Performing Arts

  • Kurslengde: Helårskurs
  • Oppstartsdato: 21.08.2027
  • Linjefag: 18 timer/uke
  • Pris: fra 114 800,-
  • Verdigrunnlag:
    Frilynt?
    Dei frilynte folkehøgskulane har verdigrunnlag som ikkje tek utgangspunkt i eitt bestemt livssyn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
  • Tilbyr: Vegetar, vegan?
    Dei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
  • Miljøsertifisering:
    Miljøfyrtårn?
    Sertifisering for skoler som dokumenterer miljøinnsats og viser samfunnsansvar.
    Debio?
    Merkeordning for skoler som har økologisk mat og drikke.
    Fairtrade?
    Sertifisering for skoler som tilbyr Fairtrade-merkede produkter og bevisstgjør om rettferdig handel.
  • Sted: Stad kommune
  • Studietur: Surf, fjell og camp | Overnattingstur til Hoddevik, Fjord Explore, Vintertur til Stigedalen, Opplev naturkreftene på Kråkenes fyr, Strandryddeseilas , Fellestur til Filippinene
Performing Arts er linja for deg som vil utvikle deg som scenekunstnar gjennom song, dans, skodespel og produksjonar. Midt i det rike kulturlivet på Nordfjordeid.

Undervisning og oppfølging

  • Engasjerte og fagleg sterke lærarar med erfaring frå scenekunstfeltet.
  • Tett individuell oppfølging gjennom året.
  • Utvikle teknikk, eige uttrykk og tryggleik som utøvar.
  • Tilpassa undervisning uansett erfaring og nivå.

Interrail i Europa

  • Interrailtur som ein del av skuleåret.
  • Workshops og profesjonelle førestillingar.
  • Møte med ulike scenekunstmiljø.
  • Nye perspektiv, inspirasjon og opplevingar.

Samarbeid og nye uttrykk

  • Samarbeid med andre linjer på skulen.
  • Prosjekt med Movement X Modern Circus.
  • Utforske nye sceniske uttrykk og ferdigheiter.
  • Opplevingar og læring du kanskje ikkje finn andre stader.

Møte med bransjen

  • Workshops med profesjonelle aktørar kvart semester.
  • Innblikk i scenekunstfeltet i praksis.
  • Erfaring både på og bak scena.
  • Auka forståing for yrkesmoglegheiter og arbeidsprosessar.

Les meir: fjordane.fhs.no

Kulturliv og inspirasjon

Nordfjordeid har eit rikt kulturliv med fleire sterke kulturarenaer:

  • Operahuset Nordfjord
  • Opera Nordfjord
  • Malakoff
  • Gymmen Scene og Studio

Her får du oppleve profesjonelle produksjonar innan:

  • Konsertar
  • Musikalar
  • Teater
  • Opera
  • Festivalar

Produksjonar og sceneerfaring

Gjennom året skaper vi små og store produksjonar der du får stå på scena og utvikle deg som utøvar.

  • Visningar og showcase
  • Musikalnummer
  • Eigne produksjonar
  • Praktisk sceneerfaring gjennom heile året

Personleg utvikling

Målet er at du skal bli:

  • Tryggare
  • Friare
  • Meir bevisst på kven du er som utøvar

 Vegen vidare

Enten du drøymer om å søke vidare innan musikal og scenekunst, eller ønskjer eit år med noko du verkeleg brenn for, får du:

  • Verktøy og fagleg utvikling
  • Verdifulle erfaringar
  • Eit sterkt fellesskap
  • Opplevingar du tek med deg vidare i livet og på scena.

For deg som elskar scena, eller vil bli tryggare, modigare og meir kreativ. Utforsk scenekunst frå fleire sider og utvikle deg både som utøvar og del av eit ensemble.

Dette vil du lære

Dette får du jobbe med

  • Song: songteknikk, tekstformidling, individuelle songtimar og ensemblesong
  • Dans: Jazz, moderne- og samtidsdans og klassisk ballett, samt styrketrening, koreografi og improvisasjon.
  • Skodespel: karakterarbeid, stemmebruk og skodespelarteknikk
  • Produksjon: minst ein produksjon kvart semester

Våre forventninger til deg

For oss er det vikitg er at du er motivert, pliktoppfyllande, engasjert, vågar å by på deg sjølv, klarer å samarbeide og er positivt innstilt.

