Til hovedinnhold
Ledig plass

Vi veit akkurat kva du har lyst til. Du vil ha eit år stappa med spenning, moro, friluftsliv, trøkk og masse aktivitetar. Det blir utfordringar, utsikt og utrulege opplevingar. Bli med UT!

 

BLI MED UT

Vi veit akkurat kva du har lyst til. Er ikkje det flaks? Vi har planlagt eit knallår for deg, stappa med spenning, moro, friluftsliv, trøkk og masse aktivitetar. I løpet av 9 månader får du oppleve terrengsykling, klatring, bre, via Ferrata, elvekajakk, kano, surfing, havkajakk, toppturar, isklatring, kiting, havfiske…kan du be om meir, eigentleg? Om du drøymer om utfordringar, utsikt og utrulege opplevingar er svaret enkelt: Bli med UT!

FAKTA

Sykling i høgfjellet 3 dagar 
Tinderangling i Jotunheimen 5 dagar
Skikøyring 7 dagar
Terrengsykling 3 dagar
Toppturar haust 3 dagar
Fjelløping 2 dagar
Vandretur på hausten 3 dagar
Klatring 2 dagar
Kiting 2 dagar
Havkajakk 3 dagar
Kanotur 5 dagar
Elvekajakk 2 dagar
Via Ferrata 1 dag
Rafting 1 dag
Toppturar vinter 6 dagar
Vintertur 3 dagar
Isklatring 2 dagar
Bølgesurfing på Stad 2 dagar
Segling/kystveke/kystkultur 5 dagar
Segltur med Statsraad Lehmkuhl 5 dagar
Kokelagstur 3 dagar
Førstehjelpskurs 2 dagar
Skredkurs 3 dagar
Snøholetur 3 dagar
Skiveke i Hemsedal 5 dagar
Åleinenatt 2 dagar
Pilegrimsvandring 3 dagar
 

Les meir om linja på vår heimeside: friluftslivskulen.no/linjer/friluftsliv-ut/

 

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Måltider pr dag inkludert: 4

Surf er akkurat så gøy som det ser ut.

Med brettet under armen og sand mellom tærne startar vandringa mot det innbydande havet. Bølgjene rullar endelaust inn mot stranda og roper etter å bli surfa. Med god instruksjon og rask meistringskurve surfar du bølgjer før du veit ordet av det. Og ingenting er betre enn å bli møtt av jublande vennar i det du surfar forbi dei på ei grøn bølgje.

Ytterst på Stad, mellom bratte fjell og eit mektig hav, ligg Hoddevika med sin ikoniske strand og krystallklare vatn. Ei perle langs norskekysten som i takt med sesongen endrar karakter. Frå nydelege sommardagar med rolege bølgjer til snøkledde fjell og eit friskt hav som pumpar inn bølgje etter bølgje. Bølgjer som let både nybegynnarar og erfarne surferar utfalde seg.               

«Du vet den følelsen når man ikke vil være noe annet sted i hele verden? Ja» - Vilde Roe

Segltur med Statsraad Lehmkuhl

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 5 dagar

Måltider pr dag inkludert: 4

Har du lyst til å stå til rors på eit hundre meter langt seglskip, eller klatre i riggen 40 meter over bølgjene? Dette blir berre nokre av ingrediensane når vi legg ut på tokt med Statsraad Lehmkuhl. Gled deg til flotte døgn som manskap ombord på verdas største tremasta bark.

Å reise med Statsraad Lehmkuhl er ikkje ein skuletur der målet er det viktigaste. Det er å reise på ein mæte som som spelar på lag med naturen. Og der opplevingane og felleskapet på seglturen vil gjere dette til ein tur du aldri gløymer. Undervegs er vi mannskap om bord, og lærer vi mykje om segling, tauverk, navigasjon og livet på sjøen. Og så blir vi betre kjent med kvarandre. Det kan kome godt med resten av året.  

