Til hovedinnhold

Lyden av danning

Dersom du er på den rette staden, kan du faktisk høyre lyden av danning.

Tekst: Claus Røynesdal, rektor Voss folkehøgskule, sist oppdatert: 22.oktober 2017

«Takk for det som de har gjort med guten min».

Han kom mot meg, tørka tårer, skalv og gav meg handa. Vi hadde nettopp avslutta året på folkehøgskulen med alle elevane, foreldra og lærarane. Faren fortalde at i dei siste åra hadde dei ikkje snakka så mykje saman. Det vart berre ord med ei staving, ja og nei. Han hadde vore mykje på guterommet, åleine med datamaskinen og den virtuelle verda. Folkehøgskule var «siste» forsøk. Kva var dette magiske «det»?

Dersom du er på den rette staden, kan du faktisk høyre lyden av danning, skriv rektor Claus Røynesdal.

Les mer om Voss folkehøgskule

Eit lite samfunn

Danning er det overordna målet med all barnehage, skule og utdanning. Danning er forminga av menneske si personlegdom, oppførsel og moralske haldning. Alle barnehagar, skular og utdanningsinstitusjonar strevar med denne «alkymien»; å gjere oppseding, sosialisering og kunnskapsbygging om til danning. Folkehøgskulane er ikkje berre fag, timar og undervisning. Det er framfor alt eit sosialt samvær som både er utfordrande og lærerikt. Skulane blir som små samfunn av unge menneske med ulike evner, ferdigheiter, interesser og kulturar. Dette samfunnet er ikkje større enn at den einskilde registrerer følgjene av eigne og andre sine initiativ og handlingar, og lærer av dei. Den omtalte eleven gjekk på ei linje han var genuint interessert i. Her var det ikkje oppbryting og stadig nye timar, men fordjuping, prøving og meistring, både individuelt og kollektivt. Han tok del i eit sosialt fellesskap der alle elevane i klassen hadde mange av dei same faglege interessene. Og – der relasjonen til den læraren som har klassen gjennom heile året blir særskild sterk. Faget og klassen er sjølvsagt ein del av dette «magiske». Like viktig er internatet og matsalen.

Folkehøgskulane er ikkje berre fag, timar og undervisning. Det er framfor alt eit sosialt samvær som både er utfordrande og lærerikt. FOTO: Turid Soldal.

Les også: Slik er det å bo på dobbeltrom

 

«Tusen-timars riket»

Internatet er ei av hovudforklaringane på denne danningsprosessen. Det at elevane må bu tett på kvarandre, døgnet rundt skuleåret igjennom. Dei må dele både rom og gang med ungdom dei ikkje kjenner frå før. Dei må trene opp evna til tolmod, respekt og tillit. I jakta på kulturens vogge, meiner professor Paul Otto Brunstad, at bordfellesskapet er den viktigaste staden å byrje å leite. Han hevdar at fellesskapet rundt matbordet er avgjerande for utviklinga av humanitet og toleranse. På skulen vår har elevane fire fellesmåltid på kvardagane, tre måltid i helgane – totalt 26 måltid i veka. Frukosten tek gjerne 30 minutt, medan kveldsmaten strekk ut. Rundt rekna blir det 25 timar i veka, 33 skuleveker i året, altså 825 timar med felles bordsete. Dei mest sosiale elevane har sine 1000 timar i matsalen på eit skuleår.

Internatet er ei av hovudforklaringane på denne danningsprosessen. Det at elevane må bu tett på kvarandre, døgnet rundt skuleåret igjennom. FOTO: Ingerid Jordal.

Les også: Tar kosthold på alvor

Lyden av danning

Pludring av 100 elevar. 8 – 10 ungdommar rundt kvart bord. Ingen wifi, tv eller nettbrett. Praten om kvelden går om dagens gjeremål; filmproduksjon og redigering, dataprogram og programmering, trygge vegval og sikring av turfølgje, innøving av nye songar i bandet, pakking av fallskjerm og verdien av varige verna vassdrag. Det er fleip og fakta. Det er diskusjonar, refleksjonar, draumar og flørtande blikk. Det er nettopp i fellesskap med andre at vi utviklar oss til å bli heile, sosiale og danna menneske. Folkehøgskulane held hardt på denne tusenårige tradisjonen med felles bordsete om kvelden. Her kan du faktisk høyre lyden av danning. Den nemnde faren sa at dei merka skilnad allereie same haust. Guten byrja å ringe heim. Dei hadde samtalar for fyrste gong på lenge. «Vi snakka omsider saman. Du nemnde han også i avslutningstalen din, som det beste dømet på elevane sine ord for dagen. I dag stod han på scena som konferansier for avslutningsarrangementet. Takk for det som de har gjort med guten min».

 

Teksten ble først publisert hos Utdanningsnytt.

192

Mest lest

Frida(19) starter på folkehøgskole: - Motiverer meg til å gjøre…

Frida(19) starter på folkehøgskole: - Motiverer meg til å gjøre…

19-åringen er glad for at hun sikra seg plass på folkehøgskole tidlig.…

André lever vanlife før studiene: – Folkehøgskolen inspirerte meg

André lever vanlife før studiene: – Folkehøgskolen inspirerte meg

Folkehøgskolen ga André Mikael Heimvoll mange nye interesser og trygghet på egne…

Selma (19): - Glad jeg slipper å stresse med hva…

Selma (19): - Glad jeg slipper å stresse med hva…

Mens vennene er stressa og bekymra, kan 19-åringen senke skuldrene og glede…

Nå vil «alle» bli skuespillere, komikere og musikalartister

Nå vil «alle» bli skuespillere, komikere og musikalartister

Interessen for teater og musikal på folkehøgskolene er i kraftig vekst. Flere…

Demokratibussen 2025: Ungdomspolitikere reiser sammen og møtes til debatt

Demokratibussen 2025: Ungdomspolitikere reiser sammen og møtes til debatt

Fra 24. til 26. mars setter ni ungdomspolitikere seg på samme buss…

Mest delt

Dette er de 10 mest populære linjene på folkehøgskole

Dette er de 10 mest populære linjene på folkehøgskole

Søknadene strømmer inn til folkehøgskolene. Her er de 10 linjene som har…

Ikke gjør denne tabben når du søker folkehøgskole

Ikke gjør denne tabben når du søker folkehøgskole

Flere tusen søkere gjør denne tabben når de søker folkehøgskole. Det går…

Årsstudium eller folkehøgskole: Hva skal du velge?

Årsstudium eller folkehøgskole: Hva skal du velge?

Hva er forskjeller og likheter mellom folkehøgskole og årsstudium?

Disse folkehøgskolelinjene kan du begynne på i januar

Disse folkehøgskolelinjene kan du begynne på i januar

Flere og flere folkehøgskoler tilbyr nå halvtårskurs. Sjekk oversikten over linjene med…

Her er de nye folkehøgskolelinjene

Her er de nye folkehøgskolelinjene

Les hvilke helt nye linjer du kan søke på skoleåret 2025/2026.