Manger folkehøgskule

  • Elevplasser: 60
  • Undervisningstimer pr. uke: 30
  • Skolestart: 25.08.2027
  • Verdigrunnlag:
    Frilynt?
    Dei frilynte folkehøgskulane har verdigrunnlag som ikkje tek utgangspunkt i eitt bestemt livssyn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
  • Tilbyr: Vegetar, vegan?
    Dei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
  • Miljøsertifisering:
    Miljøfyrtårn?
    Sertifisering for skoler som dokumenterer miljøinnsats og viser samfunnsansvar.
    Søk på skolenLinjer
    Musikkfolkehøgskulen på Vestlandet! På Manger folkehøgskule får du utvikla talentet ditt i lag med andre kreative, musikalske ungdommar og dyktige lærarar. Me lovar deg musikk frå morgon til kveld.  Bli med oss og ta musikken din eit steg vidare.

    Manger er ein frilynt folkehøgskule med rundt 60-65 elevplassar, og ligg på Manger i Alver kommune utanfor Bergen. Skulen har heil- og halvårskurs, fleire linjer og fordjupningsfag, moderne fasilitetar og lærarar med høg kompetanse. 

    Kvifor velje Manger?

    Manger folkehøgskule er for deg som vil utvikle talentet ditt i eit kreativt miljø. Du møter erfarne og dedikerte lærarar som dekkjer eit breitt fagområde.

    Dette står vi for

    På Manger folkehøgskule møter du engasjerte tilsette som ser deg og vil ditt beste.
    Her finn du arenaer for venskap og personleg utvikling – kombinert med eit godt fellesskap og mykje entusiasme i kvardagen. Vi håper du etter eit skuleår på Manger, vil kjenna at du meistrar, bryr deg og på mange vis veit meir.

    I løpet av skuleåret har vi tre valfagperiodar. Ein på hausten, ein på vinteren og ein på våren. Det er ulike former for musikk, sport, forming, spel, teoretiske fag og andre aktivitetar. Tilbodet varierer for kvar periode alt ettersom kva lærar eller elev som har timane. Det er ulikt frå år til år.

    Filmmusikk

    Her kan du læra meir om komposisjon, og samanhengen mellom musikk og film.

    Hesteriding

    Her lærer du å stelle hest, sale og ri.

    Kreative meg

    Kreative aktiviteter med fokus på indre prosessar. Me lagar zentangles, mandalas, draumefangarar m.m.

    Marknadsføring

    Her får du ei innføring i korleis du skal marknadsføre eit produkt.

    Piano

    Lær deg piano eller få hjelp til å vidareutvikle dugleiken din. Undervisninga er tilpassa ditt nivå.

    Storband

    Spel storbandmusikk av Leiva og Barnes. Mogleik for å spele eigne arrangement og improvisere.

    Konsert-trening

    Føregår som “åpen undervisning” der ein spelar for kvarandre, anten ein vil førebu seg til prøvespel eller berre trene seg på å spele for andre.

    Sibelius

    Få grunnleggjande dugleik i notasjons-programmet Sibelius.

    Kammerkor

    Har du sangglede og ynskjer å synge i eit mindre vokalensemble og utfordre deg sjølv, så er kammerkoret rette plass.

    Sang

    Lyst å utvikle stemmen din? Få sangtime med vår sangpedagog.

    Speleteknikk

    For messingblåsare som ynskjer å jobbe ekstra med korrekt speleteknikk.

    Musikkdokumentar

    Eit tilbod til elevar som ynskjer å sjå ulike musikkdokumentarar og diskutera innhaldet i desse. Ein får innsyn i ulike genre og blir kjend med korleis ulike artistar påverkar samtida og ettertida si.

    Strikking

    Her kan du få vera med i ei gruppe som strikker og prater. Me satser på å strikke tøfler som me skal tova i vaskemaskin. Om du vil kan du også få strikka ullsokker, pannebånd og andre varme bruksting.

    Yoga

    Ein introduksjon til enkel yoga og meditasjon.

    Isbading

    Ikkje ofte det er is på sjøen her i vest, men me kan lova at det er kaldt i vatnet.

    Bootcamp

    Gjer kroppen sterkare med sirkeltrening/intervalltrening.

    Forming

    Kreative aktivitetar som toving, laga t-skjorte, laga sitteunderlag og laga drops.

    Leseglede

    Ein slags bokklubb for deg som er glad i å lesa bøker (romanar/faglitteratur/tekstar). Her får du moglegheit til å diskutera/samtale kring det du har lest.

    Skulen ligg sentralt på Manger i Alver kommune ca. 50 kilometer nord for Bergen. Frå skulen er det i underkant av ein time køyring til Bergen. Det er fleire bussavgangar til og frå sentrum både kvardagar og i helgene.

    Frå Bergen

    Bergen er eit trafikknutepunkt for fly, tog, båt og buss. Frå Bergen sentrum er det gode bussforbindelsar til Manger. Turen med buss tar om lag 1,5 time.

    Flesland flyplass har forbindelse med heile landet og frå terminalen kjem du deg til sentrum på om lag 30 minutt. Jernbanestasjonen i Bergen ligg vegg i vegg med busstasjonen. Både Hurtigruta og snøggbåtar frå Sunnhordland og Sogn og Fjordane legg til i sentrum. Til Bergen busstasjon går det dessutan ekspressbussar både frå nord, aust og sør.

    Buss frå Bergen sentrum til Manger

    Buss nr. 320 går frå perrong C på Bergen busstasjon. For tider sjå skyss.no.

    Finn reiserute fra der du bor

    Årsplan 2026/2027

    • 26. august: Skulestart
    • 03 - 11. oktober: Haustferie
    • 18. desember - 04. januar: Juleferie
    • 20. - 28. februar: Vinterferie
    • 20. - 28. mars: Påskeferie
    • 13. mai: Heimreisedag

    Halvårskurs Vår-27

    5. januar: Skulestart

    Last ned årsplan som pdf  ↓

    Opptakskrav

    Opptaket skjer på bakgrunn av søknaden din og det du skriv om motivasjon, interesse og forventningar. Gje utfyllande opplysningar om bakgrunnen din og om kvifor du søkjer folkehøgskule generelt og den aktuelle faglinja spesielt.

    • Opptaket startar 15. november.
    • Aldersgrensa er 16 år.
    • Søknaden må vera fullstendig. Fyll ut alle felt.

    Bygninger

    • Dei fleste av våre bygg er universelt utforma, og dermed tilgjengeleg for rullestolbrukarar.
    • Vi har heis i dei fleste bygga.
    • Det er automatiske døropnarar på alle høvuddører og heisdører.
    • Vi har åtte rom for rullestolbrukarar.
    • Vi har fem einerom med bad, og tre utan bad.
    • Vi har innført støydempande tiltak i matsalen.
    • Vi har gjort tilpassingar for at det skal vera lettare for synshemma å gå på skulen vår, til dømes forsterka kontrastar, betre lys og betre merking.
    • Vi har fem HC-toalett.
    • Utearealet er oversiktleg og lett tilgjengeleg.

    Mat

    Vi tilbyr glutenfri mat, laktosefri mat og tilpassing til andre allergiar. Gi oss beskjed i god tid slik at vi kan legga til rette for deg. Vi tilbyr også vegetar, vegansk og halalmat til dei som ønsker det. Om det er mat du ikkje et av andre årsaker, ta kontakt med oss.

    Faglig og sosialt

    Vi tilpassar så langt det er mogleg slik at det blir mogleg for deg å delta på lik linje med dei andre.

    • Det kan t.d. vera:
    • Å tilpassa utstyr. 
    • Tilrettelegga for pausar.
    • Finna alternative løysingar om aktivitetane blir for omfattande
    • Vi har fokus på ein god og trygg oppstart og eit inkluderande miljø
    • Vi har internatleiar og andre tilsette som du kan snakka med om du ønsker det

    Ta kontakt med oss om for å høyra kva vi kan gjera for å tilrettelegga for behova dine.

    Viggo Bjørge

    Rektor

    Viggo kjem frå Eikanger i Alver kommune og har sjølv vore elev på Manger folkehøgskule – noko som gjer det ekstra fint å ha han tilbake som rektor. Han har lang erfaring som lærar og leiar, både i skuleverket og i kultur- og næringsliv, og er ein tydeleg og varm lagspelar. Ein kan trygt seie at Viggo er over gjennomsnittet interessert i musikk – spesielt korpsmusikk! Han har vore medlem av Eikanger-Bjørsvik Musikklag sidan 1977, og har hatt styreverv der i over 40 år.

    Epost: viggo.bjorge@vlfk.no

    Hilde Villanger

    Internatleiar

    Hilde er utdanna sjukepleiar og har i tillegg eit årsstudium i pedagogikk og dessutan studiepoeng innan organisasjon og leiing. Ho starta ved Manger folkehøgskule i 2015, og har hatt mesteparten av arbeidslivet sitt her – noko både kollegaer og elevar set stor pris på. Hilde er lett å prata med, har alltid godt humør, og brenn for psykisk helsearbeid blant ungdom og unge vaksne. På fritida lader ho batteria med styrketrening og turar i skog, mark og på fjellet.

    Epost: Hilde.Villanger@vlfk.no

    Kari Kvalheim Lunde

    Kontor

    Kari er ofte den første du møter når du kjem innom skulen eller ringjer oss – alltid med eit smil og godt humør. Ho er førstekonsulent på kontoret og tek seg av alt frå elevregistrering til utleige av skulebil. På fritida finn ho ro og energi i turar i naturen, trening, strikking – og ikkje minst fotballkampar.

    Epost: Kari.ranveig.kvalheim.lunde@vlfk.no
    Telefon: 56348070

    Jørn Bratland

    IT-konsulent

    Jørn har eit varmt engasjement for både folk og fag. Han er utdanna hjelpepleiar i vernepleie og har 19 års erfaring frå helsevesenet i Hordaland og Bergen. Etter eit spennande karriereskifte jobba han ti år i Bergen Software Services før han starta sitt eige IT-selskap. Sidan 2013 har Jørn vore ein stødig og hjelpsam IKT-konsulent ved Manger folkehøgskule – alltid klar til å finna løysingar med eit smil. På fritida finn du han gjerne ute i skog og mark, eller med fiskestonga i handa.

    Epost: jorn.bratland@vlfk.no

    Venera Arzumova

    Kjøkkensjef

    Venera er kjøkkensjef på Manger folkehøgskule, og er ein varm og dedikert kvinne som legg heile hjartet i jobben sin. Med over 11 års erfaring som kokk og 20 år på skulen, lagar ho mat med både kjærleik og omtanke – alltid god, næringsrik og velsmakande. På fritida nyt ho stunder med familien, slappar av på sofaen – eller oppdagar verda på reise.

    Epost: Venera.Arzumova@vlfk.no

    Grethe Westbø Tonheim

    Linjeleiar Brassband

    Grethe er trombonelærar på Manger Folkehøgskule, utdanna ved Bergens Musikkonservatorium og Noregs musikkhøgskole. Ho underviser med engasjement, tydelegheit og omtanke for andre, og har lang erfaring frå brassbandmiljøet. Ho spelar i BIT20 Ensemble Bergen og messingkvintetten BRIS, i tillegg til Bjørsvik Brass. Når ho ikkje er på scena, likar ho å segle og vandre i naturen, alltid med eit smil og ein varm energi som smittar over på elevane. Det mest meiningsfulle for Grethe er å få vere ein del av danningsreisa til ungdommen.

    Epost: Grethe.Tonheim@vlfk.no

    Oddrun Lie

    Linjeleiar og lærar Musikk, bu og fritid, lærar Stipendiat

    Oddrun er utdanna barnevernspedagog og har lang erfaring frå arbeid med barn, unge og familiar. Ho underviser i sosial kompetanse og fellestimar, og har vore på skulen sidan 2013. Oddrun brenn for å skapa eit miljø der elevar opplever meistring og utvikling. På fritida likar ho å læra nye språk, lesa bøker, og nyta ein god kopp kaffi.

    Epost: Oddrun.Lie@vlfk.no

    Margaret Antrobus

    Gjestelærar Brassband

    Margie er utdanna innan utøvande musikk og arbeider internasjonalt som dirigent, arrangør og dommar. Ho er ein dedikert og ettertrakta dirigent som inspirerer med både fagleg tyngde og ekte musikkglede. Blant nyare erfaringar har ho vore dommar i EM og dirigerte det Europeiske ungdomsbrassbandet i 2025. Manger folkehøgskule har alltid hatt ein stor plass i hjarta hennar – her er ho dirigent og lærar for brassband, stipendiat og heile skulen.

     

    Epost: Margaret.Sutherland.Antrobus@vlfk.no

    Silje Louise Spurkeland

    Linjeleiar og lærar Rytmisk

    Silje har utdanning frå Musikkonservatoriet i Agder og har undervist på Manger sidan 2011. Ho har reist verda rundt som frilans vokalist og korist – frå glamorøse oppdrag i Cannes til turnear med internasjonale reggaestjerner i Aust-Afrika – og har medverka på over 20 studioalbum. Silje har ein stor lidenskap for musikk, formidling og å inspirere elevar til å finna sin eiga songrøyst. Du kan alltid høyra den smittande latteren hennar på lang avstand.

    Epost: Silje.Louise.Spurkeland@vlfk.no

    Henning Anundsen

    Lærar Brassband og Musikk, bu og fritid

    Henning har vore ein del av Manger Folkehøgskule sidan 2009, der han dirigerer Brassbandlinja og underviser på Musikk, bu og fritid. Som ein roleg og sindig fyr inspirerer Henning elevar med tryggleik og engasjement. Utdanna ved Griegakademiet i trompet og musikkpedagogikk, dirigerer han også Skodvin Skulemusikk, er frilansmusikar – og spelar principal i Eikanger-Bjørsvik Musikklag.

    Epost: henning.anundsen@vlfk.no

    Jane G. Westervik

    Lærar Brassband

    Jane er trompet- og kornettlærar på skulen, utdanna ved Konservatoriet i Bergen og Guildhall i London. Ho har lang fartstid frå brassbandmiljøet og har spelt Principal kornett i Eikanger-Bjørsvik Musikklag i 20 år. I tillegg til å dirigere brassband og undervise i valfaget yoga, er Jane sporty og full av energi – ho elskar å dele musikkglede, inspirere og skape engasjement blant elevane.

    Epost: Jane.Westervik@vlfk.no

    Helga Vetås

    Lærar Brassband

    Helga har vore ein viktig del av Manger folkehøgskule sidan 1991. Ho er ein erfaren og svært kunnskapsrik messingblåsar som underviser i alt frå instruksjon, ensemble og grovmessing til valfag som sjøbading og toving. Utdanna ved Bergen Musikkonservatorium i euphonium og trombone med Kim Lofthouse som mentor, spelar Helga for tida euphonium i Bjørsvik Brass og Manger Old Star, alltid med engasjement og glede i undervisninga.

    Epost: Helga.Vetas@vlfk.no

    Vegard Vetås Aagaard-Nilsen

    Lærar og miljøarbeidar Musikk, bu og fritid

    Vegard har studert musikkterapi ved Griegakademiet og har vore ein del av Manger folkehøgskule sidan 2013 – som både musikklærar og miljøarbeidar på Musikk, Bu og Fritid. Med eit smittande engasjement og eit stort hjarte for elevane, skaper han rom for både musikkglede og meistring. Når han ikkje er på skulen, dirigerer han Hordabø Skulemusikk, underviser som slagverksinstruktør og er aktiv som frilansmusikar.

    Epost: Vegard.Vetas.Aagaard-Nilsen@vlfk.no

    Johan Modahl Leiva

    Lærar Rytmisk og Musikk og media

    Johan er komponist, låtskrivar og musikkprodusent med bakgrunn frå Berklee College of Music i Boston, der han studerte filmmusikk. Han har komponert musikk til filmar og reklamefilmar, og skapar i tillegg verk for orkester, blåseband, storband og brassband. Med godt humør og ekte engasjement brenn Johan for å formidla musikk som skaper stemning og forteljing – og han utfordrar elevane til å finne si eiga musikalske røyst.

    Epost: Johan.Leiva@vlfk.no

    Stian Alver-Villanger

    Lærar Rytmisk og Brassband

    Stian er utdanna frå University of Salford i England, der han studerte trommesett med Dave Hassell. Han er ein dyktig, energisk og allsidig musikar som trivst like godt bak trommene i jazz, rock og pop som på teaterscena eller i studio. Ved sida av undervisninga på Manger speler han i ei rekkje prosjekt – mellom anna Carsten Dyngeland Trio og Kvartett, Ole Amund Gjersvik Trio, Gjersvik/Wedberg/Villanger Trio og Bergen Festorkester.

    Epost: Stian.Villanger@vlfk.no

    Kristian Tvedt

    Gjestelærar Rytmisk

    Kristian er utdanna lydteknikar ved UiS og Idefagskolen, og har drive eige lydstudio sidan 2006. Han har jobba med artistar som God Seed, AURORA, Josefin Winther, Silja Sol, Herr Nilsson og mange fleire. Hovudinstrumentet hans er gitar, men den verkelege lidenskapen ligg i synt, modulærsynth og tekniske duppeditter. Kristian er ein mann det er lett å få tillit til – roleg, kunnskapsrik og alltid klar til å hjelpe. Han er mannen å spørje om du lurer på noko teknisk, anten det gjeld lyd, opptak, utstyr eller produksjon.

    Epost: Kristian.Fanavoll.Tvedt@vlfk.no

    Tina Hartwall

    Miljøarbeidar Musikk, bu og fritid

    Tina er utdanna helsefagarbeidar og har vore ein del av skulen sidan 2018. Ho er omsorgsfull, trygg og alltid klar til å stilla opp for både elevar og kollegaer. Før ho kom til oss, jobba ho på vidaregåande skule, i bufellesskap og på SFO. På fritida set Tina pris på gode stunder med familien, reiser, ei god bok – eller ein skikkeleg fengande TV-serie.

    Epost: tina.pernille.hartwall@vlfk.no

    Sigve Engeseth

    Miljøarbeidar Musikk, bu og fritid, Nattevakt

    Sigve kjenner folkehøgskulelivet frå innsida – han var sjølv elev her ein gong! Då kombinerte han jazzlinja med brassbandlinja, og fann gleda i å spele både tuba og baryton. Engasjert som få, har han i mange år vore aktiv i brassbandmiljøet i Hordaland og spelt i eit lokalt jazzband.

    Epost: sigve.engeseth@vlfk.no

    Kato Nogva Flem

    Akkompagnatør

    Kato er utdanna ved Griegakademiet, UiB, der han tok mastergrad under Jan Hovden og Torleif Torgersen. Han jobbar som pianist og akkompagnatør på folkehøgskulen, gir kompetimar og speler til skulekoret – alltid med eit roleg og ettertenksam personlegdom som skaper tryggleik og inspirasjon rundt seg. Når han ikkje er på Manger, er han Distriktsmusikar på Voss og frilans konsertpianist. På fritida finn du Kato i fjellet, på trening – eller i sjøen for eit forfriskande bad.

    Karen Ku Pena

    Kjøkken / Internatassistent

    Karen har vore ein del av Manger folkehøgskule i over 8 år. Ho kjem frå Peru og har budd i Noreg i over 10 år. Fleirspråkleg og med ein smittande latter, gjer Karen alle rundt seg glade – ho snakkar spansk, engelsk, portugisisk og norsk. Med bachelor i International Business hadde ho kanskje ein anna veg å gå, men lidenskapen for mat og smak fekk henne til å søkje jobb på kjøkkenet. På fritida elskar ho å trene og vere i lag med familien.

    Epost: karen.ku.pena@vlfk.no

    Hildegunn Urhaug

    Kjøkken/internat

    Hildegunn gjekk sjølv på Manger folkehøgskule 80/81, og etter skuleåret fekk ho arbeidstrening her – noko som vart starten på over 40 år i arbeid på kjøkkenet og internatet. Ho er alltid smilande, ser deg når du kjem inn døra og er utruleg flink til å hjelpa til på kjøkkenet. Når ho får ferie, pakkar ho gjerne kofferten og reiser til varmare strøk for å nyte sol og kvile.

    Ingse Bjørø Sæthre

    Kommunikasjonsrådgjevar, Nattevakt

    Ingse er utdanna frå Høgskolen i Stavanger og UiB, med mastergrad innan medieproduksjon. Ho har bakgrunn frå BTV – Bergens Tidende og som frilansar, før ho tok praktisk-pedagogisk utdanning i medieproduksjon. Sidan 2022 har ho vore ein kreativ og engasjert del av Manger folkehøgskule. På fritida liker Ingse å sjå film og reise på hyttetur med familien – både til sjøs og fjells.

    Epost: ingse.bjoro.sethre@vlfk.no

    Geir Rydland

    Prosjektmedarbeidar

    Epost: geir.rydland@vlfk.no
    Telefon: 41458767

    Linjer på Manger folkehøgskule

    Søk på skolenSkolens nettside

    Tidligere elever

    Lydia Haugan Helland

    Samarbeid på tvers av alle linjene gav mykje erfaring, og det var veldig kjekt å få synge med skulen sitt storband!

    Hanne Abelseth

    Mitt år på manger var et flott år som ga meg mange nye venner som jeg fortsatt har kontakt med!

    Aron Jasperr Lona

    Det aller beste er all inspirasjonen man får der. Manger folkehøgskule er fyllt med mennesker som ELSKER musikk! Det er en opplevelse bare å være en del av det.

    Anna Solnørdal

    På Manger får du tilgang på så mye! Fine øvingsrom, studio og dyktige, hyggelige lærere som inspirerer og hjelper.

    Hildegunn Muri

    Standarden på internatet er kjempebra!

    Ine Grace S. Sivertsen

    Jeg sitter igjen med at jeg hadde et fint år med masse opplevelser, og at jeg har lært så mye meg selv og andre på skolen. Og jeg har fått masse fine venner, som jeg hadde ikke trodd at jeg skulle få, etter året var ferdig.

    Nyheter

    Herman (20) gikk på folkehøgskole samtidig som han deltok i The Voice

    – Folkehøgskolen  har helt sykt bra utstyr, og lærerne er både flinke og aktive musikere selv, sier Herman Lie, finalist i The Voice 2025.

    Bo- og arbeidstrening på folkehøgskole

    Folkehøgskole skal være for alle! Her finner du mer informasjon om det tilrettelagte tilbudet for ungdom med utviklingshemming. Det lønner seg å planlegge skoleåret i god tid. Noen skoler starter opptaket allerede 1. november.

    Få gratis skolekatalog i postkassa!

    Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

    Bestill katalogen