I løpet av året har vi tre felles skuleturar der alle elevane er med. Dette toktet er den første fellesturen, og denne går av stabelen i september.

Skiveke i Hemsedal

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 5 dagar

Måltider pr dag inkludert: 4

Tidleg i vintersesongen køyrer vi over fjellet til Hemsedal for å utvikle skiteknikken. Du vil få instruksjon på ditt nivå, anten du er heilt fersk eller har erfaring frå før.
Med desse skidagane i beina ligg alt til rette for fantastiske toppturar og djupe pudderdagar resten av sesongen!

Majestetisk vandring på Stadlandet

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 3 dagar

Måltider pr dag inkludert: 4

Ei magisk vandring heilt ute ved havet, med storslått utsikt, er ei mektig oppleving. Vi går heile skulen, frå sandstranda, opp på toppane og kikkar ut på storhavet. Ein pilgrimsvandring, så langt vest du kjem, med folk du har blitt glade i og folk du har delt mange flotte opplevingar med. Den perfekte avslutninga på året.

Vintertur i Nordfjordfjella

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 3 dagar

Måltider pr dag inkludert: 4

Vi utnyttar vinterfjellet i bakgården og dreg saman på tur for å lære grunnleggande ferdigheiter som overnatting, ferdsel og trivsel i snøen. Du vil til dømes lære å lage snøhole, iglo og kantgrop, og du får overnatte i desse.
Når mørket senkar seg og stjernehimmelen tittar fram, samlast vi rundt bålet for kveldssamling og hygge.

Toppturveke

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 3 dagar

Måltider pr dag inkludert: 4

Med høge fjell og djup snø er Vestlandet eit mekka for skientusiastar. Feller under skia gjer desse snødekte fjella tilgjengelige for leiken skikøyring. Me pakkar med oss telt for å kunne bu midt i smørauget, og det er her oppturen startar. Opp, opp, mot stadig flottare utsikt, før nedturen i djup pudder blir ein vel så stor opptur.

Valfrie prosjektveker

Obligatorisk: Nei

Pris: Inkludert i linjepris

Du får fordjupe deg i eit tema, ein aktivitet eller eit prosjekt, du kan kalle det ei valfagveke. Vi har prosjektveker i november, desember og mars. Du finn fullstendifg oversikt over alle prosjekta på vår eiga heimeside: https://friluftslivskulen.no/valfag-og-prosjekt/

Valfrie prosjektveker - Kystveke

Obligatorisk: Nei

Pris: 600

Varighet: 5 dagar

Måltider pr dag inkludert: 4

Vi seglar ut til kysten, og ankrar opp på ein handelsstad. Her vert det segling, fisking, kanskje ein fjelltur, god mat og hygge. Du får sløye fisken, rense garnet, stå til rors i Medvind, heise segla og lære om korleis sjøen har vore livsnerva for folka som har budd her ute i alle tider.

Valfrie prosjektveker - Fyrvandring/kyst og kultur

Obligatorisk: Nei

Pris: 700

Varighet: 5 dagar

Måltider pr dag inkludert: 4

Kysten og havet er fylt av store kontrastar. Frå blikkstilt hav og sol i luggen til bølgesprut og storm i sydvesten. I dette landskapet har menneske levd i lange tider og etterlatt seg mykje kultur og historie. Denne veka skal me ut å sjå og bu i fyr langs kysten, gå turar, lage god mat og få oppleve noko av livet til fyrbøtarane. 

Valfrie prosjektveker - Jaktveke i Gaular

Obligatorisk: Nei

Pris: 1 500

Varighet: 5 dagar

Måltider pr dag inkludert: 4

Jakt på hjort. Vi bur i flotte jakthytter rett ved sjøen.

Valfrie prosjektveker - Minivintertur med topptur

Obligatorisk: Nei

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 5 dagar

Måltider pr dag inkludert: 4

Vintertur kombinert med toppturar. To netter i telt (dei andre dagane bur du på skulen). Turområde blir i Gloppen eller i ei av nabokommunane. Det kan bli basecamp i Jølster med toppturar eller overnatting i Svatebotn ved Myklebustbreen og dersom vêrforholda tillet det, kan det blir tur på Snønipa.

