Til hovedinnhold

- Innertier å be Nansenskolen bidra

– Vi skal no få litterær ferskvare frå unge menneske som har teke steget og brukar tida si på å skrive, seier Hans Olav Brenner i sin introduksjon av studentar frå skrivekunstlinja ved Nansenskolen.

Tekst: Johanne Knudsen, sist oppdatert: 9.mai 2018

Vi er i Snertingdal, på den gamle Prestegarden Hans Olav Brenner kjøpte saman med Anita Krohn Traaseth for omtrent 4 månadar sidan. 7 av studentane frå Nansenskolen presenterer eigenskrive skjønnlitterære tekstar om alt frå vener som hamnar på sjukehus til det å vere ei lita jente som mister sauen sin. I tillegg bidreg dei med musikalske innslag. Både medstudentar og lokalbefolkninga lyttar vakent til det dei les.

Fullt hus! Både medstudentar og lokalbefolkninga lyttar vakent til det dei sju nansenstudentane les.

– Unge kan gi oss noe helt nytt!

Eg treff Brenner i pausen etter bidraga, og rekker å spørje kvifor han ynskja å ha nansenskolestudentar med i dette fyrste arrangementet, før han må gå vidare og ordne noko. På dette spørsmålet svarar Brenner at det var ein av dei fyrste ideane han hadde – å invitere nansenskolestudentane. Han har tidlegare vore på Nansenskolen og haldt foredrag, noko han opplevde som veldig hyggeleg, i tillegg fekk god kontakt med skrivekunstlærer Hans Tarjei Skaare. Vidare seier han:

Dei er unge folk i ein startfase som kan gi oss noko heilt nytt, og håpet var at det skulle gi ein frisk og djuptlodda start.

– Når eg no har sitje og høyrt på elevane lese sine eigne tekstar og spele musikk, og sett på utrykka i andleta til publikum, skjønnar eg at det var ein innertiar å spørje dei om å bidra. Dette vart akkurat det eg ønskja meg og akkurat som eg ønskjer denne staden skal vere; ein møteplass, seier Brenner.

Hans Olav Brenner var godt nøgd med nansenskolestudentane som bidrog under åpninga av den gamle Prestegarden i Snertingdal.

Les mer om skrivekunst på Nansenskolen

– God trening for skriveliv

Eg får også ein prat med Astrid Thue Voss og Ylva Knoff Hermansson, to av studentane som har delt sine tekstar denne formiddagen. Dei synest det er spennande og stilig å få vere med på opning av ein ny kulturstad.

Det er jo starta opp av leiande menneske i norsk kulturliv, og det er derfor litt ekstra gøy å vere med å bidra, seier Astrid.

Ylva understrekar at det er god trening for eit vidare skriveliv, og at dei setter veldig pris på å få lov til å vere med. Dei er begge einige om at rommet var svært stemningsfyllt med mykje dagslys, noko som gav ein fin atmosfære. Det er også gøy å dele tekster med andre enn berre medstudentane frå Nansenskolen.

Astrid Thue Voss og Ylva Knoff Hermansson synest det er spennande å opne ein ny kulturstad.

– Vi var inkludert


– Eg likte at det ikkje var ein opphøga scene. Vi var ikkje over publikum, vi var inkludert. Det var veldig fint, fortel Astrid om korleis det føltes å lese tekstane sine her.
Det gjorde at det vart ein trygg arena, legger Ylva til.

I tillegg til bidrag frå Nansenskolen, vert det sitert tekstar av H. C Andersen og Søren Kierkegaard frå Morten Jostad, og Anton Ligaarden visar klipp frå eit par av filmprosjekta sine. Nokon oppsumerar dagen som multikulturell på veg heim, fordi vi har fått så fine inntrykk frå både tekst, musikk og film. Det vert spanande å følgje det som skjer på Prestegarden i Snertingdal framover.

                                                                                                                                          

150

Mest lest

Dette er de 10 mest populære linjene på folkehøgskole

Dette er de 10 mest populære linjene på folkehøgskole

Søknadene strømmer inn til folkehøgskolene. Her er de 10 linjene som har…

9 grunner til å velge folkehøgskole før studier

9 grunner til å velge folkehøgskole før studier

Sliter du med å bestemme deg for hva du skal gjøre til…

Kan du gå på folkehøgskole når du er 16 år?

Kan du gå på folkehøgskole når du er 16 år?

De fleste folkehøgskoler har 18-års grense, men det er noen muligheter for…

Svalbard folkehøgskole får Folkehøgskolenes bærekraftpris

Svalbard folkehøgskole får Folkehøgskolenes bærekraftpris

Folkehøgskolen får prisen for å ha en tydelig bevisst holdning til bærekraft…

Solveig Kloppen: – Vet ikke hvem jeg ville vært uten…

Solveig Kloppen: – Vet ikke hvem jeg ville vært uten…

Den kjente programlederen besøkte nylig sitt gamle folkehøgskolerom.

Mest delt

9 grunner til å velge folkehøgskole før studier

9 grunner til å velge folkehøgskole før studier

Sliter du med å bestemme deg for hva du skal gjøre til…

Dette er de 10 mest populære linjene på folkehøgskole

Dette er de 10 mest populære linjene på folkehøgskole

Søknadene strømmer inn til folkehøgskolene. Her er de 10 linjene som har…

Start på folkehøgskole i januar!

Start på folkehøgskole i januar!

Visste du at du kan begynne på folkehøgskole i januar? Søk nå…

Ikke gjør denne tabben når du søker folkehøgskole

Ikke gjør denne tabben når du søker folkehøgskole

Flere tusen søkere gjør denne tabben når de søker folkehøgskole. Det går…

Her er de nye folkehøgskolelinjene

Her er de nye folkehøgskolelinjene

Les hvilke helt nye linjer du kan søke på skoleåret 2026/2027.