- Voss folkehøgskule
- Telefon: 5652 9040
- E-post: post@voss.fhs.no
- Kurslengde: Heilårskurs
- Studietur: Alpene & Slovenia: Kajakk, klatring, ski, sykling
- Verdigrunnlag: FrilyntDei frilynte folkehøgskulane har verdigrunnlag som ikkje tek utgangspunkt i eitt bestemt livssyn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
-
Tilbyr: Vegetar, veganDei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
- Stad: Voss
- Oppstartsdato: 22.08.2019
- Pris: fra 141 500,-
- Følg linja på Instagram
Eit år med leik og utfordring i Ekstremsport- og Skibygda Voss! Lær elvepadling, topptur og skredlære. Ta brattkort i klatring, prøv terrengsykkel og luftsport. Studietur til Slovenia.
Lær elvepadling, topptur/frikjøring og hopp fallskjerm. Ta brattkort i klatring og "spot" kvarandre på buldring. Få sterke opplevingar, vennskap og ansvar på ekskursjonar. Kjenn naturkreftene på kroppen og avslutt dagen rundt bålet.
Eit år med leik og læring i "Elvepadlingens Mekka"; Ekstremsport- og skibygda Voss!
Voss folkehøgskule har Noregs mest komplette tilbod innan ekstremsport. Linja Ekstremsport er for deg som vil bruke mest tid på elvepadling og frikøyring, men som også vil hoppe fallskjerm, klatre og kombinere det heile med teltliv.
Prøv vindtunnel, rappellering og fjordpadling. Overlev med minimalt med utsyr på "solodøgn". Køyr i djup pudder i dei to skianlegga på Voss eller i urørte fjellsider du sjølv har teke deg opp på.
Ekstremsportbygda Voss har alle moglegheiter. Du og vennene dine er med på å legge planer i forhold til vassføring i elv, skredfare, vær og ferdigheit både som enkeltperson og gruppe. Vårt mål er at du skal utvikle deg i, byggje kompetanse og bli sikker i sportane vi driver med.
De største turane våre:
- Utanlandstur - Ekstremsportlandsbyen Bovec under alpane i Slovenia. Elvepadling, stisykling, ski, klatring og Balkansk kultur.
- Nærøyfjorden - Fjordpadling, teltliv og naturopplevingar
- Toppturuka - Topptur med basecamp i telt i magiske Jordalen
- Festivalar – dersom det passar inn i året, Fjellsportfestivalen, X2 festivalen
- ...og mange fine turar i områda rundt Voss og på skolen sin støl!
Led kva rektor skriv om linjelærar Arild sin metode
