Til hovedinnhold

Musikal Teater, haust 2024

Søk på linja

Muskallinja - scena er di! Du får proff undervisning i song, teater og dans, Du får sette opp forestillingar på små og store scener. Workshops. Muligheit for å ta heilt år.

Du tenker at du står på scena saman med mange andre, musikken løfter rommet, du syng, dansar og mottar applaus frå publikum! Eller kanskje du sat som publikummar med gåsehud og tenkte «det der vil eg også vere en del av!» Då er Musikal Teater perfekt for akkurat deg, for her er det plass til alle uansett erfaring! No kan du også gå halvårskurs hausten 2022.

Musikal Teater på Sunnfjord Folkehøgskule har som mål å gje deg muligheit til å utvikle deg i eit profesjonelt miljø. Målet er å bygge opp eit godt grunnlag og førebu deg til vidare utdanning innan teater og musikal-teater. Halvårskurs vil naturleg nok ikkje gje same utbytte som heilårslinja, men du vil kunne få verdfulle opplevingar og erfaringar å ta med deg vidare.

Sunnfjord Folkehøgskole baserer si teaterundervisning på Meisner Technique, ein kjend amerikansk metode for skodespelarutdanning. Tidlegare erfaring med teater er ikkje viktig. Innsats, ønskje om å jobbe seriøst og utfordre deg sjølv er det viktigaste!

Vi vil jobbe med klassiske og moderne tekstar frå heile verda. I tillegg til rein teaterundervisning vil du vere innom vokal teknikk, tekstframføring, scenekamp, fysisk teater og korleis du skal klare deg og utvikle deg i denne bransjen. Du vil få erfaring med å jobbe på tradisjonelle scener og spesifikke lokasjonar ute i naturen eller i bymiljøet.

På musikal-linja lærer du song, dans og teater, og du får tid til å fokusere på teknikk og formidling.

Linja er for deg som har lyst til å stå på scena og lære song, dans og skodespel. Du har kanskje gått i kor eller på kulturskule, i amatørteater eller revy? Eller blei det kun speilet på baderommet?

Dette vil du lære

  • Skodespel
  • Dans
  • Regi
  • Sangteknikk
  • Erfaring som utøvande skodespelar i ulike sjangrar
  • Å uttrykke deg på ein god og kreativ måte
  • Forme en god CV, vite kva gode headshots er og lage ein kreativ showreel. Dette vil hjelpe deg videre og gi deg ein fordel og eit godt grunnlag for videre utdanning.

Våre forventninger til deg

Du er nysgjerrig på å lære meir om utøvande sceneuttrykk, trene deg opp fysisk via dans og sceneaktivitetar, du synes det er gøy å spele på ei scene saman med andre. Du treng ikkje masse erfaring, men du treng ei positiv og støttande innstilling som kan gjere andre glad. Ikkje minst: Ikkje ta seg sjølv så veldig høgtideleg!

Jeff Pedersen

lærar Musikal Teater

Jeff er ein erfaren skodespelar og regissør. Han er frå USA, men har budd i Norge i mange år og snakkar godt norsk. Før det var han 14 år i London. Jeff har eit stort kontaktnett og har arbeidd med skodespelarar som Tom Hanks, Kevin Spacey og Meg Ryan. Han har også undervist i drama på Bårdar Akademiet i Oslo. Jeff har lang erfaring frå arbeid med film, tv, teater og dataspel. Les meir om Jeff her

Epost: jeff@sunnfjord.fhs.no
Telefon: 99128928

Fra kr 59 600,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på gangen
  • Påmeldingsavgift
  • Treningsstudio
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 59 600,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 59 600,-
(11 920,- per måned)
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr på rundt 2500 kroner. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Dette utstyret må du stille med selv

Ulike typer dansesko

Vi legg til rette for deg så godt vi kan og gjer justeringar i samråd med deg. Ta kontakt med oss i god tid om du har behov for tilpassingar eller lurer på om vi kan legge til rette for deg.

Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Frå bloggen

Her er de nye folkehøgskolelinjene

Les hvilke helt nye linjer du kan søke på skoleåret 2024/2025.

Les meir på bloggen ▷

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

Grafisk design - høst

Skjeberg Folkehøyskole
Halvårskurs høst17 t/ukeFrilynt

Norwegian Language and Culture

Stavanger Urban Folkehøgskole StUF
Halvårskurs høstFrilynt

Multisport X, høst 2024

Rødde folkehøgskole – Trondheim
Halvårskurs høstKristen

Klassisk piano og strenger (Halvårskurs)

Toneheim Folkehøgskole
Halvårskurs høstFrilynt

Klassisk stryk (Halvårskurs)

Toneheim Folkehøgskole
Halvårskurs høstFrilynt

Høsteventyr 2024 - Friluftsliv i nord

Folkehøgskolen 69 Grader Nord
Halvårskurs høstKristen

Ekstremsport på Reisefot - Høst 2024

Seljord Folkehøgskule
Halvårskurs høst15 t/ukeFrilynt

E-sport Aktiv, haust 2024

Sunnfjord Folkehøgskule
Halvårskurs høstKristen

Backpacker Multisport - Høst 2024

Seljord Folkehøgskule
Halvårskurs høstFrilynt

Fjellsport og Kajakk (høst)

Vefsn Folkehøgskole - Toppen
Halvårskurs høst15 t/ukeFrilynt

Friluftsliv X // Bali - haust 24

Møre Folkehøgskule
Halvårskurs høst15 t/ukeFrilynt

Jazz/Rytmisk (Halvårskurs)

Toneheim Folkehøgskole
Halvårskurs høstFrilynt