Valfrie prosjektveker - Surfing i Hoddevika

Obligatorisk: Nei

Pris: 1 500

Varighet: 5 dagar

Måltider pr dag inkludert: 4

Hoddevika byr på god surf, fantastisk natur og god stemning. Denne veka skal vi oppleve alt kva Hoddevika har å by på. I tillegg til mykje viking surf i friskt norsk hav skal vi lære meir om å lese bølgjevarsel, forstå korleis bølgjer dannast og kva for forhold me ynskjer. På kveldstid vert det god tid til å få att varmen under eit pledd i sofaen med gitar og sjarmerande allsong.     

Valfrie prosjektveker - Toppturar og skianlegg

Obligatorisk: Nei

Pris: 1 500

Varighet: 5 dagar

Måltider pr dag inkludert: 4

Vi drar til Sunnmøre og bor midt i smørøyet mellom topper, langrennsløyper og skitrekk. Strandafjellet ligger likeved, og blir det oppkjørt der, kan vi trekke til et mindre lokalt anlegg, Fjellsetra. Toppene når vi med feller under skia og er du mer opptatt av god glid, blir langrennsløypene stadig tråkket. Dette blir ei uke med god stemning og mulighet for å oppleve Sunnmøre på sitt beste. Vi håper pudderalarmen går!

Aina Minde Lemming

Lærar på Friluftsliv/UT

Aina er "en handlingens kvinne". Ho surrar ikkje vekk tida med tomt prat, og viss ho for eksempel syns at eit rom skulle vore rydda - så ryddar ho. Og kastar. Ho er ganske bergensk av seg, utan å vere bergensar, og du slepp å lure på kva ho meiner om ei sak.

Aina er utdanna i helse- og sosialfag, idrett og friluftsliv.

Epost: aina@friluftslivskulen.no
Telefon: 45618309

Vekene på Nordfjord folkehøgskule er veldig ulike. Nokre veker har du undervisning og tur med linja heile veka, andre veker er du mest på skulen. Ei veke kan sjå slik ut:

  • Måndag: Allmøte. Rydde- og vasketid. Internatmøte. Lunsj. Linjetime. Valfag.
  • Tysdag: Ord for dagen. Valfag resten av dagen.
  • Onsdag-fredag: Linjedagar/tur.
  • Laurdag: Seminar + elevkveld.
  • Søndag: Fri

På ettermiddagane/kveldane har du fri.

Last ned timeplan som pdf ↓
  • 24. august  Skulestart med opningsfest
  • Veke 38  Skuletur med Statsraad Lehmkuhl
  • Veke 41  Haustferie
  • Veke 46 og 47   Prosjektveker og revy
  • 23. november  Familiedag
  • Veke 49  Prosjektveke
  • 17. desember  Julefest
  • 18. desember  Første dag av juleferien
  • 7. januar  Første skuledag etter jul
  • Veke 4  Skikurs i Hemsedal
  • Veke 8  Vinterferie
  • Veke 10  Prosjektveke
  •  Veke 15 Påskeferie 
  • 9. mai   Avslutningsfest
  • 13. mai  Siste skuledag

Du får fem valfag i løpet av skuleåret. Måndagsvalfag er på to timar, medan på tysdagane går dei fleste valfaga frå frukost til middag. I tillegg til valfag kan du velje mellom mange prosjekt som går over ei eller to veker, les om prosjektvekene på: https://friluftslivskulen.no/valfag-og-prosjekt

Akrobatikk

Kropskontroll og leik i eitt fag! Akrobatikk er akkurat så akrobatisk som det høyrest ut, og vi er heldige som har tilgang på ein turnhall med airtrack, skumgrop og stor trampoline. Eit luftig fag!

