- Voss folkehøgskule
- Telefon: 5652 9040
- E-post: post@voss.fhs.no
- Kurslengde: Heilårskurs
- Studietur: «Roadtrip» - Tirol, Dolomittene, Slovenia
- Verdigrunnlag: FrilyntDei frilynte folkehøgskulane har verdigrunnlag som ikkje tek utgangspunkt i eitt bestemt livssyn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
-
Tilbyr: Vegetar, veganDei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
- Stad: Voss
- Oppstartsdato: 22.08.2019
- Linjefag: 15 timar/veke
- Pris: fra 123 000,-
- Følg linja på Facebook
- Følg linja på Instagram
Opplev meistring og eventyr, vennskap, natur og friluftsliv. Voss: perfekt for idrett, turglede, jakt og fiske. Alpint og offpiste i Vestlandets to beste skisentre. Studietur Alpene og Slovenia.
Studietur: «Roadtrip» - Tirol, Dolomittene, Slovenia
Vi har stor pågang og linja er no full.
Idrett og friluftsliv er linja for deg som vil utforske ulike sider av friluftslivet og eit mangfald av idrettsaktivitetar. Vi har fokus på meistring, glede og læring. Sidan 1960 kombinerer vi det tradisjonelle friluftslivet med idrett og nye aktivitetar!
Bli med på dei beste turane i fjord -og fjellandskapet på Vestlandet. Bu i telt om hausten, snøhole om vinteren og morro i Vossabadet når det regnar.
Skulen ligg 1000 meter fra Nord-Europas største gondolbane som tar deg opp til alpinanlegget i Voss Resort – her har vi sesongkort og står på alpin og offpiste.
Om hausten syklar vi den fantastiske Rallarvegen. Vi har ei veke med kystliv anno 1890, fiske, fangst og lysing etter krabber. Her kan du ta skiinstruktørutdanning. Vi er også fast gjest på skistadion og i langrennssporet.
Vi tek oss tid til å bli gode på ski og å kose oss på tur. Vi gler oss over fellesskapet og naturen.
Aktivitetar og læring:
- Kart, kompass, skredkunnskap og trygge vegvalg
- Kiting på Hardangervidda
- Utvikle skiferdigheiter i og utanfor skibakken. Vi har sesongkort.
- Leik og trening i Vossabadet
- Fjellturar haust, vinter og vår
- Segling, fisking og roing
- Prøv deg på klatring
- Fang fisk med hendene
- Ta skiinstruktørutdanning i alpint (valfritt)
- Jegerprøve og småviltjakt (valgfritt)
- Overnatting i telt, snøhule og Iglo, solodøgn ute
- Ulike innendørsidrettar og treningsstudio
Velkomen til eit aktivt og lærerikt år med gode opplevingar!
