Til hovedinnhold

Drøymer du om eit variert år ute? Vil du nyte nydeleg utsikt i lag med gode venner, bære tung sekk til fjells, padle kajakk, vandre på isbre og lage mat på bål? Då er dette linja for deg.

Allsidighet er eit ord som beskriv denne linja bra. Me bruker kvar årstid sine beste sider! Hausten kan by på lange fjellturar med telt, toppturar, klatring på isbre, kajakktur, klatring, surfing, den berykta 61 grader nord utfordringen vår, eller bålkos og fiske.

Når vinteren kjem blir det mange varierte turar på ski med dagstursekk og storsekk med telt. Me vil også teste hundekøyring, overnatting i snøhole og tur i ei blåisgrotte! 

Når våren trer fram kan det vere fint med ein kanotur, klatring ute og ei solonatt under open himmel.

Vilde Solås Tjomsland har laga denne flotte filmen frå ein vintertur med Friluftsliv.

I løpet av året er målet at du skal lære å ta vare på deg sjølv og trivast i ulike naturmiljø og i all slags vêr. Du vil få ei allsidig innføring i friluftsliv, og du får bidra til utvikling og læring for både deg sjølv og andre. Uansett kva erfaringsgrunnlag du har, vil du få nye opplevingar, utfordringar og ikkje minst eit sterkt samhald med turkameratane dine.

Målet vårt for ditt år på Sogndal folkehøgskule er å auke dugleiken og kunnskapen din om natur, slik at du blir tryggare og friare når du seinare skal ut i naturen aleine eller saman med venner.

Eit år du ikkje vil angre på!

I løpet av året er målet at du skal lære å ta vare på deg selv og trives i de ulike naturmiljø og under de fleste forhold. Lite eller mer erfaring, du vil uansett få nye opplevelser og utfordringer.

Dette vil du lære

  • Orientering  
  • Førstehjelp  
  • Skredlære   
  • Ferdsel på bre
  • Våttkort kurs i havkajakk
  • Kano   
  • Surfing  
  • Leirliv og leirbygging  
  • Skiteknikk i anlegg  
  • Telemarksvingar
  • Matlaging på bål og brenner
  • Turmat
  • Overnatting i gapahuk, telt, lavvo, snøhule/ igloo og under åpen himmel
  • Turplanlegging
  • Å samarbeide med andre   
  • Pakke sekk
  • Klatring
  • Fjelltur 
  • Jostedalsbreen
  • Topptur
  • Kystliv
  • Åleinenatt

Våre forventninger til deg

  • Interessert i friluftsliv  
  • Nysgjerrig  
  • Ha et ønske om å være aktiv og sosial 

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: ca 14 dager

Måltider pr dag inkludert: 3

Etter haustferien dreg me sørover på studietur. Første stopp er dei trolske fjella i sør-Europa. Her skal me gå fleire dager i fjellet, bu på ulike fjellhytter og bestige ein eller fleire toppar!

Når me kjem ned igjen er det på tide å teste det våte element. Me byrjar med ein raftingdag, før me set kursen mot middelhavet. Her pakkar me telt og det me treng for å padle fleire dagar på tur. Me skal padle langs nydelege strender, landsbyer og eit krystallklart vatn.

I tillegg til all aktivitet vil me oppleve ein annleis fjell -og kajakkultur enn me er vane med, og smake på deilige lokale matrettar. 

Fjærland, fjord, fjell og bre :)

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 3 dager

Måltider pr dag inkludert: 4

Eit par uker etter skulestart dreg vi alle saman til Fjærland på ein tredagars tur. Dette gjere vi for å bli betre kjent med kvarandre, og for å oppleve eit av Noregs vakraste fjellområde. Vi tek dagsturar og deltek i bli-kjende aktivitetar. På kvelden blir vi samla rundt bålet til ein betre middag, og tek oss tid til å småprate, synge, eller berre slappe av etter ein dag med frisk luft og flotte opplevingar. Etter 3 dagar saman har vi allereie masse fellesopplevingar, og skaper eit godt grunnlag for å bli meire kjend med gode venner.

