Til hovedinnhold

Linja for deg som vil jobbe kreativt og uttrykke deg kunstnerisk. Prøv ulike kunst- og handverksuttykk og vær ein del av eit skapande fellesskap. Finn inspirasjon og nærhet til naturen.

På linja Kunst og Natur jobber vi med å utvikle ditt kunstneriske uttrykk. Realiser dine kreative ideer og prosjket gjennom praktisk arbeid. Vi arbeider med teknikker som tegning, akvarell, trearbeid, foto, videokunst, søm og redesign, digital design og ulike trykkteknikker som lino og etsing. Slik lærer du å være skapende og uttrykke deg visuelt. Dette er linjene for deg som har skapeglede, her får du tid og rom til å jobbe med det du brenner for mest. 

Skulen ligg flott til, midt i vakker vestlandsnatur. Naturen har allitd vore viktig for kunstnarar. Det har vore ein kjelde til ro og inspirasjon. Me bruker den vakre naturen på Voss nettopp til dette. Turar i skog og på fjellet vil gi pusterom og tid til refleksjon. I tillegg bruker vi yoga og meditasjon for å komme i kontakt med oss sjølv og slik finne retning og vegen til den "kreative flytsonen". 

Bergen med sitt rike kulturliv er og ei inspirasjonskjelde - med besøk til ulike utstillingar, kunstnarar og museer. Me drar på B-open og åpne atlier, besøker Kode, Bergens største kunstsamling, og så klart Bergen Kunsthall med sin spennende samtidskunst. 

Som elev på Voss vil du òg ha mogelegheit til å prøve noko av det som gjer Voss til Ekstremsportsbygda. Alle elevar får prøve rafting og flyging hos Voss Vind. I tillegg får alle elevar årskort til Voss Gondol/skiheisane, og ikkje minst tilgang til flott natur heile året. 

Kunst og Natur passer for alle som ønsker å jobbe kreativt innen ulike kunst- og handverks-uttrykk.

Dette vil du lære

  • Grunnleggende tegning
  • Trykkteknikker  -  lino og etsing
  • Akvarell
  • Trearbeid/sløyd
  • Smykkedesign
  • Illustrator
  • Photoshop
  • Indesign
  • Akrylmaling
  • Redesign/søm
  • Kunsthistorie
  • Oljemaling
  • Foto
  • Videokunst

Våre forventninger til deg

  • Du møter til all undervisning og viser engasjement og samarbeidsvilje
  • Du er interessert i - og vil lære meir om faget
  • Du ønsker å utforske, prøve og utvikle deg i faget
  • Du vil jobbe og lære saman med andre
  • Du har lyst til å utfordre deg sjølv og prøve nye ting

Du treng ingen forkunnskaper, det viktigaste er at du er engasjert og vil lære!

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Kunst og Natur reiser i løpet av året på ein interrail gjennom Europa, der me besøker spennande storbyar. Turen går til  Berlin, Paris, Bilbao og København - ei fantastisk reise med tog! I Berlin ser me fleire utstillinger på ulike gallerier og tar pulsen på den interessante samtidskunstscena som befinn seg der. I Paris skal me såklart innom selveste Louvre og Mona Lisa. Bilbao byr på sol og varme og det fantastiske Guggenheim museet, både kunstverka og bygget i seg sjølv er ei oppleving. I København får me sjå kva for trendar som rører seg innan ung skandinavisk fotografi, og kanskje rekk me ein tur innom flotte Louisiana Kunstmuseet. 

Me planlegg turen saman slik at turen blir «vår», med fokus på samhald, turglede og felles opplevingar. Det er viktig for oss å reise grønt, derfor reiser me kollektivt med tog gjennom Europa.

Stølstur til Upsete

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 2 dagar

Skulen har ein fin gamal støl som ligg vakkert til langs Bergensbanen, like før Upsete stasjon. Her reiser dei fleste linjene på fleire turer i løpet av skuleåret. 

Den andre veka av skuleåret reiser heile skulen opp på stølen. Turen er lagt opp slik at den passar for alle, nokon går lange fjellturar, medan andre fiskar, badar, brenn bål eller speler gitar utanfor hytta. 

Denne turen er utruleg fin for samhaldet på skulen. Me starter skuleåret med ei felles oppleving i noko av den vakraste naturen Noreg har å by på. I tillegg er det en kjekk moglegheit til å bli betre kjend med både medelever, lærare og anna personale på skulen. 

