Ledig plass

Denne linja har ingen "hole-in-one"-garanti. I staden kjem vi med ein "all-in-one"-lovnad.

For her speler du ikkje golf heile året. Utanfor golfsesongen vil ballspel og ski/snowboard dominere, medan aktivitetar som surfing, paragliding og paintball spriter opp kvardagen og klassemiljøet.

Sør-Afrika tilbyr fantastiske golfbaner, golfundervisning for barn i townships og muligheit for adrenalinkick med strikkhopp eller dykking med kvithai.

På Sunnmøre vil både den etablerte golfar og nybyrjaren få god instruksjon av ein lærar med 4,5 i handicap og klubben sin PGA-pro. Vi spelar på ulike baner på Sunnmøre og Sør-Afrika og dreg på treningsleir til Spania. På Sunnmøre Golfklubb har du gratis spelerett. Den ligg berre eit langt utslag frå skulen.

Det meste av det beste:
Banespel i Cape Town |  Treningsleir i Portugal | Svinganalyse | "Golf-extreme" | Strikkhopp/fallskjerm | Senk ditt hcp | PGA-pro instruktør | Delta i turneringar | Fotball | Volleyball | Ski/brett | Stup/svømming | Langrenn | Beachvolley | Treningssenter | Friidrett | Surfing | Toppturar | Paragliding | Gokart | Leirdueskyting | Paintball | Kampsport | X-match

Sjekk ut YouTube-kanalen
Sjå magasinet 2019/20 på nett
Les meir om studietur og linjeinnhald.

Passer for alle som er interessert i golf og idrett. Har hatt elever med 2,5 i hc og nybyrjarar med hc 54 og det har fungert godt!

Sør-Afrika

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Måltider pr dag inkludert: 3

Cape Town i Sør-Afrika er ein fantastisk miks av folkeliv og opplevingar. Nokre dagar bur du hos vertsfamilie og deltek i gateprosjekt. Andre dagar er det mellom anna aktivitetar som konsertar, fallskjermhopp, golf, safari og verdas høgste strikkhopp på 217 meter.

Her kan du lese meir om skulen sine studieturar.

Spania

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Måltider pr dag inkludert: 3

I februar blir snø og vinter erstatta med grøne golfbaner med internasjonal standard. Her er spektakulære utslag som du kanskje aldri har opplevd makan til. Dette blir dagar med gode opplevingar og samhald i kombinasjon med sol, varme og venlegheit.

Her kan du lese meir om skulen sine studieturar.

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Måltider pr dag inkludert: 4

Sunnmøre
Det er eit stadnamn spekka med turistattraksjonar. Her finn du dei sju underverka Geiranger, Hjørundfjorden, Ålesund, Flø, Strandafjellet, Sunnmørsalpane og Runde. Du får med andre ord verdsarv, djupe fjordar og sylkvasse tindar, fuglefjell og skikøyring i verdsklasse. Og du får spennet mellom Noregs vakraste by og ein liten kunstnerstad. Til saman vert det 15 dagar med fellesturar på di nye heimebane. Eigentleg treng du ikkje meir. Men du får meir. På linjeturane får du verda med på kjøpet. 

Verda
Her (sunnmore.fhs.no/studieturar) kan du sjå film og bilder og lese meir om turane på Sunnmøre - og linjeturane til USA, Tanzania, Hawaii, Spania, Sør-Afrika og Midtausten. 

bildetekst

Per Bernt Aske

Lærar - Golf og Idrett

På Vestlandet er alt lov når det gjeld namn. Per Bernt er golf- og idrettslæraren med 4,5 i hcp og 1. div.spel for Hødd. Brannmann Aske har ei kroppsbygning som inviterer motspelar til å bruke leggskinn i fotballøktene, men som også fungerer til salsa på kveldstid.

Epost: pba@sufh.no
Telefon: 70009600

Eit år på folkehøgskule skil seg frå det du har gjort av skulegang tidlegare. Faga er færre og fridomen er større. Det gjer året ulikt frå veke til veke. Nokre veker er vi på studieturar. Andre perioder har vi musikalprosjekt eller skiveke. Eller vi flyttar heile skulen ut på landet og lager festival på ein opplevingsgard. Ulikskapane til trass; under finn du eit døme på ei gjennomsnittsveke.

Last ned timeplan som pdf ↓

"Forvent mykje, få meir"
Eit folkehøgskuleår kan ikkje dokumentarast i ein årsplan eller på ein nettstad. Dei gir berre ein liten, liten smakebit av kva som kan vente deg. Difor seier vi: "Du må oppleve det for å forstå det. Du må vere her for å få det." 

I løpet av skuleåret kan du velge mellom 25-30 ulike valfag. Du vel to av dei på haustsemesteret og to nye etter jul. Du bestem sjølv om valfaga skal supplere linjefaget ditt eller om du vil ha fag som utfordrar deg på heilt nye områder. NB: Valfagtilbodet kan variere noko frå år til år.

Band/vokal/studio

Her kan du utfalde deg i samspel med andre på ulike instrument innanfor tradisjonell pop/rock-besetning. Undervisninga foregår i heilt nye øvingslokaler med eige studio og Mac'ar klar til bruk.

