Til hovedinnhold
Ledig plass

Lær fallskjerm, vindtunnel, paragliding, speedriding og ski. Prøv elvepadling og klatring. Opplev meistring og eventyr, vennskap, natur og friluftsliv i telt og snøhole. Ekstremsport og skibygda Voss!

Voss folkehøgskule har Noregs mest komplette tilbod innan ekstremsport. Ekstremsport Luft er for deg som vil bruke mest tid på å utforske luftsportane, men og køyre mykje på ski og prøve andre ekstremsportar.

 

Kast deg ut av eit fly eller helikopter, flyg speedrider ned ei fjellside eller flyg lengre og høgare med paraglider ...og ta lisensane til og gjere alt på eiga hand! Flyg mange timar i vindtunnelen. Prøv elvepadling, fjordpadling, rappellering og klatring. Køyr endelaus pudder i Myrkdalen, og sving deg ned fjellsidar i Voss Resort.

 

Ski- og ekstremsportbygda Voss har alle moglegheiter. Du og vennane dine er med og legg planar i forhold til vêr og vind. Vårt mål er at du skal bli dyktig og sikker i sportane me driv med. Du får fly hundrevis av turar i løpet av året, og på vinteren stiller me med fleire lag i NM i vindtunnel.

 

I tillegg til å bu i ekstremsportmekkaet Voss, får du oppleva:

St. Anton - Østerrikes største skistad

Slovenske alper - Ekstremsportbyen Bovec

Gudvangen - Fjordpadling, teltliv og naturopplevingar

Jordalen - Topptur med base camp i telt

Festivaler viss det passer

...og mange fine turar i områda rundt Voss og på skulen sine fjellstølar!

 

Utstyret me bruker er av verdas høgste kvalitet. Du får ein eigen speedrider som du sjølv disponerer frå du får lisens. Fallskjerm og paraglider leiger me av klubbane me samarbeider med.  

 

Opplev draumane dine! Velkomen til Voss!

 

Instagram: @vossfhsekstem #vossfhsekstrem 

Ekstremsport Luft passer for deg som er eventyrlysten, vil utfordra deg sjølv, har pågangsmot og godt humør. Linja passer best for erfarne skifolk, men krever ingen erfaring frå luftsport.

Dette vil du lære

  • Alpint - Frikøyring og vidaregående teknikk
  • Fallskjermhopping - minst 20 hopp
  • Speedriding - SPG2 lisens
  • Paragliding - grunnkurs 
  • Vindtunnell - 3-4 timar (tilsvarar ca 2-300 fallskjermhopp)
  • Elvepadling - Innføring/ Våttkort
  • Havpadling - Innføring
  • Klatring - Brattkort
  • Rappellering - Innføring
  • Snøskredlære
  • Sikkerheit og risikovurdering
  • Førstehjelp 
  • Aerodynamikk
  • Meteorologi
  • Aktivt friluftsliv
  • Reiseplanlegging

Våre forventninger til deg

  • God fysisk form
  • Høgt energinivå
  • Høg grad av deltaking
  • Sunne haldningar
  • Oppmøte kvar dag
  • Dugnadsvilje
  • Gode skiferdigheitar - alpinski
  • Krav til legeerklæring
  • Maks vekt 95 kg 

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

«Roadtrip» - Tirol, Dolomittene, Slovenia

Turen går til både de største mest legendariske skistedene rundt St Anton og Innsbruck, men også mindre perler som Bovec i Slovenia! Linjene Ekstremsport Luft og Idrett & Friluftsliv reiser sammen på denne turen  -  det blir god stemning!

Turen har som mål å prøve ut sportene vi har lært oss gjennom året i nye omgivelser.

 Vi planlegger turen sammen i løpet året. Du som elev er med å legge reiseruten slik at turen blir «vår». Samhold, turglede og felles opplevelser er i fokus. 

Turen går gjennom mange land, og det blir også tid til å oppleve for eksempel Venezia og Praha, og mange andre steder i Europa. Vi velger selv!

 Vi har valgt "roadtrip" for å:

  • unike steder med kultur og begivenheter vi vil få med oss, som vi ikke får med en typisk flyreise
  • ha fleksibilitet til å legge opp reiseruten som vi vil
  • kunne flytte oss etter den gode snøen og det gode været
  • kunne ha med nok utstyr 
  • reise mer miljøvennlig enn med fly

 Turen går de siste ukene i mars. Bli med oss på eventyr!

