Til hovedinnhold

Musikk og media - Medieproduksjon Haust 25

  • Kurslengde: Halvår — høst
  • Pris: fra 80 000,-
  • Verdigrunnlag:
    Frilynt
    Dei frilynte folkehøgskulane har verdigrunnlag som ikkje tek utgangspunkt i eitt bestemt livssyn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
  • Tilbyr: Vegetar, vegan
    Dei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
  • Miljøsertifisering:
    Miljøfyrtårn
    Sertifisering for skoler som dokumenterer miljøinnsats og viser samfunnsansvar.
  • Sted: Manger, Vestland
Vil du laga musikkvideo, ta gode bilete, laga innhald til sosiale medium? Filme konsertar? Lage kortfilm? Redigera bilete, video og musikk?

Dette er er eit halvtårskurs for deg som ventar på å starte i militæret, har nettopp vore der eller har eit ledig halvår du ikkje har lagt planer for.

Ser du for deg bilder, video eller kunst når du høyrer musikk eller les ein tekst? Eller høyrer du musikk når du ser bilder osv.? Ønskjer du å laga ein musikkvideo? Vil du laga livestream av konsertar eller framsyningar? Vil du realisere ditt eige uttrykk? Eller trivast du best med å tolke andre sine draumar og tankar?

Linja Medieproduksjon er eit fordjupningfag innan Musikk og media. Saman med Filmmusikk har dei fleire fellestimar. Me har andre spennande musikklinjer på skulen og legg stor vekt på samarbeid mellom linjene. Her er det mange moglegheiter for musikalsk og filmatisk utfoldelse ut i frå dine interesser.

Dine interesser er viktig for oss, du vil få mykje tid til å jobba i den retninga du sjølv ønskjer, også i samarbeid med andre. 

Linja passar for deg som ønskjer å uttrykkja deg innan medieproduksjon. Liker å filma og redigera. Ønskjer å gjennomføra eigen prosjekt innan kortfilm, musikkvideo, kunstfilm eller noko anna.

Dette vil du lære

  • Foto- og videoteknikk
  • Biletredigering.
  • Konsertopptak
  • Sosiale medier
  • Publisering
  • Kortfilm
  • Dramaturgi
  • Manus
  • Tilgang til alle Adobe applikasjoner (Adobe premier Pro, Photoshop etc.)

Våre forventninger til deg

Gjennom tett samarbeid med våre andre linjer får du jobbe med artistar, produsentar og komponistar med å skape og utvikle visjonane dine.

Timeplanen gir rom for mykje praktisk arbeid der du planlegg, gjennomfører og sluttfører dine eigne prosjekt.

Du får vera med på å produsere skulen si prosjektveke, ta bilet og opptak av konsertar, laga musikkvideoar og eigne prosjekt.

Årsplan 2024/2025

  • 27. august: Skulestart
  • 7. - 13. oktober: Haustferie
  • 14. desember - 5. januar: Juleferie
  • 22. februar - 3. mars: Vinterferie
  • 12. april - 21. april: Påskeferie
  • 15. mai: Heimreisedag

Halvårskurs Vår-25

6. januar: Skulestart

Årsplan 2025/2026 

26. august: Skulestart

I løpet av skuleåret har vi tre valfagperiodar. Ein på hausten, ein på vinteren og ein på våren. Det er ulike former for musikk, sport, forming, spel, teoretiske fag og andre aktivitetar. Tilbodet varierer for kvar periode alt ettersom kva lærar eller elev som har timane. Det er ulikt frå år til år.

Filmmusikk

Her kan du læra meir om komposisjon, og samanhengen mellom musikk og film.

Hesteriding

Her lærer du å stelle hest, sale og ri.

Kreative meg

Kreative aktiviteter med fokus på indre prosessar. Me lagar zentangles, mandalas, draumefangarar m.m.

Marknadsføring

Her får du ei innføring i korleis du skal marknadsføre eit produkt.

Piano

Lær deg piano eller få hjelp til å vidareutvikle dugleiken din. Undervisninga er tilpassa ditt nivå.

Storband

Spel storbandmusikk av Leiva og Barnes. Mogleik for å spele eigne arrangement og improvisere.

Konsert-trening

Føregår som “åpen undervisning” der ein spelar for kvarandre, anten ein vil førebu seg til prøvespel eller berre trene seg på å spele for andre.

Sibelius

Få grunnleggjande dugleik i notasjons-programmet Sibelius.