Bli med oss på stølstur til sommaren!

Skuletur til Hardanger

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 2 dager

I slutten av skuleåret reiser me saman på ein fantastisk fin tur til Hardanger. Me overnattar i vakre Rosendal, og i løpet av turen blir det masse kjekke aktivitetar du kan vere med på. Me dreg til Noregs einaste baroni og får omvising på det gamle slottet, me forsøker oss på putball (fotballgolf), drar på fjellturar, badar i både fjord og fjellvatn.

På veg heim drar vi innom den fantastiske Bondhusvatnet, eit av Vestlandets mest fotograferte naturområder.

Når eit folkehøgskuleår går mot slutten, er det ekstra fint å dele slike opplevingar med venner fra heile skulen. Me er mykje på tur med linjene i løpet av skuleåret, og difor er det spesielt kjekt å vere heile elevflokken saman på denne turen.

Camilla L. Haukedal

Lærar

For Camilla er livet å vere kreativ. Alt innan foto, film, teater og dei fleste andre kunstformer er spennande, i følgje ho. Mest av alt elskar ho å hjelpe elevane til å dyrke sin eigen kreativitet. Camilla er sjølv utøvande kunstnar og har delteke på ei rekke utstillingar og filmfestivalar. Ho har bachelorgrad i foto og master i kunst med fordjuping i film frå Kunsthøgskulen i Bergen. 

Epost: camilla.haukedal@voss.fhs.no
Nettside

Jon Grendahl

Lærar

Jon er både fjellmann og ein dyktig seglar. I tillegg har han god peiling på treskjæring, symjing og skikøyring. På fritida er han stupetrenar og orienteringsløpar. Trass i mengder med dårlege vitsar, er Jon omgjengeleg og ein god samtalepartnar. Han har som regel ansvar for å leie skulens festar, og har ofte ei god historie på lur. Jon har lærerutdanning og idrettsbakgrunn frå forsvaret. 

Epost: jon.grendahl@voss.fhs.no

På Voss skjer det mykje i løpet av ei veke! Skuleveka er på seks dagar, og på timeplanen står det vanlegvis:

  • Morgonsamling kvar dag
  • Linjefag to og ein halv dagar i veka
  • Valfag ein heil dag + to timar
  • Fellesfag og fellesaktivitetar, inkludert laurdagsundervisning

I tillegg blir timeplanen oppløyst eller endra i periodar gjennom året for å ha linjefagsveker, reiser og og andre prosjekt.  

Last ned timeplan som pdf ↓

Denne får du ved studiestart. 

I våre valfag kan du prøve noko heilt nytt, eller utvikle deg i fag du alt har interesse for.

Heile fredag er sett av til valfag - enten du vil fordjupe deg i eit fag eller dele dagen i to fag.
I tillegg har me valfag før lunsj på tysdagar. Tilbodet vil variere litt:

Elvepadling

Pris: 2 000,-

Lær deg elvepadling og få NPF Grunnkurs Elv! I dette valfaget lærer du grunnleggjande ferdigheiter og tryggleik i elvepadling. Etter fullført grunnkurs vil du kunne drive med enkel elvepadling.

Stisykling

Voss er omringa av sykkelstiar. Me kan ta gondolen opp og sykle ned igjen til skulen! Passar for deg som er nybegynner eller har sykla før. Du må ha eigen stisykkel og sikkerheitsutstyr.

Topptur

Lær å gå enkle toppturar med randonnee-utstyr! Du vil læra å gjenkjenne skredterreng og ta fornuftige vegval i fjellet. Me går trygge toppturar, så du treng berre eige ski-utstyr (ikkje skredutstyr).

Paragliding

Pris: 8 500,-

Ta paragliderkurs på de same stadene du har sett på TV fra Ekstremsportveko. Våre lærarar tar deg gjennom heile grunnkurset frå skulebakken og fram til du får fly turar frå mange hundre meters høgde!

Snowboard

Lær deg snowboard i Voss Resort. Alle elever ved skulen får du heiskort inkludert i skuleprisen. Me deler opp i grupper som passer for alle nivå, fra nybyrjar til avansert teknikk.

Try IT ekstremsport

Pris: 6 300,-

Faget gir ein smakebit på det Voss har å tilby av ulike ekstremsportar. Her får du utfordra seg sjølv, og flytta nokre grenser. Passar for alle. Rafting, tandem fallskjerm, elvepadling m.m

Vindtunnel

Pris: 7 800,-

Lær deg flyging i vindtunnel. Me vil gå metodisk gjennom ulike teknikkar for kroppsflyging og formasjonsflyging. Etter kvart flyr med saman i konkurranseforma FS4A. Dei som har lyst kan få delta i NM!