2026-27:

  • Skulestart: 21.08.26
  • September: Fellestur til Hoddevik 
  • Frihelg: 12.-14.09
  • Haustferie: fom. 02.10 (kl. 13) - 11.10
  • Oktober: Strandryddeseilas ved kysten
  • Frihelg: 13.-15.11.
  • Desember: Juleverkstad og "Jul på Fjordane"
  • Juleferie: 18.12. (kl.13) - 03.01
  • Januar: Annerledesveke
  • Februar: Fellestur til Stigedalen
  • Vinterferie: 19.02  (kl. 13) - 28. 02 (v. 8).
  • Mars/april: Linjeturar
  • Påskeferie:19.03 (kl. 13) - 30.03
  • Avsluttning: 8. mai.
  • Fellestur til Krokpollen
  • Heim: 15.05.27

Valgfag er ei fin moglegheit til å prøve noko nytt og bli betre kjent med elevar frå andre linjer. Du har over 20 valgfag å velge mellom, alt frå sjonglering til barista. Valgfaga er valgfrie som namnet tilseier og du kan velge så mange du vil. Lengda på valgfaga varierar frå 1-2 timar kvar veke, og dei kan variere noko frå år til år.

Band

Her får du moglegheita til å jamme med andre, spele låtar og ha det kjekt med musikk! Enten du spelar gitar, bass, piano, trommer eller syng, er det plass til deg.

Barista

Lær deg kunsten bak ein god kopp kaffi og bli kjent med dei ulike kaffibønnene. Frå kaffibaren vår «Bønna» kan du lage Cappuchino, Americano, Espresso, Maccihato, Cortado og Latte utan problem!

Blankvåpen

Her trenar vi som vikingar med øksekast, sverd og skjold. Vi brukar blunte våpen og har sjølvsagt sikkerheit i hovudfokus under treninga.

Dans

Lær deg grunnleggande teknikkar i klassisk ballett, jazzdans, moderne dans og samtidsdans. Valfaget er for både nybyrjarar og erfarne. Her får du jobbe med balanse, fleksibilitet og uttrykk.

Dungeons & Dragons

Her er det kun fantasien din som set grensene. Skap din eigen karakter og utfordre både kreativiteten og problemløysingsevna di. Likar du rollespel og improvisasjon? Då er dette noko for deg.

Elevstyrte valfag

Har du ei spesiell ferdigheit du vil dele med andre? Elevstyrte valfag betyr at du kan vere med å skape faget sjølv og la medelevane dine lære noko frå deg.

Fem på topp

Er du glad i fjellturar? Bli med og utforsk dei flotte fjelltoppane rundt oss – både haust, vinter og vår.

Fysisk trening

Kom i form eller berre ha det kjekt med bevegelse! Her kan du trene det du likar.

Hest

Har du ikkje hest som linjefag, men vil kjenne gleda av å vere tett på ein hest? Her får du lære alt frå riding til stell!

HIIT-trening

I HIIT-trening (High-Intensity Interval Training) køyre vi korte og effektive økter der du verkeleg får utfordra både kondisjon og styrke. Likar du ei rask og tøff treningsøkt er dette timen for deg.

Klatring

Lyst å klatre i ein innandørs klatrevegg like ved skulen? Her får du trene både styrke, teknikk og balanse. Målet er at du skal få brattkort – eit bevis på at du kan sikring og bruk av autobelay.

Kunst

For deg som ikkje har kunst som linjefag. Her får du prøve deg i ulike kunstsjangrar som teikning, keramikk og maling.

Køyring/tømmekjøring

Valfaget for deg som vil jobbe med hesten frå bakken med tømmekøyring/tømmelongering eller trene på dressur-, presisjon- og maratonkøyring. Du kan vere med uavhengig av kva forkunnskap du har.

Linedance

Bli med på lavterskel linjedansing med feel good-stemning. Vi startar med enkle koreografiar og aukar etter kvart.