Allidrett

Idrettshallen på Sandane er stor og velutstyrt, med mellom anna turnhall, løpebane, klatrevegg osv. Du skal få prøve kjende og ukjende aktivitetar, dette er idrettsglede i godt lag!

Barmarkstrening

Skisesongen kjem fortare enn du anar, og då gjeld det å vere klar. Her skal vi lære litt om trening, både uthald og styrke, og erfare korleis det kjennes på kroppen.

Basistrening

Her skal vi lære litt om trening, både uthald og styrke. Vi erfarer korleis det kjennest på kroppen. Dette er valfaget for deg som ikkje er redd for å bli våt, skiten og sliten!

Båtførarkurs

Er båten over 8 meter og/eller har 25HK eller meir, må du ha båtførarbevis. I dette faget får du undervisninga du treng, og du får ta eksamen.

Buldring

På skulen har vi ein 250 kvadratmeter stor innandørs klatrevegg. Her vert det mykje buldring og litt skruing av ruter.

Din tur

I løpet av hausten kan du planlegge og gjennomføre din eigen tur, åleine eller i ei gruppe. I samarbeid med lærar finn du turmål, og lagar gode planar. Og så gjennomfører du turen, stolt og glad!

Ekspedisjonstrening

Å bygge kroppen om til ei uthaldande maskin er ikkje gjort over natta! Vi skal dra tunge ting, springe bratte bakkar og pushe kvarandre til å gje alt - kvar gong. Du blir rusta til tøffe turar.

Fjelljibbing

Vi går på topptur, eller finn oss fine plassar for å lage hopp eller leike på ski. Førebu deg på knall og fall og mykje moro. Alle typar ski er ok!

Fjelltur

I dette valfaget går vi på dei fine fjelltoppane rundt skulen. Nyt den lokale utsikta! Om det er snø i høgda, brukar vi eit lågare terreng. Undervegs på turane får du øve på bruk av kart og kompass.

Fotball

Fotballtrening ute. Vi reiser til Sandane der vi har tilgang til stort treningsfelt, og der vi også kan leige kunstgrasbana. I desember har vi to lag med i ei folkehøgskuleturnering mellom 6 skular.

Fotografi

Gjennom eit år på Nordfjord har du unike høve til å ta flotte bilete. I dette faget får du grunnleggande kunnskap om teknikk og komposisjon, og du får lære om og prøve turfoto/actionfoto.

Gitar

Er du så å seie blank på gitarspeling, men har lyst til å lære? Då har du sjansen no. Ta med gitar!

Handverksdagar

Du kan velje handverk som fag ei heil veke. Då kan du drive med smiing eller trearbeid, og om du vil kan du lage ditt eige longboard.

Havkajakk grunnkurs

Vi skal gjennomføre eit kurs som heiter "Grunnkurs hav". Dette er grunnleggande opplæring i padleteknikk og sikkerhet på havet. Du får Våttkort frå Norges Padleforbund.

Hybelkokken

Korleis overleve på studentøkonomi langt vekke fra kjøkkenskapet heime? Her lærer du korleis du kan lage enkle, raske og gode rettar - utan å tømme lommeboka fullstendig.

Innebandy

Ein fartsfylt og herleg idrett. Her blir det mykje speling og god stemning!

Jegerprøve

Eit praktisk og teoretisk kurs der du får tatt jegerprøva.

Kajakkbygging

I løpet av året kan du bygge din eigen kajakk! Det er ein segldukskajakk, der du bygger ramma av tre og kler den med seglduk. Det er ganske stilig å ha med seg kajakk heim etter eit folkehøgskuleår.

Kite/toppturveke

Om du vil, og vêr og vind oppfører seg, blir det ei veke med kiting. Du får lære å bruke vind, kite og ski til å få fantastiske naturopplevingar.

Klatring

Lurer du på om klatring er noko for deg? Her får du prøve, og du treng ikkje ha erfaring. Vi reiser til Sageflåten og til klatrehallen på Sandane. Du kan ta brattkort-test i løpet av valfaget.