Hemsedal

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 3 dager

Måltider pr dag inkludert: 4

I veke 3 reiser heile skulen over fjellet til Hemsedal. Vi bur i botnen av bakken, heilt perfekt for "ski inn og ski ut". Heile 3 dagar får vi i bakken for å utvikle skiteknikken og lære nye triks. Elevane blir delt inn i små grupper etter nivå, der du kan velje mellom telemark og slalom/randonnè. Nokre av instruktørane er innleigde, men det er mange lærarar frå skulen som er med! Det er to økter på dagtid med instruksjon, mens resten av tiden kan du bruke på frikøyring.

På kveldane er det god middag og sosialt i samlingsstova.

Vårcruise på Sognefjorden

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 2 dager

Måltider pr dag inkludert: 3

Mot slutten av skuleåret drar vi på en todagers båtcruise på Sognefjorden. Vi har hele båten for oss selv, og vi seiler inn i Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden - hvor vi overnatter i vakre Dyrdal -en veglaus boplass med gode muligheter for uteaktiviteter og fjelltur for de som ønsker det. Vi bor ombord i båten, i skolehuset, og for de mere friluftsglade, i telt. Vi lager  grillmat på kaien om ettermiddagen, og legger opp til sosialt samvær rundt bålet om kvelden. Dagen etter går vi i land på nordsiden av Nærøyfjorden for å gå langs den vakre postvegen-sti til Styvi, hvor vi spiser grillmat til lunsj, og for de som er vil er det mulig å ta seg en dukkert i fjorden.

Pål Støylen

Linjelærar

Pål er den stille fyren som kjem med lange steg over plassen. Men ikkje lat deg lure! Han har eit uendeleg engasjement og er ivrig på det livet har å by på. Han er oppteken av å få ut det beste i alle oss rundt han. Det gjer han med eit glimt i auge og ein treffande kommentar. Det er utruleg lett å bli glad i denne talentfulle, rolege karen med allsidige interesser.

Epost: paal@sogndal.fhs.no
Telefon: 482 67 398
Facebook
Instagram: @palstoylen

Tale Holsen Ivarhus

Linjelærar

Tale kan du sjå langt etter- bokstavleg talt. Ho har alltid eit mål, ein topp eller ein rekord å slå. Men når ho rosa i kjakane kjem tilbake, med eit stort smil og med den vakraste dialekt har hatt det "knakande kjekt" , må du berre smile. Om ho padlar, klatrer, spring (!) på toppar eller går på ski får ho alt til å sjå leikande lett ut. No skal ho byte ut drikkeflaska med tåteflaska eit år<3

Epost: tale@sogndal.fhs.no
Telefon: 404 50 763
Facebook
Instagram: @tale_ivarhus

Timeplanen varierer litt frå veke til veke. Linjefaga går heile året. Når du startar om hausten vil veldig mykje tid går til linje. I oktober er det lengre turar og studiereiser, frå november mot slutten av januar er det litt meir fokus på valfag og fellesprosjekt. Linjefag og studieturar er igjen i fokus frå februar mot slutten av året. 

Last ned timeplan som pdf ↓
  • Skulestart - 25. august 2024
  • Fellestur i september
  • Haustferie: uke 41
  • Oktober: Studietur haust
  • Juleferie
  • Fellestur Hemsedal i januar
  • Vinterferie: uke 8
  • Studietur utlandet mars/april
  • Påskeferie
  • Skuleslutt - 10. Mai 2025

I valfagsperiodar kan du velje 2 eller 3 valfag i veka. I kvar periode er det 6-8 ulike fag du kan velje imellom.

Akrobatikk

Jepp, du les rett! Her går du på line og sjonglerer- du øver hvert fall på det. Kanskje du står litt på hender eller klarer en piruett på lina- her får du prøve deg som akrobat for ein dag.

Analog foto

Pris: 100,-

Lær meistaren sine teknikkar! Det er spennende å lage bilder på "gamlemåten". Her lærer du grunnleggjande fototeknikk, korleis ta gode bilete, så fremkaller du filmen på mørkerommet. Høyres enkelt ut.

Autogen trening

Dette er ein behageleg avspenningsteknikk som ikkje er ulik enkelte meditasjonsøvingar – men det er heilt utan religiøse koplingar. Du treng eit teppe, ei pute, litt lause men varme klede.

