Til hovedinnhold
Ledig plass

I øvingsrommet, på scena og i studio får du skrive, formidle, syngje og dyrke fram ditt uttrykk. Bli med i eit kreativt miljø saman med andre musikarar, vokalistar, låtskrivarar og produsentar.

Vi vil utvikla talentet ditt som vokalist: med band, som solist, på scena og i studio. I tett samarbeid med elevane på Band og Musikkproduksjon tar du del i eit kreativt miljø der låtskriving, konsertar og studioinnspeling er ein naturleg del av kvardagen.

Som elev på Artist og låtskrivar arbeider du med å dyrka fram di personlege stemme og ditt uttrykk. Du frontar band, er korist, syng i vokalgruppe og solo. Saman med Band og Musikkproduksjon gjer du studioinnspelingar og konsertar. 

Låtskriving er ein naturleg del av det å uttrykkja seg vokalt og har høg prioritet hjå oss. På Manger går du gjennom heile prosessen frå idé til ferdig produkt i studio og på scena.

For deg som vil skrive, formidle, syngje og dyrke fram ditt uttrykk. Bli med i eit kreativt miljø saman med andre musikarar, vokalistar, låtskrivarar og produsentar.

Dette vil du lære

  • Individuelle timar med songpedagog
  • Låtskriving
  • Musikkteori
  • Høyrelære
  • Øvingsmetodar
  • Improvisasjon
  • Musikkteknologi med Logic Pro X

Våre forventninger til deg

Skulen sitt faglege opplegg og timeplan gjer muligheter for høg fagleg aktivitet, men mykje er opp til deg og din interesse, lærelyst og evne til å arbeide målretta og sjølvstendig.

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 8 dagar

Måltider pr dag inkludert: 2

Studietur til Los Angeles! Byen er eit mekka innanfor våre fagfelt, og med gode kontaktar i byen får vi til eit solid fagleg opplegg. Vi bur på hotell i Hollywood og besøker studio, musikkprodusentar og høyrer musikarar og vokalistar i verdsklasse. I tillegg til det faglege står sosiale opplevingar i kø – tur til Venice og Santa Monica beach, Downtown LA, Griffith observatoriet og mykje, mykje meir. 

På turen i April 2019 hadde vi mellom anna dette på programmet:

  • Masterclass med Wayne Miller i Selma studio, Hollywood. Tema: Vokal produksjon
  • Omvisning i EastWest studios på Sunset boulevard i Hollywood.
  • Besøk hjå APG Studios
  • Masterclass med Merethe Soltvedt. Tema: Låtskriving
  • Masterclass i REV9 studio. Tema: Innspeling av band

Av konsertar fekk vi med oss:

  • Kansas
  • Murs
  • Quinn XCll
  • Ben Rector
  • Alex Machacek (the Baked Potato)

     

Håvard Matland

Linjeleiar og lærar Band, Artist og låtskrivar, Musikkproduksjon

Epost: Havard.Matland@hfk.no
Telefon: 56348070

Johan Modahl Leiva

Lærar

Epost: Johan.Leiva@hfk.no

Stian Villanger

Lærar

Epost: Stian.Villanger@hfk.no

Silje Louise Spurkeland

Lærar

Epost: Silje.Louise.Spurkeland@hfk.no

Årsplan 2020/2021

  • 30. august: Skulestart
  • 3. oktober - 12. oktober: Haustferie
  • 19. desember - 5. januar: Juleferie
  • 26. februar - 7. mars: Vinterferie
  • 27. mars - 6. april: Påskeferie
  • 15. mai: Siste skuledag. Avslutningskonsert
  • 16. mai: Heimreisedag
Last ned årsplan som pdf ↓

Du rekk ikkje å bli lei av valfaget ditt; det kan du nemleg velja tre gonger i året. Det er ulike former for musikk, sport, meir teoretiske fag og sjølvsagt andre aktivitetar.