Kniv og slire

I dette faget lærer du å lage skaft til eit ferdig knivblad. I tillegg lagar du slire til kniven, og lærer overflatebehandling av både skaft og slire.

Kristen tru

Lyst til å vite litt meir? Kva trur du på? Kva betyr forsoningslære, nådemiddel, inkarnasjon, frelseshistorie, treenighet og andre rare ord? Undervisning, samtale og diskusjon.

Kunstveke

Dette er ei veke der du får undervisning i grunnleggande teikneteknikk, og får god innføring i oljemåling. Ein lokal kunstnar kjem og held kurset.

Langrenn

For deg som vil gå i Odd-Bjørn Hjelmeset sine skispor! Du lærer klassisk langrennsteknikk gjennom både øvingar og leik. Faget er for alle uansett erfaring.

Longboard

På sløyden kan du lage ditt eige longboard! Designet lagar du sjølv.

Mat i det fri

Lær å lage god mat på bål. Du får lære ulike teknikkar, alt frå mat på steinhelle til heilgrilling av kalkun.

Minivintertur med toppturar

Dette er ei veke på ski! Det blir vintertur kombinert med toppturar. Vi skal sove ei, to eller tre netter i telt, elles søv vi på skulen, Vi vel toppar og turområde etter ver og føre.

Revy

I løpet av to veker lagar vi revy! Og du kan plutseleg ha ei hovudrolle, bli låtskrivar, vere musikar, ordne med kostyme og sminke eller synge på scena.

Revyplanlegging

Kvart år lagar vi vår eigen Nordfjord-revy. I revyplanlegging valfag får du vere med å forme revyen, ved å jobbe fram tema og innhald.

Rørsle

Eit fag der du jobbar med bevegelighet og forebygging av skader. Fokuserer på balanse og stabilitetstrening, noko som er veldig nyttig i forkant av ein aktiv vintersesong.

Segling og sjøliv

Vi startar faget med å lære det grunnleggande innan segling av skulen si Colin Archer-skøyte Medvind. Seinare skal vi bruke også dei mindre båtane som står i naustet.

Skiinstruksjon/topptur

Du får instruksjon i telemark/alpint. Vi reiser til skianlegg i Nordfjord: Harpefossen og Stryn. Om det er mykje betre forhold i fjellet, går vi på topptur i staden.

Smiing

I smia får du lage bruksting og pynteting av glødande og kaldt materiale (jarn): Lysestakar, lampettar, rammer, beslag. Du lærer å lage knivblad, og du lærer krøllsmiing.

Strikking

Dette faget kan du velje uansett om du er heilt nybegynnar eller om du har strikka litt før. Du lærer grunnleggande teknikkar, og å følgje eit mønster.

Terrengsykling

Vi syklar på grusvegar og fine stiar i nærområdet. Artige nedkøyringar og litt tunge oppoverbakkar.

Terrengsykling og stibygging

Vi syklar i skog og på fjell, og vi lagar og utbetrar sykkelstiar. Er det snøfritt, får vi nokre turar litt opp i høgda. Kan vere litt slitsomt, men viss du er motivert får vi det veldig artig!

Topptur/kite

Dette er for deg som vil lære å utnytte vinden med kite. Vi reiser dit der er snø og god vind. Om vinden avtar brukar vi beina, skia og fellene og går til toppen.

Topptur/skred

Eit fag for deg som vil lære meir om skredfare, skredvarsling og korleis gjere trygge vegval på tur.

Topptur/turleiing

Toppturar på ski. Målet er at du skal bli flinkare til å leie andre på tur. Vi roterer i gruppa slik at alle får god trening i å leie kvarandre og ta ansvar på tur.

Toppturar og skianlegg

Ei veke på ski! Først to flotte dagar i skitrekk på Stranda, deretter toppturar i Sunnmørsalpane. Snø og skredforhold avgjer turmål.