Lars Haukom

Lærar Ekstremsport Luft

Lars har i mange år reist rundt i verda og køyrt ski og hoppa fallskjerm, før han slo seg ned på Voss i 2010. Han har instruktørutdanning på øvste nivå innan alpint og telemark, fallskjerm, paragliding og speedriding. Han har drive med luftsport sidan 1993 da han vart utdanna fallskjermjeger ved Hærens Jegerskole. Han har også fleire års erfaring med og halde kurs i elvepadling og klatring.

Epost: lars.haukom@voss.fhs.no
Instagram: @larshaukom
Instagram: @vossfhsekstrem

Morten Knapstad

Lærar Ekstremsport Luft

Morten starta med luftsport da han var 16, og er no ein av Norges mest erfarne instruktørar innan speed- og paragliding. Han er også utdanna fallskjerminstruktør og er ein særs dyktig skikøyrar. Morten var den første i landet som byrja med speedriding, og han har i ei årrekke vore på landslaget i paragliding. Han har fleire leiarverv i Luftsportforbundet og sit i styret i Ekstremsportveko.

Epost: morten.knapstad@voss.fhs.no
Instagram: @mortenknaps
Instagram: @vossfhsekstrem

Undervisninga går føre seg på dagtid, men vi har og timar på ettermiddag og kveldstid.

Timeplanen er variert

•    morgonsamling: kvar dag
•    linjefag: 3 dagar i veka: måndag, onsdag og torsdag, 15t
•    valfag: 1 dag. Heile fredagen er valfag
•    fellesfag og fellesaktivitetar: 2 dagar, tysdag og laurdag
•    laurdagsseminar dei fleste laurdagane
•    elevkveldar
•    linjeveker
•    prosjekt
•    reiser

Denne får du ved studiestart. 

Voss har varierte valfag. Du vel valfag for hausten, og nytt frå nyttår. Vi har delt valfaga inn i fagkategoriar som inneheld ulike fag, les meir ved å trykkje på kategoriane. Vi har linjedag om måndagane, onsdagane og torsdagane. Vi har fellesdag om tysdag og laurdag - og valfag heile fredagen!

Data

Eksempel på fag: Spilldesign, grafikk, årbok, bilderedigering, blogg Er du datainteressert og vil lære meir?

Ekstremsport

Voss er et internasjonalt senter innan Ekstremsport og vi gjev deg mulighet til å prøve fleire sportar i våre valfag, smakebitar der du kan finne ut om dette er noko for deg. Ekstra kostnader.

Film

Eksempel på fag: Kamera, regi, produsent, redigering, animasjon, filmanalyse Du får lage film, eller du får sjå og diskutere film frå ulike sjangrar.

Kunst & handverk

Fag kan vera: Teikning, grafikk, strikking, sløyd, foto Å vere kreativ er heilt sentralt for alle menneske. Her kan du skape sjølv.

Musikk

Fag kan vera: Band, studio, innspeling, teori, stå på scenen I musikk er det viktigaste å spele saman; her møtest øving og teori. Skulen har eige lydstudio.

Samfunn & filosofi

Fag kan vera : Samfunn, diskusjon, berekraft, teknologi, spørsmål, filosofi, båtførarprøven, brettspill Er det ein samanheng mellom deg og andre?

Skifag

Eksempel på fag: Alpint, frikøyring og skitur I frikøyring må du vere god på ski. Elles krev vi ingen forkunnskapar. Voss Resort? Det største skisenteret på Vestlandet?    10 heisar

Trening

Aktivitet ladar batteria. Våre aktive valfag kan innehalde: Ballspel, Buldring, Basistrening, Ping-pong, Yoga

Tur & natur

Faga kan inneholde: Turglede og naturglede, fjelltur, sykkel, bær, fiske, smalahovud, isbading, grønn livsstil Voss er omkransa av fjell og vakker natur. Her kan du oppleve og lære meir om naturen.