Lokale lag og organisasjonar

Vil du engasjere deg i lokalsamfunnet? Vi hjelpe deg med å finne det rette laget eller organisasjonen for deg. Du finn mykje informasjon om lokale lag og organisasjonar på www.stad.foreningsportal.no.

Prosjekthest – din hest i fokus

For deg med eigen hest som vil ha ekstra hjelp. Du vil lære alt frå innriding, innkøyring, lasting og longering, til handtering frå bakken. Om hesten vise problemåtferd, kan vi også jobbe med dette.

Redesign

Har du lyst å gje nytt liv til den gamle skjorta eller gardina? Lær deg å sy om plagg og bli med på klesbyttedagar. Dette valfaget er perfekt for deg som er kreativ og opptatt av gjenbruk.

Salmakar

Her får du opplæring i korleis du kan arbeide med lær som materiale. Lær deg teknikkar i salmakarfaget og lag alt frå belte til veske, eller reparer utstyr du har frå før.

Sirkus

Test ut spennande sirkusdisiplinar som balansering, styrke, reaksjon og koordinasjon i valfag sirkus! Her kan du utfordre deg på nye måtar og bruke musklar du ikkje visste du hadde.

Sprangriding

Vil du jobbe meir med sprangriding? Dette er valfaget for deg som går på hestelinja og som har med eigen hest. Vi prøvar så godt vi kan å gjere valfaget tilgjengeleg for elevar som brukar skulehest.

Strikking

Har du lyst å strikke saman med likesinna som likar garn og strikking? Bli med på ein sosial, kreativ og kjekk time. Dette er eit valfag for alle – uavhengig av strikkeferdigheiter og nivå!

Surfing i Hoddevika

Har du lyst å surfe i eit av Noregs surfepardis? Hoddevik er berre ein kort biltur unna oss! Enten du er nybegynnar eller erfaren, er dette plassen for å teste surfebrettet og få saltvatn i håret.

Svømming/bading

Ein spasertur unna finn du eit 25 meter langt basseng for både trening og avslapping. Perfekt for dagens treningsøkt eller om du berre vil slappe av i boblebadet. Rund av med ein tur i badstova.

Teater

Er du glad i improvisasjon, standup og å lage skodespel? Det er noko av det du får vere med på her.

Volleyball

Vi trenar på teknikk og spelar volleyball i idrettshallen. Om véret er på vår side blir det sandvolleyball på ei av banene som ligg i nærområdet til skulen.

Voltige

Voltige er turning på hesteryggen. Vi startar på treningshesten vår “ostepop”, der du får teste ulike øvelsar. Voltige er ein fin måte å jobbe med balanse, koordinasjon og styrke på hesteryggen.

Yoga

Kom i kontakt med både kropp og sinn med yoga. Dette er valfaget for deg som vil bli smidigare, meir avslappa og finne di indre ro. Eit godt avbrekk i kvardagen som gir deg energi.

Årbok/foto

Har du lyst å lage ei minnebok som fangar opplevingane frå ditt beste år? Vi samlar minner, bilete og historier som alle elevane frå kullet ditt kan ta med seg når skuleåret er over.

Fra kr 114 800,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på gangen
  • Studietur: Surf, fjell og camp | Overnattingstur til Hoddevik
  • Studietur: Fjord Explore
  • Studietur: Vintertur til Stigedalen
  • Studietur: Opplev naturkreftene på Kråkenes fyr
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Studietur: Strandryddeseilas
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 114 800,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Studiestøtten for neste år vedtas av Stortinget i desember, ny beløp for studiestøtte legges inn etter det.
Summen du må dekke selv 114 800,-
(11 480,- per måned)
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Dette utstyret får du låne av skolen

Vi har eit unikt samarbeid med Operahuset Nordfjord, og får difor tilgang til Gymmen scene og studio som øvingslokale. Det ligg rett ved skulen, og er eit fullt utstyrt øvingslokale. Vi får også bruke den store scena i Operahuset innimellom, og vere med på oppsetningar der. Vi har også tilgang på ein stor sal med speil og scene, som vi brukar som øvingslokale for dans. Skulen får også låne frå det rikhaldige kostymelageret til Opera Nordfjord når vi treng det.

