Til hovedinnhold

Hardanger Folkehøgskule

OPPTAKSBREV SENDES UT FRÅ 1.FEBRUAR! Frilynt folkehøgskule. Vi legg vekt på å skape eit godt, trygt og inkluderande miljø. Trivsel for alle er ein nøkkelfaktor. Mange aktivitetar. Det meste av undervisninga er praktisk. Du skal få utvikle samarbeidsevne, toleranse og lære å ta ansvar for eiga utvikling. Godt sosialt miljø.

Søk på skulenLinjer

Dette er det mest sosiale studie-/skuleåret du kan få! 

Søk Hardanger!

Bli med på vårt skulelag i volleyball -  trening om ettermiddagar og turneringshelger mot andre skular!

Fritid: Alle klasserom og gymsal er opne på ettermiddag-/kveldstid. Det same gjeld jacuzzi, samt garderobeanlegget med styrkerom og badstove. Stiar og grusvegar nær skulen for turgåing og jogging, eller for turar med hunden din. Rett bak skulen har vi opplyst fotballbane med kunstgras. 

På Lofthus er der eit topp moderne treningssenter med styrkerom og spinningssal kor vi får gode studentprisar på medlemskap.På Lofthus finn du også legesenter, fysioterapisenter, nærbutikk, frisør, kino og pub.Kinoen er ein moderne digital kino med topp lydannlegg.

Viktigast av alt: du vil ha gode kjentfolk rundt deg stort sett heile tida! Då kan du ha den hyggelege samtalen, lage mat, spele spel, trene, sjå film, gå tur, lage underhaldning, jobbe med prosjekt og aksjonar etter skuletid.

Dette står vi for

Vi er ein frilynt folkehøgskule.

Det vil sei at vi ikkje er knytta opp til eit kristent livssyn, men at vi vektlegg verdiar som er nærare knytt til humanismen. På vår skule er alle elevar velkomne uavhengig av livssyn, etnisitet, kjønn, legning og politiske haldningar. Vi møter menneske med åpenhet og respekt på ein fordomsfri måte. 

Våre viktigaste verdiar er: fellesskap, respekt og engasjement.

På folkehøgskule får du;

Hardanger Folkehøgskule vektlegg:

Vi er ein miljøbevisst skule og fører klimarekneskap for skulen kvart år!

Skulen tilbyr fellesfag som ein del av valfagmenyen. Desse går på torsdagar før-og/eller etter lunsj. Det er ein rullering over 6-7 gongar pr. fag. Det vil sei at du kan velgja 3 gongar. I tillegg har vi seminar kvar laurdag. Dette er døme frå dette skuleåret:

  • Dokumentarfilm
  • Isbading
  • Yoga/meditasjon
  • Strikking
  • Hekling 
  • Redesign
  • Bli med på vårt skulelag i volleyball -  trening om etter middagar og turneringshelger mot andre skular!
  • Ta opp fag frå vidaregåande som privatist
  • Tur på Hardangervidda
  • Friluftsliv
  • Fotball
  • Volleyball
  • Hund
  • Skyting - miniatyrbane
  • Miniatyrmaling
  • Førstehjelp
  • Utetrening
  • Crossfit
  • Praktisk arbeid
  • Boklesing/Litteratur
  • Klatring
  • Debatt
  • Skriveverkstad
  • Dans
  • Spansk
  • Skinn og lær
  • Sløyd

I tillegg har alle elevane rydde og vasketid på timeplanen kvar veka.

Du kan velgja ni ulike valfag. Tilbodet varierer frå år til år i fht til kva lærarkrefter vi har tilgjengeleg, men i menyen over kan du sjå eit utval av dei valfaga som skulen har inneverande år.

Blodslit

Dette er eit valfag som sit krav til viljestyrke og gjennomføringsevne. Knallhard trening utendørs. Intervallar, bakkeløp, spenst og smidighet.

Bålprat

Vi lagar bål og tar den tunge praten om dei store emna rundt bålet.

