Kitekurs Vinter
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
Et av høydepunktane på vinteren er snøkiting på Hardangervidda.
Etter ein gjennomgang av utstyr og teknikk, er du klar for å prøve på eigen hand. I løpet av noen timer har du fått kontroll på kiten og er klar for å prøve deg med ski eller snowboard. Den andre dagen "flyr" du bortover vidda og har lært deg dei grunnleggende teknikkane.
Roadtrip! Pudder og park i Alpene.
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
Duration: 14 dagar
Dette er verdens "kuleste" Roadtrip!
Turen går til både dei største og mest legendariske skistadane rundt i Alpene; St Anton, Innsbruck, Engelberg og Cortina, men også mindre perler som Bovec i Slovenia! Me reiser ofte saman med andre linjer ved skulen - det blir god stemning!
Du får oppleva mange land i Europa, med det lengste opphaldet i Tirol i Alpane. I løpet av turen blir det gode moglegheiter for ski, elvepadling, surfing og klatring. Det blir også litt tid til å oppleva kulturen i storbyar som til dømes Haag, Basel, Budapest og Praha, eller mindre stader i Kroatia eller Italia. Me vel sjølv, og difor endrar turen seg frå år til år.
Turen har som mål å prøva ut sportane me har lært oss gjennom året i nye omgjevnader, men og å prøva nye ting og utfordra oss sjølv.
Me planlegg turen saman i løpet av skuleåret. Elevane på linja er med å legge opp reiseruta, slik at turen blir «vår». Samhald, turglede og felles opplevinger er i fokus.
Me har valt å reisa med buss for å:
- nå unike stader med kultur og hendingar me vil få med oss, som me ikkje får med ei typisk flyreise
- ha fleksibilitet til å leggja opp reiseruta som me vil
- kunne flytta oss etter den gode snøen og det gode været
- kunne ha med nok utstyr
- reisa mykje meir miljøvennleg enn med fly
Turen går dei siste vekene i mars.
Bli med oss på eventyr!