Barista

I skulen sin eigen vesle kaffebar kan du lære meir om prosessen frå kaffebønne til kaffekopp. Det blir tid til både espressobaserte drikkar, handbrygg, Latte Art og besøk på kaffebrenneri.

Dans

Skulen har eige danselinje. I dette valfaget kan du også få terpe trinn, lære nye bevegelsar og oppleve danseglede. Det blir timar med ulike dansestilar som til dømes hiphop/funk og jazz/contemporary.

Filmproduksjon

Eit folkehøgskuleår er spekka med opplevingar. Nokre av dei lagrar du på netthinna. Andre festar du til film. I dette faget lærer du korleis du kan jobbe med opptak, redigering og etterarbeid.

Fotball

Eit fag med mykje leik med ball og sjølvsagt mykje spel. Gjennom øvingar og spelsituasjonar får ein utvikle seg sjølv og samstundes evna til samspel med andre. Læraren har erfaring frå 1. div-spel.

Friluftsliv, topptur vinter

Dette er faget for deg som er glad i toppturar på ski eller brett. I løpet av vinteren/våren går vi på ei rekke kjende, kvasse og spektakulære toppar i Sunnmørsalpane - så lenge forholda tillet det.

Friluftsliv/segling

Her vil du segle nokre av dagane. Andre dagar kan du klatre, padle kajakk, gå på fjellturar eller lage mat på bål. Dette er eit fag for deg som har lyst å oppleve meir av både sunnmørske fjell og hav.

Futsal

Futsal er innefotball i gymsalen med høgt tempo, harde taklingar, leikne detaljar og kvikke finter. Økta består av noko øving og mykje spel. Lærar Per Bernt har erfaring frå 1.div-spel.

Gitar

Dette er eit nybegynnarkurs i gitar. Her lærer du nokre sentrale akkordar og litt om korleis akkordar er bygd opp. Etter kvart set du akkordane saman og spelar og syng deg gjennom nye og gamle låtar.

Golf

Golf-faget passer både for den etablerte golfar og for deg som aldri har rørt ei golfkølle. Her trenar vi teknikk (grep, sving og oppstilling) på driving rangen, putting greenen og den lokale bana.

Hybelmat

Lær deg herlege rettar til studentlivet! Her kan du plukke opp gode middagstips. Vi lagar mat etter prinsippet sunt-godt-billeg! Etter faget kan du kanskje imponere som kokk til kvardag og fest.

Klatring

Klatring i ny klatrehall, på utendørs klatrefelt eller på buldresteinar på Flø. Målet er grunnleggande sikrings- og bevegelsesteknikkar. Det blir lagt tilrette til å gå opp til brattkortprøva.

Knivlaging

Her får du designe ditt eige knivskaft, tilpasse og utforme det slik at det passar til bladet og til slutt lage ei lærslire som passar til den ferdige kniven. Vipps, så har du din eigen kniv og slire.

Kreativ foto

Du lærer komposisjonsmessige og fototekniske grep for å ta bedre bilder. Det blir jobba med motivvalg og ulike teknikkar. Tema vil vere naturfoto, portrett, motefotografering og forgrunn/bakgrunn.

Kvilepuls

Nokre gongar går verda for fort. Då er det lurt å lære korleis du kan roe ned tempoet. I faget blir det varierte økter med yoga, spa, strikking, bålkos, maling, musikk, massasje, basseng og god mat.

Longboardverkstad

Lag ditt eige longboard. Vi formpressar og limer saman finèr til brett. Deretter byrjar designprosessen i forhold til form, uttrykk og funksjon - og til slutt bruk av lakk og maling.

Maling

Vi malar på lerret med akrylmaling. Vi jobbar med billedkomposisjon, fargebruk, trykkteknikkar, behandling av verktøy, collage og decoupage, din eigen kreativitet og enkel photoshop.

Mat på bål

Lyst på pizza steikt på bål i ein kjele med sand? Eller lammelår tilberedt i ei kokegrop halvmeteren under jorda? Eller kanskje mørbrad pakka i deig og steikt rett på bålet? Velkomen og velbekomme...

Maxpuls/Treningsinstruktør

Eit praktisk fag der du lærer å bygge opp/leie ein treningstime for grupper. Du vel sjølv fordjuping: spinning, styrke eller kombitimar som til dømes step/styrke. Du får treningsinstruktørbevis.

Minnebok

For mange er eit år på folkehøgskule det beste året i livet. Då er det viktig å ta vare på minnene. I dette faget kan du vere med å fylle skulen si minnebok med ord og bilder og påvirke utsjånaden.

Piano

Du får opplæring i piano med vekt på besifringsspel. Vi har mange piano på skulen, både digitale og akustiske. Det ligg difor til rette for at du kan halde fram med å øve lenge etter at timen er over.

Redesign

Vi startar faget med eit besøk på Fretex (gjenbrukbutikken). Her kjøper vi plagg og brukte kle som vi etterpå designar og syr til eigne, nye kle. Vi kan òg jobbe med møblar, lamper og liknande.

Stop poverty

Kvart år samlar elevane inn pengar til eit prosjekt i Ilula i Tanzania. Førre skoleår kom det inn nær 650.000,- kroner. I dette faget kan du vere med å planlegge og gjennomføre det elevstyrte arbeidet

Teatersport

Her skal du leike og le, improvisere og dramatisere. Du lærer grunnleggande reglar i teatersport der både skodespelarar og publikum spelar ei aktiv rolle. NB: Du bør ikkje ta deg sjølv så høgtideleg!

Terrengsykkel

10 fatbikes står og venter på deg som likar å sykle i eit spektakulært fjell-møter-hav-landskap. Det er også flotte, tekniske stiar i nærleiken. Lærar Henrik har vore svensk landslagskøyrar i Trial.

Vokalgruppe/kor

I vokalgruppa syng vi fleirstemte songar i ulike musikalske sjangerar som f.eks pop, jazz, musikal eller klassisk. Kanskje vert du utfordra til å vere solist eller dirigent på ein minikonsert.

Volleyball

Det vert fokus på teknikktrening, mykje spel og innlæring av ulike roller i angrep og forsvar. Det er eit fag der du kan få stor framgang lagmessig og individuelt. På våren deltek du på ei turnering.

Volontør

Faget der omsorg og nestekjærlighet står i sentrum. Her blir det møte med menneske frå ulike samanhengar i nærmiljøet til skulen, på heimebesøk hjå gamle og saman med enslege, mindreårig asylsøkjarar.

X-fit

X-fit er inspirert av treningsforma Crossfit og er ei variert og funksjonell trening, utført med høg intensitet. Du trener både styrke og kondisjon, og X-fit er god basistrening - uansett idrett.

Ein av Noregs finaste folkehøgskular er eit tidlegare SAS-hotell. Hav, fjordar, strender og Sunnmørsalpar er våre næraste naboar. Det er difor klatrarar, musikarar, surfarar, skikøyrarar, kunstnarar og friluftsfolk kjem reisande hit frå fjern og nær. Dei vil oppleve noko vilt, vakkert og ekte. 

Linjer ved skulen

Fra kr 130 500,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på rommet
  • Fri tilgang til eit flott treningssenter 50 m frå skulen
  • Studietur: Sunnmøre vs Verda
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Studietur: Sør-Afrika
    • Mat (3 måltider per dag)
    • Visum
  • Studietur: Spania
    • Mat (3 måltider per dag)
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 130 500,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 130 500,-
(13 050,- per måned)
Vår betalingsplan er i stor grad tilpassa utbetalinga frå Statens lånekasse.
Du betaler månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Husk at du også trenger penger til dette

Dette utstyret får du låne av skolen

Vi har det meste som trengs, men eige golfutstyr er sjølvsagt ein fordel.

Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Frå bloggen

Begynn på folkehøgskole i januar!

Angrer du på at du ikke valgte folkehøgskole i august? Eller har du kun tid til å gå på folkehøgskole et halvt år? Sjekk ut ...

Les meir på bloggen ▷

Bestill katalogen for 2019/2020

Få full oversikt over skoler og linjer, og bli kjent med livet på folkehøgskole.

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

Sport Adventure Australia Sri LankaLedig plass

Sport Adventure Australia Sri Lanka

Sunnfjord Folkehøgskule
Heilårskurs14 t/ukeKristen
Adventure Action SportLedig plass

Adventure Action Sport

Solborg folkehøgskole - Stavanger
Heilårskurs16 t/ukeKristen
Idrett AustraliaLedig plass

Idrett Australia

Molde Folkehøgskole
Heilårskurs14 t/ukeKristen
Crosstrening og Beachvolley - BaliLedig plass

Crosstrening og Beachvolley - Bali

Kristiansand Folkehøyskole
Heilårskurs15 t/ukeKristen
Sport & Outdoor: Australia - New ZealandLedig plass

Sport & Outdoor: Australia - New Zealand

Nordhordland Folkehøgskole
Heilårskurs18 t/ukeKristen
Idrett.Ball.Sør-AfrikaLedig plass

Idrett.Ball.Sør-Afrika

Sunnmøre Folkehøgskule
HeilårskursKristen
ToppidrettLedig plass

Toppidrett

Rønningen folkehøgskole
Heilårskurs18 t/ukeKristen
Idrett friluft Sør-AmerikaLedig plass

Idrett friluft Sør-Amerika

Rødde folkehøgskole
Heilårskurs16 t/ukeKristen
Idrett - Piste - Sør-AfrikaLedig plass

Idrett - Piste - Sør-Afrika

Valdres folkehøgskole
HeilårskursKristen
FlytLedig plass

Flyt

Hedmarktoppen folkehøyskole
Heilårskurs18 t/ukeKristen
Idrett ALTLedig plass

Idrett ALT

Vefsn Folkehøgskole - Toppen
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt
KRIKLedig plass

KRIK

Sagavoll Folkehøgskole
Heilårskurs15 t/ukeKristen