Lærings- og undervisningsglede i folkehøgskulen

– Eg trur at folkehøgskulane er drivhus som dyrkar læringslyst, skriv Claus Røynesdal, rektor på Voss folkehøgskule, i sin kommentar.
Eg må berre innrømme det. Høgdepunktet i veka er dobbelttimen i historie. Eg har «berre» ti elevar i gruppa mi, men dei har til gjengjeld vald historie som valfag, heilt av seg sjølv. Elevane går på liner som ekstremsport, idrett og friluftsliv, musikk, film og foto. Dei har eit felles ønskje om å forstå kvifor ting «skjer»; kva er drivkreftene i den historiske utviklinga? Kva er årsaka til at ein mann kan vere gift med fire kvinner i Saudi Arabia, medan det kan vere tvert motsett i Nepal?
Det er spanande å gå nærare inn i propagandastrategiane i dei store diktatura, og finne likskap i dagens samfunn. Det er frigjerande å gå utanom pensum på leit etter innsikt og forståing.

Rektor på Voss folkehøgskule, Claus Røynesdal, synes vekas høgdepunkt er dobbelttimen i historie.
Fire elevtypar?
På folkehøgskulen kjem vi tett på kvarandre. Variasjonen mellom elevtypane og linjefaga gir oss mange moglegheiter, nye perspektiv og fleire inngonger til motivasjon, meistring og læring. Vi kan kanskje dele elevane inn i fire grove kategoriar:
- «Dei skuleflinke»: Elevar med særs gode resultat frå vidaregåande skule. Dei har konkrete planar for vidare utdanning på høgskule eller universitet. Dei vil ha eit annleis år der dei kan gå i djupna på eit fagområde, før dei tek sats for ytterlegare år på skulebenken.Les også: – Folkehøgskolen er også for de ambisiøse
- «Spesialundervisningselevane»: Elevar med særskilte behov der faget ikkje er hovudfokus, men det å fungere og delta i eit sosialt fellesskap. Her er det mange elevar som finn det frigjerande å ikkje bli målt. Dei får ikkje karakterar. Vi byggjer karakter.Les også: – Her har jeg fått mange nye venner
- «Fråfallselevane». Dei som ikkje har fullført vidaregåande skule. Dei som ikkje har klart å komme seg opp om morgonen, dei som ikkje har evna å henge med. Dette er elevane som må oppdage og finne læringsgleda i skulen på nytt.Les også: – Nå er jeg mer motivert for å fortsette
- «Middelhavsfararane». Den store gruppa av elevar som har fullført vidaregåande skule, men som ikkje veit kor ferda går vidare. Det er dumt å starte eit utdanningsløp utan at dei er nokolunde sikre på valet. Dei må finne det riktige springbrettet.Les også: – Folkehøgskolen hadde alt å si for min videre utdanning

Variasjonen mellom elevtypane og linjefaga gir oss mange moglegheiter, nye perspektiv og fleire inngonger til motivasjon, meistring og læring, skriv Claus Røynesdal.
Læringskoden
I 2015 var det 1739 elevar som svarte på ei undersøking om året på folkehøgskulen. Det viktigaste dei lærte var å vinne nye venner. Kven treng ikkje det? På andre plass svarar elevane at dei er blitt betre kjend med seg sjølv. Det tredje viktigaste dei lærte var personleg økonomi, hygiene og klesvask.
Ei god førebuing til vaksenlivet.
Av dei fire spørsmåla, scorar kategorien «fag» lågast. Truleg fordi læringa skjer i ein cocktail av ekskursjonar, studieturar, eit mangfald av læringsarenaer og sosiale aktivitetar i og utanom skulen. Det er her alkymien finn stad; læringa blir til danning. I boka «Læringskoden» (2014) skriv professor Tom Tiller: «Det var i folkehøgskolen at jeg fant læringskoden». I eit skuleslag som sidan 1864 har sett menneske sin karakter i sentrum, og der karakterane ikkje har fått nokon plass.
Les også: Tre grunner til at folkehøgskolene er så populære
Høg trivsel
Folkehøgskulane er det unike skandinaviske bidraget til verdspedagogikken. Om lag 7500 elevar går på dei 80 folkehøgskulane i Noreg. Det er over 10% av årskullet. Vi er heller ikkje ukjende med fråvær og ungdom som har vanskeleg for å stå opp om morgonen. Disiplinærsaker høyrer frå tid til annan også med.
Men år etter år er det elevane på folkehøgskulane som scorar høgst på trivsel på dei ulike skuleslaga i landet.
Dette handlar om fag, men vel så mykje om internatet som ei berebjelke: Elevane bur på skulen og må ta del i eit forpliktande fellesskap med vaksne og andre ungdomar. Her blir ungdomane kontinuerleg utfordra fagleg og sosialt, utan å bli vurdert av den vaksne. Den første telefonsamtalen heim om hausten handlar som regel ikkje om overføring av meir pengar, men kva som er skilnaden mellom eit 40 og 60 graders vaskeprogram.

Men år etter år er det elevane på folkehøgskulane som scorar høgst på trivsel på dei ulike skuleslaga i landet.
Les også: Norges mest fornøyde elever
5 generasjonar
Kanskje er folkehøgskulen så unik, at du må ha vore her for å forstå skuleslaget? Ein kan ikkje lese seg til ei slik sosialisering.
Eg trur at folkehøgskulane er drivhus som dyrkar læringslyst.
I år har vi ei jente som er femte generasjons elev på skulen. Ragnhild har høyrt om tippoldefar. Ho er oppvaksen med forteljingane til oldemor, mormor og mamma, om at året på Voss folkehøgskule var det beste i livet. Målet vårt er at ho kan ha same forteljing til neste slektsledd. For oss er dette eksempelet ei konkretisering av «læringskoden». Dette handlar om både lærings- og undervisningsglede, der kodeordet er danning.
PS: Dersom du som ungdom ikkje har planane klare for hausten, så er det framleis mogleg å finne seg ein spanande folkehøgskule. Prøv fotolinja på Fana, entreprenørskapslinja på SKAP kreative folkehøgskule i Mandal, eller sykkel, ski og friluftsliv i Sogndal. Å våge er å gjere!
Mest lest

Tuva fra «Klar til strid»: Anbefaler både folkehøgskole og førstegangstjenesten
– På rekruttskolen er målet å bryte deg ned, for så å…

Kraftig økning i Lånekassestøtte til folkehøgskoleelever
Elevene som starter på folkehøgskole høsten 2023 vil få 125 370 kroner…

Statsministeren åpnet nye Svalbard folkehøgskole
Torsdag klippet statsminister Jonas Gahr Støre snora på Svalbard folkehøgskole.

Kunnskapsministeren: – Anbefaler unge å ikke kun velge av plikt,…
Kunnskapsminister Tonje Brenna anbefaler unge å finne en folkehøgskole som passer for dem.

10 grunner til å velge folkehøgskole før studier
Sliter du med å bestemme deg for hva du skal gjøre til…
Mest delt

10 grunner til å velge folkehøgskole før studier
Sliter du med å bestemme deg for hva du skal gjøre til…

10 spørsmål og 10 svar til deg som vil søke…
Vi får mange spørsmål fra ungdommer som vurderer å søke seg på…

Dette er de 10 mest populære linjene på folkehøgskole
Søknadene strømmer inn til folkehøgskolene. Selve opptaket starter 1. februar, men vi…

Disse ti tingene bør du vite om opptaket til norske…
Folkehøgskolene har ingen søknadsfrist. Det er likevel lurt å søke nå!

Årsstudium eller folkehøgskole?
Hva er forskjeller og likheter mellom folkehøgskole og årsstudium?