Til hovedinnhold

Funksjonell trening

  • Kurslengde: Helårskurs
  • Oppstartsdato: 22.08.2026
  • Pris: fra 152 100,-
  • Verdigrunnlag:
    Frilynt
    Dei frilynte folkehøgskulane har verdigrunnlag som ikkje tek utgangspunkt i eitt bestemt livssyn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
  • Tilbyr: Vegetar, vegan
    Dei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
  • Miljøsertifisering:
    Miljøfyrtårn
    Sertifisering for skoler som dokumenterer miljøinnsats og viser samfunnsansvar.
    Debio
    Merkeordning for skoler som har økologisk mat og drikke.
    Fairtrade
    Sertifisering for skoler som tilbyr Fairtrade-merkede produkter og bevisstgjør om rettferdig handel.
  • Sted: Stad kommune
  • Studietur for linja: Treningstur til Monte Feliz | Gran Canaria , HYROX Oslo
  • Studietur for skolen: Surf, fjell og camp | Overnattingstur til Hoddevik, Fjord Explore, Vintertur til Stigedalen, Opplev naturkreftene på Kråkenes fyr, Strandryddeseilas , Fellestur til Filippinene
Er du klar for å få deg ein skikkelig energiboost? Her skal du bli god på både å yte og nyte. Høgdepunktet for mange er treningsturen til Monte Feliz på Gran Canaria!

Dette er linja for deg som likar å trene og vil bruke året på å bli sterkare og utfordre deg sjølv. Du får variert trening, tett oppfølging og lære korleis trening, kosthald og kvile heng saman. For sjølv om vi trenar mykje, veit vi at søvn, mat og kvile er like viktig for framgang. Her får du kjenne på det gode folkehøgskulelivet, med kjekke aktivitetar, opplevingar som du aldri vil gløyme, og ikkje minst, det sosiale samhaldet

💪 På treningsplanen får du:

  • Funksjonell styrketrening 
    Lær deg teknikk, bygg kapasitet og test grensene dine innan: 
    • Olympisk vektløfting og styrkeløft 
    • Kettlebells og kroppsvektøvingar (push ups, pull ups, muscle ups) 
    • Kondisjonstrening: intervallar, roing, svømming, sykling og løping 
    • Hinderløype, parkour og gymnastikk 
  • Mobilitet og fokus 
    • Bevegelighetstrening og mindfulness med yoga og pilates 
    • Akrobatikk 
    • Massasje
  • Ernæring og livsstil 
    • Restitusjon og ernæring 
    • Personleg treningsplan og progresjon 
    • Mental styrke, søvn og coaching

Du får også vere med på mange reiser og få nye opplevingar: 

🌴 Treningsreise til Monte FelizGran Canaria. Dette blir ei veke med knallharde treningsøkter, leik og moro, og velfortjent avslapping ved bassenget eller stranda.

🌆 Tur til HYROX i Oslo. Om du verkeleg vil teste deg så kan du få delta på ein av tøffaste konkurransane i verda innan funksjonell trening! 

🧗 Kortreiste turar til skjulte perler i nærområdet. Med fjord, fjell og hav rett utanfor døra har vi mange sjansar for å få til gode treningsøkter ute. Nokre dagar klatrar vi på Beachen i Loen eller tar den ultimate klatreruta rett opp Hornelen (som førøvrig er Europas høgaste sjøklippe). Andre dagar surfar vi på bølgene i Hoddevika, padlar eller går toppturar, både til fots, med ski eller truger.

Her skal du trene

Treningsbasen og gymmen vår er på Hamna treningssenter, som vi samarbeidar tett med. Her har vi full tilgang til topp treningsfasilitetar, med WODBOX på 270 kvm, svært buldrerom, yogarom, spinningsal og frivektrom for å nemne noko! Skulen har også eit godt utstyrt treningsrom som du kan benytte når du vil. Vi reiser òg på besøk til andre klubbar i området og trenar med dei.

Vi samarbeider tett med dei andre linjene på folkehøgskulen vår. Vi reiser på felles klatre- og surfeturar med friluftslivlinja, har løpe- og balansetrening med sirkuslinja eller har felles aktivitetar som isbading og sauna for dei aller tøffaste. Her blir du ein del av eit større fellesskap, og du vil bli kjent med mange nye menneske.