Piano

Lær deg piano eller få hjelp til å vidareutvikle dugleiken din. Undervisninga er tilpassa ditt nivå.

Storband

Spel storbandmusikk av Leiva og Barnes. Mogleik for å spele eigne arrangement og improvisere.

Konsert-trening

Føregår som “åpen undervisning” der ein spelar for kvarandre, anten ein vil førebu seg til prøvespel eller berre trene seg på å spele for andre.

Sibelius

Få grunnleggjande dugleik i notasjons-programmet Sibelius.

Kammerkor

Har du sangglede og ynskjer å synge i eit mindre vokalensemble og utfordre deg sjølv, så er kammerkoret rette plass.

Sang

Lyst å utvikle stemmen din? Få sangtime med vår sangpedagog.

Teatersport

Eit fag for dei som vil jobbe med formidling gjennom musikk, tolkning av tekst og å verte tryggare på scena. Ein får og høve til å vera med og planlegga skulen sin årlege førestilling.

Speleteknikk

For messingblåsare som ynskjer å jobbe ekstra med korrekt speleteknikk.

Miljødokumentar

Dette faget er eit tilbod til elevar som ynskjer å sjå ulike dokumentarar om miljø, bærekraft og helse, og diskutere innhaldet i desse.

Musikkdokumentar

Eit tilbod til elevar som ynskjer å sjå ulike musikkdokumentarar og diskutera innhaldet i desse. Ein får innsyn i ulike genre og blir kjend med korleis ulike artistar påverkar samtida og ettertida si.

Strikking

Her kan du få vera med i ei gruppe som strikker og prater. Me satser på å strikke tøfler som me skal tova i vaskemaskin. Om du vil kan du også få strikka ullsokker, pannebånd og andre varme bruksting.

Yoga

Ein introduksjon til enkel yoga og meditasjon.

"Isbading"

Ikkje ofte det er is på sjøen her i vest, men me kan lova at det er kaldt i vatnet.

Bootcamp

Gjer kroppen sterkare med sirkeltrening/intervalltrening.

Forming

Kreative aktivitetar som toving, laga t-skjorte, laga sitteunderlag og laga drops.

Leseglede

Ein slags bokklubb for deg som er glad i å lesa bøker (romanar/faglitteratur/tekstar). Her får du moglegheit til å diskutera/samtale kring det du har lest.

Jogging

Fine joggeturar i lokalmiljø.

Me ventar på deg! Hjå oss på Manger folkehøgskule får du utvikla talentet ditt i lag med andre kreative, musikalske ungdommar og dyktige lærarar. Me lovar deg eit år med musikk frå morgon til kveld. 

Bli med oss og ta musikken din eit steg vidare.

Linjer ved skulen

Les mer om skolen

Fra kr 118 000,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på rommet
  • Reiseforsikring
  • Bruk av idretts- og svømmehall
  • Individuell undervisning på hovudinstrument
  • Studietur: Los Angeles
    • Mat (2 måltider per dag)
    • Reiseforsikring
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 118 000,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 118 000,-
(11 800,- per måned)
Du betaler månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Husk at du også trenger penger til dette

Dette utstyret får du låne av skolen

  • To store bandøvingsrom med det som trengs av utstyr.
  • Maclab med 10 iMac'er med Logic Pro X og MIDI keybord.
  • Lydstudio
  • Konsertscene

Rom og utstyr på Manger folkehøgskule.

Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Dette seier tidlegare elevar

Synne Tuv Fredriksen

Lærerne, det faglige innholdet, studieturen til LA og miljøet overgikk alle forventningene jeg hadde til folkehøgskole-året mitt!

Synne Tuv Fredriksen
Nor Sarira

Jeg bretta ut sjela mi på scenen, lærte mye om hvor forskjellige mennesker kan være og opplevde en av de villeste byene i verden – Los Angeles! Jeg kunne ikke hatt en bedre forberedelse til voksenlivet!