Band

Lær samspel og start eit band! Me har bandinstrument og utstyr: alt frå kontrabass, elbass og -gitar, trommesett og godt lydutstyr. Bandet får gjerne oppdrag både på og utanfor skulen.

Barista

Pris: 200,-

Me lærer om malegrad og forskjellen på ulike bønner og ikkje minst å byrgge perfekt espresso som er ein kunst i seg sjølv. Me besøkjer det lokale kaffibrenneriet for innføring i brenning.

Basketball

Her varmar me opp og gjer oss klar til øvelsar, forsvar/angrepsteknikk, fintar og spel. Leik med ball og litt alvor på kamp- det er basketball det!

Beachvolley

Målet for faget er å utvikle tekniske, taktiske ferdigheiter og kunnskap ved teknisk trening og spel i ulike former. Me jobbar med ulike typar serve, smash, legg og blokk, samt alle grunnslaga.

Dessertverksted

Pris: 200,-

Freisting for smakssansene! Me lagar alt frå kaker til is, sjokolade og sitronterte. Her er de med på å bestemme kva som skal stå på menyen.

DIY- saum

Pris: 50,-

Sy din eigen jakke eller snekkarbukse? Eller kanskje du vil sy di eiga penskjorte til juleballet? Eller kalkpose? På valfaget treng du ikkje noko erfaring, du skal få kledd deg opp i eige design lell.

Film

Målet er å lage så mange gode filmar som mogeleg, men fyrst og fremst gi deg idéar og erfaring med å lage film. Faget er tilpassa interessene og erfaringane dine.

Foto

Pris: 50,-

Lær å ta gode bilete med digitalkamera, kamerateknikk og komposisjon. Introduksjon til biletbehandling i Photoshop, studio og printing. Du treng eit vanleg digitalkamera.

Førstehjelp

Førstehjelp er nyttig å kunne uavhengig kva stadiet i livet ein er i. Me nytter både teori og praktiske øvingar på alt frå sår til alvorlege ulukker.

Gardsarbeid

Pris: 100,-

Her vitjar me den økologiske garden Bøtun på Indre Hafslo. Me får eit innblikk i kva det å produsere mat betyr. Dette er skikkelig god stemning med litt fysisk arbeid attåt.

Gitar

Nå har du sjansen til å bli bålets must have! Dette er gitar for nybyrjarar som likar å dra i gong ein allsong eller berre klimpre litt for deg sjølv ein roleg stund. Skulen har fleire gitarer.

Hybelkokken

Unngå å leve på junk food i studietida og bruk pengane på anna moro! Me lagar enkle og gode rettar som er sunne for kropp og sinn. Mykje godt kan lagast rimelig og kjapt!

Jakt

Pris: 200,-

Har du lyst til å prøve jakt, eller har jakta litt før er dette valfaget for deg. Med spanande jaktterreng nær skulen får du prøve deg på både leirdueskyting og bruk av rifle.

Kajakk

Pris: 300,-

Me padlar på verdas lengste fjord- Sognefjorden. Her får du grunnleggjande kajakkteknikk og opplæring i redning- alt i spektakulære omgjevnader langs fjorden vår.

Klatring

Sikring på topptau og led, klatring på topptau og led, grunnleggjande klatreteknikk, utstyrsval, klatrehistorie. Valgfaget ender med at du får moglegheit til å ta brattkort. Utstyr kan lånast gratis.

Kniv

Pris: 250,-

Lag din eigen kniv- med slire til. Velg mellom ulike tresortar til skaftet og design det til å passe perfekt i handa di. Slira kan du setje ditt eige preg på med initialar eller dekorere med ornament.

Konfekt

Akkurat passe store til ein munnfull med lykke! Mørk eller lys, med basilikumsukker eller karamell? Kanskje du finn din eigen kombinasjon av favorittsmakar og får plass til det i ein einsleg bit. NAM!

Kreative valfag

Pris: 100,-

Me har fleire kreative sjeler, både blant dei tilsette, men og blant elevane. Dei kreative valfaga kan vere å lage eiga saopa (sognemål), sy kalkposer, snekring eller smiing.

Linotrykk

Pris: 200,-

Å sjå det første, ferske trykket frå presset er som å opne ei julegåve! Med litt enkel teknikkopplæring og kreativiteten din vil du garantert verte overraska over resultatet.

