Musikalartist

  • Sunnmøre Folkehøgskule – Ulsteinvik
  • Telefon: 7000 9600
  • E-post: post@sufh.no
  • Kurslengde: Helårskurs
  • Oppstartsdato: 21.08.2027
  • Pris: fra 160 900,-
  • Verdigrunnlag:
    Kristen?
    Dei kristne folkehøgskulane har eit kristent verdigrunnlag. Dei er eigde av, eller knytt til, kristne organisasjonar eller trussamfunn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
  • Tilbyr: Vegetar?
    Dei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
  • Miljøsertifisering:
    Fairtrade?
    Sertifisering for skoler som tilbyr Fairtrade-merkede produkter og bevisstgjør om rettferdig handel.
    Grønt flagg?
    Internasjonal sertifisering for skoler som har opplæring i miljø.
  • Sted: Ulsteinvik
  • Studietur for linja: Musikal-Interrail Europa
  • Studietur for skolen: Fjell og fjord i Geiranger, Pudderjakt på Bjorli, Gøy-på-landet
Gira på mykje scenetid?

Dette er eit år der du får mengdetrening som musikalartist på små og store scener. Det blir eit sterkt fagleg fokus på skodespel, musikaldans, sang, show og dubbing. Du møter profesjonelle skodespelarar og musikalartistar gjennom meisterklassar og workshopar. 

Scene
På denne linja er du med på fleire eigne produksjonar, og saman med heile skulen set du opp ein musikal for 2500 tilskodarar i kulturhuset. I Oslo er du innom eit dubbingstudio der du blir kasta rett ut i stemmeskodespel og voiceover-rolla. Du får også jobbe med ein castingagent som er god på auditiontrening. Etter det kan du gå på auditionar for jobbar eller vidare utdanning om du ønskjer det. Når året er slutt, har du fått med deg god erfaring som utøvande musikalartist – i tillegg til film/foto i semiproff kvalitet til showreelen/porteføljen din.

Studietur
I november reiser klassen på ein interrailtur til dei store musikalbyane i Europa. Då ventar storbypuls i blant anna London, Paris, Berlin, Hamburg og Stockholm. Der kjem du backstage på store oppsetjingar, ser musikalar, får fagleg påfyll frå profesjonelle utøvarar og besøkjer ulike utdanningsinstitusjonar.

Sunnmøre
På godvêrsdagar bytter du ut eit mørkt scenegolv med sol og spektakulær natur. Då skal du ut! No er det storhavet og kvasse tindar som er locations, anten det er surfing i Hoddevika, hengekøyecamp, RIB-tur eller stemmebruk i stiv kuling som står på timeplanen.

Dette er ikkje eit år som alle andre. Det er eit år der du kjem eitt steg nærare rampelyset!

Interrail Europa | Musikal | Revy | Skodespel | Teater | Show | Cabaret | Dubbing | Voice | Dans | Musikaldans | Sangteknikk | Solo/ensemblesang | Audition | Auditiontrening | Showreel | Formidling | Stemmebruk | Karakterarbeid | Tekstforståing | Film | Musikkvideo | Scenografi | Koreografi | Manusutvikling | Improvisasjon | Kostymedesign | RIB-tur | Hengekøyecamp | Surfing | Kvardagseventyr i friluft | Solskinnsturar på Sunnmøre

Fortsatt nysgjerrig?
Les meir om linja på sunnmore.fhs.no/linjer/musikalartist

For å kunne vere ein god musikalartist treng du meir enn berre talent. Du treng bransjekunnskap, tryggleik og god sjølvinnsikt. Det er målet med dette året.

Dette vil du lære

Linja er for deg som ynskjer å vere skodespelar, songar og/eller dansar. Du får også drive med show, barneteater eller revy. Du står framfor/bak kamera, skriv eigne manus, koreograferer/regisserer produksjonar og set opp musikaler for å nemne noko. Du er i eit dubbingstudio i Oslo og dreg på ein over to veker lang interrailtur der du besøkjer nokre av dei største musikalbyane i Europa. 

Våre forventninger til deg

Eit friår er ikkje det same som eit år fri. I staden kan du jobbe med interessa di på ein heilt ny måte.

Ingen forventer sjølvsagt at du skal mestre alt frå før. Det viktigaste du kan bidra med er ei sporty innstilling, stå-på-vilje og ein lyst til å teste ut nye sider ved deg sjølv. Då blir resultatet ofte eit godt klassemiljø med venner du kanskje vil ha for resten av livet. 

