Til hovedinnhold
Fullt

Du har kanskje slått det fast allereie: Det held ikkje med eitt år på folkehøgskule. Du vil ha meir! Du vil vere andreårselev og stipendiat. Vil rolla som miljøarbeidar og aktivitetleiar passe deg?

Som stipendiat er du andreårselev på skulen. Du vil vere viktig når det gjeld skulen sine aktivitetar og fungere som eit bindeledd mellom elevar og ansatte som MILJØARBEIDAR og AKTIVITETSLEIAR.  Du vil få fagleg undervisning, opplæring i folkehøgskulen sin filosofi og pedagogikk, leiartrening og god erfaring med miljøarbeid. Stipendiatene bidreg til å skape aktivitet, er oppdatert på det som skjer på skulen og  ser til at alle føler seg trygge og trivast.

Stipendiatene vil vere både i ei eiga stipendiatklasse og vere knytt til ei linje eller ha ansvar for eit spesielt fagområde (td. marknadsføring / SOME / rekruttering e.l). Du får oppgåver og oppfølging av linje- eller fagleiar. Du vil som hovudregel vere med på linja sin studietur, men dette kan fråvikast når dere er gode grunnar til det. I tillegg har ein oppgåver som miljøarbeidar på fritida. Stipendiatene kan etter eige ynskje og med utgangpunkt i eigne kunnskapar, ha sjølvstendige valfag.  
Stipendiatene har ei viktig rolle i høve den enkelte elev sin trivsel, og med det oppfølging av enkeltelevar. Gode samtalar med andre elevar er ein viktig del av oppgåvene.
Eksempel på andre aktuelle oppgåver kan vere deltaking på elevarrangement, å vere til stades på  kveldar og i helger og ta del i organiserte tur- og idrettsaktivitetar, turneringar, debattar, laurdagsseminar, temadagar, humanitært arbeid, turar til kulturarrangement og idé- og prosjektutvikling m.m. Skulen set pris på gode initiativ, noko det blir rikeleg rom for.

Som stipendiat er du andreårselev på skulen og være miljøarbeider, aktivitetsleder, lærerassistent og eit naturleg bindeledd mellom elevar og ansatte.

Dette vil du lære

Du vil få undervisning i folkehøgskulen sin filosofi og pedagogikk, samt leiartrening, miljøarbeid, livrednings-, klatre-, skred- og fjellkurs m.m. Du får så brukt dette i praksis ved undervisning og miljøarbeid ved blant annet til skape aktivitet på fritid, i valgfag og fellesfag, lærarstøtte i undervisning, og vere oppdatert på det som skjer på skulen slik at at alle føler seg trygge og trivast.

Våre forventninger til deg

  • Motivasjon for miljøarbeid blant ungdom
  • Evne til å ta initiativ og samarbeide
  • Vere engasjert
  • Vere forbilde
  • Vere tillitsfull ovenfor elever og tilsette
  • Respektere levereglane vi har på skulen

 

Andreårselevane skal vere med å skape aktivitet, vere oppdaterte på det som skjer på skulen og tilrettelegge til at alle føler seg trygge og trivast gjennom skuleåret.

  • 15 linjetimar pr. veke. Turar i regionen, kanskje med overnatting. Planlegging før og refleksjon etterpå
  • 6 timar fellesfag
  • 6-10 timar valgfag
  • 4 timers laurdagsseminar
  • 2-6 veker på utenlandsturer der ein har undervisning kvar dag
Last ned timeplan som pdf ↓

 

Vi har ein timeplan med mange valgfag og et stort spekter av tema å velge mellom. Er du den kreative og kunstneriske? Eller er du meir den som trivast med fysisk aktivitet og utfordringar? Vi har noko for ei kvar interesse. Kvar veke vil du ha mellom 6 og 10 timar valgfag.

Animasjonsfilm/kortfilm historie

Vi får innblikk i og går gjennom ulike filmtypar som: novellefilm, dok.film, musikkvideo, reklamefilm, animasjonsfilm, oppdragsfilm og eksperimentell film. Bakgrunnsinformasjon og diskusjon.

Asiatisk mat

I dette valgfaget lærer vi å lage en del typiske kinesiske matretter f.eks Kungbao kylling, vårruller,osv. Vi skal også rulle sushi, smake på wasabi og teste japansk washoku

Ballspill

Vi bruker gymsalen til ulike ballspill, som innebandy, volleyball, fotball, kanonoball, basket og håndball. Elevenes ønsker er styrende for valg av aktivitet!

Dokumentarfilm

Vi skal sjå eit utval av dokumentarfilmar med ulike tema og problemstillingar som dannar grunnlag for diskusjon.

Fotball

Med både futsal og kunstgrasbane til disposisjon kan ein få leike seg med både gamle og nye kunster. Her driv vi med alt frå firkantar, kampar og "old school" løkkefotball. Litt teknikk og øving, men mest spel. Mogleg å delta for alle, alt frå den glade mosjonist til skulens eigen Messi!

Kajakk

Vi fokuserer på gode opplevelser i kajakk, hvor vi tar utgangspunkt i den enkeltes ferdigheter. Sikkerhet og mestring står sentralt, sammen med øving på teknikk.

Kampsport

Skolen har en god ekspertise på kampsport med en lærer med svart belte i Tae Kwondo og en rektor som tidligere landslagsbokser.

Klatring

I klatring fokuserer vi på trygg opplæring i klatreveggen, hvor målet er å ha gode opplevelser mens en utfordrer seg selv. Du får grundig opplæring i sikkerhet og klatrerutiner.

Klubb for personer med funksjonsnedsettelser

Valfaggruppa arrangerer klubbkveldar for personer med funksjonsnedsettelser i Ørsta og Volda området der vi har program, servering og dans. Flott erfaring for videre arbeid eller utdanning!

Knutekunst

Med fargerike kinesiske trådar får du lære å lage figurar og pynt. Faget gir ei grunnleggande innføring der ein startar i det små med enkle knutar. Etterkvart får ein lære stadig meir innfløkte teknik

Litt om Asia

Det for den som vil vite mer om en del asiatiske land, både om historie og kultur f.eks. Nord-Korea, Sør-Korea, Japan, smil i Angor, Kambodsja, Mongolia, Myanmar, Taiwan, språk i India og Pakistan

Massasje

Lær å bli en dyktig massør på rygg, nakke og skuldre. Du lærer de samme teknikkene som en diplomert massør på overkroppen. (Vi masserer ikke nedenfor ryggen). Skolen har plass til 24 elever samtidig i faget, og har utstyr til samtlige.

Massasje for viderekomne

For de som tar massasje på høsthalvåret, er det mulig å gå mer i dybden på massasje. Vi tar for oss triggerpunktbehandling og tøyning, samt enkel diagnostisering og behandling, og får en dypere forståelse for hvordan anatomien fungerer. Noe mer teori enn massasje valgfag.

Origami

Origami er kunsten å brette papir til ønsket design. Geometriske regler brukes mest. Ori betyr å brette og gami betyr papir. Vi lærer oss å brette en del dyr fra vanskelighetsgrad 1 til 3.

Pardans

Vi jobber mest med en swingvariant som heter "Bugg". Ellers lærer vi litt vals, tango, gådans og noen gammeldanser. Det kreves ingen forkunnskaper for å delta på pardans valgfag.

Pilates

Vi trener en serie på 35 øvelser som er basert nært opptil grunnleggeren av Pilates, Joseph Pilates. Fin forebyggende trening mot skader og veldig bra for kjernemusklatur (core). Du får eget kompendium til senere trening.

Quiz

På Møre Folkehøgskule har tradisjon for quizkveldar. Her blir valfaget si oppgåve å leite fram både ny og gamal kunnskap, samt finne artige vriar på det å ha og framføre ein quiz. Valfaget står for gjennomføring av fredagsquizen på skulen, som er ein populær sosial arena for elevane. Her er alle kategoriar velkomne!

Skateboard

Ørsta har flere gode skateanlegg i nærheten med innendørs skatehall i Hovdebygda, pumptrack ved Ørstahallen og utendørs skatepark med bowl i Volda. Vi har også eget klassesett med carver skateboards!

Strikking og hekling

Du får lære grunnleggande teknikkar, å strikke mønster av ulike typar, og ulike typar plagg. Alle greier å produsere ting som ein kan bruke sjølv, eller gi til vener og slektningar til jul.

Teatersport

Vi lærer grunnleggande dramateknikkar, tryggheitsøvingar og små sketsjar og episodar.