Longboard

Pris: 900,-

Design ditt eige personlege kvalitetsbrett til asfaltsurfing! Longboard er ikkje berre moro å lage, men og eit genialt framkomstmiddel- miljøvenleg og artig.

Mat på bål

Her diskar me opp med god mat som er enkelt å ta med seg i sekken. Kan det freiste med kake på bål, varme skillingsbollar, eller ei lefse med mykje godt i? 

Måling

Pris: 150,-

Her kan du utfolde deg kreativt. Me måler på økologiske handlenett, lerret eller ark- alt etter motiv og teknikk. Du kan produsere gåver eller til pynt på rommet ditt.

Pudderklar

Melkesyre og blodsmak- men du så herleg til vinteren når beina er rusta for pudderkøyring og bratte fjellsider! Her vert det trappeløp og barmarkstrening i høgt tempo.

Roadtrip til kysten

Pris: 600,-

Her pakkar me bagen og tek turen ut til kysten. Avhengig kvar me dreg så kan me hvertfall skilte med fisking, god stemning, kanskje ein krabbe eller berre nyte solnedgangen i lag.

Selbuvott

Pris: 100,-

Lær deg å strikke flotte selbuvottar. Om du aldri har strikka før så kan me garantere at dette klarar du! Er du erfaren så kan du leike deg med mønster og lage ditt eige, eller berre strikke julegåver

Ski

Pris: 900,-

Her kan du finspisse svingteknikken eller lære deg å stå på ski. Undervisninga skjer ved Sogndal skisenter og du kan nytte dei skia du har, enten det er telemark, alpint, langrenn eller fjellski. 

Snekring og sløyd

Pris: 150,-

I sløydsalen kan du arbeide med treslag av mange sortar tre. Frå lite til stor- her er det du som utforskar kva du kan lage. Teikn- lag ein plan og set i gong, resultatet gler me oss til å sjå.

Street Art

Pris: 100,-

Lær grafitti og sjablongtrykk på lerret og t-skjorter. Me nyttar foto og photoshop, spraybokser og anna taggeutstyr.

Terrengsykkel

I Sogndal har me flotte terrengstiar som mange kjem langveisfrå for å teste. Stiane er både utfordrande og krevjande, men om du aldri har prøvd det før så er det tilpassa stier for alle nivå.

Topptur basis

Pris: 900,-

Å gå på randonee å sjå utover snøkledde fjell og dalar er berre vakkert. Om du ikkje har gjort det før så får du deg ei oppleving for livet. Sogndal er eit eldorado for toppturar på ski!

Volleyball

Her er det berre å strekke godt ut handledd og førebu deg på teknikkar, øvingar og ikkje minst kampar. Høgt tempo, smashar og action. Me kan og bruke sandvolleyballbana på tunet dersom det er mildt!

Wellness

Pris: 400,-

Me skal lage eigen massasjeolje, ansiktskrem, saltbad, ansiktsmaske og sjølvsagt bruke dette. Me skal og lage frisk juice av grønsaker og frukt. Her kan du lære å ta godt vare på deg sjølv.

Yoga

Iyengar yoga legg vekt på å gjere kroppen og sinnet sterkt og fleksibelt på same tid. Dette blir gjort gjennom fysiske stillingar asanas og pusteøvingar pranayama.

Yogamat

Pris: 200,-

Me skal gå eitt skritt videre med matlaging og sjå på fleire moderne kokekunstar. Her får du lage steinalder mat, "raw food" og lære om fermenteringens kunst.

Ølbrygging

Me brygger vårt eige øl, flasker og brukar blant anna malt som me lagar sjølve. Du får vere med å brygge fleire forskjellige ølsortar og blir kjent med litt av vår historie og tradisjon knytt til øl

Årbok

Årbok-gjengen skriv, utformar og set saman årboka for folkehøgskulen. Du lærer enkel biletredigering, artikkelskriving og korrekturlesing, sideutformingsprogram, godt hjelpt av store mengdar kaffi.

