
- Manger Folkehøgskule
- Telefon: 56348070
- E-post: kontor@manger.fhs.no
- Kurslengde: Heilårskurs
- Verdigrunnlag: FrilyntDei frilynte folkehøgskulane har verdigrunnlag som ikkje tek utgangspunkt i eitt bestemt livssyn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
-
Tilbyr: Vegetar, veganDei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
- Miljøsertifisering:
MiljøfyrtårnSertifisering for skoler som dokumenterer miljøinnsats og viser samfunnsansvar.
- Stad: Manger, Vestland
- Oppstartsdato: 27.08.2023
- Pris: fra 126 000,-
Likar du å skildre det du ser? Flyter orda fritt frå tanke til tastatur eller papir? Skriv du eigne dikt, manus, noveller? Likar du Beat Poetry? Leiter du etter din eigne skrivestil?
Ny linje!
På Skapande skriving kan du gjennom sjangeruavhengige skriveøvingar, lesing, konstruktive tilbakemeldingar i gruppe utvikle din eigen forteljing og lære om ulike aspekt ved tekstskriving. Gjennom skriveøvingar lærar du å bygge historier og karakterer, og utvikle miljøskildringar.
Drøymer du om å sitere din eigen poesi over ein heftig beat eller eit svevande lydlandskap? Her kan du arbeide i lag med andre linjer og lage ei heilt eiga verd.
I løpet av året kan de i fellesskap skrive ei eigen bok, skrive eigen poesi, og vera med å sette saman årboka vår.
Skulen er tett på Bergen og eit aktivt og manfoldig litteraturmiljø med ulike tilstelningar og kurs. T.d. Litteraturhuset. Skrivekunstakademiet. Bergen internasjonale litteraturfestival. Biblioteket i Bergen.
Skulen vil invitere inn kjente forfattarar og lyrikarar til forelesningar og workshops, og reise på aktuelle hendingar i nærleiken.