
- Voss folkehøgskule
- Telefon: 5652 9040
- E-post: post@voss.fhs.no
- Kurslengde: Heilårskurs
- Studietur: Interrail i Europa!, Kajakk & camping i Nærøyfjorden , Seiltur i vakre Hardangerfjorden
- Verdigrunnlag: FrilyntDei frilynte folkehøgskulane har verdigrunnlag som ikkje tek utgangspunkt i eitt bestemt livssyn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
-
Tilbyr: Vegetar, veganDei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
- Stad: Voss
- Oppstartsdato: 25.08.2024
- Pris: fra 129 500,-
- Følg linja på Facebook
- Følg linja på Instagram
Lyst å lære om musikkproduksjon, låtskriving og lyddesign? Eller framføre elektronisk musikk live? Hos oss er det kreativitet og musikkglede som står i fokus - bruk eit år på å utvikle skaparen i deg!
Laptopen er både eit instrument og eit produksjonsverktøy. Linja har eit stort fokus på å skape musikk, både åleine og i lag med andre. Me arbeider med å forme og behandle lyd, og lærer mykje gjennom å jobbe praktisk. Som elev har du stor påverknad på skulekvardagen - fordjup deg i det du er mest interessert i!
Ableton Live er vårt hoved-programverktøy, og alle elevar får eitt års lisens på Ableton Live suite. Du vil òg få høve til å jobbe i FL Studio, eller andre program du har sjølv. Innimellom det praktiske jobbar me og med lydteori, musikkteori og elektronisk musikkhistorie.
På skulen har me både eit stort studio med to opptaksrom og eit mindre studio. Her får du mykje studiotid! I tillegg har me full lyd- og lys-rigg til konsertar og elevkveldar.
Voss folkehøgskule har eit breitt kreativt miljø som gir spennande samarbeid. Produser musikk for elevar på jazzlinja, eller bruk dei som instrumentalister i din eige musikk. Me lagar dataspel med dataklassen, du er lyddesigner! Me samarbeider med film/fotolinja om filmmusikk til kortfilmane deira, og produserer musikkvideoar i lag!
Voss fhs har også nært samarbeid med lokale festivalar og musikkmiljø. I løpet av året besøker me Duper studio, eit av Bergens mest kjende studio. Det vert også meisterklassar med kjende musikarar, produsentar og lyddesingarar. Voss FHS har kjende musikarar blant tidlegare elevar, som Odd Norstoga og prisvinnande lyddesignar Gisle Tveito. Gisle har halde meisterklasse om lyddesign hos oss!