Dans

Salsa og samba

Diskusjonsforum

Dungeons and Dragons

Film - klassikarar

Filmklubb Dokumentar

Ikkje alle sider ved verda er like gode. Mange gode filmar er lagd for å kritisere dårlege/negative sider ved samfunnet i håp om å vekkje og engasjere. Vi vil vise fleire slike filmar og diskuterer det som er gjenstand for kritikken, trigge kvarandres haldningar og stille spørsmål. Døme på filmar: Supersize me, Bloody Sunday, The constant gardener, Sicko, Bowling for Columbine, m.fl.

Fotball

Fotball for dei som har spelt før. Grunnteknikk, samspel, individuelle og relasjonelle øvelsar. Fotball er moro, og skal vera moro. Det fokuserer vi på. Spel - mykje spel!

Friluftsliv

Frivillig arbeid

Førstehjelp

Lær deg basic førstehjelp.

Geriljabroderi

Sømfag. Vi syr ulike slagord, korte dikt, etc

Gitar

Nybegynnerkurs. Skulen har nokre gitarar til utlån. Ta gjerne med eigen gitar eller du kan låne av familien din.

Hundeliv

Her får du lære mykje om om hund. Hundens bakgrunn (kva er ein hund?), hundespråk, læringsteori tilpassa hund, hundens bruksområder og alt det fantastiske alle kan gjere saman med sin eigen hund.

Idrett

Her vil du få boltre deg i ulike idrettar. Du får ulike ballspel som volleyball, basket, innebandy, slåball, og andre idrettar som klatring/buldring, symjing, styrketrening, leik, aking eller ski/alpint.

Improteater

Teater og sketsjar uten manus

Innebandy

Isbading

Vi badar i fjorden i den kaldaste tida på året. Oppvarming, bading, og retur til skulen.

Klatring

I hovudsak innandørs klatring i klatrevegg.

Kondisjon og styrke

Ein time med styrketrening og evt. spinning på det nye og godt utrusta treningssenteret på Lofthus. Spinningen vil vere på nybyrjarnivå og utfordre både kondisjon og styrke. Fengjande musikk, variert tempo, mykje svetting og slit, -og tjohei for ein form du kjem i! Godt for kropp og sjel. Det vert ei økt i for- og etterkant med oppvarming og uttøying.

Kreativ verkstad

Her får du lære ulike teknikkar for å lage fine ting til deg sjølv eller julegåver. Vi strikker plagg vi etterpå kan lære å tove, t.d. tøflar, vottar, vesker eller hattar. Vi syr buff/panneband, du kan få lære nålefilting, male på glas, eller lage armband av ulike materiale.

Litteratur

Vi leser og diskuterer bøker

LUDO - vi leker!

Mat på bål

Vi er ute og lærar laga enkle matrettar på bålet

Meditasjon

Lær deg teknikken å meditere.

Natt i naturen

To- dagars valfag der vi går ut og har eit døgn i naturen

Overnattingstur på Hardangervidda

Pris: 800,-

Vi brukar to dagar på Hardangervidda. Turen går til Sandhaug. Der får vi gode senger og tre-rettars middag når vi kjem fram. 2-dagars valfag

Redesign

Lag noko nytt ut av gamle plagg, gardiner, dukar el.l.

Sjakk

Lær deg kunsten å spela sjakk. Kampar og turneringar

Ski

Pris: 1 100,-

Vi drar til skisenter og køyrer på ski, evt. går tur for dei som vil det. To-dagars valfag

SKINN OG LÆRARBEID

Elevane får lage lommebøker, etui, små vesker, belter, osv

Skriveverkstad

Skyting

Bli bedre skyttar, eller lær deg skyting. Vi brukar innandørs skytehall og skyter med 22 kal.salongrifler. 15 meter bane på elektroniske blinkar.

Strikking

Opplæring i strikking. Evt. hjelp til å strikke det plagget du alltid har ynskt å strikke.

Toving

Vi lagar tøflar eller vottar i ull

Trolltunga

Pris: 400,-

To-dagars tur til Trolltunga. Overnatting i telt.

Ut på tur!

Ikkje alle elevane får like stor glede av å være ute i naturen i løpet av linjetida.I dette valfaget får ein ta del i deler av dei aktivitetane som foregår på friluftslivlinja.

Veien vidare

Kva skal du bli? Korleis kan du planlegge veien vidare etter folkehøgskuleåret?

VIKTIG OM VALFAG!

