Til hovedinnhold

Movement X Modern Circus

  • Kurslengde: Helårskurs
  • Oppstartsdato: 22.08.2026
  • Linjefag: 18 timer/uke
  • Pris: fra 141 100,-
  • Verdigrunnlag:
    Frilynt
    Dei frilynte folkehøgskulane har verdigrunnlag som ikkje tek utgangspunkt i eitt bestemt livssyn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
  • Tilbyr: Vegetar, vegan
    Dei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
  • Miljøsertifisering:
    Miljøfyrtårn
    Sertifisering for skoler som dokumenterer miljøinnsats og viser samfunnsansvar.
    Debio
    Merkeordning for skoler som har økologisk mat og drikke.
    Fairtrade
    Sertifisering for skoler som tilbyr Fairtrade-merkede produkter og bevisstgjør om rettferdig handel.
  • Sted: Stad kommune
  • Studietur for linja: Europa - Movement X
  • Studietur for skolen: Surf, fjell og camp | Overnattingstur til Hoddevik, Fjord Explore, Vintertur til Stigedalen, Opplev naturkreftene på Kråkenes fyr, Strandryddeseilas , Fellestur til Filippinene
Likar du å vere i fysisk aktivitet og kjenne adrenalinet du får av å stå på ei scene? Kanskje ser du for deg ei framtid innan sirkus, utøvande scenekunst eller dans? Då er dette linja for deg!

Her får du bruke kroppen kvar dag, utfordre deg sjølv og lære nye ferdigheiter. På linja Movement X Modern Circus får du fordjupe deg i ulike sirkusdisiplinar, med fokus på mobilitet, styrke, balanse og koordinasjon.

Undervisninga er praktisk og variert. Du jobbar mykje med teknikk og lærarane følgje deg tett for å sikre progresjon. Vi startar med grunnleggande øvingar og går gradvis vidare til meir avanserte triks, alt innanfor trygge og sikre rammer.

På treningsplanen: 
🤸 Luftakrobatikk i trapes, ring/lyra, tau, tissue og Chinese pole
🦸 Golvakrobatikk og trampoline
⚖️ Balanseline, rola bola og einhjulssykkel
🤹‍♂️ Sjonglering og diabolo 
💪 Regelmessig styrke-, kondisjon- og mobilitetstrening
💆‍♂️ Kosthald og restitusjon

Dette får du vere med på: 
🎥 Framsyningar og oppvisningar gjennom året
✈️ Studietur til Europa for å besøke sirkusskular og oppleve sirkuskulturen
🏄‍♂️ Turar til skjulte perler i nærområdet

Gjennom fleire valgfag kan du sette saman din eige timeplan og fordjupe deg i det du vil bli betre på, enten det er HIIT-trening, yoga eller noko heilt anna som svømming, hest eller barista.

Sjølv om vi likar å trene mykje, er vi opptatt av at du skal få kjenne på det gode folkehøgskulelivet, med kjekke aktivitetaropplevingar som du aldri vil gløyme, og sjansen til å bli kjent med nye menneske.

Følg oss gjerne på Instagram eller TikTok!

Springbrett

Dette året kan bli startenvidare studiar og der du finn di retning. Du får kunnskap om trening, teknikk og kroppsforståing som du vil ha nytte av i mange samanhengar, og du får verdifull erfaring frå scena som gjer deg tryggare i større forsamlingar.

Lærarar med høg fagleg kvalitet

Movement X er den einaste sirkuslinja i Norge som er godkjend av FEDEC (European Federation of Professional Circus Schools). Det er eit kvalitetsstempel innan profesjonell sirkusutdanning i Europa som vi er veldig stolte av å ha.

Lærarane held eit høgt fagleg nivå. Martin Riedel har bachelorgrad i «Circus and Performance Art» frå Nederland og mange års erfaring som utøvande artist på det verdenskjende sirkuset Cirque du Soleil. Veera Hatlenes er tidlegare elev på Movement X og er utdanna fysioterapeut, dansar og strenght- and condition coach. Saman gir dei deg tett oppfølging i treninga, og lærer deg korleis trening, kvile og teknikk heng saman.

Treninga skjer på skulen vår. Her har vi alt frå devil sticks til trampoliner, og eit godt utstyrt treningsrom. I tillegg har vi tilgang til Hamna treningssenter.