For deg som vil trene variert, presse deg sjølv og oppleve meir enn berre gymmen. Passar om du er nybyrjarar eller har erfaring, men fellesnemnaren er at du likar trening!

Dette vil du lære

  • Teknikkar innan styrke og uthald. 
  • Lage og følgje eigen treningsplan.
  • Forstå korleis søvn, mat og kvile påverkar framgangen og energien din.
  • Mental styrke og fokus, og massasjeteknikkar. 

Våre forventninger til deg

  • Du er villig til å presse deg sjølv og teste eigne grenser.
  • Du møter opp til timane og aktivitetane med ei positiv innstilling. 
  • Du vil vere ein god treningskamerat, bidra til godt teamspirit og bygge et godt klasse- og skulemiljø.
  • Forkunnskap er ikkje nødvendig, men du må vere motivert, ha lyst til å trene og klar for å prøve noko nytt.

2026-27:

  • Skulestart: 22.08.26
  • September: Fellestur til Hoddevik 
  • Frihelg: 12.-14.09
  • Haustferie: fom. 02.10 (kl. 13) - 11. oktober (v.41). 
  • Oktober: Strandryddeseilas ved kysten
  • Frihelg: 13.-15.11.
  • Desember: Juleverkstad og "Jul på Fjordane"
  • Juleferie: 18.12. kl.13 - 03.01.
  • Januar: Annerledesveke
  • Februar: Fellestur til Stigedalen
  • Vinterferie: 19.02  (kl. 13) - 28. 02 (v. 8).
  • Mars/april: Linjeturar
  • Påskeferie:11. april (kl. 13) - 22. april
  • Avsluttning: 8. mai.
  • Fellestur til Krokpollen
  • Heim: 15.05.27

Valgfag er ei fin moglegheit til å prøve noko nytt og bli betre kjent med elevar frå andre linjer. Du har over 20 valgfag å velge mellom, alt frå sjonglering til barista. Valgfaga er valgfrie som namnet tilseier og du kan velge så mange du vil. Lengda på valgfaga varierar frå 1-2 timar kvar veke, og dei kan variere noko frå år til år.

Band

Her får du moglegheita til å jamme med andre, spele låtar og ha det kjekt med musikk! Enten du spelar gitar, bass, piano, trommer eller syng, er det plass til deg.

Barista

Lær deg kunsten bak ein god kopp kaffi og bli kjent med dei ulike kaffibønnene. Frå kaffibaren vår «Bønna» kan du lage Cappuchino, Americano, Espresso, Maccihato, Cortado og Latte utan problem!

Blankvåpen

Her trenar vi som vikingar med øksekast, sverd og skjold. Vi brukar blunte våpen og har sjølvsagt sikkerheit i hovudfokus under treninga.

Dans

Lær deg grunnleggande teknikkar i klassisk ballett, jazzdans, moderne dans og samtidsdans. Valfaget er for både nybyrjarar og erfarne. Her får du jobbe med balanse, fleksibilitet og uttrykk.

Dungeons & Dragons

Her er det kun fantasien din som set grensene. Skap din eigen karakter og utfordre både kreativiteten og problemløysingsevna di. Likar du rollespel og improvisasjon? Då er dette noko for deg.

Elevstyrte valfag

Har du ei spesiell ferdigheit du vil dele med andre? Elevstyrte valfag betyr at du kan vere med å skape faget sjølv og la medelevane dine lære noko frå deg.

Fem på topp

Er du glad i fjellturar? Bli med og utforsk dei flotte fjelltoppane rundt oss – både haust, vinter og vår.

Fysisk trening

Kom i form eller berre ha det kjekt med bevegelse! Her kan du trene det du likar.

Hest

Har du ikkje hest som linjefag, men vil kjenne gleda av å vere tett på ein hest? Her får du lære alt frå riding til stell!

HIIT-trening

I HIIT-trening (High-Intensity Interval Training) køyre vi korte og effektive økter der du verkeleg får utfordra både kondisjon og styrke. Likar du ei rask og tøff treningsøkt er dette timen for deg.

