- Voss folkehøgskule
- Telefon: 5652 9040
- E-post: post@voss.fhs.no
- Kurslengde: Heilårskurs
- Studietur: USA - Silicon Valley/San Francisco & Los Angeles
- Verdigrunnlag: FrilyntDei frilynte folkehøgskulane har verdigrunnlag som ikkje tek utgangspunkt i eitt bestemt livssyn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
-
Tilbyr: Vegetar, veganDei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
- Stad: Voss
- Oppstartsdato: 22.8.2019
- Pris: fra 105 500,-
- Følg linja på Facebook
- Følg linja på Instagram
Kombiner Data og Friluftsliv! Lær spel, programmering, animasjon, grafisk design og foto. Alpint i Voss resort, fjellturar, bålkos, rafting mm. Turer i Noreg & USA: San Francisco/Silicon Valley
På Data & Friluftsliv får du det beste av to verdenar.
Linja her nesten full, vi har kun spart to ledige plasser til jente/faglig sterk elev for å skape balanse i gruppa.
Skulen har lange tradisjonar innan begge områda.
Finn ut om karriere innan data er for deg, samtidig som du nyttar friluftslivet på Voss og kan stå mykje på ski.
Bli med til verdens episenter for teknologi - Silicon Valley. San Francisco, campingtur og LA!
DATA
Du lærer og prøver ut dei viktigaste fagområda innan data, og blir godt rusta til å velje retning vidare.
Fagområde: programmering, grafisk design, 3D, spel, animasjon.
Du vil arbeide både breitt og djupt med data, og utvikle kompetanse og interesser innan ulike fagområde.
FRILUFTSLIV
Friluftsliv i verdas vakraste bygd, ski-og idrettsbygda Voss! Fokus på samhald, meistring og læring
Du vil ha friluftslivperiodar utover året med lærerar som har lang erfaring.
Her er noko av det du kan forvente å oppleve:
- alpint og off-piste i Voss Resort, utvikle skiferdigheiter i og utenfor skibakken
- fjellturar og telturar i vakker vestlandsnatur
- havkajakk i Nærøyfjorden
- leik og trening i Vossabadet
- ulike idrettsaktivitetar
- leirdueskyting på lokal skytebane
- opplevelser på skulen si eigen seter på Upsete
- bålkos
- rafting
- muligheit for fallskjermhopping
Kvar fredag er det valgfag heile dagen, vi har fleire ski, idrett og ekstremsportsfag du kan velje i tillegg til linja.
Instagram #vossfhs
