
Friluftsliv Explorer 360, haust 2026
- Fjordane folkehøgskule – Nordfjordeid
- Telefon: 57 88 98 80
- E-post: post@fjordane.fhs.no
- Kurslengde: Halvår — høst
- Oppstartsdato: 22.08.2026
- Linjefag: 18 timer/uke
- Pris: fra 114 100,-
- Sted: Stad kommune

Har du lyst å surfe i Hoddevika, klatre opp Hornelen og bestige Skåla? Visste du at alle desse plassane er rett rundt neste sving frå Fjordane folkehøgskule? Uansett kvar du vender blikket, får du flotte naturopplevingar, enten om det er surfebølger i vest, klatring i sør, isbrear i aust og fjella i nord. På linja Friluftsliv Explorer 360 får du oppleve rå natur tett på kroppen, kjenne spenning, meistring og samhald!
For oss handlar friluftsliv om å kjenne seg levande og bruke kroppen ute i naturen. Du får vere med på små og store opplevingar gjennom heile året. Nokre dagar klatrar vi på Beachen i Loen eller tar den ultimate klatreruta rett opp Hornelen (Europas høgaste sjøklippe). Andre dagar padlar vi på Nord-Europas djupaste innsjø eller vi går toppturar til fots, på ski eller truger.
Her blir du kjent med Vestlandet på sitt vakraste, samtidig som vi reiser på linjetur til Filippinene. Du får prøve utruleg mykje kjekt:
🧗♂️ Klatre opp spektakulære fjell som Hornelen og Beachen, eller over havet
🏄♀️ Surfe på bølgene i Hoddevik og Ervik
⛺ Sove ute i telt, snøhole og bungalow
🧊 Brekurs og isklatring på Supphellebreen
🛶 Padle i Nordfjorden, Hornindalsvatnet, Eidselva og rundt tropiske øyar
🎿 Toppturar i Nordfjord, Sunnmørsalpane og Skjåk med ski, brett, truger og fjellsko
🧭 Lære deg kart, kompass og skredkunnskap
🚨 Førstehjelp og redning ute i terrenget
⛵️ Lære deg grunnleggande segleferdigheiter og bli med på seglas
🔥 Sanke og lage mat på bål
🚵 Stisykling
Turen til Filippinene er eitt av fleire høgdepunkt, spesielt om du likar sol og varme. Her skal du oppleve friluftslivet på fleire tropiske øyer i Stillehavet. Du får bli med på alt frå fridykking, kajakkpadling i mangroveskog eller rundt øyene, klatring rett over havet (Deep Water Solo) og surfing langs kvite sandstrender.
Vi overnattar nokre netter i bungalowar på stranda eller søv i hengekøyer på båtdekket under stjernehimmelen. Du får også vere med på fisketurar saman med lokale fiskarar og lærer tradisjonelle fangstmetodar.
Dette er året der du skal bli trygg i naturen. Du får ulike kurs og kan ta både brattkort og våttkort. Du får sjølvsagt også lære å planlegge og gjennomføre enkle og krevjande turar, samarbeide med andre og ferdast trygt i all slags natur.
Målet er at du skal sitje igjen med ein sterkare sjølvtillit og meistringsfølelse, samtidig som du får nyttige erfaringar og kunnskap som du kan bruke vidare i utdanning, arbeid og livet elles. Her får du eit godt grunnlag for utdanning innan idrett, friluftsliv, redning, politi, brann, eller du kan bruke kompetansen din inn mot reiselivsbransjen.
Linja passar for deg som er glad i å vere ute i naturen heile året. Du likar å vere i bevegelse og tar gjerne ei utfordring.
Du får kurs og sertifikat:
Du får også:
Pris: 25 000
Bli med på ei reise til Filippinene som du seint vil gløyme! Dette kan du sjå fram til:
🏝️ Båttur og øyhopping
🏄 Bading og surfing langs kvite sandstrender
🍅 Ete lokal mat laga av ferske råvarer
🐢 Snorkling og fridykking blant skilpadder og fargerike fiskar
🛖 Bu i bungalow på stranda
🚣♂️ Kajakkpadling i laguner
🧗 Fjellklatring og strandvolleyball
🧺 Marked og matlagingskurs
🧘♂️ Yoga og mykje meir!
💚 Gleda av å hjelpe andre
Gjennom bistandsprosjektet «Prosjekt Filippinene» skal vi i løpet av skuleåret arbeide for å betre oppvekstvilkåra til born og unge på Filippinene.
På denne givande studieturen vil du oppleve landet på nært hald og sjå korleis innsatsen din utgjer ein forskjell. Du vil bli kjent med det vakre landskapet, dei varme folka og den levande kulturen. Du vil møte folk der dei bur og lever, og vi skal besøke skular og nærmiljøet, men også utforske skjulte strender, dra på båttur og bade i solnedgangen.
Sjølv om vi prioriterar kortreiste turar og velge buss framfor fly, gjer vi eit bevisst unntak for turen til Filippinene på grunn av prosjektet si enorme betydning. I bagasjen tar vi òg med oss alt vi kan om miljøvern og avfallshandtering, slik at vi også kan bruke turen som ei moglegheit til å dele kunnskap om korleis vi alle kan ta betre vare på planeten vår – spesielt med tanke på plastavfall i havet, som er ei stor utfordring på Filippinene.
Bilda er lånt frå «Prosjekt Filippinene» og Tao Philippines.
Kvifor reise langt og sette djupe klimaavtrykk når vi bur midt i den fantastiske og verdskjende naturen på Vestlandet? Med fjord, fjell og hav rett utanfor skulen har vi mange skjulte perler som vi vil dele med deg.
Fellesturane våre er viktig for å byggje samhald på tvers av linjene. Her vil du:
Her er oversikta over turane du kan delta på i skuleåret 2025/2026:
Obligatorisk: Ja
Pris: Inkludert i linjepris
Varighet: 2 dager
I starten av skuleåret reiser vi på ein "bli kjent-tur" til vakre Hoddevika. Dette eineståande surfeparadiset ligg berre ein liten time i bil unna skulen vår. Alle som vil, får prøve seg på surfebrettet – ei fantastisk oppleving enten du er heilt fersk eller er meir dreven på bølgene. Dersom du er glad i å gå på tur, byr Hoddevika også på fleire flotte turopplevingar i fjella som ligg rundt. Vi tar turen opp til toppar med fantastisk panoramautsikt! Ellers kan du glede deg til mange kjekke aktivitetar ilag med resten av gjengen, og til å avslutte dagen rundt bålet på stranda.
Obligatorisk: Ja
Pris: Inkludert i linjepris
Varighet: 2 dagar
Ein spennande utforskingstur i maritimt fjordmiljø. Krokpollen ligg i ei lita bortgøymd bukt, utan veg. Hit må du ta beina fatt eller ta sjøvegen for å kome fram. På denne turen står sjøaktivitetar i fokus. Her blir det bading, fisking, roing og padling, segling på fjorden som gir deg ro i sjela eller adrenalinkick der du ligg i ei tube bak motorbåten. Du får ete di eiga nykokte krabbe, vere med på allsong og høyre trekkspel i ustemt harmoni utover kvelden. Vi slår opp bålplass og du kan velje å sove i hengekøye, telt eller innandørs.
Obligatorisk: Ja
Pris: Inkludert i linjepris
Varighet: 2 dager
Turen til Stigedalen er spekka med kjekke snøaktivitetar. Her er det langrennsløyper rett utanfor døra, akebakkar, grillhytte og fine forhold for mykje moro. Heile skulen er med på denne overnattingsturen, og det foregår mykje sosialt både ute og inne. Vi akar, har snø-rugby, lagar snøskulpturar, grillar, går på ski, har talentkonkurranse, quiz, spelar spel, ser på film og et god mat.
Obligatorisk: Ja
Pris: Inkludert i linjepris
Varighet: 2 dagar
Måltider pr dag inkludert: 4
Vest ved havet får du kjenne på naturkreftene når vi jaktar etter haustens stormar og overnattar ute i havgapet ved Kråkenes fyr. Fyret er omkransa av ope hav, og ligg vilt og vakkert til i nabokommunen Kinn. Her får du oppleve to dagar på ein av dei mest vêrharde stadane i heile Norge, som har fleire vindrekordar på merittlista.
Obligatorisk: Ja
Pris: Inkludert i linjepris
Varighet: 2-3 dagar
Vi ryddar søppel og plast langs kysten vår! Samstundes skal vi ha base i den restaurerte galeasen "Loyal". Ein galeas er ei mellomstor seglskute som var vanleg i dei nordiske landa på 1800 og 1900-talet.
Dagane vi er på tur består av segling mellom ulike ryddeplassar langs kystlinja vår, samstundes som vi tar del i arbeidet ombord den tradisjonsrike seglskuta. "Loyal" er utstyrt for fleire dagars seglas med toalett og ei fullt utstyrt bysse for matlaging. Mannskap og elevar lagar måltid i fellesskap.
Vi brukar dagane på å rydde dei ytre øyane og ubebudde plassar og vikar utan veg for marint avfall. Vi prioriterar meir utsette område, og område som er vanskeleg å kome til utan båt. Alt etter kva vêret tillèt sjølvsagt. Dette er i hovudsak fantastisk flotte plassar å få besøkje i seg sjølv!
På strandryddeseilaset kan du oppleve:
Loyal vart bygd i Hardanger i 1887 og er med det den eldste galeasen i verda som framleis kan segle!
Utdanning/erfaring:
Utdanna friluftslivslærar ved Universitetet i Sørøst-Norge, og har erfaring som instruktør og rettleiar innan eit breitt spekter av friluftslivsaktivitetar.
Hobbyar:
Kjartan elskar å utfordre elementa som finst ute i naturen, året rundt. Han elskar å klatre på alt fra småstein til større fjell, søke toppar på ski og sykkel, utforske havet - over og under, i vinden og på bølga.
2026-27:
Valgfag er ei fin moglegheit til å prøve noko nytt og bli betre kjent med elevar frå andre linjer. Du har over 20 valgfag å velge mellom, alt frå sjonglering til barista. Valgfaga er valgfrie som namnet tilseier og du kan velge så mange du vil. Lengda på valgfaga varierar frå 1-2 timar kvar veke, og dei kan variere noko frå år til år.
Her får du moglegheita til å jamme med andre, spele låtar og ha det kjekt med musikk! Enten du spelar gitar, bass, piano, trommer eller syng, er det plass til deg.
Lær deg kunsten bak ein god kopp kaffi og bli kjent med dei ulike kaffibønnene. Frå kaffibaren vår «Bønna» kan du lage Cappuchino, Americano, Espresso, Maccihato, Cortado og Latte utan problem!
Her trenar vi som vikingar med øksekast, sverd og skjold. Vi brukar blunte våpen og har sjølvsagt sikkerheit i hovudfokus under treninga.
Lær deg grunnleggande teknikkar i klassisk ballett, jazzdans, moderne dans og samtidsdans. Valfaget er for både nybyrjarar og erfarne. Her får du jobbe med balanse, fleksibilitet og uttrykk.
Her er det kun fantasien din som set grensene. Skap din eigen karakter og utfordre både kreativiteten og problemløysingsevna di. Likar du rollespel og improvisasjon? Då er dette noko for deg.
Har du ei spesiell ferdigheit du vil dele med andre? Elevstyrte valfag betyr at du kan vere med å skape faget sjølv og la medelevane dine lære noko frå deg.
Er du glad i fjellturar? Bli med og utforsk dei flotte fjelltoppane rundt oss – både haust, vinter og vår.
Kom i form eller berre ha det kjekt med bevegelse! Her kan du trene det du likar.
Har du ikkje hest som linjefag, men vil kjenne gleda av å vere tett på ein hest? Her får du lære alt frå riding til stell!
I HIIT-trening (High-Intensity Interval Training) køyre vi korte og effektive økter der du verkeleg får utfordra både kondisjon og styrke. Likar du ei rask og tøff treningsøkt er dette timen for deg.
Lyst å klatre i ein innandørs klatrevegg like ved skulen? Her får du trene både styrke, teknikk og balanse. Målet er at du skal få brattkort – eit bevis på at du kan sikring og bruk av autobelay.
For deg som ikkje har kunst som linjefag. Her får du prøve deg i ulike kunstsjangrar som teikning, keramikk og maling.
Valfaget for deg som vil jobbe med hesten frå bakken med tømmekøyring/tømmelongering eller trene på dressur-, presisjon- og maratonkøyring. Du kan vere med uavhengig av kva forkunnskap du har.
Bli med på lavterskel linjedansing med feel good-stemning. Vi startar med enkle koreografiar og aukar etter kvart.
Vil du engasjere deg i lokalsamfunnet? Vi hjelpe deg med å finne det rette laget eller organisasjonen for deg. Du finn mykje informasjon om lokale lag og organisasjonar på www.stad.foreningsportal.no.
For deg med eigen hest som vil ha ekstra hjelp. Du vil lære alt frå innriding, innkøyring, lasting og longering, til handtering frå bakken. Om hesten vise problemåtferd, kan vi også jobbe med dette.
Har du lyst å gje nytt liv til den gamle skjorta eller gardina? Lær deg å sy om plagg og bli med på klesbyttedagar. Dette valfaget er perfekt for deg som er kreativ og opptatt av gjenbruk.
Her får du opplæring i korleis du kan arbeide med lær som materiale. Lær deg teknikkar i salmakarfaget og lag alt frå belte til veske, eller reparer utstyr du har frå før.
Test ut spennande sirkusdisiplinar som balansering, styrke, reaksjon og koordinasjon i valfag sirkus! Her kan du utfordre deg på nye måtar og bruke musklar du ikkje visste du hadde.
Vil du jobbe meir med sprangriding? Dette er valfaget for deg som går på hestelinja og som har med eigen hest. Vi prøvar så godt vi kan å gjere valfaget tilgjengeleg for elevar som brukar skulehest.
Har du lyst å strikke saman med likesinna som likar garn og strikking? Bli med på ein sosial, kreativ og kjekk time. Dette er eit valfag for alle – uavhengig av strikkeferdigheiter og nivå!
Har du lyst å surfe i eit av Noregs surfepardis? Hoddevik er berre ein kort biltur unna oss! Enten du er nybegynnar eller erfaren, er dette plassen for å teste surfebrettet og få saltvatn i håret.
Ein spasertur unna finn du eit 25 meter langt basseng for både trening og avslapping. Perfekt for dagens treningsøkt eller om du berre vil slappe av i boblebadet. Rund av med ein tur i badstova.
Er du glad i improvisasjon, standup og å lage skodespel? Det er noko av det du får vere med på her.
Vi trenar på teknikk og spelar volleyball i idrettshallen. Om véret er på vår side blir det sandvolleyball på ei av banene som ligg i nærområdet til skulen.
Voltige er turning på hesteryggen. Vi startar på treningshesten vår “ostepop”, der du får teste ulike øvelsar. Voltige er ein fin måte å jobbe med balanse, koordinasjon og styrke på hesteryggen.
Kom i kontakt med både kropp og sinn med yoga. Dette er valfaget for deg som vil bli smidigare, meir avslappa og finne di indre ro. Eit godt avbrekk i kvardagen som gir deg energi.
Har du lyst å lage ei minnebok som fangar opplevingane frå ditt beste år? Vi samlar minner, bilete og historier som alle elevane frå kullet ditt kan ta med seg når skuleåret er over.
Tenk deg eit år der du kan prøve mykje nytt eller gjere meir av det du likar aller best. Eit år der du vil møte nye menneske. Eit år med opplevingar og turar som du aldri vil gløyme. Tenk at dette kan bli ditt år.
Vi syns gjenbruk er bra for både miljøet og lommeboka, så du treng ikkje å ha det nyaste utstyret for å få eit supert år hos oss.
Utstyr du må du ta med:
Utstyr skulen har:
Vi ønskjer at alle elevane skal føle seg trygge, inkluderte og få moglegheita til å skape sitt beste år saman med oss. Difor tilpassar vi oss så langt vi kan, for at du kan delta og få ei god oppleving. Her er nokre av tiltaka vi kan tilby:
Ta kontakt med oss for å høyre kva vi kan gjere for å tilrettelegge for dine behov.
Kokkane våre elskar å lage mat som smakar skikkeleg godt. Du kan derfor glede deg til å få servert fire næringsrike og gode måltid dagleg – frukost, lunsj, middag og kvelds, alt inkludert i skuleprisen. Om du har cøliaki, er laktoseintolerant, veganar, vegetarianar, pescatarianar eller anna har vi alltid eit alternativ til deg - utan ekstra kostnad. Berre gje oss beskjed på førehand, så ordnar våre dyktige kokkar det.
Vi er opptatt av kortreist mat, så kokkane våre handlar alltid lokale og sesongbaserte råvarer når dei kan. I Vikingtunet dyrkar vi våre eigne grønsaker, så du kan glede deg til å både sanke og ete poteter, jordbær, grønsaker og ulike urter som vi brukar i matlaginga på skulen.
Ikkje alle bygga våre er universelt utforma, men vi gjer vårt beste for å leggje til rette for deg om du treng det.