- Voss folkehøgskule
- Telefon: 5652 9040
- E-post: post@voss.fhs.no
- Kurslengde: Heilårskurs
- Studietur: «Roadtrip» - Tirol, Dolomittene, Slovenia
- Verdigrunnlag: FrilyntDei frilynte folkehøgskulane har verdigrunnlag som ikkje tek utgangspunkt i eitt bestemt livssyn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
-
Tilbyr: Vegetar, veganDei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
- Stad: Voss
- Oppstartsdato: 22.08.2019
- Pris: fra 156 000,-
- Følg linja på Facebook
- Følg linja på Instagram
- Følg linja på Youtube
Lær fallskjerm, vindtunnel, paragliding, speedriding og ski. Prøv elvepadling og klatring. Opplev meistring og eventyr, vennskap, natur og friluftsliv i telt og snøhole. Ekstremsport og skibygda Voss!
Voss folkehøgskule har Noregs mest komplette tilbod innan ekstremsport. Ekstremsport Luft er for deg som vil bruke mest tid på å utforske luftsportane, men og køyre mykje på ski og prøve andre ekstremsportar.
Kast deg ut av eit fly eller helikopter, flyg speedrider ned ei fjellside eller flyg lengre og høgare med paraglider ...og ta lisensane til og gjere alt på eiga hand! Flyg mange timar i vindtunnelen. Prøv elvepadling, fjordpadling, rappellering og klatring. Køyr endelaus pudder i Myrkdalen, og sving deg ned fjellsidar i Voss Resort.
Ski- og ekstremsportbygda Voss har alle moglegheiter. Du og vennane dine er med og legg planar i forhold til vêr og vind. Vårt mål er at du skal bli dyktig og sikker i sportane me driv med. Du får fly hundrevis av turar i løpet av året, og på vinteren stiller me med fleire lag i NM i vindtunnel.
I tillegg til å bu i ekstremsportmekkaet Voss, får du oppleva:
St. Anton - Østerrikes største skistad
Slovenske alper - Ekstremsportbyen Bovec
Gudvangen - Fjordpadling, teltliv og naturopplevingar
Jordalen - Topptur med base camp i telt
Festivaler viss det passer
...og mange fine turar i områda rundt Voss og på skulen sine fjellstølar!
Utstyret me bruker er av verdas høgste kvalitet. Du får ein eigen speedrider som du sjølv disponerer frå du får lisens. Fallskjerm og paraglider leiger me av klubbane me samarbeider med.
Opplev draumane dine! Velkomen til Voss!
Instagram: @vossfhsekstem #vossfhsekstrem