For det meste praktiske valfag!

Volleyball

Spill i 4.divisjon, damer og herrer. Teknikk, taktikk, samspill. Spenst- og styrketrening.

Yoga/Meditasjon

Lær pusteteknikk og være tilstades i "nuet"

Årbok/minnealbum

Lag skulen sitt minnealbum! Skriv tekstar, ta bilete og utforme det grafiske designet.

Fellesturane skal fungera som hyggelege sosiale turar for alle elevar, samtidig blir det lagt inn spennande aktivitetar og faglege tema.

Hovden i Setesdal

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 4 dagar

På denne turen får elevane moglegheit til å boltre seg i alpinannlegget på Hovden eller gå tur i dei fantastiske langrennsløypene rundt pensjonatet der vi bur. Ein av kveldane går vi til Hovden badeland med varme boblebad, vannsklier, badstove og innendørs- og utendørsbasseng. 

Sandhaug på Hardangervidda

Obligatorisk: Nei

Pris: 2 000

Varighet: 3 dagar

På denne valgfrie turen vil elevane få oppleva fottur på Hardangervidda til Sandhaug. Der får vi moglegheit for topptur, fiske fra land og båt og leik og uhøgtidelege konkurransar.

Tre internat på skulen. Å dele rom er ein stor del av folkehøgskulelivet! 

Hovudbygget: 15 tomannsrom og 1 tremannsrom med dusj og toalett på korridoren. 1 tremannsrom med eigen dusj og toalett.

Primula: 16 tomannsrom over to etasjar og med 4 einerom i ein eigen avdeling. Dei som bur på tomannsrom deler elevkjøkken, dusj og toalett. Fløyen med einerom har eigen dusj-/toalettavdeling. Elevar med hund bur på dette internatet. 

Gutabygget: 12 rom med eigne dusj og toalett. Dei som bur der deler elevstova og kjøken i same bygg. Det er også 3 rom i ein separat del av internatet. Dei deler dusj og toalett.

Enkeltrom kostar 800 kroner ekstra

Dobbeltrom med eigen dusj og toalett kostar 500 kroner ekstra.

Fasiliteter

  • Gymsal
  • Badstove
  • Cosplayrom
  • Hundebane
  • Treningsrom for hund
  • Trearbeidsrom/Sløyd
  • Syrom
  • TV-stue
  • Øvingsrom
  • Stor fellesstova
  • Fotballbane
  • Skytebane
  • Jacuzzi
  • Grillhytte
  • Frisbeegolf
  • Skulen ligg på Lofthus i Ullensvang kommune ca. 3 mil frå kommunesenteret Odda.
  • Bussavgang til Bergen/Oslo fleire gongar dagleg.
  • Du kan reise aust-/vestover med tog via Voss eller med ekspressbuss frå skulen.
  • Over Hardangerbrua går reisa fort og enkelt til/fra trafikk-knutepunktet Voss.
  • Du kan fly til Bergen, ta toget til Voss og buss vidare til Lofthus.
  • Du kan køyra eigen bil over Hardangervidda, Haukelifjell eller frå Stavanger/Haugesund.

Finn reiserute fra der du bor

  • Kinsarvik Røde Kors hjelpekorps - 10 km
  • Trolltunga
  • Bondhusvatnet 
  • Ullensvang skyttarlag - 300 m
  • Idrettshall - 10 km 
  • Tunvoll treningssenter - 800 m
  • Ekspedisjonen pub og pizza - 800 m 
  • Krossvoll Kino - 700 m
  • Bunnpris - 700 m
  • Legesenter - 900 m
  • Storkiosk - 1 km
  • Klatrehall 25 km
  • Svømmehall 30 km

Ei normal skuleveka vil vera slik:

  • MÅNDAG -   Linjefag
  • TYSDAG -    Linjefag
  • ONSDAG -   Linjefag
  • TORSDAG -  Fellestime, valfag
  • FREDAG -    Fellesfag, valfag og internatvask
  • LAURDAG - Seminar
  • SUNDAG -   Fri

På årsplanen vil dei "normale" vekene vera i fleirtal, men vi legg inn besøk frå ulike organisasjonar, t.d. FN-sambandet, Røde Kors og Amnesty. Turar, aktivitetsdagar, prosjekt ligg også i timeplanen.