Trearbeid

På sløyden kan du lage bruksting og pynteting som små møblar (små kister/skrin og skap), dreie skåler, lage tine og matboks. Du får prøve å dekorere med enkel treskjæring/karveskurd.

Treskjæring/karveskurd

Lær å dekorere og forme tre. På sløyden finn du både verktøy og kunnskap - og alt blir delt med deg.

Utstyrslaging

Her får du sy dine eigne turklede. Kanskje du treng fotposar, vindvottar eller ein ny anorakk. Vi har mykje flott stoff og utstyr frå Norrøna, så du kan lage verkeleg flotte plagg og godt utstyr.

Yoga

Har du lyst til å bli mjukare i kroppen og forebygge skader? Då er yoga/rørsle noko for deg. Vi fokuserer på pust og heilt basis bevegelighet. For alle: Både stive stokkar og mjuke turnarar.

100 fantastiske turar! 100 å dele opplevinga med. Difor er det minst 100 gode grunnar for å gå på Nordfjord folkehøgskule. Ein del grunnar finn du her. Andre finn du på friluftslivskulen.no. Men dei aller fleste grunnane oppdagar du først når du sjølv er elev på skulen. Du finn dei i møte med deg sjølv. I møte med dei andre. Og i møte med naturen.

Linjer ved skulen

Fra kr 111 900,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på rommet
  • Årskort til bade- og treningsanlegg
  • Studietur: Segltur med Statsraad Lehmkuhl
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Studietur: Skiveke i Hemsedal
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Studietur: Majestetisk vandring på Stadlandet
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Studietur: Vintertur i Nordfjordfjella
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Studietur: Toppturveke
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Studietur: Valfrie prosjektveker
  • Studietur: Valfrie prosjektveker - Minivintertur med topptur
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Studietur: Surf
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 111 900,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 111 900,-
(11 190,- per måned)
Du betaler månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Husk at du også trenger penger til dette

Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Dette seier tidlegare elevar

Erik Gilja

Det kjekkaste var at vi hadde naturen som klasserom. Eg lærte å knyte knutar, fyre primus, segle, lage mat, bestige fjell... og eg lærde mange lure småtips som lærarane har erfart og som dei deler med

Erik Gilja
Marthe Bjella

He, he? eg er vel ikkje akkurat den tøffaste...kanskje? Eg lurte på om eg skulle gå på ein skule med stor utanlandstur, men så fann eg ut at dette året vil eg heller bli kjent med det norske.

Frå bloggen

- Folkehøgskolen er også for de ambisiøse

– At folkehøgskolen bare er for umotiverte, dropouts eller de som ikke vet hva de skal videre, er en myte, sier Anne Øksnes Aal. Selv ...

Les meir på bloggen ▷

Bestill katalogen for 2020/2021

Få full oversikt over skoler og linjer, og bli kjent med livet på folkehøgskole.

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

Friluftsliv II: Ekspedisjonslinje

Svalbard folkehøgskole
Ledig plass
HeilårskursKristen

Friluftsliv: Sør-Afrika

Bømlo Folkehøgskule
Ledig plass
Heilårskurs13 t/ukeFrilynt

Klatring, dykk og surf - Zanzibar

Kristiansand Folkehøyskole
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeKristen

Topptur Klatring - El Chorro

Høgtun Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs18 t/ukeKristen

Friluftsliv: Norge

Bømlo Folkehøgskule
Ledig plass
HeilårskursFrilynt

Friluftsliv Noreg

Sogndal folkehøgskule
Ledig plass
Heilårskurs18 t/ukeFrilynt

New Zealand Friluft

Ålesund Folkehøgskole
Ledig plass
HeilårskursKristen

Fjell & ekspedisjon

Lofoten folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Klatring & topptur

Lofoten folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Ski & klatring

Lofoten folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Vann og Villmark

Folkehøgskolen Nord-Norge
Ledig plass
HeilårskursKristen

Friluftsliv LETT

Vefsn Folkehøgskole - Toppen
Ledig plass
Heilårskurs12 t/ukeFrilynt