Til hovedinnhold
Få ledige plasser

Lær film & foto gjennom praktisk arbeid og eksperimentering i eit kreativt miljø. Filmfestivalar og utstillingar. Kunstfoto og kortfilmar. Analogt og digitalt. Interrail gjennom Europa.

Film og Foto har fokus på praktisk tilnærming, kreativt og skapande arbeid. Med støtte fra erfarne lærarar, realiserer du dine kreative idear og prosjekt. Gjennom utforskning og eksperimentering utviklar du deg som filmskapar og fotograf. 

Me jobbar både digitalt og analogt med fotografi og lagar fleire utstillingar. Opplev magien i mørkerommet og jobb med gamle teknikkar i moderne uttrykk. Lær å lage pinhole-kamera og delta på den internasjonale pinhole-dagen.Me arbeider mot filmfestivalar som Amandus Studentfilmfestival og Minimalen. Dei siste åra har me blitt nominert på begge festivalane! På hausten besøkjer me Bergen Internasjonale Filmfestival der vi får sjå mange spennande førpremierar. 

 

Skulen har eit spennande kreativt miljø med mange mogelegheiter for samarbeid. Linja jobbar tett med Jazz-linja og Lyd og Musikkproduksjon. I fellesskap lagar me musikkvideoer, stumfilm med livemusikk og produserer utstllingar saman. Kvart år jobbar me for eksterne aktørar som Vossa Jazz, Osafestivalen og Ekstremsportfestivalen. Ei fantastisk mogelegheit til å prøve seg på å jobbe profesjonelt. 

Som elev på Voss Folkehøgskule vil du alltid ha mogelegheit til å prøve noko av det som gjer Voss til Voss. Alle elevar får årskort til Voss Gondol og skiheisane og flytid i Vossvind. I tillegg har du mogelegheita til å prøve ulike aktivitetar gjennom dei varierte valfaga våre. 

@vossfhsfilmfoto

@vossfhs 

Sjekk flere filmer her: 

https://www.youtube.com/channel/UCRGHz31j-OZj8IC9VbkDfSA

 

Linja passer for alle som har interessere for fotografi og filmskaping, ingen forkunnskaper er påkrevd.

Dette vil du lære

  • Analogt foto
  • Lyssetting
  • Kamerateknikk
  • Mørkerom
  • Ideutvikling
  • Fortelljarteknikkar
  • Manus
  • Kreativitetsteori
  • Premiere Pro 
  • Photoshop

Våre forventninger til deg

Du treng ingen forkunnskaper, det viktigaste er at du har lyst til å prøve, utforske og utvikle deg innan faget. Me forventer at du deltar i undervisninga med ei positiv innstilling og med ønske om å skape gode opplevelser – både for deg sjølv og klassen din.

Studietur: Interrail i Europa!

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

I november reiser me på interrail og besøker spennande storbyar. I år reiser me til København, Berlin, Praha, Wien og Venezia - ei fantastisk reise med tog gjennom Europa! Me besøker film- og fotoskular, galleri og museum. Me planlegg turen saman slik at turen blir «vår», med fokus på samhald, turglede og felles opplevingar. Det er viktig for oss å reise grønt, derfor reiser me kollektivt med tog gjennom Europa. 

 

Studietur: Kajakk & camping i Nærøyfjorden

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 2-3 dager

Måltider pr dag inkludert: 2

Hver vår nyter vi de første nydelige vårdagene i Nærøyfjorden, kun 45 minutter fra Voss Folkehøgskule. Data & friluftsliv, Film & foto, Lydproduksjon og Jazz drar sammen på denne turen.

Nærøyfjorden, den vakreste og villeste av sidearmane til Sognefjorden, står på UNESCOs verdensarvliste. Vi camper i en ramme av stupbratte, snødekte fjell, ville fossefall og levande kulturlandskap. Fjorden er 17 km lang og på det smalaste er den 250 m brei. Båtturen gjennom Nærøyfjorden er ein av dei mest dramatiske fjordturane i Europa. 

Vi sover i telt, koser oss rundt bålet, bader, går tur langs postvegen og besøker musem. Ikke minst er det veldig fint å finne roen sammen etter et aktivt år. Turen er et eldorado for alle bilde og filmintresserte. Data & friluftsliv pleier å kajakke ut til leiren vår i havkajakk. 

Studietur: Seiltur i vakre Hardangerfjorden

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 2-3 dager

Måltider pr dag inkludert: 3

På høsten reiser vi på en tre-dagers seiltur med Seilbåten Mathilde. Vi seiler i den vakre Hardangerfjorden og legger til kai på holmer og spennende småsteder underveis. Vi lærer om livet på en seilbåt, knuter og spennende fortellinger om store seilas. Bading midtfjords, soving i hengekøyer under dekk, fantstisk mat, klatring i riggen og tid til å bare slappe av og nyte utsikten. En fantastisk bli-kjent tur!  

Camilla L. Haukedal

Lærar film & foto

For Camilla er livet å vere kreativ. Alt innan foto, film, teater og dei fleste andre kunstformer er spennande, i følgje ho. Mest av alt elskar ho å hjelpe elevane til å dyrke sin eigen kreativitet. Camilla er sjølv utøvande kunstnar og har delteke på ei rekke utstillingar og filmfestivalar. Ho har bachelorgrad i foto og master i kunst med fordjuping i film frå Kunsthøgskulen i Bergen. 

Epost: camilla.haukedal@voss.fhs.no
Nettside

Timeplanen er variert

•    morgonsamling: kvar dag
•    linjefag: 3 dagar i veka: måndag, onsdag og torsdag, 15t
•    valfag: 2t tirsdag og heil dag fredag
•    fellesfag og fellesaktivitetar: 1,5 dag, tysdag og laurdag
•    laurdagsundervisning dei fleste laurdagane
•    elevkveldar
•    linjeveker
•    prosjekt
•    reiser

Last ned timeplan som pdf ↓

Denne får du ved studiestart. 

Voss har varierte valfag. Du vel valfag for hausten, og på nytt frå nyttår. Vi har delt valfaga inn i fagkategoriar som inneheld ulike fag. Vi har linjedagar kvar mandag, onsdag og torsdag. Vi har fellesdagar kvar tirsdag og laurdag og valfag tirsdag morgon og heile fredagen!

Data

Eksempel på fag: Spel-design, Grafikk, Årbok, Fotoredigering, Elektronikk. Er du datainteressert og vil lære meir?

Ekstremsport

Voss er et internasjonalt senter innan ekstremsport og på Voss kan du få høve til å prøve fleire sportar i våre valfag, smakebitar der du kan finne ut om dette er noko for deg. Ekstra kostnader. 

Film og Foto

Eksempel på fag: Kamera, Regi, Produsent, Redigering, Animasjon, Filmanalyse. Du får lage film, eller du får sjå og diskutere film frå ulike sjangrar.

Improteater

Lær å stå framfor ei forsamling utan manus, og kjenn at det går bra! Lær om lytting, tilbod, aksept, spontanitet, status og fortellerteknikk. Leik, latter, sjølvtillit og samarbeid på ein ny måte!

Kajakk

Pris: 500,-

Ønsker du å lære deg havpadling? Skolen har kajakker som du kan bruke på egenhånd. Intro kurs havkajakk blir gjennomført. Pris inkluderer leige av kajakk + kursbevis.

Kreativ dans

Lær nye måtar å skape koreografi på i lag med andre! Lær å bruke dynamikk, uttrykk, musikalitet, partnerarbeid. Me øver på enkle akrobatiske element og løft. Ingen forkunnskapar nødvendig.

Kunst & handverk

Fag kan vera: Teikning, Grafikk, Strikking, Sløyd og Foto. Å vere kreativ er sentralt for alle menneske. Her kan du skape sjølv. 

Musikk

Fag kan vera: Band, Studio, Innspeling, Teori, Stå på scenen. I musikk er det viktigaste å spele saman; her møtest øving og teori. Skulen har eige lydstudio, kanskje det beste mellom Bergen og Oslo?

Pilates og stretching

Pilates er styrketrening med eigen kroppsvekt, med særleg fokus på stabilitets- og kjernemuskulatur. I tillegg lærer du skadeforebyggande tøying. Perfekt som supplerande trening til ein kvar idrett!

Ski og Snowboard

Døme på fag: Alpint, Snøbrett, Frikøyring og Skitur. I frikøyring må du vera god på ski eller snowboard. Elles krev vi ingen forkunnskapar. Det største skisenteret på Vestlandet rett ved skulen.

Smart student

Rekningar, utgifter, matbudsjett, vekesmenyar, husleigekontrakt, studieteknikk, jobbsøking, CV, kreditt og inkasso, reparasjon av eige tøy og utstyr? Få ei praktisk innføring i smart studentliv!

Trening

Aktivitet ladar batteria. Våre aktive valfag kan til dømes vera: Ballspel, Buldring, Basistrening, Bordtennis, Yoga, Mental trening.

Tur & natur

Faga kan innehalde: Tur- og naturglede, Fjelltur, Sykkel, Bær, Fiske, Smalahovud, Isbading, Grøn livsstil. Voss er omkransa av fjell og vakker natur. Her kan du oppleve og lære meir om naturen.

Vindtunnel

Pris: 7 000,-

Lær deg å fly i formasjon i lagsporten vindtunnelflyging! Me vil gå metodisk gjennom forskjellige teknikkar for kroppsflyging og konkurranseforma FS4A. Avsluttar med mogelegheit for NM hos Voss Vind!

