
- Sogndal folkehøgskule
- Telefon: 57 62 75 75
- E-post: sogndal@sogndal.fhs.no
- Kurslengde: Halvårskurs vår
- Studietur: Roadtrip og vårski i Noreg
- Verdigrunnlag: FrilyntDei frilynte folkehøgskulane har verdigrunnlag som ikkje tek utgangspunkt i eitt bestemt livssyn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
-
Tilbyr: Vegetar, veganDei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
- Miljøsertifisering:
DebioMerkeordning for skoler som har økologisk mat og drikke.FairtradeSertifisering for skoler som tilbyr Fairtrade-merkede produkter og bevisstgjør om rettferdig handel.
- Stad: Sogndal
- Oppstartsdato: 03.01.2024
- Linjefag: 18 timar/veke
- Pris: fra 67 700,-
Har du lyst til å oppleve gleda ved å flyte nedover fjellsidene i bunnløs puddersnø? Om vinteren er fjella i Sogndal eit skieldorado.
Når du kjem til Sogndal er det ski for alle pengane. Sogndal er eit eldorado for skikøyring. Gjennom vinteren vert du lommekjend i eitt av dei beste toppturområda i Noreg. Vi har fokus på sikkerheit og skredfare slik at vi kan nyte dei beste nedfartslinjene på ein god og sikker måte. I løpet av året vil du lære nok til å kunne reise på eventyr med ski på beina på eigahand både i inn- og utland. Men vi er ikkje bare opptatt av god skikøyring. Vi vil at du skal lære deg å ferdast trygt i fjellet. Vi held skredkurs, og vi bruker tid for å planlegge turar. Du vil lære bruk av kart, og kva du må gjere viss uforutsette ting skjer undervegs.
Velkommen til Sogndal!