
- Manger Folkehøgskule
- Telefon: 56348070
- E-post: kontor@manger.fhs.no
- Kurslengde: Heilårskurs
- Studietur: Los Angeles
- Tilrettelagt for rullestolbrukere
- Verdigrunnlag: FrilyntDei frilynte folkehøgskulane har verdigrunnlag som ikkje tek utgangspunkt i eitt bestemt livssyn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
-
Tilbyr: Vegetar, veganDei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
- Miljøsertifisering:
MiljøfyrtårnSertifisering for skoler som dokumenterer miljøinnsats og viser samfunnsansvar.
- Stad: Manger, Vestland
- Oppstartsdato: 29.08.2021
- Linjefag: 19 timar/veke
- Pris: fra 118 000,-
Musikken, kulturen og historien! For deg som vil rappe og skrive - dyrke fram ditt uttrykk og formidle ditt budskap. Elevar på Musikkproduksjon lagar beats - du gjer vokal, på scenen og i studio.
Ny linje frå skuleåret 2020-2021!
Eit dykk inn i rapping, hiphop-musikken, kulturen og den korte, men svært innhaldsrike historien. Eit dykk inn i tekstskriving, av smarte, spyttende og morsomme linjer med ditt budskap. Linjer som du formidler på scenen og i studio.
Bli med i eit miljø saman med andre musikarar, vokalistar, låtskrivarar og produsentar frå linjene Artist og låtskrivar, Musikkproduksjon og Band: scene og studio. Kombinasjonen av linjene resulterer i eit kreativt miljø der arbeid i studio og øvingsrom er ein naturleg del av kvardagen.
Skulen har moderne og godt utstyrte studio som er opne fram til kl. 23 alle dagar.
Skulen er stolt over å ha knytt til seg Ralph Myerz (Erlend Sellevold) som hovudlærar, og Miss Tati og Action the Man som mentorar på HipHop-linja. Ralph Myerz er ein anerkjend produsent og musikar. Han har vunne Spellemannspris for albumet Supersonic Pulse, og samtlege 6 album har solgt til gull eller platina. Den største inspirasjonskjelda er hiphop og r&b, men og andre sjangere som pop, deep house og disco. Miss Tati (Tatiana Palanca) er ein multikulturell artist innan HipHop, RnB, Soul og funk. Ho har gitt ut fleire album, og har stått på scena på store festivalar i både inn- og utland. Action the Man (Selim Mutic) har laga bergensspråkleg rapmusikk i 15 år, og har posisjonert seg som ein av dei viktigaste innan sjangeren i byen. Mentorane vil komme ut på skulen fleire gonger i løpet av året, og ha personleg oppfølging av elevane på HipHop-linja.