Du søkjer deg inn på eit linjefag. Når året er omme kan det likevel vere opplegga på tvers av linjene som sit sterkast igjen.

Eit folkehøgskuleår er spekka med fellesopplevingar og turar - det finst nesten ikkje vanlege veker. Til det er det altfor mykje som skal gjerast på altfor kort tid. Litt struktur er det likevel i kvardagen.

Under kan du sjå det næraste vi kjem ei gjennomsnittsveke.

Last ned timeplan som pdf  ↓

Folkehøgskulelivet, og for så vidt livet generelt, liknar på Sunnmørsalpane: Det går opp og ned. Det fine er at du møter dagane med gode venner i ein heilt annleis skulekvardag enn på ein vidaregåande skule. Faga er færre og fridomen er større. Det gjer året ulikt frå veke til veke.

Kva som blir ditt høgdepunkt i året gjenstår å sjå...

Last ned årsplan som pdf  ↓

Du kan velje mellom 40-50 valfag som alle er inkludert i skulepengane. 

Du vel ulike valfag på mandagar og fredagar i fem perioder på haust og vår. Nokre av dei er på tre timar, andre ein heil dag. Du står sjølvsagt fritt til å velje om du vil lære noko nytt eller gjere meir av det du allereie er gira på. På denne måten set du saman ditt eige år.

Tilbodet vil naturlig nok variere noko - avhengig av talet på elevar, lærarsamansetjinga og interessa i elevflokken. Vi håper du har forståing for det. 

Ballspel

Det er lite som er så bra som ei knallhard ballspeløkt med gode lagkompisar. Dei får du mange av, anten du er mest gira på volleyball, futsal, basket, innebandy eller andre ballaktivitetar.

Band / vokal

Du utfaldar deg i samspel med andre på instrument eller vokal innanfor ei tradisjonell pop/rock-besetning. Instrumenta er til fri bruk på fritida. Kanskje blir det ein mini-konsert på deg også?

Barista

I skulen sin eigen vesle kaffebar kan du lære meir om prosessen frå kaffebønne til kaffekopp. Det blir tid til både espressobaserte drikkar, handbrygg, Latte Art og besøk på kaffebrenneri.

Chasing Light

Du lærer komposisjonsmessige og fototekniske grep for å ta bedre bilder. Det blir jobba med motivvalg og ulike teknikkar. Tema vil vere naturfoto, sport-, portrett- og motefotografering.

Dans

Skulen har mange gira dansarar. I dette valfaget kan du få terpe trinn, lære nye bevegelsar og oppleve danseglede. Dansestilane er til dømes hiphop/funk og jazz/contemporary.

E-sport

Du spelar på det nyaste og beste av maskinpark i lokalene til Metizport. Her lærer du strategi og lagspel av ein profesjonell e‑sportklubb heilt, heilt i verdstoppen i Counter‑Strike og Valorant.

Film-klassikarar

Du ser utvalde filmklassikarar frå ulike sjangrar og tidsepokar. Etterpå diskuterer du innhald, tema og filmspråk med klassekompisane og oppdagar at du ser film på ein ny måte neste gong.

Fotball

Gjer deg klar til eit fag med høgt tempo, harde taklingar, leikne detaljar og kjappe finter. Økta består av noko øving og mykje spel. Lærar Per Bernt har erfaring frå 1.div-spel.

Friluftsliv/segling

Her vil du segle nokre av dagane. Andre dagar kan du klatre, padle kajakk, gå på fjellturar eller lage mat på bål. Dette faget er for deg som har lyst å oppleve meir av sunnmørske fjell og hav.

Gitar

Faget er både for nybyrjarar og vidarekomne. Her lærer du sentrale akkordar og om korleis akkordar er bygde opp. Læraren er i norgestoppen som allsanggitarist - betre lærar finn du ikkje.

Golf - level 1

Faget er hovudsakleg for deg som vil ta "Veien til Golf"-kurset. Her lærer vi om reglar og trenar teknikkar (grep, sving og oppstilling) på driving rangen, putting greenen og den lokale bana.

Golf - level 2

Dette er for deg som har spelt endel tidlegare. Her jobbar du med sving, nærspel, putting og spelforståing. Du spelar på 9-holsbana til Sunnmøre GK og på klubben sin nye simulator.

Hjartevarme

Test ut om dette er noko du vil jobbe med i framtida! Du møter menneske frå ulike samanhengar, er på besøk hjå eldre og har opplegg saman med flyktningar og einslege asylsøkjar.

Hybelmat

Lær deg herlege rettar til studentlivet. Her kan du plukke opp gode middagstips. Du lagar mat etter prinsippet sunt-godt-billeg. Etter faget kan du imponere som kokk til kvardag og fest.

Impro / Scene

Du vil leike og le, improvisere og dramatisere. Du lærer grunnleggande reglar der både skodespelarar og publikum spelar ei aktiv rolle. NB: Du bør ikkje ta deg sjølv for høgtideleg!

Innovasjon / Design

Skaparhuset er for deg som likar å utforske, skape, utvikle, dele idear, bygge, teste, fikse og lage prototypar. Her finn du 3D-printerar, laserkutterar, elektronikk-lab, VR-briller og robotar.

Klatring - level 1

Klatring i klatrehall, på utendørs klatrefelt eller på buldresteinar. Målet er grunnleggande sikrings- og bevegelsesteknikkar. Det blir lagt tilrette til å gå opp til brattkortprøva.

Klatring / buldring - level 2

I ein nye klatrehall og buldrehall vil du jobbe med bevegelsesteknikk og balanse. Du klatrar ute på nokre av dei mange sportsfelta med fokus på leding. Læraren held sjølv eit skyhøgt nivå.

Knivlaging

Her får du designe ditt eige knivskaft, tilpasse og utforme det slik at det passar til bladet. Til slutt lage ei lærslire som passar til den ferdige kniven. Så kjapt har du din eigen kniv og slire.

Kvilepuls

Nokre gongar går verda for fort. Då er det lurt å lære korleis du kan roe ned tempoet. Her blir det varierte økter med yoga, spa, strikking, bålkos, maling, musikk, massasje, basseng og god mat.

Longboardverkstad

Lag ditt eige longboard. Du formpressar og limer saman finèr til brett. Deretter byrjar designprosessen i forhold til form, uttrykk og funksjon - og til slutt bruk av lakk og maling.

Maling

Du malar på lerret med akrylmaling. Du jobbar med billedkomposisjon, fargebruk, trykkteknikkar, behandling av verktøy, collage og decoupage, din eigen kreativitet og enkel photoshop.

Mat på bål

Lyst på pizza steikt på bål i ein kjele med sand? Eller lammelår tilberedt i ei kokegrop halvmeteren under jorda? Eller kanskje indrefilet pakka i deig og steikt rett på bålet?

Maxpuls

Eit praktisk fag der du får køyrd deg åleine eller i grupper. Du vel sjølv fordjuping: styrke, uthald eller crossfit. Gratis treningssenter 50 m frå skulen og gode løpestiar rett utafor døra.

MMA / Nærkamp / Sjølforsvar

Du lærar grunnleggande kampteknikkar, taktikk og sjølvforsvar. Du utviklar styrke, smidighet og sjølvtillit gjennom sparring med ein tidlegare profesjonell MMA‑utøvar i treningsstudioet hans.

Parkour / turn

Din nye leikeplass er i ein splitter ny turnhall med tumblingmatter, trampoliner og skumgrop. Her kan du jobbe inn nye triks saman med ein lærar som har vore i norgestoppen i parkour.

Piano

Du får opplæring i piano med vekt på besifringsspel. Det er mange piano på skulen, både el og akustiske. Det ligg difor til rette for at du kan halde fram med å øve lenge etter at timen er over.

PR / SoMe

Du lærer å lage innhald og strategi for sosiale medier. Du jobbar med skulen eller linja di si profil. Du filmar, tek bilder, skriv innlegg og skapar engasjerande innhald frå kvardagen din.

Racket-mix

Her får du spele padel, squash, pickleball, badminton og bordtennis. Faget er perfekt for deg som er glad i racket‑sportar, men ikkje vil velje berre éin. To squashbaner er til fri bruk på fritida.

Rando

Dette er faget for deg som er glad i toppturar på ski eller brett. I løpet av vinteren/våren går du på ei rekke kjende, kvasse og spektakulære toppar i Sunnmørsalpane - så lenge forholda tillet det.