Skuleåret:

  • Skulestart midten av august 
  • Valgfri fottur på Hardangervidda, 3 dagar
  • Verdensarvprosjekt før haustferien
  • Veke 41 haustferie
  • Miljøprosjekt - ila hausten
  • Kulturprosjekt - ila hausten
  • Juleferie ca.17. desember
  • Skulestart andre semester ca. 4-5. januar
  • Showprosjekt felles ila vinteren
  • Vinterferie veke 8
  • Reiseperiode til utlandet
  • Påskeferie
  • Vinterfjellveka - ski på Hovden fjellstoge
  • Avslutning før 17.mai 

Kulturprosjekt

Vi vektlegg kultur og tradisjon i Hardanger. Det innebærer alt frå fruktdyrking, mat og drikke, musikk, folkedans, tradisjonar og skikkar.

Showprosjekt

Sang, musikk og litt teater. Vi øver inn nokre songar frå rockehistorien som blir framført av felleskor med akkompanement. Nokre elevar øver inn fleire songar for eit minikor med solistar. Skulens band "komper" til kor og solistar og har egne låtar dei framfører. Nokre av elevane trivst betre med teater og framfører sine eigne idear frå scenen.

Miljøprosjekt

Alle elevane deltar i planlegging og gjennomføring av skulens miljøprosjekt. Fokus på bærekraft og det å leva miljøvenleg. 

Vi produserer vår eigen eplejuice frå eple som vi dyrkar i eigen hage. Elevane er med å høste (plukke), presse og tappe på flasker.

24-timers prosjekt

Elevane arbeider for ei god sak. Skaffar seg sponsorar til egne prosjekt. Inntektene går til Strømmestiftelsen som linja Global, ISB samarbeider med.

Tilsynslærar har aktivitet kvar ettermiddag/kveld. Det kan vera i gymsalen, ute eller i daglegstova. I tillegg har vi faste kveldsfag/aktivitetar som t.d.

  • "Steik din egen vaffel"
  • Valfag
  • Tilsynsaktiviteten
  • Games 4 all
  • Turneringer
  • Teatersport 
  • Bueskyting
  • Aktivitet i jacuzzien
  • Slip`n Slide
  • Miniatyrmaling
  • Silent disco
  • Huskonsert
  • Fredagsquiz
  • Elevstyrte valfag; søm, teater, kampsport, formingsaktivitetar, trening, m.m.

Vi jobbar aktivt med å hindre matsvinn og all mat som blir kasta frå matsalen blir vegd slik at vi kan sjå forbetringspotensialet for kvar dag/veka.

Elevane har bærekraft på timeplanen direkte og indirekte i samband med vårt fokus på miljø, energisparing, gjenbruk og matsvinn. 

Vi brukar frukt fra egen hage til å laga saft. Elevane er med på heile prosessen, fra høsting til ferdig drikke.

  • Du kan søkje frå 1.november!
  • Opptaket startar 1. februar
  • Dersom du har søkt plass før 1. februar vil du få informasjon om prosessen vidare.
  • Du vil få svar på søknaden din maksimum 1 veke etter innsendt søknad.
  • Vi må ha all informasjon som er viktig for skuletilbodet ditt for at vi skal kunne tilretteleggja for deg. 

Meir info: www.hardanger.fhs.no

Bygninger

Vi har ein eldre bygningsmasse som dessverre ikkje er fullt ut universelt utforma. Vi har kun nokre få einerom tilgjengelig. Dei med størst trong for einerom blir prioritert. Vi har ingen einerom med bad. Det er toalett i kvar etasje. Alle internat har tilgang via trapper. Vi har ingen rom som pr.i dag er tilrettelagt for rullestolbrukarar. På skulen er det ingen HC-toalett.

Uteområdet er delvis asfalt og delvis grøntannlegg (plen). 

Mat

Vi tilbyr glutenfri mat, laktosefri mat og tilpassing til andre allergiar. Gi oss beskjed slik at vi kan tilretteleggja for deg. Vi serverer også vegetar og veganske alternativ til dei som ynskjer det. Dersom det er mat du ikkje et av religiøse grunnar er det også ok, men du må gi oss beskjed om det på førehand. 