Opptakskrav

Her er du velkomen akkurat som du er! Vi har ingen formelle opptakskrav, utanom aldersgrensa som er 18 år. I nokre tilfelle kan yngre søkjarar bli vurdert. Vi tar opp elevar fortløpande frå 15. november.

Vi ønskjer du skal skape ditt beste år saman med oss. For å få til dette må du vere innstilt på å legge inn ein innsats sjølv. Ver aktiv, delta og bli med på det som skjer – då får du mest mogleg ut av tida di med oss. Har du spørsmål, så hjelpe vi deg gjerne.

Fagleg og sosialt
Vi ønskjer at alle elevane skal føle seg trygge, inkluderte og få moglegheita til å skape sitt beste år saman med oss. Difor tilpassar vi oss så langt vi kan, for at du kan delta og få ei god oppleving. Her er nokre av tiltaka vi kan tilby:

  • Treng du pausar, legg vi til rette for det.
  • Blir aktivitetane for krevjande for deg, finn vi alternative løysningar.
  • Vi har fokus på ein god og trygg oppstart, der alle skal bli sett og høyrt.
  • Du kan alltid snakke med linjelærar eller paviljonglærar om du treng andre tilpassingar som kan hjelpe deg.

Ta kontakt med oss for å høyre kva vi kan gjere for å tilrettelegge for dine behov.

Mat
Kokkane våre elskar å lage mat som smakar skikkeleg godt. Du kan derfor glede deg til å få servert fire næringsrike og gode måltid dagleg – frukost, lunsj, middag og kvelds, alt inkludert i skuleprisen. Om du har cøliaki, er laktoseintolerant, veganar, vegetarianar, pescatarianar eller anna har vi alltid eit alternativ til deg - utan ekstra kostnad. Berre gje oss beskjed på førehand, så ordnar våre dyktige kokkar det.

Vi er opptatt av kortreist mat, så kokkane våre handlar alltid lokale og sesongbaserte råvarer når dei kan. I Vikingtunet dyrkar vi våre eigne grønsaker, så du kan glede deg til å både sanke og ete poteter, jordbær, grønsaker og ulike urter som vi brukar i matlaginga på skulen.

Bygningar
Bygningane våre er frå 1974. Derfor er ikkje alle bygga universelt utforma, men vi gjer vårt beste for å leggje til rette for deg om du treng det.

Søk på linjaMer om skolenSkolens nettside

Nyheter

Her er de nye folkehøgskolelinjene

Les hvilke helt nye linjer du kan søke på skoleåret 2026/2027.

Demokratibussen 2025: Ungdomspolitikere reiser sammen og møtes til debatt

Fra 24. til 26. mars setter ni ungdomspolitikere seg på samme buss for å bo, debattere og møte elever på fire folkehøgskoler på Vestlandet.

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som ligner

Teater

Romerike Folkehøgskole
Helårskurs
20 t/uke
Frilynt

Filmskuespiller

Solbakken Folkehøgskole
Helårskurs
36 t/uke
Frilynt

Teater og musikk

Peder Morset folkehøgskole
Helårskurs
15 t/uke
Frilynt

Musikal & barneteater: Verden er en scene

Solborg folkehøgskole – Stavanger
Helårskurs
12 t/uke
Kristen

Musikk, dans og drama

Risøy Folkehøyskole
Helårskurs
17 t/uke
Kristen

Musikal og performance

Bergen folkehøgskole
Helårskurs
16 t/uke
Frilynt

Musikal

Ringerike Folkehøgskole
Helårskurs
15 t/uke
Frilynt

Skuespiller

Sunnhordland folkehøgskule
Helårskurs
21 t/uke
Frilynt

Revy og teater

Bergen folkehøgskole
Helårskurs
16 t/uke
Frilynt

Skuespiller

Solbakken Folkehøgskole
Helårskurs
36 t/uke
Frilynt

Humor & scene

Ringerike Folkehøgskole
Helårskurs
15 t/uke
Frilynt

Musikal & Reise

Nordhordland Folkehøgskole
Helårskurs
Kristen

Musikkteater

Romerike Folkehøgskole
Helårskurs
20 t/uke
Frilynt

Skuespill for Scene og Film

Danvik Folkehøgskole
Helårskurs
Kristen
Update cookies preferences