
- Sunnfjord Folkehøgskule
- Telefon: 57 82 99 60
- E-post: kontor@sunnfjord.fhs.no
- Kurslengde: Heilårskurs
- Studietur: Brasil - Rio de Janeiro , Göteborg
- Verdigrunnlag: KristenDei kristne folkehøgskulane har eit kristent verdigrunnlag. Dei er eigde av, eller knytt til, kristne organisasjonar eller trussamfunn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
-
Tilbyr: VegetarDei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
- Miljøsertifisering:
FairtradeSertifisering for skoler som tilbyr Fairtrade-merkede produkter og bevisstgjør om rettferdig handel.
- Stad: Førde
- Oppstartsdato: 19.08.2023
- Linjefag: 14 timar/veke
- Pris: fra 154 368,-
- Følg linja på Instagram
Vil du spele beachvolleyball og volleyball? Hos oss skal du få trene med ball kvar dag! Gjennom trening, kampar og turneringar skal du få oppleve idrettsglede og meistring både i sanden og i hallen.
Beachvolleyball:
Beachvolleyball har prioritet tidleg på hausten og på slutten av vår-semesteret, samt på studieturane til Gøteborg og Rio de Janeiro. Skulen har to nye beachbaner 50 meter frå internatet. I tillegg har vi eit stort og fint anlegg i Hafstadparken berre ein kilometer frå skulen, med fire baner.
Volleyball:
Beach & Volleyball samarbeider tett – og har det meste av undervisninga saman med – Volleyballinja. Vi skal spele i 2.divisjon og delta på ulike turneringar. Vi prøvar alltid å kvalifisere oss med både dame, herre og mix-lag til Skule-NM. Kvalifiseringa skjer gjennom Skule-RM som vert arrangert lokalt i november. I januar er det landsfinale. Dette er Norgesmesterskap for Videregåande skular og Folkehøgskular. Sunnfjord FHS har som målsetting å ta ein eller fleire medaljar i Skule-NM kvart år. Dette har vi oftast klart, og det er vi veldig stolte over!
Har du elite- eller 1.divisjons erfaring i innendørsvolleyball? Sunnfjord IL kan tilby overbyggings-avtale med Førde VBK, som er ein av dei sterkaste eliteserieklubbane i Norge.
Styrke og skadeforebyggjandetrening:
Som elev på Beach og Volleyball vil du få tilgang til treningsstudio på skulen. Du vil få eit styrkeprogram tilpassa for volleyball. Saman med volleyball-linja har vi ein eigen styrketrenar. Du får også oppfølging av fysioterapeut dersom du vert skada.