Alpene: Verdens kuleste
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
Duration: 16 dager
Dette er verdens "kuleste" Roadtrip!
Turen går til både dei største og mest legendariske skistadane rundt i Alpene; St Anton, Innsbruck, Engelberg og Cortina, men også mindre perler som Bovec i Slovenia! Me reiser ofte saman med andre linjer ved skulen - det blir god stemning!
Du får oppleva mange land i Europa, med det lengste opphaldet i Tirol i Alpane. I løpet av turen blir det gode moglegheiter for ski, elvepadling, surfing og klatring. Det blir også litt tid til å oppleva kulturen i storbyar som til dømes Haag, Basel, Budapest og Praha, eller mindre stader i Kroatia eller Italia. Me vel sjølv, og difor endrar turen seg frå år til år.
Turen har som mål å prøva ut sportane me har lært oss gjennom året i nye omgjevnader, men og å prøva nye ting og utfordra oss sjølv.
Me planlegg turen saman i løpet av skuleåret. Elevane på linja er med å legge opp reiseruta, slik at turen blir «vår». Samhald, turglede og felles opplevinger er i fokus.
Me har valt å reisa med buss for å:
- nå unike stader med kultur og hendingar me vil få med oss, som me ikkje får med ei typisk flyreise
- ha fleksibilitet til å leggja opp reiseruta som me vil
- kunne flytta oss etter den gode snøen og det gode været
- kunne ha med nok utstyr
- reisa mykje meir miljøvennleg enn med fly
Turen går dei siste vekene i mars.
Bli med oss på eventyr!
Høgfjellstur
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
Duration: 6 Dager
På hausten reiser heile klassen på høgfjellstur "Vilt og Vakkert"! Bratte fjell og djupe dalar. Det blir telt, mat på stormkjøkken, kart & kompass. Ein tur der du blir godt kjent med medelevane i klassen. Topptur til Breiskrednosi 1189moh, god utsikt og bading i Nærøyfjorden.
Kitekurs Vinter
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
Et av høydepunktane på vinteren er snøkiting på Hardangervidda.
Etter ein gjennomgang av utstyr og teknikk, er du klar for å prøve på eigen hand. I løpet av noen timer har du fått kontroll på kiten og er klar for å prøve deg med ski eller snowboard. Den andre dagen "flyr" du bortover vidda og har lært deg dei grunnleggende teknikkane.
Topptur
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
Perioden rett før - og etter påske er den fineste tida for toppturar her på Vestlandet. På Voss har me rå natur. For elevar med toppturutstyr er det mange moglegheiter. Sidan me er to lærarar på IF-linja, kan me dele oss etter interesse.
Vinterfriluftsliv
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
Duration: 4
Etter påska pakkar me tursekken og fjellskia klar for tur til fjellheimen. Me søv i telt og lagar mat på stormkjøkken. Saman nyt me vårsola og det enkle frilufslivet. Varigheit og turstad kan variere etter veret, og me planlegg difor turen i lag, slik at den blir best mogeleg for gruppa!
Litle Færøy
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
Duration: 5 dager
In the autumn, we travel to Litle Færøy – a tiny island as far west as you can go!
A place where you'd never think anyone could live.
Here, Roar lives with a few wild sheep.
We explore life on the coast: you'll learn to row and sail.
We cook our own food, catch and clean fish, and live simply.
One week where the simple life is in focus.
Rallarvegen - Fra Finse til Voss med sykkel
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
Duration: 3 dager
Rallarvegen har flere ganger blitt kåret til Norges vakreste sykkelvei. Vi tar toget fra Voss til Finse stasjon. Vi overnatter i telt på Finse, og sykler dagen etter Rallarvegen. I Myrdal tar vi lokal tog gjennom tunellen, der i fra sykler vi til skolens støl på Upsete. Der nyter vi stølslivet og god mat. Siste dagen sykler vi siste strekning tilbake til Voss.
Hyttetur til Myrkdalen
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
Duration: 2
Alle elever på skulen får sesongkort i Voss Resort. På idrett og friluftsliv får du også årskort i Myrkdalen. Skianlegget ligg 35 minutter fra Voss og er eit av Noregs beste skisenter.
Me reiser ofte til Myrkdalen på dagstur, men nokon ganger leier me også ei hytte som ligg 50 meter frå bakken. Me står på ski, lager hopp og koser oss saman på hytta med god mat og kveldskos.
Myrkdalen er Noregs pudderparadis 😎⛷️