turen skal me kose oss, oppleve natur og kultur, spise godt og nyte dagane.

  • Skulestart: 23.august 2021
  • Haustferie: 3. – 11. oktober
  • Julebord 16. desember
  • Juleferie: 17. desember til 4. januar
  • Linjetur til Danmark, Berlin m.fl. på vårhalvåret
  • Påskeferie 7-19. april
  • Felles-reise for skulen i april
  • Avslutningsfest 14. mai
  • Avreise 15. mai

Her kan du velja og tilpassa skuleåret akkurat slik du vil. Ved Stord Folkehøgskule har du ein omfattande meny av valfag. Valfagene varierer i omfang, og du kan velje 1-3 valfag for kvar termin. Nokre varar ein heil dag, andre går over to eller tre skuletimar.

Escape Sunnhordland

I dette faget skal du vere med å lage eit escape room. Du vil besøka Escape Rooms i våre nabobyar, og gruppa vil avslutte med å designe og realisera årets Escape Sunnhordland!

La det skje!

Her får du planlegge, organisere og arrangere noko heilt eige. Vil du lage til ei markering, demonstrasjon eller festival? Du får lære om arrangementer og korleis du arrangerer noko på eigahand.

Preik og journalisme

Lurt på korleis det er å skrive i nett- og papiraviser, kva som skal til? Me besøker NRK og Bladet Sunnhordland, og lærer om journalistikk og nyhetsformidling i samarbeid med ungdomsavisa Framtida.no.

E-Sport

Viss du vil spisse deg litt inn på E-sport gjennom skuleåret, er dette valfaget for deg. Du kan fordjupe deg i diverse gaming, som Fortnite, League of Legends, Warzone, CS, Fall Guy, Starcraft

100 Dagar Musikkfestival

Lurt på korleis festivalane velger artister? Det gjer dei på eigne arrangørfestivaler som 100 Dagar på Stord. Her får du mulighet til å vere med å arrangera, gjennomføra og læra om festivalbransjen.

Dykking

Pris: 8 000,-

Teoretisk opplæring, praktisk opplæring i basseng og dykk i fjorden. Du får dykkerlappen og vil kunne dykke på egenhånd ned til 20 m dybde. Utforske vrak og korallrev i skjærgården rundt Stord.

Maratonet!

Har du vurdert å trene deg opp til maraton eingong? På slutten av skuleåret arrangerast Sunnhordland Maraton, gjennom året vil ein kunne vere med på gøy og aktiv maraton-trening!

Verdensrekorden

Har du nokonsinne drøymd om å inneha ein verdensrekord? Dette valfaget går ut på å planlegga og gjennomføra eit verdensrekordforsøk. Verdens største pepperkake(by), verdens lengste intervju, o.l.

Skøyter/Hockey/isdans/løp

Når vinteren kjem så tar me på oss skøytene og spelar hockey, trener på isdans og skøyteløp eller berre kosar oss på glattisen.

Bazaar!

Me drar med oss den eldre garde og fyre i veg ein skikkeleg basar, med lodd-årer, kaker, lubbesokker og kaffi. Her snakker med beinhard tradisjonell basar-kos for pensjonistar og barneborn!

Bokklubben

Me trekker oss litt vekk og besøker det store Biblioteket i Leirvik. Me lærer om viktige bøker og les i fellesskap uten forstyrringar. OBS: Du får fullstendig fri frå mobilen!

Forbetre VGS-fag

Treng du å ta opp nokre fag, eller få betre karakter? Då kan du få hjelp og god tid til å fokusere på dette her.

Velkomen til landets nyaste folkehøgskule. Her får du boltre deg i mosaikken Stord, med urbane Leirvik, i hjarta av øyriket Sunnhordland. Våre spennande linjer byr på personleg utvikling i eit sosialt år med nye vener frå heile landet. Du får fulgt dine interesser og lært mykje nytt og spennande!

Linjer ved skulen

Les mer om skolen

Fra kr 126 000,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: trippelrom eller dobbeltrom)
  • Undervisning
  • Mat og rom på skulen
  • Forsikring
  • Ekskursjoner
  • og mykje meir
  • Bad på rommet
  • Skulegenser
  • Studietur: Opplevelsestur gjennom Hardangerfjorden
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 126 000,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 126 000,-
(12 600,- per måned)
Du betaler månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Husk at du også trenger penger til dette

Dette utstyret får du låne av skolen

I og rundt skulen er det mykje utstyr me nytter til undervisinga og skulen:

Treningssenter

Svømmehall

Turnhall

Kampsport/Dansesal

Alt som høyrer til Vekterutdanninga

 

Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Bestill katalogen for 2020/2021

Få full oversikt over skoler og linjer, og bli kjent med livet på folkehøgskole.

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

Security - Politi og Fengsel

Fredly Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeKristen

Redning, sikkerhet, reise

Risøy Folkehøyskole
Ledig plass
HeilårskursKristen

Blålys 112

Stavern folkehøyskole
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeKristen

Security - Vekter

Fredly Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeKristen

Blålys 113

Stavern folkehøyskole
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeKristen