Til hovedinnhold

Vokal, Låtskrivar og Band

Søk på linja

Me bruker heile året på å dyrke musikkinteressa di, saman med motiverte venner! Du får skrive musikk, spele i band, skape magiske konsertar, bli betre på hovudinstrument, og sjølvsagt gå på konsertar!

Anten me held til på bandrommet og spelar ilag, eller sitt for oss sjølv og skriv songar. Dette året handlar om musikk, utvikling og skaparglede. I ulike band-prosjekt jobbar med ulike sjangrar og konsertproduksjon. Utanom å skrive musikk, skal me også spele den inn i studio og gi ut EP til våren! I tillegg til å gå på ein av dei nyaste folkehøgskulane i Norg, skal me på inspirasjonstur til London å oppleve kultur, musikk og konsertar.

I løpet av året får du:  

Liker du å skrive songar, få rettleiing i låtskriving og mange muligheter til å spele musikken din saman med resten av klassen?  

Liker du å spele instrument, er denne linja perfekt for deg! Vi skal utforske ulike sjangrar, konsertformer og du får vere med på å gi liv til songane som du eller ein i klassen har skrive. 

Alle får muligheten til å spele inn minst ei låt i studio. Kvart år har vi eit mål om gi ut ein EP med musikk som har blitt skrive gjennom året her på Stord. Her får vi prøvd oss som studiomusikarar og produsentar. På tre dagar gjennomfører vi live-innspelingar i eit studio i nærleiken. 

Fasilitetar!  

På skulen har vi eit fullt utstyrt bandrom, og muligheter for eigenøving. Trommesett, forsterkarar, piano og synthar står klar, men ta gjerne med eige om du har!

Elsker musikk, og å skape/skrive musikk Liker å være sosial Ynskjer ein variert kvardag med ulike konsertar Har spelt instrumentet ditt i nokre år (grunnleggande kunnskap) Liker å vere kreativ

Dette vil du lære

Etter året med oss kan du: 

  • Mykje meir om musikk, band og samspel (som gruppe) 
  • Meir om hovudinstrumentet ditt (individuelt) 
  • Korleis skrive musikk som gir utrykk for det du vil 
  • Samarbeide om store og små prosjekter 
  • Korleis spele inn og førebu ei studioinnspeling 
  • Nye sjangrar, og du har prøvd dei ut 
  • Sette opp konsertar 

Våre forventninger til deg

  • Er dedikert og motivert
  • Interessert i å lære om musikk
  • Har eit ynskje om å spele for eit publikum.
  • Er positiv og imøtekommande
  • Møter opp på øvingar (også utanfor skuletid)
  • Tar med instrument og alt du treng til eigenøving (evt. forsterkar, kablar, liten høgtalar, pc/mac/nettbrett).

Studietur: London Baby - Musical scenes of London (11 000 kr)

Obligatorisk: Ja

Pris: 11 000

Me skal på inspirasjonstur til London. På turen skal me oppleve mykje av det storbyen har å tilby som er både sosialt og faglig relevant for oss. Me skal blant anna på: 

  • Musikal 
  • Jazzklubb eller ein aktuell stor konsert 
  • Besøke eit musikkstudio 
  • Få omvisning på eit musikkinstitutt 

Når det kjem aktuelle konsertar til Noreg i løpet av året, er dette noko me arrangerer fortløpande!  

Få masterclass i: 

  • Konsertoppsett 
  • Livet som frilans-artist i Norge og utlandet 
  • Sjangerspesialistar (ein pop-artist, rocke-gitarist) 

Studietur: Turné

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Me skal på minst ein turné i løpet av året. Her er det planlagt å spele i Bergen- Stord – Haugesund – Bømlo Stavanger. 

Studietur: Konsertar gjennom året

Obligatorisk: Nei

Pris: Inkludert i linjepris

Når det kjem aktuelle konsertar til Noreg i løpet av året, er dette noko me prøver å få delta på nokre gongar gjennom året. Både store og små band.  

Våre turar er unike opplevingar som ofta er vanskeleg å gjennomføra på eigahand, som fjordcruise med veteranskip i nydelege Hardangerfjorden. Du vil reisa på ulike turar nært og fjernt. Nokre turar er knytt opp til dei enkelte linjene, mens andre er felles for skulen.

Vintereventyr til Hovden

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Når vinteren slår til reiser me inn til Hovden for dager med ski og alpint. Her er det mogeleg for flate turer, slalom, slakke turer, aking, toppturer, bratte turer eller veldig bratte turer. Noko for alle nivå!

Veteranbåten MS Sunnhordland på Vestlandet

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Skuleåret får ein pang-start med at heile skulen reiser på tur med Veteranskipet MS Sunnhordland inn i vakre Hardangerfjorden og rundt i Øyriket Sunnhordland. Me opplever flotte stoppestader og nyter vakker natur og unike sund ombord i eit historisk skip!

Severin Vik

Lærar

Severin er vår fremste regent innan musikken. Utdanna musikkpedagog med master i kreative læreprosessar, og han har spelt event-jobbar sidan han var 15, og spelt mykje show-konsertar opp og ned langs kysten. Gitarist, pianist, sangar og showmann. Musikaren Severin steller i stand liv og røre der han er. Han har alltid ein passande låt på lur. Gjennom skuleåret vil du få bli godt kjent med Severin.

Epost: Severin@Stordfhs.no
Telefon: 46 89 60 22

Petter Misje

Lærar Vokal, Låtskrivar og Band

Musikar, revy-artist, og gledesspreiar! Petter elsker å spela saman. Petter delar gladeleg musikkgleden, jobbar med deg på scenefrykt og performance, og øver saman for at det skal sitta! Petter er også ein sann filmmusikk-entusiast og elsker å både spela og oppleva musikken.

  • Skulestart: 20.august 2023
  • Haustferie: 6. -15. oktober (6. okt. fri frå kl. 12)
  • Juleferie: 15. desember til 3. januar (15.des. fri frå kl. 12)
  • Vinterferie fredag 23.februar til 3. mars. (23.feb. fri frå kl. 12)
  • Påskeferie 22. mars - 2.april (22.mars fri frå kl. 12)
  • Avslutningsfest 11. mai
  • Avreise 12. mai

Her kan du velja og tilpassa skuleåret akkurat slik du vil. Ved Stord Folkehøgskule har du ein omfattande meny av valfag. Valfaga varierer i omfang, og du kan velje 1-3 valfag for kvar termin. Nokre varer ein heil dag, andre går over to eller tre skuletimar.

Klatring

Foregår i klatreveggen inne på vikahaugane, om været tillet det kan det bli uteklatring/rapellering. Lære å sikre, øve på klatring, få teknikktips.

Kreativ Maling

Spray-boksar, akryl, børstar og vassmaling. Her får du lære om maleteknikkar, og mala dine eigne kreasjoner.

Mixology Mocktail Bartending

På skulen har me vår eigen alkoholfrie bar. Lær deg å laga moctails, utforska spanande smakskombinasjonar, laga eigen garnityr, å skapa stemning og å møta menneske.

Psykologi og mindfullsness

Å vere bevisst på sine omgivnader, tenke og forstå verden rundt seg og vere med i øyeblikket er noko som kan trenast og lærast opp. Her senker me skuldrene og fokuserer på det menneskelege.

Skyting

Her vil du få høve til å fordjupe og praktisere skytterkunsten, ved anlegget til Stord Skyttarlag på Stord. Eige gevær eller lån av oss!

Standup

Me lærar oss standup-kunsten, fokuserar på humor, timing og scenepresentasjon. Veldig gøy, og utruleg god stemning.

Trening, helse og kosthald

Lær mer om hvordan kosthold og trening påvirker helsen din, og få hjelp til å lage egne treningsprogram for dine behov. Kvar økt startar med litt teori, før me går over til praksis i treningsstudio.

Verdensrekorden

Har du nokonsinne drøymd om å inneha ein verdensrekord? Dette valfaget går ut på å planlegga og gjennomføra eit verdensrekordforsøk. Verdens største pepperkake(by), verdens lengste intervju, o.l.

Volleyball

Volleyball er intenst, gøyalt og svært god trening! Og ikkje minst ein utruleg lærerik lagsport nesten alle har vore med på!

Brettspel og Sjakk

Brettspel er sosialt, underhaldande, lærerrikt, utfordrande og gøy. Den vanvittige store variasjonen i ulike spel vil gi deg mange utfordringar og kjekke opplevingar.

Escape Room Sunnhordland

I dette faget skal du besøke ulike Escape room i vårt nærområde, og designe, planlegge og bygge eit Escape Room sjølv. Ulikt, lærerikt og veldig spennande fag!

Mobilfoto

Me utforskar by og natur armert utelukkande med mobilkameraet. Me forsøker å knipsa dei flotte augneblikka.

Natur og miljøvern

Lær om korleis me tar vare på naturen, kva som skal til for artsmangfald, og bli med å utforsk ulike naturtypar med eigne auge.

Podcast og radio

I vårt eige lydstudio lærer me å laga podcast og radio-sendingar. Kva skal til for å underhalde og korleis når ein ut til folk?

Stop motion

Stop motion er en animasjonsteknikk. Vi tar ett bilde av et stillestående objekt, flytter objektet, tar ett nytt bilde, flytter objektet igjen osv, og til slutt sitter vi igjen med en leken animasjon.

Strikking

Lær å strikk, lag dine eigne klede, både avansert og enkelt.

Baking

Me er på kjøkkenet og bakar til vår eigen kafe.

Teikning/måling

Her får du mulighet til å prøva ulike teknikkar på eiga hand, sjå på ulike former for teikning og maling

Alternativt ballspill + fotball

I dette valgfaget får du mulighet til å teste ut alternative ballspill. Flagfootball, Tchoukball med mer.

Dungeons & Dragons

Innlevelse, terningar, grotter, drakar, magi og humor. Har du funne din karakter og bestemt deg for eventyr, eller vert du sitjande i byen og krangla med vaktane? Opp til deg!

Esport

Viss du vil spisse deg litt inn på Esport gjennom skuleåret, er dette faget for deg. Du kan fordjupe deg i diverse gaming, som Fortnite, League of Legends, Warzone, CS, Apex, Starcraft eller andre.

Fantasy Premier League

Vi danner en egen liga på skolen og møtes for å diskutere taktikk, før vi kårer rundens vinner.

Filmklubben

Me ser notoriske filmklassikarar, drøfter og diskuterar kva desse betyr og kva som har gitt opphav til dei. Knasker popkorn og slapper av.

Mobilitet/Stretch/ Relax

Lær å kjenn din eigen kropp, strekk, føl og slapp av i kroppens mange muskler. Me går gjennom mobilitetsøvelsar for å læra om førebygging av skader, balansen i ein glad kropp og velbehag.

Årbok

Alle veit at det er veldig kjekt å ha gode minner frå folkehøgskulen til å sjå tilbake på i etterkant. Har du ein liten skribent i magen, eller likar godt å ta bilder? Då kan årbok-valfag vere for deg

Båtførarprøven

Pris: 3 000,-

Ta båtførarlappen saman med Redningsselskapet på folkehøgskulen. Dette er eit tilbod alle kan få uavhengig av andre valfag.

Dykking

Pris: 5 000,-

Teoretisk opplæring, praktisk opplæring i basseng og dykk i fjorden. Du får dykkerlappen og vil kunne dykke på egenhånd ned til 20 m dybde. Utforske vrak og korallrev i skjærgården. Krev litt utstyr.

Idrettsmassasje

Her får du lære om å ta vare på deg sjølv. Ved siden av trening, gjennom ein kontordag eller for å støtte opp eller førebygge skader. Idrettsmassasje er svært nyttig for aktive personer.

Maratonet!

Har du vurdert å trene deg opp til maraton? På slutten av skuleåret arrangeres Sunnhordland Maraton, gjennom året vil ein kunne vere med på gøy og aktiv maraton-trening fram mot løpet!

Mykje løye

Klatring inne, rapellering ute, ut i båt til fyrøya, gaming, tur inn i eit tre, skogstur til ei stor grotte, flyting i overlevelsesdrakt...rett og slett mykje løye

Show: Dans & teater

Me regisesserer og øver inn sketsjar og dansenummer for opptreden og framføring for medelevar og kvarandre.

Kjøkken, hybel og gatemat

Her får du læra å laga spanande, rimelege, næringsrike og enkler rettar som de kan laga til dykk sjølv eller til sosiale settingar. Me lagar alt frå norsk tradisjonsmat til internasjonale rettar.

Låtskriving og musikkproduksjon

Dyrk di kreative stemme, og lag musikk – anten gjennom PC-skjermen eller på instrumentet ditt. Her får du tid til å skrive, ro og fred til å skape, samt producer-, og låtskriver-tips.

Heilårsbading

Me går ut kvar veka for for å bade i sjøen, uansett vær og vind.

Innsats for andre

I dette valfaget skal me planlegge og arrangere sosiale treffpunkt for folk utanfor skulen.

Bokklubben

Me trekker oss litt vekk og besøker det store Biblioteket i Leirvik. Me lærer om viktige bøker og les i fellesskap uten forstyrringar. OBS: Du får fullstendig fri frå mobilen!

Forbetre VGS-fag

Treng du å ta opp nokre fag, eller få betre karakter? Då kan du få hjelp og god tid til å fokusere på dette her.

Stord Folkehøgskule er ein variert, kreativ og moderne skule - i hjarta av Vestlandet og midt i kystbyen Stord mellom Bergen og Stavanger. Her er det fleire varierte linjer, elevar frå heile landet, godt sosialt og inkluderande skulemiljø, og mange aktivitetar og valfag å fylla skulekvardagen og fritida med.

Linjer ved skulen

Les mer om skolen

Fra kr 128 000,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på rommet
  • 4 måltid kvar dag
  • Turar i skulen sin regi
  • Studietur: Vintereventyr til Hovden
  • Studietur: Veteranbåten MS Sunnhordland på Vestlandet
  • Studietur: London Baby - Musical scenes of London (11 000 kr)
  • Studietur: Turné
  • Studietur: Konsertar gjennom året
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 128 000,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 128 000,-
(12 800,- per måned)
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr på rundt 2500 kroner. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Husk at du også trenger penger til dette

  • Mat på studietur London Baby - Musical scenes of London (11 000 kr)
  • Mat på studietur Turné
  • Enkelte valgfag
    Noen av våre valgfag koster penger. Les mer om valgfag lenger opp på siden. Du velger valgfag først når du begynner på skolen.
  • Alternativ mat (allergi, intoleranse etc.) om du har behov for dette. Ta kontakt med skolen for mer informasjon.
  • Utstyr til linja (se Utstyr til linja nedenfor)
  • Hjemreiser fra skolen:
    • Høstferie, juleferie, vinterferie, påskeferie
  • Lommepenger. På bloggen forteller fire elever hvor mye lommepenger de brukte i løpet av sitt år på folkehøgskole

Dette utstyret får du låne av skolen

Bandrom!

Vi har fullt utstyrt bandrom til øving i og utanfor skuletid
«Vikjo» er også fullt fungerande som bandrom
        - Vokal-mikrofon, trommer, bass, gitar, amp og piano/synth

Øvingsrom!

Det vert i desse tider jobba med å få klart øvingshotell til egenøving.
På egenøvingsrommet må de stille med instrument sjølv.

Studio!

Det er lydstudio på skulen og profesjonelle studio nær ved, kor me kan få spelt inn musikken. Og komplett filmstudio der vi kan lage filmvideoar saman med Film og TV linja

Dette utstyret må du stille med selv

I tillegg til skulen si generelle pakkeliste for eit år på folkehøgksule, er det veldig fint om du tek med alt du treng for å kunne spele og skrive: 

  • Instrument om du spelar (evt tilbehør: kablar, pedalbrett, trommestikker, mikrofon) 
  • Mac/PC/Nettbrett (til eigenøving, låtskriving, akkordskjema/tekst) 
  • Forsterkar (om du har/ynskjer å ha ein på rommet) 
  • Viss du har ymse anna utstyr du sjølv ønsker å bruka, er du hjerteleg velkommen til å ta det med.

Vi vil kontakte deg i forkant av skuleåret

Har du spesielle behov for tilrettelegging? Ta kontakt med oss for å finne ut om vi har moglegheit til å tilrettelegge året etter dine forventningar og behov.

Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Dette seier tidlegare elevar

Alva Eira Folkvord

Eg visste ikkje ka eg ville gjere etter videregående, og derfor valgte eg å ta eit friår sammen med mange andre som er i samme situasjon. På Stord var det mange spennande fag eg hadde lyst å prøva, og året var fantastisk!

Alva Eira Folkvord
Anna Myrvold

Jeg visste ikke hva jeg ville gjøre etter videregående. Jeg er veldig fornøyd med valget mitt, da det her har blitt ett av mine beste år og jeg har fått oppleve masse, og blitt kjent med masse nye fantastiske folk. Og her var det interessante linjer!

Anna Myrvold
Torstein Ward

Folkehøgskule var ein sjanse å finna folk med same interesser som meg og ha det kjekt med forskjellige aktivitetar og mange forskjellige folk. Eit år som var noko anna enn å sitta heima, eit intenst og sosialt år eg kunne utforma med det eg ønska meg

Frå bloggen

Guri Melby: - Folkehøgskole er slett ikke utdatert

Med de ordene åpnet leder av Venstre og tidligere kunnskapsminister Guri Melby i dag splitter nye Stord folkehøgskule. Søndag flytter 95 spente elever inn i ...

Les meir på bloggen ▷

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

Band: scene og studio

Manger Folkehøgskule
Heilårskurs19 t/ukeFrilynt

BAND

Follo Folkehøgskole
Heilårskurs19 t/ukeFrilynt

Pop

Trøndertun folkehøgskole
Heilårskurs22 t/ukeFrilynt

Musikk - Samspill

Nordmøre Folkehøgskule
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Rock

Trøndertun folkehøgskole
Heilårskurs24 t/ukeFrilynt

Rock & Metal

Buskerud Folkehøgskole
Få ledige plasser
HeilårskursFrilynt

Singer-songwriter

Trøndertun folkehøgskole
Heilårskurs24 t/ukeFrilynt

Musikk

Hedmarktoppen folkehøyskole
Få ledige plasser
Heilårskurs24 t/ukeKristen

Band Vokal Studio / konsert, musikkproduksjon

Stavern folkehøyskole
HeilårskursKristen

Musikkproduksjon

Vefsn Folkehøgskole - Toppen
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Musikk & Studio

Sagavoll Folkehøgskole
Heilårskurs12 t/ukeKristen

Artistutvikling / låtskriving, musikkprod, konsert

Stavern folkehøyskole
HeilårskursKristen