LAN Paintball Gocart
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
To ganger i året arrangerer vi LAN for heile skulen, ein av dei er på "fjorårstreffet" når elevane som gjekk ifjor kjem tilbake til skulen. Dette er utruleg kjekke LAN med ulike comps i alt fra CS, Smash, FIFA til Mariocart. Ofte vert det òg VR, SingStar og Let’s Dance.
På utenlandstur eller på fagturar til Bergen dreg vi på Paintball, Gocart og gjerne lazertag. Me planlegg aktivitetane ilag, slik at dei blir best mogeleg for gruppa, det kan og innebere å prioritere mellom aktivitetar.
Tech i storby – action og eventyr i Portugal
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
Meals included per day: 1
Eit av årets store høgdepunkt – ein heilt unik tur som kombinerer tech og business med natur, historie, action og opplevingar! Perfekt for Data & friluftsliv! Vi startar i storbyar som London eller Berlin, der vi besøker spennande "tech"- bedrifter, events og museum, og får eit ekte innblikk i teknologi og spelutvikling. Kanskje det blir GoKart mellom bedriftsbesøka – berre fordi me syns det er gøy!
Etterpå flyg me sørover til vakre Portugal. Portugal er avslappa og eventyrleg på same tid – perfekt for oss som vil oppleve mykje og samtidig nyte livet.
- surf & strandliv
- snorkeling i vakre laguner
- magiske grotter og strender
- fantastisk mat og lokale marked
- trekking langs vakre kyststiar
- vakre slott og historie
- lokale festivalar
- sykling i vakre landskap
Vi reiser med tog langs den magiske Algarve-kysten og vidare oppover mot Lisbon, og oppdagar ikoniske stader som Ria de Formosa, Sagres, Sintra. Undervegs konsertar, friluftsliv og lokale festivalar - opplevingar som gjer turen heilt spesiell. Ein tur med innsiderblikk – ekte opplevingar, lokale perler og mykje meir enn det vanlege turistane ser!
Me planlegg aktivitetane saman, slik at turen blir slik gruppa vil ha den. Dette er turen som samlar klassen, gir påfyll for både hovud og hjarte – og som du kjem til å hugse resten av livet.
Vintertur i Vossafjell
Mandatory: Nei
Price: Included in course price
Bli med på vintereventyr! Vi har kjekke vinterturer til skulen sine hytter på Upsete og i Voss Resort. Og vi drar til vakre Mjølfjell. Det er kort reiseveg - vi går til gondolen i Voss Resort som tek oss til fjells og toget til de andre hyttene tek rundt 40 minutt. På desse turene brukar vi fjellski. Saman nyt me det enkle frilufslivet og roen i naturen. Turane varer i 2-5 dagar og mat er inkludert. I tida rundt påske er det særlig fint i fjellet når vi er på tur. Vi har tilgang til hytter på vinterturane våre, men dei som vil kan sove ute i telt eller snøhole. Me planlegg turene i lag, slik at den blir best mogeleg for gruppa.
Aktivitetar på turane er:
- lage og bu i snøhole eller iglo
- bålkos og mat på bål
- nydelige fjellskiturar i natur som tek pusten fra deg
- topptur om du vil
- sikkerheit og gode rutevalg i vinterfjellet
- badestamp og vinterbad (om du vil)
- måneskinnstur og stjernekikking med teleskop
Litle Færøy
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
Duration: 5 dager
In the autumn, we travel to Litle Færøy – a tiny island as far west as you can go!
A place where you'd never think anyone could live.
Here, Roar lives with a few wild sheep.
We explore life on the coast: you'll learn to row and sail.
We cook our own food, catch and clean fish, and live simply.
One week where the simple life is in focus.
Bli kjent hytteturar
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
Duration: 2 - 3 dager
Vi dreg på fleire “bli kjent”-hytteturar i Vossafjella – gjerne saman med andre linjer. Desse turane gir både naturopplevingar og nye vener – vi blir kjende med fjella vi skal boltre oss i når vinteren kjem, og ikkje minst med kvarandre. På turen med Fotografi & kortfilm har vi eit felles fagprosjekt – ein kjekk måte å kombinere fag, kreativitet og fellesskap på!
Det fine med å gå på ein skule der naturen ligg rett utanfor døra, er at du blir ekte glad i å vere på tur. Og ingenting slår følelsen av å vere ute saman med gode folk! Vi nyt naturen, går flotte toppturar, lagar skikkeleg god mat. Ei av hyttene har har badestove, badeplass og fjellturar rett utanfor døra. Slike turar skaper gode minner, sterke vennskap og eit fantastisk læringsmiljø.
Datafaglig tur til Bergen
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
Bergen er kun en togtur unna. Vi samarbeider med Informatikk ved Universitet i Bergen og drar på flere lærerike besøk i løpet av året, blant annet innen Datasikkerhet. Du får innblikk i livet som "data" student. Vi treffer tidligere elever fra vår linje og lærer om livet som student. Vi ser at mange av elevene våre finner sin retning videre, de datafaglige turene våre er viktige i denne prosessen.
Det blir også besøk til Media City som har studier i Kunstig intelligens, Informasjonsvitenskap, Interaksjonsdesign.
Vi kjøper månedskort på toget til Bergen flere ganger i året, slik at du kan reise når du vil på fritiden også! Det skjer masse i Bergen innen data og spillutvikling som vi kan være med på. Vi drar på bedriftsbesøk, konferanser, foredrag og annet vi syns er intressant. Dette bestemmer lærer og elever sammen.
Telttur & båttur i Nærøyfjorden
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
Duration: 2-3 dager
Meals included per day: 2
Hver vår nyter vi de første nydelige vårdagene i Nærøyfjorden. Norges mest ikoniske UNESCO-verdsarvstad! Kun 45 minutter fra Voss Folkehøgskule. Fotografi & Kortfilm og Data & friluftsliv dreg samen på turen.
Vi camper i en ramme av stupbratte, snødekte fjell, ville fossefall og levande kulturlandskap. Vi koser oss rundt bålet med god mat, bader og går tur langs postvegen. Ikke minst er det fint å finne roen sammen etter et aktivt år. Data & friluftsliv padlar havkajak til leiren, medan Fotografi & Kortfilm tek båt. Denne turen vil garantert gje deg minne for livet og ein heilt unik oppleving av Noregs natur. Det er balsam for sjela å møte våren i dette landskapet i lag med gode venner.