Alpane og Europa - Luftsport, ski og interrail
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
Duration: 17 dager
Turen går til både dei største og mest legendariske skistadane rundt St Anton, Innsbruck, Engelberg og Cortina, men også mindre perler som Bovec i Slovenia! Me reiser ofte saman med andre linjer ved skulen - det blir god stemning!
Me reiser gjerne gjennom 12 - 15 land, med det lengste opphaldet i Tirol i Alpane. I løpet av turen blir det gode moglegheiter for ski, surfing, paragliding og klatring. Om været tillet kan det hende det blir fallskjermhopping.
Turen har som mål å prøva ut sportane me har lært oss gjennom året i nye omgjevnader, men også å prøva nye ting og utfordra oss sjølv.
Det blir også litt tid til å oppleva kulturen i storbyar som til dømes Haag, Basel, Budapest og Praha eller mindre stader i Slovenia, Kroatia eller Italia. Me vel sjølv, og difor endrar turen seg frå år til år.
Me planlegg turen saman i løpet av skuleåret. Elevane er med å legge reiseruta, slik at turen blir «vår». Samhald, turglede og felles opplevingar er i fokus.
Me har valgt å reisa med tog for å:
- nå unike stader med kultur og begivenheiter me vil få med oss, som me ikkje får med ei typisk flyreise
- ha fleksibilitet til å leggja opp reiseruta som me vil
- kunne flytta oss etter den gode snøen og det gode været
- kunne ha med nok utstyr
- læra om interrail og togreiser
- reisa mykje meir miljøvennleg enn med fly
Turen går dei siste vekene i mars.
Bli med oss på eventyr!
Havkajakk i Nærøyfjorden
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
Duration: 3 - 5 dager
Bli med oss på ei uforgløymeleg padletur i den fantastiske Nærøyfjorden, Noregs mest ikoniske UNESCO-verdsarvstad! Me padlar havkajakk frå Gudvangen til Undredal og bur i telt fleire stader langs fjorden. På vegen kan me gå i land og gå fjellturar til gardane «der ingen skulle tru at nokon kunne bu».
Bratte fjell som stupar ned i fjorden, krystallklart vatn, gamle gardar og spektakulære fossefall gjer denne turen unik, men det er samhaldet i klassen og dei fine opplevingane kring bålet som kanskje skapar dei beste minna.
Enten du er nybyrjar eller ein erfaren padlar, vil det bli ei lærerik oppleving.
Denne turen vil garantert gje deg minne for livet og ein heilt unik oppleving av Noregs natur.
Bli med oss på ei fantastiske padleoppleving og skap minne som varar livet ut!
Sørlandet med båtliv og fallskjermhopping
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
I september, medan det framleis er godt ver og varmt i vatnet, tek me turen til Sørlandet.
Etter hektiske veker med fallskjermhopping på Voss er det kjekt å gjere noko anna sosialt saman med klassen. På vegen stoppar me og besøker Setesdal folkehøgskule og tar oss eit bad i jettegrytene på Rysstad. Så går turen til Ny-Hellesund, med hyttetur, båtliv, fiske, vannsport, kajakkpadling og segling før me drar til Kristiansand og lærer oss også å surfe på surfebølga i Aquarama i Kristiansand.
I Tønsberg hopper me frå Noregs største fallskjermfly. Det er kjekt å prøve fallskjermhopping en ny stad etter mange hopp på Voss.