Teikneserie

Vi går igjennom kva ei teikneserie er; einskildrute, stripe, side, snakkeboble og lydmalande ord, action i bilete og rørsle med fartslinjer.

Topptur Sunnmørsalpene

Målet å oppleve gleden med å gå på topptur i Sunnmørsalpene på en trygg og lærerik måte. Lokalkjennskapen til fjella gjør at vi har unike muligheter til å få fantastiske opplevlser.

Treningslære

Målet er å oppleve treningsglede i praksis, gjennom fysisk aktivitet, først og fremst i treningsstudio. Vi fokuserer på treningsmetoder som funker, med øvelser som gir stor effekt.

Volleyball

Her tar vi volleyballen som de har lært på skulen litt vidare. Ved å lære oss dei riktige teknikkane kan vi saman få til mykje spel og moro. Kampar både internt og eksternt er mogleg då vi har eigen gymsal og sandvolleybane. Eit valfag som ikkje krev dei store forkunnskapane, men lysten til å delta!

På Møre kan du velge! Lange eller flere turar? Nord for det meste eller sør for dei fleste? Du får meir variasjon, fleire opplevingar …og venner for livet!!!

Velg ei "ferdig" heilårlinje eller velg ei eller to halvårslinjer

Vi har dei lengste studieturane av alle! Om du kjem vil du finne ut om dei også er dei beste!

Linjer ved skulen

Les mer om skolen

Søknad:

  • I søknaden vil vi at du skal skrive noko om kvifor du vil vere stipendiat og kva du ynskjer å få jobbe mest med. Skriv også om du har arbeidserfaring, om du har vore aktivt med i barne- og ungdomsarbeid eller liknande.
  • Skriv kva linjer som kan vere aktuelle for deg, og kva linje som er ditt førsteval. Du kan også velje å vere media- og/eller rekrutteringsstipendiat. 
  • Det er ønskjeleg (men ikkje eit krav) at du har førarkort for bil.

Er det noko du lurer på, kan du få meir informasjon ved å ta kontakt med rektor eller inspektør.

Du søkjer elektronisk og brukar det vanlege søknadsskjemaet som du finn på folkehogskole.no.

NB: SØKNADFRIST: 15. april 2024

 

Kva får du for å vere med som stipendiat?

  • stipend og lån frå Statens Lånekasse
  • fri kost og losji
  • dekt kostnadane på den linja du er knytta til og på alle fellesopplegg
  • dekt kurs: livredning-, klatring-, skred- og skikurs
  • studietur til utlandet viss linjelærar ønskjer å bruke deg som lærarassistent på turen.
  • betalt for ekstra oppgaver som, tilsyn, kjøkkenhjelp etc. Her vil det variere fra stipendiat til stipendiat.
Meir om skulenSkulen si nettside

Frå bloggen

Lederen i Utdanningsforbundet angrer på at han ikke gikk folkehøgskole

Ungdom får stort utbytte av et folkehøgskoleår, mener Handal.

Les meir på bloggen ▷

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

Din framtid

Åsane folkehøgskole - Bergen
Heilårskurs14 t/ukeFrilynt

Stipendiat

Peder Morset folkehøgskole
Stipendiatlinje15 t/ukeFrilynt

Ledertrening

Hedmarktoppen folkehøyskole
Fullt
StipendiatlinjeKristen

Ledertrening - Stipendiatlinje

Folkehøgskolen Nord-Norge
StipendiatlinjeKristen

Stipendiat/andreårselev

Torshus folkehøgskule
Venteliste
Stipendiatlinje15 t/ukeFrilynt

2. årslinje/Ledertrening

Valdres folkehøgskole
Stipendiatlinje30 t/ukeKristen

Global Ledelse - Europa og Asia​

Solborg folkehøgskole - Stavanger
Heilårskurs12 t/ukeKristen

Stipendiat

Harstad Folkehøgskole
Stipendiatlinje30 t/ukeFrilynt

Stipendiat

Manger folkehøgskule
Venteliste
Heilårskurs19 t/ukeFrilynt

Stipendiatlinje

Lundheim folkehøgskole
Stipendiatlinje35 t/ukeKristen

Sosiale media stipendiat

Evje Folkehøgskole
Kontakt skulen
StipendiatlinjeFrilynt

Stipendiat / Ledertrening

Evje Folkehøgskole
Kontakt skulen
StipendiatlinjeFrilynt