Band og samspel

Har du lyst til å spela kjente pop- og rocklåtear saman med andre? Då er dette valgfaget for deg. Passer for både nybegynnarar og viderekomne. Alle instrument er velkomne!

Gitar og ukulele

Ønskjer du å lære å spele - eller bli betre på gitar og/eller ukulele? I dette faget lærer du grunnleggande akkordar og grep, rytme og strumming patterns, og å spele kjende låtar.

Restorativ Yoga og avspenning

Du vil lære å koble av på gode måtar og løysne opp i kroppen. Her hentar du energi til «resten av livet» ditt. Du hjelper kroppen til å finne god søvn og kvile. Yogaprogram, Yin Yoga og avspenning.

Smart student

Rekningar, utgifter, matbudsjett, vekesmenyar, husleigekontrakt, studieteknikk, jobbsøking, CV, kreditt og inkasso, reparasjon av eige tøy og utstyr? Få ei praktisk innføring i smart studentliv!

Kreativ dans

Lær nye måtar å skape koreografi på i lag med andre! Lær å bruke dynamikk, uttrykk, musikalitet, partnerarbeid. Me øver på enkle akrobatiske element og løft. Ingen forkunnskapar nødvendig.

Yoga for alle

Yoga hjelper kropp og sinn å finne ro, tilstedeværelse og god energi - ofte er «alt» litt lettere etter en god yoga økt. Kanskje vil du oppleve at du finner din retning og vilje? Sertifisert yogalærer

Beats og studioglede

Me lagar musikk og lærer tekniske element som lyddesign og lett intro til miksing. Lavterskel!

Longboard

Pris: 1 600,-

Lag ditt eige longboard! Vel eit eige design og lag longboardet ditt frå botn. Me bestiller trucks og hjul og lagar motiv på brettet. Til slutt monterer me brettet og lærer å skate!

Frikøyring

For ski- og brettkøyrarar og som vil utvikle seg innan frikøyring. Me lærer alt frå køyring i puddersnø og bratt terreng til vindpakka snø og kuler. Voss har to fantastiske og snøsikre skianlegg.

Alpint

Lær deg skiteknikk i løypene i Voss Resort. Som elev ved skulen får du heiskort inkludert i skuleprisen. Me deler opp i grupper som passer for alle nivå, fra nybyrjar til avansert skikøyring.

Skiinstruktør

Pris: 2 000,-

Skulen har fleire lærere som held skiinstruktørkurs. Etter valgfaget blir de fleste deltakere godkjent som Instruktør trinn 1 i Den Norske Skiskole, og du kan søkje jobb som skiinstruktør.

Slowfashion og re-design

Valfaget for deg som er opptatt av klede, mote, gjenbruk og miljø. Du vil lære enkel saum og ulike saumteknikkar. Me reparerer, redesignar og syr eigne klede og tilbehør.

Filmklubb

Lyst til å utvide din filmhorisont? Då er dette valgfaget for deg! Her dukkar me ned i den fantastiske filmverda og ser filmar du kanskje ikkje ville ha sett til vanleg.

Improteater

Lær å stå framfor ei forsamling utan manus, og kjenn at det går bra! Lær om lytting, tilbod, aksept, spontanitet, status og fortellerteknikk. Leik, latter, sjølvtillit og samarbeid på ein ny måte!

Kajakk

Pris: 500,-

Ønsker du å lære havpadling? Etter det grunnleggande i dette faget kan du låne skulen sine kajakkar på eigenhand. Fine turar på Vangsvatnet ventar! Pris inkluderer kursbevis for Våttkort grunnkurs.

Kreativ Verkstad

Jobb kreativt med ulike teknikker som akvarell, collage, grafikk, oljemaling, akryl, softpastell og oljepastell.

Lindy Hop

Lyst til å sjå ut som ein gjest frå The Great Gatsby på dansegolvet, og danse til skikkeleg kul swing jazz-musikk? Lær deg å danse verdas kulaste swing-stilart: Lindy Hop!

Strikking

Valfaget for deg som ønsker å lære å strikke, eller berre perfeksjonere ferdigheitene dine. Strikking saman er gøy!