Klatring

Lyst å klatre i ein innandørs klatrevegg like ved skulen? Her får du trene både styrke, teknikk og balanse. Målet er at du skal få brattkort – eit bevis på at du kan sikring og bruk av autobelay.

Kunst

For deg som ikkje har kunst som linjefag. Her får du prøve deg i ulike kunstsjangrar som teikning, keramikk og maling.

Køyring/tømmekjøring

Valfaget for deg som vil jobbe med hesten frå bakken med tømmekøyring/tømmelongering eller trene på dressur-, presisjon- og maratonkøyring. Du kan vere med uavhengig av kva forkunnskap du har.

Linedance

Bli med på lavterskel linjedansing med feel good-stemning. Vi startar med enkle koreografiar og aukar etter kvart.

Lokale lag og organisasjonar

Vil du engasjere deg i lokalsamfunnet? Vi hjelpe deg med å finne det rette laget eller organisasjonen for deg. Du finn mykje informasjon om lokale lag og organisasjonar på www.stad.foreningsportal.no.

Prosjekthest – din hest i fokus

For deg med eigen hest som vil ha ekstra hjelp. Du vil lære alt frå innriding, innkøyring, lasting og longering, til handtering frå bakken. Om hesten vise problemåtferd, kan vi også jobbe med dette.

Redesign

Har du lyst å gje nytt liv til den gamle skjorta eller gardina? Lær deg å sy om plagg og bli med på klesbyttedagar. Dette valfaget er perfekt for deg som er kreativ og opptatt av gjenbruk.

Salmakar

Her får du opplæring i korleis du kan arbeide med lær som materiale. Lær deg teknikkar i salmakarfaget og lag alt frå belte til veske, eller reparer utstyr du har frå før.

Sirkus

Test ut spennande sirkusdisiplinar som balansering, styrke, reaksjon og koordinasjon i valfag sirkus! Her kan du utfordre deg på nye måtar og bruke musklar du ikkje visste du hadde.

Sprangriding

Vil du jobbe meir med sprangriding? Dette er valfaget for deg som går på hestelinja og som har med eigen hest. Vi prøvar så godt vi kan å gjere valfaget tilgjengeleg for elevar som brukar skulehest.

Strikking

Har du lyst å strikke saman med likesinna som likar garn og strikking? Bli med på ein sosial, kreativ og kjekk time. Dette er eit valfag for alle – uavhengig av strikkeferdigheiter og nivå!

Surfing i Hoddevika

Har du lyst å surfe i eit av Noregs surfepardis? Hoddevik er berre ein kort biltur unna oss! Enten du er nybegynnar eller erfaren, er dette plassen for å teste surfebrettet og få saltvatn i håret.

Svømming/bading

Ein spasertur unna finn du eit 25 meter langt basseng for både trening og avslapping. Perfekt for dagens treningsøkt eller om du berre vil slappe av i boblebadet. Rund av med ein tur i badstova.

Teater

Er du glad i improvisasjon, standup og å lage skodespel? Det er noko av det du får vere med på her.

Volleyball

Vi trenar på teknikk og spelar volleyball i idrettshallen. Om véret er på vår side blir det sandvolleyball på ei av banene som ligg i nærområdet til skulen.

Voltige

Voltige er turning på hesteryggen. Vi startar på treningshesten vår “ostepop”, der du får teste ulike øvelsar. Voltige er ein fin måte å jobbe med balanse, koordinasjon og styrke på hesteryggen.

Yoga

Kom i kontakt med både kropp og sinn med yoga. Dette er valfaget for deg som vil bli smidigare, meir avslappa og finne di indre ro. Eit godt avbrekk i kvardagen som gir deg energi.

Årbok/foto

Har du lyst å lage ei minnebok som fangar opplevingane frå ditt beste år? Vi samlar minner, bilete og historier som alle elevane frå kullet ditt kan ta med seg når skuleåret er over.