Fra kr 140 900,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på gangen
  • Studietur: Fjærland, fjord, fjell og bre :)
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Studietur: Hemsedal
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Studietur: Vårcruise på Sognefjorden
    • Mat (3 måltider per dag)
  • Studietur: Interrail Middelhavet, Kajakk og fjelltur/Europa
    • Mat (3 måltider per dag)
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 140 900,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

  • 8 900,-

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 140 900,-
(14 090,- per måned)
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr på rundt 2500 kroner. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Husk at du også trenger penger til dette

  • Reiseforsikring på studietur Interrail Middelhavet, Kajakk og fjelltur/Europa
  • Vaksiner på studietur Interrail Middelhavet, Kajakk og fjelltur/Europa
  • Visum på studietur Interrail Middelhavet, Kajakk og fjelltur/Europa
  • Enkelte valgfag
    Noen av våre valgfag koster penger. Les mer om valgfag lenger opp på siden. Du velger valgfag først når du begynner på skolen.
  • Utstyr til linja (se Utstyr til linja nedenfor)
  • Lommepenger. På bloggen forteller fire elever hvor mye lommepenger de brukte i løpet av sitt år på folkehøgskole

Dette utstyret må du stille med selv

  • Ryggsekk, minst 70 l.
  • Dagstursekk, 30-40 l.
  • Sovepose (komforttemp. - 15º)
  • Liggeunderlag (min. 14mm tjukt)
  • Skalljakke
  • Skallbukse
  • Turbukse
  • Gamasjer
  • Fjellsko
  • Lue
  • Buff / skjerf
  • Tjukk ullgenser
  • Dunjakke
  • 2 sett ullundertøy
  • Ullvottar
  • Vindvottar
  • Turbestikk og fat
  • Hodelykt
  • Solbriller
  • Alpinbriller
  • Kartmappe
  • Kompass (360grader)
  • Fjellski med stålkanter
  • Skistøvlar for høgfjellsbruk
  • Snøspade
  • Søkestang
  • Skifeller (lange)
  • Skrivesaker
  • Termos
  • Sykkel til undervisning og fritid

Me tilrettelegg for deg så godt me kan og gjør justeringer i samråd med deg.Ta kontakt med oss i god tid om du har behov for tilpasninger, eller lurer på om me kan tilrettelegge for deg.

Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Dette seier tidlegare elevar

Sigrunn W. Nesheim

Sogndal fhs ligg midt i smørauge av nydeleg natur, med fjorden rett utanfor vindauget og fjella like ved. I Sogndal finn ein friluftsmoglegheiter i mengdevis som ein lærer å nyte ved alle årstider.

Sigrunn W. Nesheim
Tord Skrudland Kjeldsen

Eit år i Sogndal er eit år i eit av Noregs vakraste landskap, med store opplevingar, ny kunnskap, turglede og vennskap for livet.

Tord Skrudland Kjeldsen
Ole Johan Walderhaug

Jeg er storfornøyd med å ha gått friluftsliv på Sogndal FHS. Naturen her er unik for både Norge og verden, og denne linjen er en fantastisk mulighet til å lære de forskjellige måtene man kan oppleve den.

Frå bloggen

Byungdom strømmer til bygda for å gå på folkehøgskole

Storslått natur, fjell og fjord lokker. Det samme gjør lysten til å oppleve livet på bygda. Stadig flere byungdom flytter til mindre steder for å ...

Les meir på bloggen ▷

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

Friluftsliv / Ski

Nordfjord folkehøgskule
HeilårskursKristen

Fjell og ekspedisjon

Lofoten folkehøgskole
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

REIS Outdoor Adventure

Ålesund Folkehøgskole
HeilårskursKristen

FRILUFTSLIV, BACKPACKING og EKSTREMSPORT

Hardanger Folkehøgskule
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Basecamp Mt. Everest

Valdres folkehøgskole
HeilårskursKristen

Friluftsliv All-inclusive

Fjordane folkehøgskule
Heilårskurs18 t/ukeFrilynt

Friluftsliv / Sport

Nordfjord folkehøgskule
HeilårskursKristen

Friluft Basic

Folkehøgskolen Sørlandet
HeilårskursKristen

Seiling

Fosen Folkehøgskole
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Friluftsliv for alle

Setesdal Folkehøgskule
Heilårskurs16 t/ukeFrilynt

Ekspedisjon og eventyr

Sund folkehøgskole
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Friluft / X-Sport

Helgeland Folkehøyskole
Heilårskurs15 t/ukeKristen