Her kan du velja og tilpassa skuleåret akkurat slik du vil. Ved Stord Folkehøgskule har du ein omfattande meny av valfag. Valfaga varierer i omfang, og du kan velje 1-3 valfag for kvar termin. Nokre varer ein heil dag, andre går over to eller tre skuletimar.
Klatring
Foregår i klatreveggen inne på vikahaugane, om været tillet det kan det bli uteklatring/rapellering. Lære å sikre, øve på klatring, få teknikktips.
Kreativ Maling
Spray-boksar, akryl, børstar og vassmaling. Her får du lære om maleteknikkar, og mala dine eigne kreasjoner.
Mixology Mocktail Bartending
På skulen har me vår eigen alkoholfrie bar. Lær deg å laga moctails, utforska spanande smakskombinasjonar, laga eigen garnityr, å skapa stemning og å møta menneske.
Psykologi og mindfullsness
Å vere bevisst på sine omgivnader, tenke og forstå verden rundt seg og vere med i øyeblikket er noko som kan trenast og lærast opp. Her senker me skuldrene og fokuserer på det menneskelege.
Skyting
Her vil du få høve til å fordjupe og praktisere skytterkunsten, ved anlegget til Stord Skyttarlag på Stord. Eige gevær eller lån av oss!
Standup
Me lærar oss standup-kunsten, fokuserar på humor, timing og scenepresentasjon. Veldig gøy, og utruleg god stemning.
Trening, helse og kosthald
Lær mer om hvordan kosthold og trening påvirker helsen din, og få hjelp til å lage egne treningsprogram for dine behov. Kvar økt startar med litt teori, før me går over til praksis i treningsstudio.
Verdensrekorden
Har du nokonsinne drøymd om å inneha ein verdensrekord? Dette valfaget går ut på å planlegga og gjennomføra eit verdensrekordforsøk. Verdens største pepperkake(by), verdens lengste intervju, o.l.
Volleyball
Volleyball er intenst, gøyalt og svært god trening! Og ikkje minst ein utruleg lærerik lagsport nesten alle har vore med på!
Brettspel og Sjakk
Brettspel er sosialt, underhaldande, lærerrikt, utfordrande og gøy. Den vanvittige store variasjonen i ulike spel vil gi deg mange utfordringar og kjekke opplevingar.
Escape Room Sunnhordland
I dette faget skal du besøke ulike Escape room i vårt nærområde, og designe, planlegge og bygge eit Escape Room sjølv. Ulikt, lærerikt og veldig spennande fag!
Mobilfoto
Me utforskar by og natur armert utelukkande med mobilkameraet. Me forsøker å knipsa dei flotte augneblikka.
Natur og miljøvern
Lær om korleis me tar vare på naturen, kva som skal til for artsmangfald, og bli med å utforsk ulike naturtypar med eigne auge.
Podcast og radio
I vårt eige lydstudio lærer me å laga podcast og radio-sendingar. Kva skal til for å underhalde og korleis når ein ut til folk?
Stop motion
Stop motion er en animasjonsteknikk. Vi tar ett bilde av et stillestående objekt, flytter objektet, tar ett nytt bilde, flytter objektet igjen osv, og til slutt sitter vi igjen med en leken animasjon.
Strikking
Lær å strikk, lag dine eigne klede, både avansert og enkelt.
Baking
Me er på kjøkkenet og bakar til vår eigen kafe.
Teikning/måling
Her får du mulighet til å prøva ulike teknikkar på eiga hand, sjå på ulike former for teikning og maling
Alternativt ballspill + fotball
I dette valgfaget får du mulighet til å teste ut alternative ballspill. Flagfootball, Tchoukball med mer.
Dungeons & Dragons
Innlevelse, terningar, grotter, drakar, magi og humor. Har du funne din karakter og bestemt deg for eventyr, eller vert du sitjande i byen og krangla med vaktane? Opp til deg!
Esport
Viss du vil spisse deg litt inn på Esport gjennom skuleåret, er dette faget for deg. Du kan fordjupe deg i diverse gaming, som Fortnite, League of Legends, Warzone, CS, Apex, Starcraft eller andre.
Fantasy Premier League
Vi danner en egen liga på skolen og møtes for å diskutere taktikk, før vi kårer rundens vinner.
Filmklubben
Me ser notoriske filmklassikarar, drøfter og diskuterar kva desse betyr og kva som har gitt opphav til dei. Knasker popkorn og slapper av.
Mobilitet/Stretch/ Relax
Lær å kjenn din eigen kropp, strekk, føl og slapp av i kroppens mange muskler. Me går gjennom mobilitetsøvelsar for å læra om førebygging av skader, balansen i ein glad kropp og velbehag.
Årbok
Alle veit at det er veldig kjekt å ha gode minner frå folkehøgskulen til å sjå tilbake på i etterkant. Har du ein liten skribent i magen, eller likar godt å ta bilder? Då kan årbok-valfag vere for deg
Båtførarprøven
Pris: 3 000,-
Ta båtførarlappen saman med Redningsselskapet på folkehøgskulen. Dette er eit tilbod alle kan få uavhengig av andre valfag.
Dykking
Pris: 5 000,-
Teoretisk opplæring, praktisk opplæring i basseng og dykk i fjorden. Du får dykkerlappen og vil kunne dykke på egenhånd ned til 20 m dybde. Utforske vrak og korallrev i skjærgården. Krev litt utstyr.
Idrettsmassasje
Her får du lære om å ta vare på deg sjølv. Ved siden av trening, gjennom ein kontordag eller for å støtte opp eller førebygge skader. Idrettsmassasje er svært nyttig for aktive personer.
Maratonet!
Har du vurdert å trene deg opp til maraton? På slutten av skuleåret arrangeres Sunnhordland Maraton, gjennom året vil ein kunne vere med på gøy og aktiv maraton-trening fram mot løpet!
Mykje løye
Klatring inne, rapellering ute, ut i båt til fyrøya, gaming, tur inn i eit tre, skogstur til ei stor grotte, flyting i overlevelsesdrakt...rett og slett mykje løye
Show: Dans & teater
Me regisesserer og øver inn sketsjar og dansenummer for opptreden og framføring for medelevar og kvarandre.
Kjøkken, hybel og gatemat
Her får du læra å laga spanande, rimelege, næringsrike og enkler rettar som de kan laga til dykk sjølv eller til sosiale settingar. Me lagar alt frå norsk tradisjonsmat til internasjonale rettar.
Låtskriving og musikkproduksjon
Dyrk di kreative stemme, og lag musikk – anten gjennom PC-skjermen eller på instrumentet ditt. Her får du tid til å skrive, ro og fred til å skape, samt producer-, og låtskriver-tips.
Heilårsbading
Me går ut kvar veka for for å bade i sjøen, uansett vær og vind.
Innsats for andre
I dette valfaget skal me planlegge og arrangere sosiale treffpunkt for folk utanfor skulen.
Bokklubben
Me trekker oss litt vekk og besøker det store Biblioteket i Leirvik. Me lærer om viktige bøker og les i fellesskap uten forstyrringar. OBS: Du får fullstendig fri frå mobilen!
Forbetre VGS-fag
Treng du å ta opp nokre fag, eller få betre karakter? Då kan du få hjelp og god tid til å fokusere på dette her.