Vi samarbeider også tett med dei andre linjene på folkehøgskulen vår og du blir du ein del av eit større fellesskap.

Linja for deg som er glad i vere aktiv, likar fysisk trening og å utfordre deg sjølv. Du treng ikkje ha erfaring frå sirkusdisiplinane. Det viktigaste er at du er motivert og engasjert.

Dette vil du lære

  • Akrobatikk: trampoline, golvakro, luftakro,
  • Balanse: håndståande, cyrhjul, tight wire, einhjulssykkel, Rola Bola
  • Sjonglering og koordinasjon, med ballar, kjegler, diabolo ++
  • Styrke- og bevegeligheitstrening
  • Scenekunst: opptredenar, forestillingsarbeid
  • Rigging

Vi kan ta inn gjestelærarar periodevis for spesialisering i visse emner/disipliner

Våre forventninger til deg

  • Du vil vere ein god treningskamerat, bidra til god teamspirit og bygge et godt klasse- og skulemiljø
  • Du møter opp til timane og aktivitetane med ei positiv innstilling
  • Du er villig til å presse deg sjølv og teste eigne grenser
  • Forkunnskap er ikkje nødvendig, men du må vere motivert, ha lyst til å trene og klar for å prøve noko nytt

Veera Hatlenes

Sirkusinstruktør

Utdanning/ erfaring:
Tidlegare elev på Movement X på Fjordane, utdanna fysioterapeut og danser, pedagogisk sirkusinstruktør.

Interesser:
Isbading, sauna, bake og høyre på finsk radio

Martin Riedel

Lærar Movement X

Tilsett sidan 2016

Utdanning/erfaring:
Bachelorgrad «Circus and Performance Art» frå Nederland. Utøvande artist. Spesialisert på «Chinese pole», men meistrar fleire andre sirkusdisiplinar som luft-akrobatikk, einhjulssykkel, akrobatikk og «hand-to-hand». Er artist på det verdskjende sirkuset Cirque du Soleil.

Hobbyar/interesser:
Trompet, surfing, skate- og longboard. 

Epost: martin.riedel@fjordane.fhs.no
Instagram: @the.martin.riedel

2026-27:

  • Skulestart: 22.08.26
  • September: Fellestur til Hoddevik 
  • Frihelg: 12.-14.09
  • Haustferie: fom. 02.10 (kl. 13) - 11. oktober (v.41). 
  • Oktober: Strandryddeseilas ved kysten
  • Frihelg: 13.-15.11.
  • Desember: Juleverkstad og "Jul på Fjordane"
  • Juleferie: 18.12. kl.13 - 03.01.
  • Januar: Annerledesveke
  • Februar: Fellestur til Stigedalen
  • Vinterferie: 19.02  (kl. 13) - 28. 02 (v. 8).
  • Mars/april: Linjeturar
  • Påskeferie:11. april (kl. 13) - 22. april
  • Avsluttning: 8. mai.
  • Fellestur til Krokpollen
  • Heim: 15.05.27

Valgfag er ei fin moglegheit til å prøve noko nytt og bli betre kjent med elevar frå andre linjer. Du har over 20 valgfag å velge mellom, alt frå sjonglering til barista. Valgfaga er valgfrie som namnet tilseier og du kan velge så mange du vil. Lengda på valgfaga varierar frå 1-2 timar kvar veke, og dei kan variere noko frå år til år.

Band

Her får du moglegheita til å jamme med andre, spele låtar og ha det kjekt med musikk! Enten du spelar gitar, bass, piano, trommer eller syng, er det plass til deg.

Barista

Lær deg kunsten bak ein god kopp kaffi og bli kjent med dei ulike kaffibønnene. Frå kaffibaren vår «Bønna» kan du lage Cappuchino, Americano, Espresso, Maccihato, Cortado og Latte utan problem!

Blankvåpen

Her trenar vi som vikingar med øksekast, sverd og skjold. Vi brukar blunte våpen og har sjølvsagt sikkerheit i hovudfokus under treninga.

Dans

Lær deg grunnleggande teknikkar i klassisk ballett, jazzdans, moderne dans og samtidsdans. Valfaget er for både nybyrjarar og erfarne. Her får du jobbe med balanse, fleksibilitet og uttrykk.

Dungeons & Dragons

Her er det kun fantasien din som set grensene. Skap din eigen karakter og utfordre både kreativiteten og problemløysingsevna di. Likar du rollespel og improvisasjon? Då er dette noko for deg.