Faglig og sosialt

Vi har fokus på ein trygg og god oppstart som skal sikre oss eit hyggeleg og inkluderande miljø heile skuleåret. På vår skule legg vi vekt på vennskap og sosialt fellesskap på tvers av linjer. 

Dette gjer vi gjennom blanda internatgrupper, felles-/valfaggrupper, arrangement og turar. og gjennom elevkveldar og arbeidsgrupper. 

Anders Færestrand

Lærar friluftsliv m/packraft og ski

Anders er utdanna idrettslærar med friluftsliv frå Universitetet i Tromsø, avd. Alta

Han er svært glad i alt friluftsliv, jakt og fiske og snowboard. Anders speler fleire instrument og tilbyr gitar valfag.

Epost: anders.farestrand@hardanger.fhs.no
Telefon: 93048532

Eivind Mortensen

Lærar cosplay

Utdannet lektor i kunst og design ved Oslo Met med spesialisering i lærarbeid, tre og metall. Han har vært ein aktiv del av det Norske cosplaymiljøet siden 2011 som cosplayer, standhaver, cosplaykonkurrent, foredragshalder, dommer av cosplay og props, samt fast konferansier på cons i Norge som Kawaiicon i Porsgrunn og Fredrikstad sci-fi festival. 

Epost: eivind.mortensen@hardanger.fhs.no
Telefon: +4746922659
Instagram: @thefriendlyviking

Trine Pedersen

Lærar

Hovedlærer for Cosplay Level-Up

Fagutdannet Make-Up artist med fordypning i spesialeffektsminke. 
Hun har også studert 1 år med søm og mønsterkonstruksjon ved Folkeuniversitetet. Trine har vært aktiv i det norske cosplaymiljøet siden 2009, og har opp gjennom tiden bidratt med paneler innen hennes fagfelt, samt vært dommer i cosplay konkurranser.

Epost: trine.pedersen@hardanger.fhs.no
Telefon: 90638481

Trond Olsen

Lærar på Idrett - actionlinja

Trond er lærar på idrettslinja og har også ein del idrettsrelaterte valfag. Han er ivrig i volleyball og fotball og er glad i å konkurrere. Han har vore på fleire toppar i Europa, Sør-Amerika og Asia.Han er også sertifisert guide til Trolltunga.Han har ein sibirsk husky som turkamerat. 

 

Epost: trond.olsen@hardanger.fhs.no
Telefon: 47414271
Facebook

Anna Jensen

Lærar Global

Anna har utdanninga si frå NTNU i Trondheim. Ho har studert historie, spansk, idrett, politikk-samfunn og kultur, psykologi og politikk. Ho er kunnskapsrik og har interessant undervisning. Ho likar seg i klasserommet, men tar elevane med seg ut så ofte ho kan.

Epost: anna.jensen@hardanger.fhs.no
Telefon: 48226227

Mari Lid

Assisterande rektor og lærar på cosplaylinja.

Mari er assisterande rektor og linjelærar for Cosplay. Ho er utdanna kunst og handverkslærar og er særleg interessert i drakter, drakthistorikk og nye trendar. Mari er ein reiseglad person, som tar elevane sine med til bl.a.Japan.

Epost: mari.lid@hardanger.fhs.no
Telefon: 48128862

Trond Instebø

Rektor

Trond har utdanninga si frå Høgskulen i Bergen, og har jobba som lærar og rektor også i grunnskulen. Han har vore rektor på Hardanger Folkehøgskule sidan 2000 og har dei siste åra vidareutdanna seg og tatt Rektorskulen for rektorar i Folkehøgskulen på Høgskulen i Drammen.

Epost: trond.insteboe@hardanger.fhs.no
Telefon: 92038505

Jarle Aarsand

Driftsleiar

Jarle er driftleiar og vaktmester. Han er ansvarleg for all teknisk drift og vedlikehald og er elektrikar av utdanning. Du treff han høgt og lågt eller som sjåfør på ein av skulen minibussar der han fraktar elevar, eller på skytebanen som instruktør. 