Voss har varierte tilbud; 8 linjer, 120 elevar og dyktige lærarar! Kreative linjer, frilufts- og ekstremsportlinjer! Faglig bredde og allsidig miljø gjev ein unik miks av ungdom og lærarar. Vi ligg i sentrum av ekstremsport- og kulturbygda Voss, med skianlegg og gondol rett ved skulen. Stolte tradisjonar sidan 1895.

Linjer ved skulen

Fra kr 156 000,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på rommet
  • Bad på gangen
  • Studietur: «Roadtrip» - Tirol, Dolomittene, Slovenia
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 156 000,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 156 000,-
(15 600,- per måned)
Du betaler månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Husk at du også trenger penger til dette

  • Reiseforsikring på studietur «Roadtrip» - Tirol, Dolomittene, Slovenia
  • Vaksiner på studietur «Roadtrip» - Tirol, Dolomittene, Slovenia
  • Visum på studietur «Roadtrip» - Tirol, Dolomittene, Slovenia
  • Mat på studietur «Roadtrip» - Tirol, Dolomittene, Slovenia
  • Ta kontakt med skolen for mer informasjon om kostnader for alternativ mat (glutenfri, melkefri, vegan etc)
  • Utstyr til linjen (se Utstyr til linjen nedenfor)
  • Hjemreiser fra skolen:
    • Høstferie, juleferie, vinterferie, påskeferie
  • Lommepenger. På bloggen forteller fire elever hvor mye lommepenger de brukte i løpet av sitt år på folkehøgskole

Dette utstyret får du låne av skolen

Fallskjerm
Fallskjermhjelm
Hoppdress
Paraglider
Paragliderhjelm
Speedrider
Teleskopstaver
Elvekajakk
Havkajakk
Padlevest
Padlehjelm
Klatreutstyr
Telt 
Stormkjøkken 

Det meste av utstyret kan du kjøpe for ein god pris etter skuleåret. 

Du får og eigen radio, førstehjelpsutstyr og fallskjermbriller som du får behalde etter skoleåret. 

Dette utstyret må du stille med selv

Turutstyr (ryggsekk, sovepose, liggeunderlag etc)
Turklede (vindtett og ullklede)
Skiklede  
Alpinski m/ gåfunksjon
Skihjelm og ryggplate
Skredutstyr
Klatresko

Skulen har gode innkjøpsavtalar på utstyr, og det går heilt fint å kjøpe brukt utstyr. 

Obs! For paragliding, speedriding og fallskjerm må du ha medlemskap i Norges Luftsportforbund. Dette kostar rundt kr. 2000,- fram til det året du fyller 20 år og aukar noko etter du fyller 20 år. Dette må dekkast av medlemmet sjølv på grunn reglane til NIF.

Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Dette seier tidlegare elevar

Kristian Grongstad, Namsos

Heilt rått! Luftsport på Voss gir ein mulighet du ikke kan få nånn anna plass! Ein kombinasjon av utfordring og adrenalin kan oppleves med nye vænna du aldri vil gløm!

Kristian Grongstad, Namsos, elev 2015/16 og 2016/17
Mari Bakkan Vika, Stavanger

Sygeste eg har vært med på! Hoppe ud av fly, springe ud fjell med vinge. Adrenalinfylt! Eg e´ hekta! Urørt snø, Vindtunnel- NM og ting eg ikkje hadde drømt om. Store opplevelser med venner for livet!

Frå bloggen

Om skulevegring, meistring og motivasjon

Folkehøgskulelærar Arild Tvilde seier at det er magisk å oppleve at elevane går frå komfortsona til meistringssona. Ungdom på 18 – 22 år i ein ...

Les meir på bloggen ▷

Bestill katalogen for 2019/2020

Få full oversikt over skoler og linjer, og bli kjent med livet på folkehøgskole.

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

Paragliding & dykking

Torshus folkehøgskule
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Paragliding - Karibien

Seljord Folkehøgskule
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Paragliding - Det indiske hav

Valdres folkehøgskole
Ledig plass
HeilårskursKristen

Luftsport

Folkehøgskolen Nord-Norge
Ledig plass
Heilårskurs17 t/ukeKristen

Ekstremsport

Voss folkehøgskule
Ledig plass
HeilårskursFrilynt

Redning, sikkerhet, reise

Risøy Folkehøyskole
Ledig plass
HeilårskursKristen