Redesign

Du startar faget med eit besøk på gjenbrukbutikken. Her kjøper du plagg og brukte kle som du etterpå designar og syr til eigne, nye kle. Du kan også jobbe med møblar, lamper og liknande.

Sjakk

Tidlegare har du spelt nettsjakk eller saman med vener, men no er tida inne for å ta det eit skritt vidare. Fokuset blir på opnings- og sluttspel og med mål om å utvikle spelferdigheitene dine.

Skating

Møre Skatehall er ein perfekt leikeplass med 500 kvadratmeter å boltre deg på! Du finn to ramper og ein street-del. Du jobbar med pushing, turning og drop‑in. Klarer du din fyrste Ollie?

Skriveverkstad

Gira på å auke skrivelysta di? Maria Parr, forfatteren av Vaffelhjarte og Tonje Glimmerdal, er klar til å hjelpe deg med det. Ho lovar store mengder med skriveglede, uansett nivå. 

Squash

Skulen har ein lærar som er ein råtass i squash, og 50 m unna ligg squashbanene. Det er ein bra kombo. Fokuset er på slagteknikk og spilleforståelse, og framgangen ser du frå økt til økt.

Stop poverty

Kvart år samlar elevane inn pengar til eit prosjekt i Ilula i Tanzania. Førre skoleår kom det inn nær 650.000,- kr. I dette faget kan du vere med å planlegge og gjennomføre dette arbeidet.

Studio

Drøymer du om å lage eigen musikk? I skulen sitt studio lærer du om musikkproduksjon, opptaksprosessar og miksing. Mac‑ar og Logic står til fri bruk heile døgnet.

Sweets By Cecilie

Du lagar franske makronar og andre go'saker. Du jobbar med fantasifull dekorering og eksperimenterer med smak og tekstur. Her skapar du dine eigne velsmakande meisterverk.

Terrengsykkel

10 syklar står og venter på deg som likar å utforske eit spektakulært "fjell-møter-hav"-landskap. Det er også flotte, tekniske stiar i nærleiken. Læraren har vore svensk landslagskøyrar i Trial.

VGS-fag

Dette er for deg som vil ta opp fag frå vidaregåande – anten for å kome inn på vidare studier eller berre for å forbetre ein eksamenskarakter. Her jobbar du sjølvstendig og i eige tempo.

Vokalgruppe

Vokalgruppa syng fleirstemte songar i ulike musikalske sjangerar som f.eks pop, jazz, musikal eller klassisk. Kanskje vert du utfordra til å vere solist eller dirigent på ein mini-konsert.

Volleyball

Det vert fokus på teknikk, mykje spel og innlæring av ulike roller i angrep/forsvar. Det er eit fag der du vil sjå stor framgang lagmessig og individuelt. På våren deltek du på ei turnering.

X-fit / styrke

X-fit er inspirert av treningsforma Crossfit og er ei variert og funksjonell trening, utført med høg intensitet. Du trener både styrke og kondisjon. X-fit er god basistrening - uansett idrett.

Yoga

Eit fag der fysisk aktivitet og mindfullness møter kvarandre. Du får øvelsar som gjev styrke, fleksibilitet, balanse og avspenning, ro og nærvær. Yogastilane vil vere ashtanga, vinyasa og yin.

Fra kr 160 900,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på rommet
  • Studietur: Fjell og fjord i Geiranger
  • Studietur: Pudderjakt på Bjorli
  • Studietur: Gøy-på-landet
  • Studietur: Musikal-Interrail Europa
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 160 900,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Studiestøtten for neste år vedtas av Stortinget i desember, ny beløp for studiestøtte legges inn etter det.
Summen du må dekke selv 160 900,-
(16 090,- per måned)?
Vår betalingsplan er i stor grad tilpassa utbetalinga frå Statens lånekasse.
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.
Utlandsturen er inkludert i linjekostnadane.

Dette utstyret får du låne av skolen

På skulen får du utfalde deg på scena, i studio og på band-romet døgnet rundt. Alt av instrument, Mac’ar og Logic står til fri bruk.

Du vil få ei pakkeliste etter at du har takka ja til skuleplass som seier kva som er anbefalt å ta med.

På fritida har du tilgong til eit stort treningssenter 50m frå skulen. Dette, og byen sitt badeland og klatrehall, kan du bruke så mykje du vil for 500 kr for eit heilt skuleår. 