Hobbyfilosofi og praktiske tankar

Er du glad i kunnskap og bøker som gir gode verktøy for å leva livet ditt? I dette valfaget skal me gå gjennom hovudpunkt og gje eit overblikk over ulike metodar og filosofiar om det gode liv.

Beats & lytteklubb

Me mekkar beats og høyrer på musikk! Fins det betre måte å starte dagen på? Lågterskel!

Grafikk og trykk

Lær ulike trykkteknikkar som lino, etsing og koldnål.

Fit for life and ski

Valfag for deg som ønsker å trene og bli sterkare, både mentalt og fysisk. Finn treningsglede og tren saman med andre! Perfekt for deg som ønsker å bli klar for vintersesongen med ski og snowboard.

Brettspel

Spel me speler kan vere: Catan, Carcassonne, Werewolf, kanskje Dungeons and Dragons? Det er fint å spele spel som tar litt tid, der ein kan lære strategiar og verkeleg leve seg inn i spelet!

Aktuelt i dag og geopolitikk

Me diskuterer saker som skjer i nyheitsbilete, og korleis verda heng saman politisk og historisk.

Pilates og stretching

Pilates er styrketrening med eigen kroppsvekt, med særleg fokus på stabilitets- og kjernemuskulatur. I tillegg lærer du skadeforebyggande tøying. Perfekt som supplerande trening til ein kvar idrett!

Massasje og restitusjon

Valfag for deg som ønsker å lære ulike massasjeteknikkar og få ro i kroppen gjennom avspenning og yoga. Plei ømme musklar etter ein kvardag med ski og snowboard.

Voss har fantastiske linjer, ca 30 varierte valfag og dyktige lærarar. Her fordjuper me oss i faga! Unike fasilitetar i sentrum av ekstremsport- og kulturbygda Voss, og spennande studieturar i inn- og utland. Her får du både utfordring og meistring i eit inkluderande fellesskap. Opplev draumane dine, velkomen til Voss!

Linjer ved skulen

Les mer om skolen

Fra kr 135 800,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på rommet
  • Bad på gangen
  • Heilårskort Voss resort (gondol og skiheisar)
  • Skulegenser
  • Flyging i vindtunnel, Vossvind
  • Adobe grunnlisens
  • Studietur: Stølstur til Upsete
  • Studietur: Skuletur til Hardanger
  • Studietur: Interrail gjennom Europa
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 135 800,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 135 800,-
(13 580,- per måned)
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr på rundt 2500 kroner. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Husk at du også trenger penger til dette

Dette utstyret får du låne av skolen

  • Verksteder
  • Trykkpresse
  • Staffeli
  • Sløydsal
  • Mørkerom
  • Kunstmateriell 
  • Adobepakken
  • Vinylkutter
  • 3D - Printer
  • Symaskiner/Overlock-maskiner
  • Redigeringsrom
  • Tegnebord

Vi legg tilrette så godt vi kan for alle elevar. Ta kontakt om du lurar på noko. 

Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Frå bloggen

Folkehøgskolemamma: – Anbefaler alle foreldre å sende ungdommen sin på folkehøgskole

– Folkehøgskole føles som en trygg overgang til voksenlivet både for foreldre og ungdommen som drar dit, sier Aina Hartmark.

Les meir på bloggen ▷

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

Kunst/Opplevelser

Elverum folkehøgskule
Heilårskurs16 t/ukeFrilynt

SKAP Produktdesign

SKAP Kreativ Folkehøyskole
Heilårskurs14 t/ukeFrilynt

Design din vei

Ål folkehøgskole
HeilårskursFrilynt

REIS Kreativ

Ålesund Folkehøgskole
HeilårskursKristen

Kreativ MIX

Vefsn Folkehøgskole - Toppen
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Kreativ - Engasjert - Afrika

Nordvestlandet folkehøgskole
Heilårskurs15 t/ukeKristen

Kunsthåndverk

Bakketun Folkehøgskole
Heilårskurs17 t/ukeKristen

SKAP Oppfinner

SKAP Kreativ Folkehøyskole
Heilårskurs14 t/ukeFrilynt

Kreativt Håndverk

Evje Folkehøgskole
HeilårskursFrilynt

Kreativitet

Sjøholt Folkehøgskole
Heilårskurs12 t/ukeKristen

Kreativ design og redesign

Skogn folkehøgskole
Heilårskurs16 t/ukeFrilynt

Tekstil og Tradisjonshåndverk

Seljord Folkehøgskule
Kontakt skulen
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt