
- Sunnfjord Folkehøgskule
- Telefon: 57 82 99 60
- E-post: kontor@sunnfjord.fhs.no
- Kurslengde: Halvårskurs vår
- Studietur: Brasil - Rio de Janeiro , London, London - Dans Idrett
- Verdigrunnlag: KristenDei kristne folkehøgskulane har eit kristent verdigrunnlag. Dei er eigde av, eller knytt til, kristne organisasjonar eller trussamfunn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
-
Tilbyr: VegetarDei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
- Miljøsertifisering:
FairtradeSertifisering for skoler som tilbyr Fairtrade-merkede produkter og bevisstgjør om rettferdig handel.
- Stad: Førde
- Oppstartsdato: 04.01.2024
- Pris: fra 74 300,-
- Følg linja på Instagram
Du skal få trene variert og prøve ut mange idrettar, og du skal på eventyrlege opplevingar i storslått vestlandsnatur.
Det er gode forhold for vinteridrettar i området rundt Sunnfjord folkehøgskule. Vi skal ha eit langrennskurs og gå i dei flotte skiløypene ved Langeland skisenter. Det er gode forhold for skiturar og toppturar. Om du har toppturutstyr så er det veldig bra, men ikkje noko du må ha for å gå denne linja. Det ligg veldig godt til rette for toppturar i Sunnfjord, men du skal også få stå på slalomski eller snowboard. I tillegg til å reise i Hodlekve skisenter skal vi også ha ei lita veke i Hemsedal i skianlegget der.
Det blir surfekurs i Hoddevika som er omkransa av vill og vakker natur.
Du vil få vere med på fjellturar og overnattingsturar. Du skal få lære å lage bål, og lære å lage mat ute i naturen.
På Sport Adventure prøver vi ut ulike idretter og aktiviteter. Det blir ein del ballidrettar, trening i treningsstudio og spinningsal. Felles vårtur for heile skulen er noko av det siste vi gjer ilag før det er skuleavslutning i mai.
I gymsalen skal vi spele forskjellige ballidrettar og i treningsstudio trener vi minst èin gong i veka. Vårt nye treningsstudio på skulen kan du bruke så ofte du vil på fritida heile året.
Vi har treningsstudio i ypperleg kvalitet. Til bruk både i undervisninga og i fritida. Les meir om treningsstudioet her.
I Hafstadparken fins det to fotballbaner, fleire sandvolleyballbaner, ballbinge, skatepark og sykkelløype. I tillegg har vi det beste klasserommet i heile verda, naturen i Sogn og Fjordane.