Elevstyrte valfag

Har du ei spesiell ferdigheit du vil dele med andre? Elevstyrte valfag betyr at du kan vere med å skape faget sjølv og la medelevane dine lære noko frå deg.

Fem på topp

Er du glad i fjellturar? Bli med og utforsk dei flotte fjelltoppane rundt oss – både haust, vinter og vår.

Fysisk trening

Kom i form eller berre ha det kjekt med bevegelse! Her kan du trene det du likar.

Hest

Har du ikkje hest som linjefag, men vil kjenne gleda av å vere tett på ein hest? Her får du lære alt frå riding til stell!

HIIT-trening

I HIIT-trening (High-Intensity Interval Training) køyre vi korte og effektive økter der du verkeleg får utfordra både kondisjon og styrke. Likar du ei rask og tøff treningsøkt er dette timen for deg.

Klatring

Lyst å klatre i ein innandørs klatrevegg like ved skulen? Her får du trene både styrke, teknikk og balanse. Målet er at du skal få brattkort – eit bevis på at du kan sikring og bruk av autobelay.

Kunst

For deg som ikkje har kunst som linjefag. Her får du prøve deg i ulike kunstsjangrar som teikning, keramikk og maling.

Køyring/tømmekjøring

Valfaget for deg som vil jobbe med hesten frå bakken med tømmekøyring/tømmelongering eller trene på dressur-, presisjon- og maratonkøyring. Du kan vere med uavhengig av kva forkunnskap du har.

Linedance

Bli med på lavterskel linjedansing med feel good-stemning. Vi startar med enkle koreografiar og aukar etter kvart.

Lokale lag og organisasjonar

Vil du engasjere deg i lokalsamfunnet? Vi hjelpe deg med å finne det rette laget eller organisasjonen for deg. Du finn mykje informasjon om lokale lag og organisasjonar på www.stad.foreningsportal.no.

Prosjekthest – din hest i fokus

For deg med eigen hest som vil ha ekstra hjelp. Du vil lære alt frå innriding, innkøyring, lasting og longering, til handtering frå bakken. Om hesten vise problemåtferd, kan vi også jobbe med dette.

Redesign

Har du lyst å gje nytt liv til den gamle skjorta eller gardina? Lær deg å sy om plagg og bli med på klesbyttedagar. Dette valfaget er perfekt for deg som er kreativ og opptatt av gjenbruk.

Salmakar

Her får du opplæring i korleis du kan arbeide med lær som materiale. Lær deg teknikkar i salmakarfaget og lag alt frå belte til veske, eller reparer utstyr du har frå før.

Sirkus

Test ut spennande sirkusdisiplinar som balansering, styrke, reaksjon og koordinasjon i valfag sirkus! Her kan du utfordre deg på nye måtar og bruke musklar du ikkje visste du hadde.

Sprangriding

Vil du jobbe meir med sprangriding? Dette er valfaget for deg som går på hestelinja og som har med eigen hest. Vi prøvar så godt vi kan å gjere valfaget tilgjengeleg for elevar som brukar skulehest.

Strikking

Har du lyst å strikke saman med likesinna som likar garn og strikking? Bli med på ein sosial, kreativ og kjekk time. Dette er eit valfag for alle – uavhengig av strikkeferdigheiter og nivå!

Surfing i Hoddevika

Har du lyst å surfe i eit av Noregs surfepardis? Hoddevik er berre ein kort biltur unna oss! Enten du er nybegynnar eller erfaren, er dette plassen for å teste surfebrettet og få saltvatn i håret.

Svømming/bading

Ein spasertur unna finn du eit 25 meter langt basseng for både trening og avslapping. Perfekt for dagens treningsøkt eller om du berre vil slappe av i boblebadet. Rund av med ein tur i badstova.

Teater

Er du glad i improvisasjon, standup og å lage skodespel? Det er noko av det du får vere med på her.

Volleyball

Vi trenar på teknikk og spelar volleyball i idrettshallen. Om véret er på vår side blir det sandvolleyball på ei av banene som ligg i nærområdet til skulen.

Voltige

Voltige er turning på hesteryggen. Vi startar på treningshesten vår “ostepop”, der du får teste ulike øvelsar. Voltige er ein fin måte å jobbe med balanse, koordinasjon og styrke på hesteryggen.

