
- Manger Folkehøgskule
- Telefon: 56348070
- E-post: kontor@manger.fhs.no
- Kurslengde: Heilårskurs
- Studietur: Studio, live-konsert og kultur
- Verdigrunnlag: FrilyntDei frilynte folkehøgskulane har verdigrunnlag som ikkje tek utgangspunkt i eitt bestemt livssyn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
-
Tilbyr: Vegetar, veganDei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
- Miljøsertifisering:
MiljøfyrtårnSertifisering for skoler som dokumenterer miljøinnsats og viser samfunnsansvar.
- Stad: Manger, Vestland
- Oppstartsdato: 25.08.2024
- Linjefag: 19 timar/veke
- Pris: fra 126 000,-
Lag låtar og beats! Bli kjent med software, teknikkar og metodar! Me gler oss til å visa deg det profesjonelle utstyret vårt og gjera deg kjent med god lyd. Har du ein musikkprodusent i magen?
Kva skjer frå ein får ein melodi i hovudet til ein fiks ferdig låt strøymer frå høgtalaren? Kva skal til for å styra spakane i eit lydstudio eller på ein konsert? På linja Musikkproduksjon får du svar, teoretisk ballast og rikeleg med erfaring frå skulen sine studio.
Musikkproduksjon handlar om å laga og produsera musikk. I skulen sine studio har du tilgang til profesjonelt utstyr og fasilitetar med store og gode innspelingsrom.
Mykje av undervisninga går føre seg via praktisk «hands-on» jobbing i studio der du lærer lyd- og musikkproduksjon – oftare med ein mikrofon i handa enn ein blyant. Innanfor dette fagfeltet er det viktig å eksperimentera, både med software, ulike mikrofonar og plasseringar, produksjonsteknikkar og -metodar. Skulen bruker bransjestandard programvare fra Universal Audio, Slate Digital, Fabfilter, Xfer, Softube, Waves, Sonnox, Spectrasonics og Native Instruments.
Vi tar for oss heile prosessen:
- lage låtar og beats
- produksjon og arrangement
- innspeling og redigering
- miksing og mastering
På timeplanen står og fag som:
- Musikkorientering
- Høyrelære
- Låtskriving
- Musikkteori
- Individuelle timar på instrument/produksjon