Kammerkor

Har du sangglede og ynskjer å synge i eit mindre vokalensemble og utfordre deg sjølv, så er kammerkoret rette plass.

Sang

Lyst å utvikle stemmen din? Få sangtime med vår sangpedagog.

Speleteknikk

For messingblåsare som ynskjer å jobbe ekstra med korrekt speleteknikk.

Musikkdokumentar

Eit tilbod til elevar som ynskjer å sjå ulike musikkdokumentarar og diskutera innhaldet i desse. Ein får innsyn i ulike genre og blir kjend med korleis ulike artistar påverkar samtida og ettertida si.

Strikking

Her kan du få vera med i ei gruppe som strikker og prater. Me satser på å strikke tøfler som me skal tova i vaskemaskin. Om du vil kan du også få strikka ullsokker, pannebånd og andre varme bruksting.

Yoga

Ein introduksjon til enkel yoga og meditasjon.

Isbading

Ikkje ofte det er is på sjøen her i vest, men me kan lova at det er kaldt i vatnet.

Bootcamp

Gjer kroppen sterkare med sirkeltrening/intervalltrening.

Forming

Kreative aktivitetar som toving, laga t-skjorte, laga sitteunderlag og laga drops.

Leseglede

Ein slags bokklubb for deg som er glad i å lesa bøker (romanar/faglitteratur/tekstar). Her får du moglegheit til å diskutera/samtale kring det du har lest.

Fra kr 80 000,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på rommet
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 80 000,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 80 000,-
(16 000,- per måned)
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.
  • Vi har god erfaring med å tilrettelegga for deg med funksjonsnedsetjing eller kronisk sjukdom som til dømes rullestolbrukarar, svaksynte, høyrslehemma, mage/tarmsjukdommar og elevar innanfor autismespekteret.
  • Vi tilrettelegg for deg så godt vi kan og gjer justeringar i samråd med deg
  • Ta kontakt med oss i god tid om du har behov for tilpassingar, eller lurer på om vi kan tilrettelegga for deg.
Søk på linjaMer om skolenSkolens nettside

Nyheter

Bo- og arbeidstrening på folkehøgskole

Folkehøgskole skal være for alle! Her finner du mer informasjon om det tilrettelagte tilbudet for ungdom med utviklingshemming. Det lønner seg å planlegge skoleåret i ...

- Folkehøgskole er det beste valget jeg har tatt

For Nor var aldri folkehøgskole noe alternativ. Hun skulle studere og rett ut i jobb. Så orket hun ikke mer, og trengte en pause. En ...

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som ligner

Musikal - halvårskurs høst 2025

Ringerike Folkehøgskole
Full
Halvår — høst
15 t/uke
Frilynt

Hundekjøring Svalbard - høst 2025

Svalbard folkehøgskole
Halvår — høst
15 t/uke
Kristen

Fleks høst 25

Risøy Folkehøyskole: Lærerik frihet.
Halvår — høst
29 t/uke
Kristen

HØST Teater og film

Harstad Folkehøgskole
Halvår — høst
15 t/uke
Frilynt

Ekstremsport på Reisefot - Høst 2025

Seljord Folkehøgskule
Få ledige plasser
Halvår — høst
15 t/uke
Frilynt

Villmark - vann og snø, Svalbard, franske alper, h

Ringebu Folkehøgskole
Halvår — høst
13 t/uke
Frilynt

Arkitektur for fremtiden HØST 2025

Stavanger Urban Folkehøyskole StUF
Halvår — høst
15 t/uke
Frilynt

Halvårskurs høst: Kampsport MMA

Skogn folkehøgskole
Halvår — høst
16 t/uke
Frilynt

Friluftsliv LETT (høst)

Vefsn Folkehøgskole - Toppen
Halvår — høst
15 t/uke
Frilynt

Functional Fitness & Vektløfting, haust 2025

Sunnfjord Folkehøgskule
Halvår — høst
Kristen

Musikk og media - Haust 25

Manger folkehøgskule
Halvår — høst
19 t/uke
Frilynt

Park og Akrobatikk, høst

Ringebu Folkehøgskole
Halvår — høst
13 t/uke
Frilynt

HØST Spiritualitet og Selvutvikling

Harstad Folkehøgskole
Halvår — høst
15 t/uke
Frilynt

Høstkurs Friluftsliv

Lofoten folkehøgskole
Halvår — høst
15 t/uke
Frilynt