
- Hardanger Folkehøgskule
- Telefon: 53 67 14 00
- E-post: kontor@hardanger.fhs.no
- Kurslengde: Heilårskurs
- Studietur: Cadiz i Spania, Interrailtur i Mellom/Sør-Europa
- Verdigrunnlag: FrilyntDei frilynte folkehøgskulane har verdigrunnlag som ikkje tek utgangspunkt i eitt bestemt livssyn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
-
Tilbyr: Vegetar, veganDei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
- Stad: Lofthus
- Oppstartsdato: 22.08.2021
- Linjefag: 15 timar/veke
- Pris: fra 137 430,-
- Følg linja på Instagram
Høgt aktivitetsnivå! Multisportslinje med actionidrettar. F.eks. rafting, strikkhopp, paragliding-/fallskjerm, elvekajakk, klatring, alpint. Surf, bretur, snøkiting. Spania haust og Interrail vår.
Her er tilbudet til deg! Fantastisk spennande multi-sport linje!
På denne linja kan du velje ei god blanding av alle typar idrettar, alt frå ballspel til fallskjermhopping. Grunntrening og actionfylt ekstremsport! Vi nemner aktivitetar som:
- Tandem fallskjerm i Spania https://www.skydivespain.com/
- Paragliding
- Fotball
- Volleyball
- Racketidrett
- Rafting/juving
- Windsurfing/surfing
- Toppturar
- Grunntrening
- Klatring i Via Ferrata til Trolltunga og i Kyrkjeveggen
- Havkajakk
- Elvekajakk med våttkort
- Trampett
- Alpint: Voss, Myrkdalen, Røldal, Hemsedal, Geilo
- Paintball
- Treningslære
- Off-piste ski
- Strikkhopp
- Langrenn/Fjellski
Sjølvsagt har vi også styrke-og kondisjonstrening. Til det brukar vi gymsalen, idrettshallen eller det lokale treningssenteret (ved innmelding) Tunvoll med tredemøller, spinningrom, vekter, elipse/-romaskiner,etc. Vi spelar gjerne kampar mot andre folkehøgskular i volleyball/fotball/innebandy.
Du vil lære om grunnleggjande prinsipp for styrketrening og uthaldenheitstrening, samt korleis planleggje og gjennomføre eigentrening i ein valgt idrett.
Reis og sjå nye plassar i tillegg! I Spania hoppar du tandem-fallskjerm, prøver windsurfing og surfing og spelar padeltennis. På vår interrailtur om våren kan vi stå på ski, prøve tandem paragliding og lære å reise miljøvennlig. På Voss prøver du juving eller rafting og vi får også en introduksjon til elvekajakk. Sjølvsagt skal vi ha litt klatring, både inne og ute. Og for ikkje å gløyma trening! Litt sterkare, litt sunnare og litt bedre kondisjon.