Yoga

Kom i kontakt med både kropp og sinn med yoga. Dette er valfaget for deg som vil bli smidigare, meir avslappa og finne di indre ro. Eit godt avbrekk i kvardagen som gir deg energi.

Årbok/foto

Har du lyst å lage ei minnebok som fangar opplevingane frå ditt beste år? Vi samlar minner, bilete og historier som alle elevane frå kullet ditt kan ta med seg når skuleåret er over.

Tenk deg eit år der du kan prøve mykje nytt eller gjere meir av det du likar aller best. Eit år der du vil møte nye menneske. Eit år med opplevingar og turar som du aldri vil gløyme. Tenk at dette kan bli ditt år

Linjer ved skolen

Les mer om skolen

Fra kr 141 100,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på gangen
  • Studietur: Surf, fjell og camp | Overnattingstur til Hoddevik
  • Studietur: Fjord Explore
  • Studietur: Vintertur til Stigedalen
  • Studietur: Opplev naturkreftene på Kråkenes fyr
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Studietur: Strandryddeseilas
  • Studietur: Europa - Movement X
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 141 100,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Studiestøtten for neste år vedtas av Stortinget i desember, ny beløp for studiestøtte legges inn etter det.
Summen du må dekke selv 141 100,-
(14 110,- per måned)
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Dette utstyret får du låne av skolen

Trampoline, tight wire, trapez, tissue, teeterboard, sjongleringsutstyr, diablo , diabolo

Fagleg og sosialt
Vi ønskjer at alle elevane skal føle seg trygge, inkluderte og få moglegheita til å skape sitt beste år saman med oss. Difor tilpassar vi oss så langt vi kan, for at du kan delta og få ei god oppleving. Her er nokre av tiltaka vi kan tilby:

  • Treng du pausar, legg vi til rette for det.
  • Blir aktivitetane for krevjande for deg, finn vi alternative løysningar.
  • Vi har fokus på ein god og trygg oppstart, der alle skal bli sett og høyrt.
  • Du kan alltid snakke med linjelærar eller paviljonglærar om du treng andre tilpassingar som kan hjelpe deg.

Ta kontakt med oss for å høyre kva vi kan gjere for å tilrettelegge for dine behov.

Mat
Kokkane våre elskar å lage mat som smakar skikkeleg godt. Du kan derfor glede deg til å få servert fire næringsrike og gode måltid dagleg – frukost, lunsj, middag og kvelds, alt inkludert i skuleprisen. Om du har cøliaki, er laktoseintolerant, veganar, vegetarianar, pescatarianar eller anna har vi alltid eit alternativ til deg - utan ekstra kostnad. Berre gje oss beskjed på førehand, så ordnar våre dyktige kokkar det.

Vi er opptatt av kortreist mat, så kokkane våre handlar alltid lokale og sesongbaserte råvarer når dei kan. I Vikingtunet dyrkar vi våre eigne grønsaker, så du kan glede deg til å både sanke og ete poteter, jordbær, grønsaker og ulike urter som vi brukar i matlaginga på skulen.

Universell utforming
Dei fleste av bygga våre er universelt utforma, men ikkje alle. Vi gjer vårt beste for å leggje til rette for deg om du treng det.

Søk på linjaMer om skolenSkolens nettside

Tidligere elever

Kristine Klemmetvoll Østerud

– Lærerne våre er utrolig dyktige og engasjerte. De har solid erfaring innen sirkus, men også en egen evne til å lære bort på en trygg og inspirerende måte. Det føles profesjonelt, samtidig som de er en del av gjengen i klassen

Kristine Klemmetvoll Østerud
Maya Lockyer Brevik

– Det jeg liker best med linja, er selvutviklingen. Med inspirerende lærere, og en klasse som virkelig støtter hverandre, har jeg utviklet meg raskere enn jeg noen gang hadde trodd. Å gjøre dette sammen med likesinnede gjør opplevelsen enda sterkere

Maya Lockyer Brevik

Nyheter

Her er de nye folkehøgskolelinjene

Les hvilke helt nye linjer du kan søke på skoleåret 2026/2027.

Demokratibussen 2025: Ungdomspolitikere reiser sammen og møtes til debatt

Fra 24. til 26. mars setter ni ungdomspolitikere seg på samme buss for å bo, debattere og møte elever på fire folkehøgskoler på Vestlandet.

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen