På Actionfoto får du kameraet med deg ut der ting skjer. Du fotograferer ski, klatring, elvepadling, tur, merkevare, konsertar, festivalar og event. Både med speiløst kamera, 360-kamera og drone. Du lærer å fange fart, menneske, stemning og augeblikk, og å gjere råmaterialet om til innhald som ser skikkeleg bra ut.
På ski, i klatreveggen, på konsert og festival, på tur, i snøen, i regnet. Men alltid menneska i fokus!
I løpet av året vil du ha lærerar som jobbar med dette til dagleg. Sverre Hjørnevik og Jon Hunnålvatn Tøn frå Sjut har jobba for blant anna Fri Flyt, Norrøna, Sweet Protection, Audi og Ekstremsportfestivalen. Sjå arbeid dei har gjort her.
Me jobber også med merkevarefoto i ekte action. Her lærer du korleis ein kombinerer kamera og drone med action, lys, komposisjon og historieforteljing.
I løpet av året vil du ha lærerar som jobbar med dette til dagleg. Sverre Hjørnevik og Jon Hunnålvatn Tøn frå Sjut har jobba for blant anna Fri Flyt, Norrøna, Sweet Protection, Audi og Ekstremsportfestivalen. Elias Undal har teke film og foto for ØYA, KOMÈ, Trondheim Calling, Bergtatt, Veronica Maggio, Kamelen, By:Larm og Køber med fleir. Norrøna - Trek
Klassen jobber gjerne med andre linjer, både ved å vera med på aktiviteter, men også jobbe med materiale dei har tatt opp med instruksjon frå deg. Det kan vera ein luft-elev som hiv seg ut av et fly, eller ein ekstremsport-elev som har actionkamera med seg i pudderet.