På Action & Eventfoto får du kameraet med deg ut der ting skjer. Du fotograferer ski, klatring, elvepadling, tur, merkevare, konsertar, festivalar og event. Både med speiløst kamera, 360-kamera og drone. Du lærer å fange fart, menneske, stemning og augeblikk, og å gjere råmaterialet om til innhald som ser skikkeleg bra ut.
På ski, i klatreveggen, på konsert og festival, på tur, i snøen, i regnet. Men alltid mennesket i fokus!
I løpet av året vil du ha lærerar som jobbar med dette til dagleg. Sverre Hjørnevik og Jon Hunnålvatn Tøn frå Sjut har jobba for blant anna Fri Flyt, Norrøna, Sweet Protection, Audi og Ekstremsportfestivalen.
Me jobber også med merkevarefoto i ekte action. Her lærer du korleis ein kombinerer kamera og drone med action, lys, komposisjon og historieforteljing.
Du får jobbe med enkel videoproduksjon og det beste av programvare for redigering. Vi bruker Adobe Photoshop og Lightroom, DaVinci Resolve og fleire andre program for etterarbeid og effekter. Målet skal vera at du får mest mogleg ut av materialet, og lærer deg ein effektiv arbeidsflyt.
Klassen jobber gjerne med andre linjer, både ved å vera med på aktiviteter, men også jobbe med materiale dei har tatt opp med instruksjon frå deg. Det kan vera ein luft-elev som hiv seg ut av et fly, eller ein ekstremsport-elev som har actionkamera med seg i pudderet.