Til hovedinnhold
Ledig plass

Opplev meistring og eventyr på fjellet eller i havgapet. Alpint og fri-køyring i dei to beste skisentra på Vestlandet. Varierte idrettar, brattkort, kiting, og jakt og fiske om du vil. Opplev Alpane.

Er du klar for nye eventyr på Voss?

Hjå oss får du mengder av aktivitetar og opplevingar som vil gje deg eit minnerikt skuleår. Me tør påstå at idretts- og friluftsbygda Voss er ein perfekt plass for linja vår – naturen og tilbodet i bygda innbyr til allsidig og spennande aktivitet like utanfor døra.

Me har fokus på det sosiale og tek oss tid til å nyte turen og ikkje minst naturen rundt oss. Turane våre er varierte, frå kjende attraksjonar til meir gøymde naturperler. Du vil læra masse uansett om du ikkje kan så mykje frå før, eller om du har mykje erfaring. Du vil få utfordringar, oppleve meistring og ikkje minst få eit flott samhald med turkameratane dine. Det blir lange samtalar kring bålet, overnatting i telt, hengekøye, snøhole og under åpen himmel.

I idrettsdelen vil du møte både kjende og nye aktivitetar. Du får testa spenst, styrke og kondisjon. Fokus er sunn idrettsglede og gleda over å vera i rørsle. Skulen har gymsal og nytt styrkerom og me nyttar i tillegg bygdas idrettshallar og basseng.

Linja har fokus på meistring, glede og læring. Du vil lære å ta gode valg for å ferdast i naturen under alle forhold. Du vil lære å glede deg over aktivitet saman med andre og du vil lære å arrangere aktivitet for andre. Linja er ideell både for deg som ønskjer å studere idrett eller friluftsliv vidare eller for deg som ønskjer å dyrke hobbyen din eit år.

Velkomen til eit aktivt og lærerikt år med gode opplevingar!

Les meir om våre kjerneaktivitetar her: voss.fhs.no/idrett-frilufstliv

Deg som vil prøve mykje variert, du som er glad i idrett og som vil bygge kompetanse på friluftsliv. Du som likar nye utfordringar og kosar deg med kveldsbålet, fiskestonga, lagspel og samhandling.

Dette vil du lære

  • Kart, kompass og gps
  • Skredlære
  • Sikkert friluftsliv i høgfjellet og ved kysten
  • Å overnatte i snøhole, iglo, telt – og under open himmel
  • Klatring (brattkort)
  • Jegerprøvekurs (valfritt)
  • Tillaging av vilt (valfritt)
  • Skiinstruktørutdanning (valfritt)

Våre forventninger til deg

  • Godt humør og læringslyst!
  • Du bidreg inn i det sosiale fellesskapet
  • Du møter førebudd og opplagt til undervisninga
  • Du prøver å vere positiv og gir av deg sjølv

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Turen går til både de største og mest legendariske skistedene rundt St Anton, Innsbruck, Wengen og Cortina, men også mindre perler som Bovec i Slovenia! Linjene Ekstremsport Luft og Idrett & Friluftsliv reiser sammen på denne turen - det blir god stemning!

Vi reiser gjerne gjennom 15 - 20 land, med det lengste oppholdet i Tirol i alpene. I løpet av turen blir det gode muligheter for ski, surfing, flyging og klatring. Det blir også litt tid til å oppleve kulturforskjellene i storbyer som for eksempel Haag,Budapest, Beograd og Praha eller mindre steder i Kroatia,Bosnia- Herzegovina eller Romania. Vi velger selv, og derfor endrer turen seg fra år til år.

Turen har som mål å prøve ut sportene vi har lært oss gjennom året i nye omgivelser, men også å prøve nye ting og utfordre oss selv.

Vi planlegger turen sammen i løpet av skoleåret. Dere elever er med å legge reiseruten slik at turen blir «vår». Samhold, turglede og felles opplevelser er i fokus. 

 Vi har valgt "roadtrip" for å:

  • nå unike steder med kultur og begivenheter vi vil få med oss, som vi ikke får med en typisk flyreise
  • ha fleksibilitet til å legge opp reiseruten som vi vil
  • kunne flytte oss etter den gode snøen og det gode været
  • kunne ha med nok utstyr 
  • reise mye mer miljøvennlig enn med fly

 Turen går de siste ukene i mars. Bli med oss på eventyr!

Jon Grendahl

Lærar Idrett & Friluftsliv

Jon er både fjellmann og ein dyktig seglar. Han har god peiling på treskjæring, svømming og skikjøring. På fritida er han stupetrenar og orienteringsløpar. Jon har lærerutdanning og idrettsbakgrunn frå forsvaret. Jon har ansvaret for å lede alle festane på skulen, til tross for dårlege vitsar. Han er omgjengeleg og har ofte ein god historie på lur. Jon han tek gjerne ein låt på munnharpa si.

Epost: jon.grendahl@voss.fhs.no

Amund Sletner

Lærar Idrett & Friluftsliv

Amund trivst best ute heile året - på sykkel, jakt, fisketurar eller lange fjellturar. Amund har utdanning frå idrettshøyskolen i Oslo og som offiser i hæren. Han er skiinstruktør, driv med kiting og er idrettsentusiast. Amund er ein allsidig folkehøgskulelærar som også tilbyr danseopplæring og gitarundervisning på eit nybegynnar nivå. Ein konkurransemann med god trønderhumor!  

Epost: amund.sletner@voss.fhs.no

Undervisninga går føre seg på dagtid, men vi har og timar på ettermiddag og kveldstid.

Timeplanen er variert

•    morgonsamling: kvar dag
•    linjefag: 3 dagar i veka: måndag, onsdag og torsdag, 15t
•    valfag: 1 dag. Heile fredagen er valfag
•    fellesfag og fellesaktivitetar: 2 dagar, tysdag og laurdag
•    laurdagsseminar dei fleste laurdagane
•    elevkveldar
•    linjeveker
•    prosjekt
•    reiser

Denne får du ved studiestart. 

Voss har varierte valfag. Du vel valfag for hausten, og på nytt frå nyttår. Vi har delt valfaga inn i fagkategoriar som inneheld ulike fag. Vi har linjedagar kvar mandag, onsdag og torsdag. Vi har fellesdagar kvar tirsdag og laurdag ? og valfag heile fredagen!?

Data

Eksempel på fag: Spel-design, Grafikk, Årbok, Fotoredigering, Elektronikk. Er du datainteressert og vil lære meir?

Ekstremsport

Voss er et internasjonalt senter innan ekstremsport og på Voss kan du få høve til å prøve fleire sportar i våre valfag, smakebitar der du kan finne ut om dette er noko for deg. Ekstra kostnader. 

Film

Eksempel på fag: Kamera, Regi, Produsent, Redigering, Animasjon, Filmanalyse. Du får lage film, eller du får sjå og diskutere film frå ulike sjangrar.

Kunst & handverk

Fag kan vera: Teikning, Grafikk, Strikking, Sløyd og Foto. Å vere kreativ er sentralt for alle menneske. Her kan du skape sjølv. 

Musikk

Fag kan vera: Band, Studio, Innspeling, Teori, Stå på scenen. I musikk er det viktigaste å spele saman; her møtest øving og teori. Skulen har eige lydstudio, kanskje det beste mellom Bergen og Oslo?

Samfunn & filosofi

Fag kan vera: Samfunn, Diskusjon, Bærekraft, Teknologi, Spørsmål, Filosofi, Båtførarprøven, Brettspel. Er det ein samanheng mellom deg og andre?

Skifag

Døme på fag: Alpint, Snøbrett, Frikøyring og Skitur. I frikøyring må du vera god på ski. Elles krev vi ingen forkunnskapar. Det største skisenteret på Vestlandet er i gå-avstand frå skulen.

Trening

Aktivitet ladar batteria. Våre aktive valfag kan til dømes vera: Ballspel, Buldring, Basistrening, Bordtennis, Yoga, Mental trening.

Tur & natur

Faga kan innehalde: Tur- og naturglede, Fjelltur, Sykkel, Bær, Fiske, Smalahovud, Isbading, Grøn livsstil. Voss er omkransa av fjell og vakker natur. Her kan du oppleve og lære meir om naturen.

Voss har varierte tilbud; 8 linjer, 120 elevar og dyktige lærarar! Kreative linjer, frilufts- og ekstremsportlinjer! Faglig bredde og allsidig miljø gjev ein unik miks av ungdom og lærarar. Vi ligg i sentrum av ekstremsport- og kulturbygda Voss, med skianlegg og gondol rett ved skulen. Stolte tradisjonar sidan 1895.

Linjer ved skulen

Les mer om skolen

Fra kr 127 000,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på rommet
  • Bad på gangen
  • Studietur: Alpene og Europa fra øst til vest - en roadtrip
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 127 000,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 127 000,-
(12 700,- per måned)
Du betaler månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Husk at du også trenger penger til dette

  • Reiseforsikring på studietur Alpene og Europa fra øst til vest - en roadtrip
  • Vaksiner på studietur Alpene og Europa fra øst til vest - en roadtrip
  • Visum på studietur Alpene og Europa fra øst til vest - en roadtrip
  • Mat på studietur Alpene og Europa fra øst til vest - en roadtrip
  • Ta kontakt med skolen for mer informasjon om kostnader for alternativ mat (allergi, intoleranse etc.)
  • Hjemreiser fra skolen:
    • Høstferie, juleferie, vinterferie, påskeferie
  • Lommepenger. På bloggen forteller fire elever hvor mye lommepenger de brukte i løpet av sitt år på folkehøgskole
Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Dette seier tidlegare elevar

IF linja har betydd utrolig mye for meg personlig og faglig. Tett samarbeid med ulike mennesker og utallige spennende aktiviteter! Gav meg solid erfaring for videre utforskning. Både jobb og fritid handler om folk, aktivitet og friluft for meg idag.

Frå bloggen

- Vi må tørre snakke mer om psykisk helse

Hele folkehøgskolen ble kjent med sprudlende Tiril. Inni seg hadde hun det ikke like bra. Nå ønsker Tiril større åpenhet om psykisk helse på folkehøgskolene.

Les meir på bloggen ▷

Bestill katalogen for 2021/2022

Få full oversikt over skoler og linjer, og bli kjent med livet på folkehøgskole.

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

Fjell & ekspedisjon

Lofoten folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Backpacker Norge

Grenland Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs12 t/ukeKristen

Friluftsliv / UT

Nordfjord folkehøgskule
Ledig plass
HeilårskursKristen

Friluftsliv og fotoreiser

Agder Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs16 t/ukeFrilynt

LinjeX - Villmark

Idrettsskolen Numedal folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Sunnmørsalpene Topptur Canada

Ålesund Folkehøgskole
Ledig plass
HeilårskursKristen

Friluftsliv

Sogndal folkehøgskule
Ledig plass
Heilårskurs18 t/ukeFrilynt

Chasing Adventure

Rødde folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs16 t/ukeKristen

Friluftsliv - oppdrag Norge

Hallingdal Folkehøgskule
Ledig plass
Heilårskurs13 t/ukeFrilynt

FriXtreme

Nordhordland Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs16 t/ukeKristen

Friluft - Basic

Folkehøgskolen Sørlandet
Ledig plass
HeilårskursKristen

Vann & Villmark

Folkehøgskolen Nord-Norge
Ledig plass
Heilårskurs24 t/ukeKristen