Stisykling

Pris: 600,-

Voss er omringet av sykkelstier. Vi kan ta gondolen opp og sykle ned igjen til skolen! Passer for deg som er nybegynner og har syklet før. Oppfordres til å ha egen sykkel, men kan også leige sykkel.

Voss har fantastiske linjer, ca 30 varierte valfag og dyktige lærarar. Her fordjuper me oss i faga! Unike fasilitetar i sentrum av ekstremsport- og kulturbygda Voss, og spennande studieturar i inn- og utland. Her får du både utfording og meistring i eit inkludernade fellesskap. Opplev draumane dine, velkommen til Voss!

Linjer ved skulen

Les mer om skolen

Fra kr 129 500,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på rommet
  • Bad på gangen
  • Heilårskort Voss resort (gondol og skiheisar)
  • Skulegenser
  • Flyging i vindtunnel, Vossvind
  • Adobe grunnlisens
  • Studietur: Interrail i Europa!
  • Studietur: Kajakk & camping i Nærøyfjorden
    • Mat (2 måltider per dag)
  • Studietur: Seiltur i vakre Hardangerfjorden
    • Mat (3 måltider per dag)
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 129 500,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 129 500,-
(12 950,- per måned)
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr på rundt 2500 kroner. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Husk at du også trenger penger til dette

  • Mat på studietur Interrail i Europa!
  • Noen ekstra måltider på studietur Kajakk & camping i Nærøyfjorden (2 måltider per dag er inkludert)
  • Enkelte valgfag
    Noen av våre valgfag koster penger. Les mer om valgfag lenger opp på siden. Du velger valgfag først når du begynner på skolen.
  • Ta kontakt med skolen for mer informasjon om kostnader for alternativ mat (allergi, intoleranse etc.)
  • Utstyr til linja (se Utstyr til linja nedenfor)
  • Hjemreiser fra skolen:
    • Høstferie, juleferie, vinterferie, påskeferie
  • Lommepenger. På bloggen forteller fire elever hvor mye lommepenger de brukte i løpet av sitt år på folkehøgskole

Dette utstyret får du låne av skolen

  • Kinosal - linja har eigen kinosal!
  • Mac-lab til redigering og etterabeid.
  • Software  - Adobe CC
  • Black Magic
  • Canon 7D mark II
  • Mørkerom
  • Studio
  • Green screen
  • Go Pro
  • DJI Ronin
  • Lydutstyr - Zoom- og Shotgunmikrofon
  • Lysutstyr - Godox og Elinchrome

Dette utstyret må du stille med selv

  • Speglrelflekskamera
  • SD-kort

Me prøver å tilrettelegge så langt det går for at alle kan delta på linja, ta kontakt for meir info.

Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Dette seier tidlegare elevar

Daniel Whittle Stensland

Å gå på Voss Folkehøgskule betydde ekstremt mye for meg. Nytt sted, nye venner og nye muligheter! Voss er et vanvittig flott sted og skolen og menneskene på skolen er bare enda bedre!

Daniel Whittle Stensland

Før jeg begynte på Voss hadde jeg ingen praktisk erfaring med det å skrive manus, regissering eller redigering. Har skrevet, filmet og produsert filmer. Har du lyst å utfordre deg selv, er film- og fotolinjen på Voss en perfekt plass å begynne!

Frå bloggen

Olav i Arbeid!

Olav Helland (31) fikk diagnosen Asperger syndrom som 10-åring. Han drømte om å starte Oslo Fantastiske Folkehøgskole – som var et webbasert prosjekt – og del ...

Les meir på bloggen ▷

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

Foto/Opplevelser

Elverum folkehøgskule
Heilårskurs16 t/ukeFrilynt

Analog foto

Fana folkehøgskule - Bergen
Heilårskurs13 t/ukeFrilynt

Fotoreise

Sogndal folkehøgskule
Heilårskurs18 t/ukeFrilynt

Instarail - Foto, Reiser og Opplevelser - Europa

Stord Folkehøgskule
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Kunstfoto

Sund folkehøgskole
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Foto Villmark

Alta folkehøgskole
HeilårskursKristen

Foto - fashion og kunst

Skjeberg Folkehøyskole
Heilårskurs17 t/ukeFrilynt

Foto din stil

Skogn folkehøgskole
Heilårskurs14 t/ukeFrilynt

Nordiska Fotoskolan

Nordiska folkhögskolan
Få ledige plasser
Heilårskurs32 t/ukeFrilynt

Naturfoto

Lofoten folkehøgskole
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

FotoVideo OSLO

Rønningen folkehøgskole
HeilårskursKristen

Global foto

Solborg folkehøgskole - Stavanger
Heilårskurs16 t/ukeKristen