Nor Sarira
Hildegunn Muri

For eit år! Manger folkehøgskule, du leverte på høgt nivå!

Frå bloggen

- Folkehøgskole er det beste valget jeg har tatt

For Nor var aldri folkehøgskole noe alternativ. Hun skulle studere og rett ut i jobb. Så orket hun ikke mer, og trengte en pause. En ...

Les meir på bloggen ▷

Bestill katalogen for 2020/2021

Få full oversikt over skoler og linjer, og bli kjent med livet på folkehøgskole.

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

Vokal

Trøndertun folkehøgskole
Få ledige plasser
Heilårskurs21 t/ukeFrilynt

VOKAL - Kor- og solosang

Follo Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs18 t/ukeFrilynt

Musikk - Sang/vokal

Toneheim Folkehøgskole
Ledig plass
HeilårskursFrilynt

Vokal Kor Solosang - New York B

Karmøy Folkehøgskule
Ledig plass
Helårskurs B6 t/ukeFrilynt

Voice New York

Oslofjord Folkehøgskole
Kontakt skulen
HeilårskursKristen

Utøvende Sang

Musikkfolkehøgskolen Viken
Ledig plass
Heilårskurs9 t/ukeKristen

Musikk og Vokal

Åsane folkehøgskole - Bergen
Ledig plass
Heilårskurs14 t/ukeFrilynt

Musikal

Åsane folkehøgskole - Bergen
Ledig plass
Heilårskurs14 t/ukeFrilynt

Dans

Solbakken folkehøgskole
Få ledige plasser
Heilårskurs42 t/ukeFrilynt

Musikal - Broadway

Seljord Folkehøgskule
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Musikk

Sunnhordland folkehøgskule
Venteliste
Heilårskurs20 t/ukeFrilynt

Music Live Studio

Harstad Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs20 t/ukeFrilynt

Utøvende musikk: Vokal

Rønningen folkehøgskole
Venteliste
HeilårskursKristen

Musikal Trening Broadway

Toten Folkehøgskole
Ledig plass
HeilårskursFrilynt

Låtskriving.Studio.NewYork

Sunnmøre Folkehøgskule
Kontakt skulen
HeilårskursKristen

Utøvende Sang + Dans

Musikkfolkehøgskolen Viken
Ledig plass
HeilårskursKristen

Utøvende Sang + Idrett/Friluftsliv

Musikkfolkehøgskolen Viken
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeKristen

Teater

Romerike Folkehøgskole
Venteliste
Heilårskurs27 t/ukeFrilynt

Musikk - sang/scene/studio

Haugetun Folkehøyskole
Ledig plass
Heilårskurs14 t/ukeKristen

Utøvende Sang + Kunst

Musikkfolkehøgskolen Viken
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeKristen

Musikkproduksjon og låtskriving

Sandefjord folkehøyskole
Få ledige plasser
Heilårskurs14 t/ukeFrilynt

Musikk, dans, drama, reise

Risøy Folkehøyskole
Fullt
HeilårskursKristen

Låtskriver - Singer Songwriter

Musikkfolkehøgskolen Viken
Ledig plass
HeilårskursKristen

Musikk Band Vokal Lovsang

Sagavoll Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeKristen

Musikk og teater

Romerike Folkehøgskole
Venteliste
Heilårskurs27 t/ukeFrilynt

Utøvende musikk: Artist/Låtskriver

Rønningen folkehøgskole
Få ledige plasser
HeilårskursKristen

Musikk; Artist

Bakketun Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs17 t/ukeKristen

Sang- Music Live Studio

Harstad Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Nordiska Visskolan - SÅNG SCEN TEXT

Nordiska Folkhögskolan
Ledig plass
Heilårskurs36 t/ukeFrilynt

Hiphop

Manger Folkehøgskule
Ledig plass
Heilårskurs19 t/ukeFrilynt