Epost: vaktmester@hardanger.fhs.no
Telefon: 94435727

Svein Ove Sandal

Kokk

Svein Ove er  kjøkkensjef og sørger for at alle får det dei treng. Han passar også på at det blir rette menyar for dei som har matintoleranse eller allergi.han er kokken som tryllar fram dei flottaste rettar til elevane. Køyrer Harley Davidson, og er kjapp i replikken.

 

Epost: svein.ove@hardanger.fhs.no
Telefon: 90846599

Magdalena Konefal

Reinhaldar

Magdalena starta som sommarhjelp på skulen i 2011 og etter fullført master starta ho i full stilling her hausten 2022, mens ho samtidig tar etterutdanning. Ho er aktiv, smilande, blid og alltid hjelpsom. 

Epost: magdalena.konefal@hardanger.fhs.no

Anna Elisabet Seim

Kontorfullmektig

Pensjonist fra 1/1-23.   

Anna Elisabet er "poteten" på huset. Det er ho du møter om du ringer til oss, og ho som svarar på hendvendelsar du sender til oss på e-post. Ho vikarierer gjerne på kjøkkenet og du finn ho også med mopp og vaskekost på internata. 

Epost: kontor@hardanger.fhs.no
Telefon: 53671400

Nancy Stroebel

Reinhaldar og kjøkenassistent

Nancy er kontormedarbeidar og internatansvarleg, men også ein del av kjøkenteamet på skulen. Ho er innom alle elevar som av ein eller annan grunn ikkje har møtt på undervisning for å sjekke tilstanden eller slå av ein prat. Nancy er ei dama elevane fort blir begeistra for.

Epost: nancy.stroebel@hardanger.fhs.no
Telefon: 96713389

Torleif Kvalvik

Kokk

Torleif er ein framifrå kokk som lagar dei flottaste rettar og passar på å kombinera råvarer, fargesamansetting og smak på ein nydeleg måte. Torleif har i mange år vore tilsett på ulike hotell i Hardanger, men no er det vi som er så heldig å få nytte godt av hans kunnskap. 

Lina Hultin

Lærar Endurance Athlete

Lina har brei idrettsbakgrunn fra ulike utholdenhetsidretter og er master i idrettsfysiologi og ernæring. Ho har vore aktiv langrennsløpar og landslagstrenar for bl.a. juniorlandslaget til USA. Det er aldri ein kjedelig dag/økt saman med Lina. 

Epost: lina.hultin@hardanger.fhs.no
Telefon: 90517778

Nina Haaland

Lærar Hundeliv

Nina er hundelærar og svært erfaren og kunnskapsrik innanfor emnet. I tillegg til undervisning på skulen heldt ho kurs og webinar om hund og hundehold på fritida. 

Epost: nina.haaland@hardanger.fhs.no
Telefon: 99393056

Linjer på Hardanger Folkehøgskule

FJELLSPORT - Trening, Eventyr og Konkurranse

Hardanger Folkehøgskule
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

IDRETT Action

Hardanger Folkehøgskule
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

GLOBAL: REISE, SAMFUNN OG BISTAND

Hardanger Folkehøgskule
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

FRILUFTSLIV, BACKPACKING og EKSTREMSPORT

Hardanger Folkehøgskule
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

COSPLAY, LEVEL UP!

Hardanger Folkehøgskule
Heilårskurs20 t/ukeFrilynt

HUNDELIV

Hardanger Folkehøgskule
Fullt
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

COSPLAY

Hardanger Folkehøgskule
Få ledige plasser
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt
Søk på skulenSkulen si nettside

Dette seier tidlegare elevar

Amanda Amdal

Ein kjekkare skule og så herlige lærare hadde eg ikkje trodd var mulig.

Amanda Amdal
Inga Marie Norberg

Jeg har blitt fortalt at alle har godt av å gå et år på folkehøgskole, og det kan jeg skrive under på nå! Jeg har fått god kontakt med mange, og vi har så mange opplevelser bak oss, og i vente. Jeg hadde virkelig godt av å komme hit!

Frå bloggen

Tidligere folkehøgskoleelev i TV2-programmet Glow Up

Emma Louise Orskaug hadde akkurat fullført året med cosplay på Hardanger folkehøgskule da hun ble plukket ut som deltager til TV2-programmet Glow Up. I høst ...

Les meir på bloggen ▷

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen