Til hovedinnhold

Lyst å lære nye idrettar? Her får du eit år med mange spennande aktivitetar utandørs og inne. Gode lokale idrettsanlegg og unike skimogelegheiter i fotballbygda Sogndal.

Sogndal er ein fantastisk plass for deg som likar allsidig og utfordrande idrett i ei av Noregs flottaste bygd.


På skulen har vi egen gymsal, styrkerom, kunstgrasbane og sandvolleyballbane.

Det er kort veg til sentrum og Fosshaugane Campus som er eit av dei største idrettsfaglege miljø i Noreg samla under eit tak. Her er det innandørsfotballbane, klatrevegg, treningssenter og vegg i vegg til handballhall og svømmebasseng.

Som idrettselev er du medlem av idrettssenteret, dette gir deg unike treningsmoglegheitar både i skule og fritidssammenheng.

For skikjøring er det 15 min køyring til Hodlekve eller Sogn Skissenter, snøen ligg som regel lenge og du vil få mange skidagar.

Vinter: 

Skulen har kontakter med lokale klubber i fotball og handball for elevar som ynskjer å fortsette med sin idrett ved sida av eit år på Sogndal fhs.

Ynskjer du eit år for å oppleve nye og utfordrende aktivitetar, eit ynskje om å vere i bevegelse, eller ynskjer allsidig læring, sunn konkurranse, eigenutvikling og vennskap? I så fall er dette linja for deg. 

Idrett er linja som passer for alle, både nybegynnarar og erfarene som har lyst på eit flott år med meistring og utfordring i Noregs flottaste bygd!

Dette vil du lære

  • Ballspel
  • Fotball
  • Basket
  • Volleyball
  • Svømming
  • Parkour
  • Orientering
  • Dans
  • Turn
  • Grunntrening styrke, utholdenhet og bevegligheit
  • Tilpassa styrketrening på idrettssenteret
  • Massasjekurs
  • Grunnleggande friluftsliv
  • Grunnleggande klatring/brattkortkurs
  • Tilpassa teknikkurs alpint/telemark
  • Langrenn
  • Surfekurs
  • Kajakk - padleteknikk og redning
  • Studietur til Brasil

Våre forventninger til deg

  • Interessert i allsidig idrett
  • Utfordre deg sjølv
  • Nysgjerrig til å prøve ut nye idrettar og treningsformer
  • Ha eit ynskje om å vere aktiv og sosial 

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: ca 14 dager

Måltider pr dag inkludert: 3

Bli med idrett på ein fantastisk flott studietur til sjølvaste Rio de janeiro.

Her kan du oppleva varmen, folkelivet og stemningen rundt OL og VM byen!
Me bur rett på ei av verdas mest kjende strender Copacabana i omkring to veker.

Dagane blir brukt på stranda der me speler beachvolleyball, beachsoccer, og får prøve oss på paddleboard og surfing. Me får sjå både volleyball og fotballkamp, der fotballkampen anten er på den legendariske Maracana stadion eller Estádop Olímpico João Havelange (olympiastadion). I løpet av turen er me óg litt turistar og besøker dei mest kjende landemerka, Kristusstatuen og sukkertoppen.

Rundt Rio er det ulike favelaer, disse favelaene kommer av at tilbudet av husvere er begrensa og/eller dyrt. Me skal besøke den største favelaen Rochina, der me får møta ein ung lokal guide som har vakse opp der. For å reise rundt inne i favelaen skal me bruke motorsykkeltaxi.

Fokuset vil vera på trening, men òg viktigheita over å kunne gjera ein forskjell, ved at me besøkjer ein lokal barneskule og tar ei tur til Karanba. Karanba er eit sosialt prosjekt i Rio de Janeiro, Brasil. Fotball blir brukt som eit verkemiddel for å hjelpa mange barn og unge frå slumområda med utdanning, personlig utvikling og utfolding.

Dette er eit utrulig spennande prosjekt som me er veldig heldige som har moglegheit til å besøkja. I forkant av turen jobbar klassen med å samle inn kler og utstyr slik at me kan gi det til barn og unge som deltar på prosjektet.

Hemsedal

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 3 dager

Måltider pr dag inkludert: 4

I veke 3 reiser heile skulen over fjellet til Hemsedal. Vi bur i botnen av bakken, heilt perfekt for "ski inn og ski ut". Heile 3 dagar får vi i bakken for å utvikle skiteknikken og lære nye triks. Elevane blir delt inn i små grupper etter nivå, der du kan velje mellom telemark og slalom/randonnè. Nokre av instruktørane er innleigde, men det er mange lærarar frå skulen som er med! Det er to økter på dagtid med instruksjon, mens resten av tiden kan du bruke på frikøyring.

På kveldane er det god middag og sosialt i samlingsstova.

Vårcruise på Sognefjorden

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 2 dager

Måltider pr dag inkludert: 3

Mot slutten av skuleåret reise me på ein todagers båtcruise på Sognefjorden. Me har heile båten for oss sjølv, og me seglar inn i majastetiske Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden. I vakre Dyrdal, ei veglaus grend, overnattar me for natta. I denne grenda er det gode moglegheiter for uteaktivitetar og fjelltur for dei som ynskjer det. Me bur ombord i båten, i skulehuset, og for dei meir friluftsglade, i telt. På ettermiddagen lagar me grilmat på kaien og legg opp til sosialt samvær rundt bålet om kvelden. Neste dag går me i lang på nordsia av Nærøyfjorden for å gå langs den vakre postveg stien til Styvi. Her tek me lunsjen, som er grillmat, og for dei som er ekstra tøffe, er det moglegheit for å ta seg ein dukkert i fjorden. 

Vibe Ørum Rasmussen

Linjelærar

Vibe er idrettsstjerna vår. Ho har master i idrett og kultur og har jobba fleire år i Alpane som profesjonell skiinstruktør. I tillegg er ho glad i ballspill og trening. Her manglar det ikkje på kreative måtar å bevega seg på! Trivsel og samspel står dessutan sentralt for Vibe.

Epost: vibe@sogndal.fhs.no
Telefon: 46296898
Facebook

Fra kr 78 100,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen
  • Studietur: Studietur til Brasil
    • Mat (3 måltider per dag)
Minimumspris for linja 78 100,-

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 78 100,-
(15 620,- per måned)
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr på rundt 2500 kroner. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Vi tilrettelegger for deg så godt vi kan og gjør justeringer i samråd med deg.Ta kontakt med oss i god tid om du har behov for tilpasninger, eller lurer på om vi kan tilrettelegge for deg.

Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Frå bloggen

Byungdom strømmer til bygda for å gå på folkehøgskole

Storslått natur, fjell og fjord lokker. Det samme gjør lysten til å oppleve livet på bygda. Stadig flere byungdom flytter til mindre steder for å ...

Les meir på bloggen ▷

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

Friluftsliv LETT (vår-25)

Vefsn Folkehøgskole - Toppen
Halvårskurs vår15 t/ukeFrilynt

Naturfoto Svalbard - vår 2025

Svalbard folkehøgskole
Halvårskurs vår15 t/ukeKristen

Vintereventyr 2025 - Polarhund og friluftsliv

Folkehøgskolen 69 Grader Nord
Halvårskurs vårKristen

Halvårskurs Idrett og Friluftsliv vår

Molde Folkehøgskole
Halvårskurs vårKristen

Bratt - klatring, buldring og stisykkel, vår 2025

Rødde folkehøgskole – Trondheim
Halvårskurs vårKristen

Vintereventyr 2025 - Ekspedisjon Svalbard

Folkehøgskolen 69 Grader Nord
Halvårskurs vårKristen

Street food (halvårskurs vår 2025)

Sund folkehøgskole
Halvårskurs vår15 t/ukeFrilynt

Friluftsliv X // Norge - Vår 25

Møre Folkehøgskule
Halvårskurs vår15 t/ukeFrilynt

Musikkteater halvår, vår 2025

Solbakken folkehøgskole
Halvårskurs vår36 t/ukeFrilynt

Ekstremsport på Reisefot - Vår 2025

Seljord Folkehøgskule
Venteliste
Halvårskurs vår15 t/ukeFrilynt

Fjellsport og Kajakk (vår-25)

Vefsn Folkehøgskole - Toppen
Kontakt skulen
Halvårskurs vår15 t/ukeFrilynt

E-sport Aktiv, vår 2025

Sunnfjord Folkehøgskule
Halvårskurs vårKristen