The Christian folk high schools are built on Christian values. They are owned by, or associated with, Christian organizations or denominations. They encourage students with different interests and beliefs to apply.
Food: Vegetarian
Most schools will accommodate food allergies and other dietary needs. If you have questions, please contact the school directly.
På denne linja møter du andre som er akkurat som deg: Gira folk som vil ha mest mogleg musikk, men ikkje nødvendigvis alle dagar. Dei dagane sola skin pakkar du heller tursekken og utforskar Sunnmøre. Eller Tanzania/Zanzibar for den saks skuld.
Musikk For å ta ein ting av gongen: Dei fleste dagane er du i øvingslokala, i studio eller på scena. Her utviklar du deg på det du allereie er god på. Om gitar er hovudinstrumentet ditt, er det likevel ikkje usannsynleg at du sit bak trommesettet på huskonsertar og jamsessions.
Du vil lære meir om låtskriving, vokalteknikk, samspel, arrangering, opptak og miksing. Instrument, Mac’ar og Logic står til fri bruk når låta di skal spelast inn. Det blir også konsertar, artistmøter og undervisning av ein songpedagog.
Friluft På go’versdagar får du likevel så mykje meir. Då blir du gira av kajakk, ski, surfing, klatring, grottevandring, Via Ferrata, RIB og vannsport. Det krydrar kvardagen og du testar deg på nye områder.
Afrika Høgdepunktet for mange blir likevel turen til Tanzania. Då får du sterke menneskemøter i ein Masai-landsby og du lager mat på bål saman med ein storfamilie utanfor stråhytta deira. På safari kjem du skummelt tett på løver og elefantar før opphaldet avsluttast med djembekurs, krittkvite strender og azurblått hav på Zanizibar.
Dette er som sagt eit år der Musikk feat. Friluft – miksa med Tanzania. Det vil du vel ikkje gå glipp av?
I Tanzania kjem du tett på afrikansk kultur, natur og folkeliv. I den vesle landsbyen Ilula vil du bli kjent med skulen sin Stop Poverty-partner. Her får du også eit heilt unikt møte med ein Masai-stamme før opphaldet blir avslutta med at klassen i smågrupper besøker kvar sin vertsfamilie. Då får du tilbringe ein dag på landsbygda hos ei familie som bur i jordhus med stråtak og lager maten sin på bål. Dette er kvardagen for dei, og ei heilt uvanleg oppleving for deg.
På studieturen får du sjølvsagt oppleve ein storslått safari med løver og elefanter i Mikumi nasjonalpark, og du får bade i azurblått hav på kritkvite strender på Zanzibar.
Tanzania er eit nytt reisemål for Musikk.Friluft frå om med hausten 2026, men linja Global.Safari har reist dit i mange år allereie. Under kan sjå litt film og bilete frå deira tur.
14 dagar med kortreist glede På di nye heimebane får du mange dagar på tur med heile skulen. Saman med turistar frå heile verda får du sjå verdsarvområder i Geiranger med djupe fjordar og sylkvasse vestlandstindar.
I Ålesund, Norge sin vakraste by, tar du ein espresso og på fuglefjellet Runde ser du lundefuglen side om side med dedikerte naturfotografar med fotoutstyr til verdiar tilsvarende ein Tesla.
På Bjorli ventar ei veke på ski på det som kanskje er den mest snøsikre staden i landet. På Strandafjellet Skisenter helsar du på skiprofilar og får laussnøkøyring i verdsklasse midt i Sunnmørsalpane.
Året avsluttast på Hakallegarden. Då overtar skulen ein stor opplevingsgard og lagar ein "gøy-på-landet"-festival spekka med rare dyr, god mat, konsertar, diverse workshops, barbeque og cowboyfest.
Best av alt: Neste år er det din tur.
Geiranger
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
Det aller meste av det beste byrjar med ein god start. Det gjer også eit folkehøgskuleår
Etter tre-fire veker på skulen sjekkar du inn på vakre Orreneset Leirstad i Sykkylven, midt mellom bre, fjell og fjord i Sunnmørsalpane. Der kan du gå på fjelltur, ta eit morgonbad, sove i hengekøye, spele fotball og volleyball, padle, ete god mat og avslutte ein fullspekka dag i fred og ro framfor leirbålet.
Høgdepunktet for mange er likevel turen inn Geirangerfjorden i eigen sightseeingbåt. Då får du sjå dei verdskjende fossane og dei stupbratte fjellsidene på nært hald. Du får også med deg ein tur opp til den spektakulære fjellgarden Skageflå. Det er på sånne dagar du forstår kvifor cruiseturistar frå heile verda har Geiranger på si bucket list.
På denne turen får du god tid til å betre kjend med dei nye klassekameratane dine. Når du kjem attende til skulen har du lært fleire namn og fått fleire nye venner enn du trudde kunne vere mogleg på få dagar.
Pudderjakt
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
I mars flyttar vi heile skulen til fjells på jakt etter laussnø og gode skiopplevingar
Bjorli Skisenter er eit av dei mest snøsikre stadene i landet og byr på nydeleg skikøyring i dei elleve nedfartane. Her er løyper med variert vanskegrad - alt frå ein fem km lang nybyrjarvenleg rundløype til ein utfortrase rekna på Europacup-køyrarar som har det veldig travelt.
Bjorli byr også på fin, heisnær skogskøyring om du er av dei som likar det best. Her er små klippar du kan droppe frå, og dette er ein flott stad for å oppleve trygg og lett tilgjengeleg offpiste-køyring.
Dette er sosiale dagar med mykje skiglede i løypene, i parken, i laussnøen eller i solveggen utanfor varmestova. På kveldstid ventar god mat og like god underhaldning på Bjorliheimen som er eit tidlegare hotell. Og har du meir energi til overs, er det også mogleg å få seg ein treningstur i supre langrennsløyper.
Dette er kort oppsummert ei veke som dessverre er over alt for fort!
Gøy-på-landet
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
På slutten av skuleåret pakkar vi soveposar og lavvoar og lagar vår eigen festival på ein bondegard.
Hakallegarden er ein opplevingsgard som har besøk av titusenar av turistar i løpet av eit år. Ei lita veke i slutten av april er det vi som tek over drifta av staden. Då er det til dømes du som skal stelle og fòre alpakkaen, påfuglen, eselet og miniatyrhestane. Og det er du som skal køyre Gråtass-traktoren.
Men festivalen er mykje meir enn berre dyrestell og gardsarbeid. Her er det mogleg å velje workshops der du kan padle på storhavet, segle i nordavinden, fiske frå ei 40-fots fiskeskøyte, vere med på RIB-turar, tove ull, lage batikk t-skjorter, flette eiga hengekøye, stisykle eller ete indrefilet steikt på bål i ein kjele med sand.
På ettermiddag- og kveldstid er det cowboyfest og linedance, kulturaften, konsertar, barbeque og konkurransar i bæring av staur, hesteskokasting og bogeskyting. Trøytt og utslitt går du og legg deg i soveposen i ein lavvoleir med plass til 120 medelevar.
Det er dette som er “Gøy på landet”.
The school has the YMCA-Mission and Christian anthropology as basis for the teaching. Our main subjects are: * Sport.Ballplay * Outdoor life (Multisport) * Water & ski * Music *Golf. You can travel to Ulsteinvik by airplane, bus and boat.