
- Manger Folkehøgskule
- Telefon: 56348070
- E-post: kontor@manger.fhs.no
- Kurslengde: Heilårskurs
- Studietur: Konsertturné og kultur i brassbandverdas vugge
- Verdigrunnlag: FrilyntDei frilynte folkehøgskulane har verdigrunnlag som ikkje tek utgangspunkt i eitt bestemt livssyn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
-
Tilbyr: Vegetar, veganDei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
- Miljøsertifisering:
MiljøfyrtårnSertifisering for skoler som dokumenterer miljøinnsats og viser samfunnsansvar.
- Stad: Manger, Vestland
- Oppstartsdato: 27.08.2023
- Linjefag: 19 timar/veke
- Pris: fra 126 000,-
Me er stolte av å presentere den einaste brassbandlinja i landet. Har du slite ut nokre sko i skulekorps? Me tar deg nokre steg lenger med inspirerande undervisning tilpassa til ditt nivå.
Dette er linja for deg som har slite ut nokre sko i skulekorpset og er klar for meir! Brassbandlinja gir deg akkurat det – meir musikk. Dyktige lærarar sørgjer for variert og inspirerande undervisning tilpassa deg og det nivået du har nådd med instrumentet ditt. Gled deg til mykje godt samspel!
Hjå oss møter du likesinna ungdom på alle nivå. Nokre har ambisjonar om å gå vidare på høgare musikkutdanning, medan andre vil ha korps som ein givande hobby.
Gjestar frå inn- og utland
Brassbandlinja nyt godt av eit stort kontaktnett i Noreg, men også rundt omkring i Europa. Me får jamleg besøk av gjestedirigentar på toppnivå som jobbar med profesjonelle orkester, militærkorps og dei aller fremste brassbanda i verda.
Samspel
Hovudfokus på brassbandlinja er samspel i fullt brassband. I løpet av ei veke har me 2–4 fellesøvingar. Musikkutvalet er, saman med dirigenten, med på å avgjera kva som skal spelast på dei ulike prosjekta.
I løpet av året deltar brassbandet mellom anna på kveldskonsertar saman med lokale korps, turnéar og ikkje minst vår eigen julekonsert og avslutningskonsert. Du får og mange moglegheiter til å spele på kryss og tvers av alle linjene med eigne arrangement, blåserekker for band og storband.
Mange av våre elevar finn seg eit korps å spele med på fritida, og skulen legg tilrette for at dette skal vera mogleg og set deg gjerne i kontakt med lokale korps dersom du ynskjer det.
Hovudinstrument
Du får individuelle timar saman med topp kvalifiserte instrumentallærarar.