Tenk deg eit år der du kan prøve mykje nytt eller gjere meir av det du likar aller best. Eit år der du vil møte nye menneske. Eit år med opplevingar og turar som du aldri vil gløyme. Tenk at dette kan bli ditt år

Linjer ved skolen

Les mer om skolen

Fra kr 152 100,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på gangen
  • Studietur: Surf, fjell og camp | Overnattingstur til Hoddevik
  • Studietur: Fjord Explore
  • Studietur: Vintertur til Stigedalen
  • Studietur: Opplev naturkreftene på Kråkenes fyr
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Studietur: Strandryddeseilas
  • Studietur: Treningstur til Monte Feliz | Gran Canaria
    • Reiseforsikring
  • Studietur: HYROX Oslo
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 152 100,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Studiestøtten for neste år vedtas av Stortinget i desember, ny beløp for studiestøtte legges inn etter det.
Summen du må dekke selv 152 100,-
(15 210,- per måned)
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Fagleg og sosialt
Vi ønskjer at alle elevane skal føle seg trygge, inkluderte og få moglegheita til å skape sitt beste år saman med oss. Difor tilpassar vi oss så langt vi kan, for at du kan delta og få ei god oppleving. Her er nokre av tiltaka vi kan tilby:

  • Treng du pausar, legg vi til rette for det.
  • Blir aktivitetane for krevjande for deg, finn vi alternative løysningar.
  • Vi har fokus på ein god og trygg oppstart, der alle skal bli sett og høyrt.
  • Du kan alltid snakke med linjelærar eller paviljonglærar om du treng andre tilpassingar som kan hjelpe deg.

Ta kontakt med oss for å høyre kva vi kan gjere for å tilrettelegge for dine behov.

Mat
Kokkane våre elskar å lage mat som smakar skikkeleg godt. Du kan derfor glede deg til å få servert fire næringsrike og gode måltid dagleg – frukost, lunsj, middag og kvelds, alt inkludert i skuleprisen. Om du har cøliaki, er laktoseintolerant, veganar, vegetarianar, pescatarianar eller anna har vi alltid eit alternativ til deg - utan ekstra kostnad. Berre gje oss beskjed på førehand, så ordnar våre dyktige kokkar det.

Vi er opptatt av kortreist mat, så kokkane våre handlar alltid lokale og sesongbaserte råvarer når dei kan. I Vikingtunet dyrkar vi våre eigne grønsaker, så du kan glede deg til å både sanke og ete poteter, jordbær, grønsaker og ulike urter som vi brukar i matlaginga på skulen.

Universell utforming
Ikkje alle bygga våre er universelt utforma, men vi gjer vårt beste for å leggje til rette for deg om du treng det.

Søk på linjaMer om skolenSkolens nettside

Nyheter

Tok pause fra studiet for å gå på folkehøgskole

– Studie og folkehøgskole er to helt forskjellige hverdager, sier 20 år gamle Ida Vangen.

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som ligner

Multisport - Interrail & øyhopping Europa

Karmøy Folkehøgskule
Helårskurs A
10 t/uke
Frilynt

Action, friluftsliv og idrett

Sjøholt Folkehøgskole
Helårskurs
12 t/uke
Kristen

Flexi

Peder Morset folkehøgskole
Helårskurs
15 t/uke
Frilynt

Friluftsliv / Sport

Nordfjord folkehøgskule
Helårskurs
Kristen

Multisport - Bali - VÅR 2026

Karmøy Folkehøgskule
Halvår — vår B
6 t/uke
Frilynt

Multisport+

Risøy Folkehøyskole
Helårskurs
Kristen

Sportmix Singapore

Trondheimsfjord Folkehøgskole
Helårskurs
15 t/uke
Kristen

Multisport

Ringerike Folkehøgskole
Helårskurs
15 t/uke
Frilynt

REIS Multisport

Ålesund Folkehøgskole
Helårskurs
Kristen

Multisport Japan

Toten folkehøgskole
Helårskurs A
Frilynt

Multisport

Nordvestlandet folkehøgskole
Helårskurs
18 t/uke
Kristen

Multisport - Marokko og Bali

Solborg folkehøgskole - Stavanger
Helårskurs
12 t/uke
Kristen

Lofotsport

Lofoten folkehøgskole
Helårskurs
17 t/uke
Frilynt

EXPLORE Sports

Hurdal Verk folkehøgskole
Helårskurs B
Kristen