Aldersgrenser

Sunnmøre Folkehøgskule er for deg mellom 18 og 26 år. Dei fleste studentane er 19 til 22 år, men det er også nokre få plassar for dei under 18 år og ei mindre gruppe mellom 23 og 26 år.

Opptakskrav

I opptaket vert følgjande kriteria vurdert: 

  • Aldersgrense mellom 18 og 26 år
  • Føresetnader for å kunne vere med på undervisningsopplegget*
  • Oppgåver/verv i eigarorganisasjonen KFUK-KFUM

Linjekapasitet og ynskje om å skape eit berekraftig læringsmiljø vert også lagt vekt på i opptaket.

* Alle våre linjer er mykje ute i naturen og nokre linjer er på lange utanlandsreiser der tilrettelegging kan vere vanskeleg. Det er difor viktig at du har ei funksjonsevne som gjer at du kan delta og få eit godt utbytte av undervisningsopplegget. Opptak av studentar med behov for særskilt tilrettelegging vert gjort ut frå skulen sin kapasitet og kompetanse.

For å gi deg eit best mogleg skuleår er det difor viktig at du melder i frå dersom du har behov for tilrettelegging. Manglande informasjon kan medføre at du misser skuleplassen.

Prioriteringskriterier

Dersom det er fleire søkjarar enn det er kapasitet til på linja eller skulen vil du som søkjar bli prioritert ut i frå følgjande kriteria:

  • Samansetninga av studentar på linja og skulen
  • Søkjarar under 23 år
  • Søknadsdato

Opptaksprosess

Søkeportalen er open heile året. Opptaket startar 15. november, og du vil normalt sett få svar seinast innan sju dagar. Då har du ti dagar svarfrist. Du takker ja til studieplassen ved å betale innmeldingspengane. Vi tek inn studentar fortløpande heilt fram til linja eller skulen er full.

Velkomen som søkjar!

Ein av Norges finaste folkehøgskular er eit tidlegare hotell. Storhav, fjordar, strender og Sunnmørsalpar er dine næraste naboar. Her bur du på store rom med eige bad med dusj, og med ei fantastisk utsikt over hav og fjell.

Ein av dei største fordelane med skulen er at alt er under same tak. Det betyr at du kan gå frå rommet ditt til matsalen, elevstover og klasseromma utan å ta på ytterkle. Det er ikkje berre praktisk, det gjer det også mykje meir sosialt og lettare å byggje eit godt skulemiljø.

Eit av elevromma er tilpassa rullestolbrukarar. Det er heis mellom etasjene og bygget er difor tilgjengelege for alle. Mikrofonar og lydanlegg finst i alle felles undervisningsrom.

Søk på linjaMer om skolenSkolens nettside

Nyheter

Her er de nye folkehøgskolelinjene

Les hvilke helt nye linjer du kan søke på hos folkehøgskolene skoleåret 2027/2028.

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som ligner

Revy og teater

Bergen folkehøgskole
Helårskurs
16 t/uke
Frilynt

Skuespiller

Sandefjord folkehøyskole
Helårskurs
Frilynt

Scene - Game theater LARP

Namdals folkehøgskole
Helårskurs
Frilynt

Musikal & barneteater: Verden er en scene

Solborg folkehøgskole – Stavanger
Helårskurs
12 t/uke
Kristen

Nordiska Teaterskolan – skuespillertrening

Nordiska folkhögskolan
Helårskurs
32 t/uke
Frilynt

Performing Arts

Fjordane folkehøgskule
Helårskurs
18 t/uke
Frilynt

Filmskuespill

Nordmøre Folkehøgskule
Helårskurs 1
Frilynt

Musikk, dans og drama

Risøy Folkehøyskole
Helårskurs
17 t/uke
Kristen

Musikal

Solbakken Folkehøgskole
Helårskurs
36 t/uke
Frilynt

Musikal og performance

Bergen folkehøgskole
Helårskurs
16 t/uke
Frilynt

Skuespill for Scene og Film

Danvik Folkehøgskole
Helårskurs
Kristen

Humor & scene

Ringerike Folkehøgskole
Helårskurs
15 t/uke
Frilynt

Teater

Romerike Folkehøgskole
Helårskurs
20 t/uke
Frilynt

Filmskuespiller

Solbakken Folkehøgskole
Helårskurs
36 t/uke
Frilynt
Update cookies preferences