I valfagsperiodar kan du velje 2 eller 3 valfag i veka. I kvar periode er det 6-8 ulike fag du kan velje imellom.
Analog foto
Pris: 100,-
Lær meistaren sine teknikkar!
Det er spennende å lage bilder på "gamlemåten". Her lærer du grunnleggjande fototeknikk, korleis ta gode bilete, så fremkaller du filmen på mørkerommet. Høyres enkelt ut.
Autogen trening
Dette er ein behageleg avspenningsteknikk som ikkje er ulik enkelte meditasjonsøvingar – men det er heilt utan religiøse koplingar. Du treng eit teppe, ei pute, litt lause men varme klede.
Band
Lær samspel og start eit band! Me har bandinstrument og utstyr: alt frå kontrabass, elbass og -gitar, trommesett og godt lydutstyr. Bandet får gjerne oppdrag både på og utanfor skulen.
Barista
Pris: 100,-
Me har vår eiga proffe kaffimaskin og lagar vår eigen kaffi. Me besøkjer Sognefjorden kaffibrenneri og lærer om korleis me brenner kaffibrønner.
Basketball
Basketball: her er det oppvarming, øvelsar, forsvar/angrepstaktikk, og mykje, mykje spel.
Beachvolley
Målet for faget er å utvikle tekniske, taktiske ferdigheiter og kunnskap ved teknisk trening og spel i ulike former. Me jobbar med ulike typar serve, smash, legg og blokk, samt alle grunnslaga.
Film
Målet er å lage så mange gode filmar som mogeleg, men fyrst og fremst gi deg idéar og erfaring med å lage film. Faget er tilpassa interessene og erfaringane dine.
Foto
Pris: 50,-
Lær å ta gode bilete med digitalkamera, kamerateknikk og komposisjon. Introduksjon til biletbehandling i Photoshop, studio og printing. Du treng eit vanleg digitalkamera.
Fyrstehjelp
Å kunne handle rett i ein stressande situasjon er inga sjølvfølgje. Fyrstehjelp gjer deg betre i stand til å hjelpe sjuke eller skadde menneske i alvorlege situasjonar. Praktiske og teoretiske økt.
Geriljabrodering
Når nok er nok, men du ikkje heilt veit kvar du skal rette aggresjonen din kan eit par timar med eit stykkje stoff, ei butt nål og litt tråd vere forløysande. Få ut gørra med kreativ korsstingsaum!
Gitar
Lær å spele gitar medan du er på folkehøgskule. Valgfaget egner seg for nybyrjarar. Du må ha guitar sjølv, eller låne ein for dette valgfaget.
Hybelkokken
Me kjem til å lage middagar med god smak og rimeleg pris. Dette er valfaget som gjer deg i stand til å kome gjennom studietida utan å bruke opp stipendet på nærmaste fastfood restaurant!
Jakt
Pris: 200,-
Har du lyst til å prøve jakt, eller har du jakta litt før er dette perfekt. Me har spennade jaktterreng nær skulen og moglegheit til å gå på måneskinnsjakt. Me prøver både leirdueskyting og rifle.
Kajakk
Pris: 300,-
Me padlar tre dagar på Sognefjorden, som er verdas lengste fjord. Du lærer om grunnleggande kajakkteknikk og redning, og får oppleve spektakulær og vill natur på ferda. Du får muligheit å ta våtkort.
Klatring
Sikring på topptau og led, klatring på topptau og led, grunnleggjande klatreteknikk, utstyrsval, klatrehistorie. Valgfaget ender med at du får moglegheit til å ta brattkort. Utstyr kan lånast gratis.
Kniv og slire
Pris: 250,-
Lag din egen kniv. Velg mellom ulike tresortar til skaftet og design det til å passe perfekt til nettopp di hand. Du lærer å sy slire som du kan prege med initialer eller dekorere med ornament.
Longboard
Pris: 900,-
Bygg ditt eige longboard heilt frå grunnen og bestem korleis form og design skal vere. Du lærer bruk av verktøy og får utfordra dine kreative sider. Til slutt sit du att med eit fantastiskt produkt!
Saum
Lær å reparere kleda eller utstyret ditt, sy di eiga jakke, vottar, fleece-sovepose, kalkpose, fotposar, puter, nyttårskjole eller sy om bestemor sitt gamle sengetøy til di nye yndlingsskjorte.
Ski
Pris: 900,-
Valgfag ski er for alle som vil lære seg å svinge med sine eigne ski, altså om du har telemark, alpint, Randonee eller fjellski så er dette valgfaget for deg. Undervisninga er i Sogndal skisenter.
Street Art
Pris: 100,-
Lær grafitti og sjablongtrykk på lerret og t-skjorter. Me nyttar foto og photoshop, spraybokser og anna taggeutstyr.
Teikning
Pris: 50,-
Liker du å teikne? Kunne du kanskje tenkje deg å teikne meir? Her kan du lære om ulike teikneteknikkar gjennom ulike oppgåver.
Terrengsykkel
Her får du lære deg terrengsykling. Sogndal og Kaupanger har nokre av dei flottaste terrengsykkelstigane i landet.
Turmat
Her er det ikkje snakk om frosne brødskiver og svidd graut - lær å lage gode rettar på bålet. God mat på tur gjer turen til ei oppleving.
Volleyball
Målet for faget er å utvikle tekniske, taktiske ferdigheiter og kunnskap ved teknisk trening og spel i ulike former. Jobb med ulike typar serve, smash, legg og blokk, samt alle grunnslaga og reglar.
Wellness
Pris: 400,-
Me skal lage eigen massasjeolje, ansiktskrem, saltbad, ansiktsmaske og sjølvsagt bruke dette. Me skal og lage frisk juice av grønsaker og frukt. Her kan du lære å ta godt vare på deg sjølv.
Yoga
Iyengar yoga legg vekt på å gjere kroppen og sinnet sterkt og fleksibelt på same tid. Dette blir gjort gjennom fysiske stillingar asanas og pusteøvingar pranayama.
Yogamat
Pris: 200,-
Me skal gå eitt skritt videre med matlaging og sjå på fleire moderne kokekunstar. Her får du lage steinalder mat, "raw food" og lære om fermenteringens kunst.
Ølbrygging
Me brygger vårt eige øl, flasker og brukar blant anna malt som me lagar sjølve. Du får vere med å brygge fleire forskjellige ølsortar og blir kjent med litt av vår historie og tradisjon knytt til øl
Årbok
Årbok-gjengen skriv, utformar og set saman årboka for folkehøgskulen. Du lærer enkel biletredigering, artikkelskriving og korrekturlesing, sideutformingsprogram, godt hjelpt av store mengdar kaffi.